Informasjonshefte for Naustdal barne

Transcription

Informasjonshefte for Naustdal barne
INFORMASJONSHEFTE FOR
NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE
2014-2015
PRAKTISK INFORMASJON TIL
ELEVAR OG FORELDRE
VELKOMNE TIL OSS!
Adr: Berrvellene 16, 6817 NAUSTDAL
Pb 14, 6806 NAUSTDAL
E-post: naustdal.skule@naustdal.kommune.no
Tlf: 57 81 63 00
Heimeside: www.nbuskule.no
NAUSTDAL KOMMUNE
Alle foto: Naustdal barne- og ungdomsskule
1
VELKOMNE
som elevar, føresette og tilsette på Naustdal barne- og ungdomsskule (NBU). Heftet inneheld litt
samla informasjon om skulen vår som vi håpar kan vere til nytte.
Vi vil oppdatere innhaldet kvart år og sende heftet som ranselpost med elevane.
Informasjonsheftet vil også vere tilgjengeleg på ClassFronter og heimeside vår.
INNHALDSLISTE:
Opplæringslova og Læreplanen (Kunnskapsløftet )
Fakta om Naustdal barne- og ungdomsskule
Skulen sin visjon og arbeidsplattform
Læringsmiljø og ART
Utviklingsarbeid ved skulen
Stor aktivitet i friminutta på Horstad:
Vennskapsringen til: Jo mere vi er saman
Vaksne skaper vennskap
Lærings- og informasjonsplattforma ClassFronter
Timeoversikt / arbeidsplan / vekeplan / lekseplan
Nye valfag
Ekskursjons- og aktivitetsplan
Klede og utstyr
Matpakke og skulemjølk. Frukt – og grønsakordning
Skulebøker og materiell
Kroppsøving og symjing
Bibliotek/mediatek, data,
Skulefritidsordning (SFO)
Lekselesing
Pause- og fysisk aktivitet
Skuleveg og SFO
Kontakt mellom skule og heim
Utviklingssamtale, elevsamtale og foreldremøte
Foreldrekontakt, foreldreråd ( FAU ),
Samarbeidsutval ( SU), Skulemiljøutval
Skulerute, info
Sjukdom og/ eller skade
Erstatning ved tap og øydelegging
Sentrale samarbeidspartar
Skulehelsetenesta, info
Permisjon frå opplæringa
Organisering og personale
Kontaktinformasjon
Samarbeidspartar
Klassekontaktar
Ulike råd og utval
Skuleruta 2014-2015
s. 2
s. 2
s. 3
s. 3
s. 3
s.4
s. 4
s. 5
s. 5
s. 6
s. 6
s. 7
s. 8
s. 8
s. 8
s. 8
s. 8
s. 8
s. 9
s. 9
s. 9
s. 9
s. 9
s. 10
s. 10
s. 10
s. 10
s. 10
s. 11
s. 12
s. 12
s. 13
s. 14
s. 14
s. 15
s. 16
OPPLÆRINGSLOVA OG LÆREPLAN (KUNNSKAPSLØFTET)
Opplæringslova regulerer grunnskuleopplæringa. Lovverket regulerer plikter og rettar elevane
har i opplæringa. § 2-1 seier at barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ei
offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.
Opplæringslova med forskrifter finn de på www.lovdata.no .
Læreplanen Kunnskapsløftet er ei forskrift. Læreplanen regulerer fag- og timefordeling på kvart
årssteg. Kompetansemåla i Kunnskapsløftet syner kva kompetanse elevane skal ha i kvart fag
etter 4, 7 og 10 års grunnskuleopplæring.
Lokale læreplanar i faga, er lagra på skulerommet (ClassFronter)
FAKTA OM NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE
Naustdal barne- og ungdomsskule (NBU) er ein kombinert barne- og ungdomsskule med i
overkant av 300 elevar og er lokalisert midt i Naustdal sentrum.
Fordi vi no er starta på ei lenge etterlengta utbygging, har vi denne hausten elevar på to ulike
stader i Naustdal.
1.-4. årstrinna og SFO har sine undervisningslokale i skulebygget på Horstad. I løpet av
sommaren er bygget blitt pussa opp og uteområdet er fornya. Det er også gjort tekniske
forbetringar både inne og ute for å sikre elevar og tilsette. Med 105 elevar fordelt på 5 klassar
og med 13 tilsette, er skulebygget fullt, men alle ser ut til å ha funne seg vel til rette. Dei fleste
av elevane nyttar no skulebuss, og dette ser også ut til å fungere fint.
Naustdal barne og ungdomsskule
Side 2
25.02.2015
I sentrum har elevane frå 5.- 10.årsstega sine undervisningslokale. I sommar har det blitt innreia
midlertidige lokale for spesialisert undervisning og den gamle spesialromsfløyen er blitt riven.
No ser vi fram til at det i løpet av hausten skal bli byggestart på nytt spesialromsbygg.
SKULEN SIN VISJON OG PEDAGOGISKE PLATTFORM
Skuleåret 2013-2014 vart «Plan for læringsmiljøet ved Naustdal barne – og ungdomsskule»
revidert. Saman med elevar, foreldre og tilsette vart det laga ny visjon og ny logo for skulen vår.
Med visjonen:
«Godt å vere, saman for å lære»
vil vi vere og vil vi skape: Ein god skule for alle
Våre kjerneverdiar er: God læring og glede, tryggleik, trivsel og venskap.
Målsetjinga vår er:
Naustdal barne- og ungdomsskule skal vere ein god og trygg skule med eit godt
læringsmiljø og gode samværsformer mellom dei ulike gruppene på skulen.
Alle skal kunne arbeide godt, kjenne seg trygge og trivast på skulevegen, på skulen og
på arrangement i skulen sin regi. For å fremje gode samværsformer er det viktig at vi:
•
har positive haldningar
•
syner omsyn, omsorg og omtanke
•
viser respekt, ansvar og toleranse ovanfor kvarandre
NBU vil halde fram arbeidet med Betre læringsmiljø.
I haust vil vi òg ha ekstra fokus på «Manifest mot mobbing», og har markeringar i høve dette via
venskapsveka som vart arrangert i veke 36. Skulen har nulltoleranse i høve mobbing sidan
første Manifest mot mobbing vart underskrive i 2004. Skulen sin plan mot mobbing vart og
revidert våren 2014.
Rutinehandbok for kap 9a i Opplæringslova, tek i vare elevane sine rettar i høve det
psykososiale miljøet.
Vi vil framheve at det er «tøft å vere god», og at vi i samarbeid og via godt skulearbeid kan heve
kvarandre fagleg. Skal vi nå målsettinga vår om å bli den beste skulen i regionen innan fire år er
dette eit viktig fokus.
UTVIKLINGSARBEID VED SKULEN
Naustdal barne- og ungdomsskule er ein skule som alltid har vore og framleis er aktiv i
utviklingsarbeid.
«Ungdomstrinn i utvikling» er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid.
Målsetjinga er m.a. at undervisninga skal bli meir praktisk retta med variasjon i læringsmetodar
og strategiar.
Satsinga har tre sentrale verkemidlar - skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og
pedagogiske ressursar. NBU har valt klasseleiing med fokus på vurdering og lesing i alle fag.
Satsinga skal vare ut året 2015.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 3
25.02.2015
Stor aktivitet i friminutta på Horstad:
Vennskapsringen til: Jo mere vi er saman.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 4
25.02.2015
Ved å arbeide saman for eit godt oppvekst- og læringsmiljø kan alle vaksne vere med
på å fremje gode relasjonar og eit inkluderande fellesskap.
Digital mobbing er eit omfattande problem for barn og unge. Med ny teknologi kan
krenkingar skje heile tida, også utan at vaksne legg merke til det.
Det er viktig at vi vaksne engasjerer oss i barna sine liv. Vennskap motverkar mobbing,
og vaksne er viktige rollemodellar ved å legge til rette for vennskap.
LÆRINGS- OG INFORMASJONSPLATTFORMA CLASSFRONTER
NBU brukar lærings- og informasjonsplattforma ClassFronter.
Som forelder blir du tildelt eige passord.
Kvar klasse/årssteg har sitt eige område der arbeidsplanar og informasjon vert lagt ut jamnleg.
ClassFronter er saman med heimesida, skulen sine viktigaste informasjonskanalar for tilsette og
skule – heim-arbeidet. Vi legg ut informasjonsskriv, nyhende og bilete frå undervisning og
aktivitetar på skulen. Foreldre bør besøkje ClassFronter og heimesida kvar veke for å halde seg
informerte og oppdaterte.
Denne hausten har ClassFronter fått ny utsjåande og innhaldet vert fornya. På rommet: skulen,
finn du overordna informasjon og aktuelle planar. Logg på med brukarnamn og passord til
barnet ditt.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 5
25.02.2015
TIMEOVERSIKT / ARBEIDSPLAN / VEKEPLAN / LEKSEPLAN
Elevane i sentrum byrjar dagen kl 09.00 og avsluttar dagen kl 14.30. 9. og 10. klassane sluttar
kl 15.15 kvar tysdag og 8. klassane sluttar kl 15.15 kvar torsdag.
5.-7. årsstega sluttar kl 12.45 onsdagar
.
Ved avdeling Horstad startar skuledagen kl 0910 og avsluttar dagen kl 14.10
1.-2. årsstega har fri kvar onsdag og 3.-4. klasse sluttar kl 12.30 kvar onsdag.
Skulen har tilsyn med elevane 10 min. før skulestart kvar dag.
Klassane har arbeidsplanar (vekeplan / lekseplan) som informerer om skule- og heimearbeid
kvar veke, og om utstyr og klede elevane skal ha med seg til skuledagen. Planane informerer
også om spesielle aktivitetar osb. Det er viktig at foreldre les og følgjer opp arbeidsplanane til
elevane kvar veke.
NYE VALFAG/ARBEIDSLIVSFAG
Årets 8., 9. og 10.klassingar får tilbod om valfag i 2 t pr veke. Skuleveka for desse elevane er
utvida.. Valfaga skal medverke til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrker lysta til å lære
og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal
medverke til heilskap og samanheng i opplæringa. Elevane har dette året fordelt seg på 4 ulike
fag.
1:Produksjon av varer og tenester:
Gjennom praktisk arbeid skal elevane få grunnleggjande erfaring med entreprenørskap, og dei
skal samarbeide om å etablere ei verksemd som omfattar prosessen frå idé til ferdig produkt
Idéutvikling
Prosessen frå å utvikle ein forretningsidé til å etablere ei verksemd er sentralt i hovudområdet.
Elevane skal identifisere behova for varer og tenester i lokalsamfunnet og vurdere korleis dei
kan tilfredsstillast gjennom eit nytt produkt, eller ved å vidareutvikle eit produkt som allereie
eksisterer
Produksjon
Hovudområdet handlar om prosessen med å planleggje, produsere og marknadsføre varene
eller tenestene fram til dei kan leverast. Hovudområdet omfattar erfaring med å bruke lokale
ressursar i tillegg til budsjettering og rekneskap.
.
2: Sal og scene:
Skape
Hovudområdet omfattar prosessen frå ulike idear til produksjon. Audiovisuelle og sceniske
produksjonar kan omfatte musikk, dans, drama, bilde og forteljingar som bærande element.
Arbeid med lyd, lys, regi, koreografi, scenografi, kostymer, sminke og redigering er og ein del av
den skapande prosessen. I tillegg omfattar produksjonen marknadsføring og økonomi.
Formidle
Hovudområdet omfattar presentasjon av audiovisuelle og sceniske produksjonar, der målet er
dei gode møta mellom aktørar og publikum. Hovudområdet omfattar også kommunikasjon og
samspel, bevisste val av spelestad, presentasjonsform og publikum. Ulike kunstnariske
verkemiddel er sentrale i hovudområdet.
3: Fysisk aktivitet og helse.
Fysisk aktivitet
Hovudområdet omfattar deltaking i ulike aktivitetar. Gjennom å prøve nye aktiviteter, tøye eigne
grenser og samhandle med andre når det er natureig, skal elevane oppleve glede og meistring.
Hovudområdet inneber muligheit for fysisk aktivitet innan fleire ulike bevegelsesmiljø. Det
omfattar så vel friluftsaktivitetar og alternative treningsformer som tradisjonelle lagidrettar og
individuelle idretts- og treningsaktivitetar.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 6
25.02.2015
Kosthald og helse
Hovudområdet omfattar kunnskap om og praktisk erfaring med samanhengen mellom fysisk
aktivitet og kosthald og den verknaden dette har på eigen helse. Sentralt i hovudområdet er
personlig planlegging og refleksjon over samanhengen mellom fysisk aktivitet, kosthald og
helse.
4: Innsats for andre.
Planlegging
Hovudområdet består i å gjere seg kjent med kva føresetnader som ligg til grunn for frivilleg
arbeid. Vidare omhandlar hovudområdet kartlegging av behova for frivilleg arbeid lokalt,
samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet og planlegging av tiltak som bidreg til sosial
verdiskaping for ei vald målgruppe.
Praktisk arbeid
Hovudområdet inneber å gjennomføre planlagde tiltak i praksis, og delta på dei ulike arena der
aktiviteten til vanlig vert utført. Det omfattar også trening i kommunikasjon og samhandling med
vald målgruppe. Gjennom heile prosessen skal det vere vurderingar som sikrar at etiske
retningsliner blir ivaretekne. Vidare inneber hovudområdet presentasjon og vurdering av
prosessen for å oppnå ei heilskapleg forståing, fra kartlegginga og fram til tiltaket er
gjennomført.
ARBEIDSLIVSFAG
Dette er eit alternativ til framandspråk eller språkleg fordjuping.
Arbeidslivsfaget skal knytast til arbeidsoppgåver frå dei ni yrkesfaglege utdanningsprogramma i
vidaregåande opplæring, men tilpassast ungdomstrinnet sitt nivå. Faget har to hovudområde:
Tjenester og produkter
Sentralt i hovudområdet er planlegging, utføring og dokumentasjon av praktisk arbeid etter
kvalitetskrav og refleksjon knytt til eigne arbeidsprosessar. Val av hensiktsmessige råvarer,
materiell og tenester inngår i hovudområdet. Økonomiske rammer og berekningar inngår også.
Vidare skal det brukast arbeidsteknikkar og aktuelle hjelpemidlar eller verkty som er eigna for å
utføre arbeidet.
Yrkesetikk og arbeidsmiljø
Sentralt i hovudområdet står orden på arbeidsplassen, helse, miljø og sikkerheit. Vidare inngår
etikk, samarbeid og service
EKSKURSJONS- OG AKTIVITETSPLAN/DEN KULTURELLE SKULESEKKEN
Den kulturelle skulesekken (DKS) er organisert gjennom fylkeskommunen. Her får skulane
vitjing av oppsettingar med ulike kulturelle uttrykk, t.d. musikk og teater.
Vi har eigne årsplanar for ekskursjonar og aktivitetar. Planane er knytte opp til kompetansemåla
i læreplanen, og har tema som høver for dei ulike aldersgruppene. Nokre av desse aktivitetane
er tiltak gjennom den lokale delen av «Den kulturelle skulesekken». Planane er organiserte slik
at elevane vert kjende med lokalmiljøet kring skulen. I somme aktivitetar samarbeider fleire
klassar, og vi har aktivitetsdagar for alle, som t.d. skidag, fjelldag, avslutningskonsertar,
turneringar i ballspel, tema- og fagdagar.
På aktivitetsdagane er foreldre og besteforeldre velkomne til å delta saman med oss.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 7
25.02.2015
KLEDE OG UTSTYR
Barna skal ha klede, sko og utstyr som høver årstid og vêr. Elevane i 1.- 4. klasse og i SFO er
mykje ute i pausar og fagtimar. Utemiljøet er ein viktig læringsarena for elevane. Det er difor
svært viktig at elevane har gode uteklede og gode sko. I løpet av vinteren vil det også vere
naudsynt med skiutstyr til skileik. Elevane skal ha innesko i innemiljøet og eigne gymsko for
bruk i gymsalen. Klede og sko skal vere merka. På slutten av 4. klasse er det naudsynt å ha
sykkel tilgjengeleg for trafikkopplæring. Elevar (frå 5. -10. klasse) som syklar til og frå skulen,
skal bruke sykkelhjelm.
MATPAKKE OG SKULEMJØLK.
Alle elevar bør ete frukost før skuledagen startar, og ha med sunn og god matpakke på skulen.
Ein solid frukost og ei god matpakke er viktige grunnlag for elevane si læring i skuledagen.
Skulemjølk kan tingast elektronisk hos TINE. Informasjon om dette kjem som ranselpost. Frukt
eller grønsaker bør også vere ein del av matpakken.
Brus og snop skal berre nyttast i særlege høve og då etter avtale med lærar.
SKULEBØKER OG MATERIELL
Elevane får skrivesaker, bøker og materiell på skulen. Skulen har nye læreverk som er
utarbeidde etter læreplanen Kunnskapsløftet. Bøker og anna materiell skulen eig, må erstattast
av heimen dersom det vert øydelagt. Vi oppmodar foreldre til elevar i 1.-7. klasse om å rydde og
kontrollere sekk og pennalhus. Foreldre til eldre elevar bør også hjelpe sine til å få inn desse
rutinane. Elevane har eigne mapper til arbeids- og timeplanen. Brev som skal signerast, testar
og informasjonsskriv frå skulen vert også lagt i denne mappa.
KROPPSØVING OG SYMJING
Elevane dusjar ikkje etter kroppsøvingstimane det første året. Vi ønskjer at elevane frå 2.-10.
klasse dusjar etter gymnastikktimar. Dusjing er ikkje påkrevd, men ivaretek god hygiene.
Elevane må ha melding frå foreldre/føresette, eller legeattest, for ikkje å delta aktivt i
kroppsøvingsfaget. Melding skal leverast før timen dersom eleven er sjuk, eller ikkje kan delta i
faget av andre årsaker.
Nokre klassar har symjing i skuleåret med oppstart frå oktober. Elevar og lærar vert frakta med
buss t/r staden der dei har symjeundervisning.
BIBLIOTEK, DATA,
Folkebiblioteket er samlokalisert med skulebiblioteket på skulen, og klassane får nytte skuletid
til å gå på biblioteket og låne bøker. Elevane får eige lånekort som skal liggje på skulen. Bøker
som ikkje vert leverte attende på biblioteket, må erstattast av heimen.
Ein del av datamaskinene på skulen er no plasserte ut i klasseromma til nytte i undervisninga.
Alle elevar får eigen brukarkonto med eige passord som dei skal nytte ved innlogging på skulen
sitt system. Skulen sine datamaskiner skal berre nyttast til faglege aktivitetar. Sju klasserom i
sentrum og to klasserom på Horstad har no fått digitale tavler.
.
SKULEFRITIDSORDNING - SFO
Opningstida på SFO måndag til fredag er kl 07.00 til kl 09.00 og 14.30 – 16.30.
Onsdagar er SFO open også kl 09.00-1430. SFO har ope heile dagar i elevfrie periodar i
skuleåret. Informasjon om eventuelt tilbod om SFO-opphald kvar sommar vert lagt ut på
Naustdal kommune si heimeside. SFO har eigne kommunale vedtekter som du finn på
kommunen sine nettsider. SFO har ein dagleg leiar som planlegg og organiserer tilbodet.
Søknadsfrist for ordinær SFO-plass plar vere i mars/april. Søknadsskjema finn du på
kommunen si heimeside. Søknad, endring, oppseiing eller timeplan for opphald, skjer
elektronisk gjennom kommunen si heimeside.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 8
25.02.2015
LEKSELESING
Elevane i 5.-10 klasse får tilbod om lekselesing. Desse er lagt til ……..
PAUSE- FYSISK AKTIVITET
5.-7. klasse har organisert fysisk aktivitet på 40 min. i veka. Dette kjem i tillegg til ordinære
pausar. Aktivitetane er organiserte og leia av lærar.. Denne aktiviteten kan, som i vanlege
pausar, vere ballspel, regelleikar, dans til musikk o.a.
Skulen har fast vaktordning av lærarar og assistentar i alle ute- og inneaktivitetar i pausar i
skuletida, og før og etter skuletid.
Mellomsteget og ungdomssteget har kvar sine dagar i veka der dei får bruke kantina til
kantinedrift og organiserte aktivitetar i hallen/grasbana. Desse aktivitetane har
elevråda/skulemiljøgruppa ansvar for.
SKULEVEG OG SFO
Elevar som har rett på gratis skuleskyss, får utlevert busskort på skulen ved skulestart kvart år.
Dette kortet skal elevane alltid ha med seg når dei tek skulebussen.
Skulebussane er i vanleg trafikkrute, og elevar som ikkje har frikort kan betale for å nytte buss til
og frå skulen. Skule og heim deler ansvaret for skulevegen. Skulen sine reglar og forventningar
til god åtferd gjeld også på skulevegen. Det er utarbeidd eigne reglar for åtferd på bussen.
Ved levering og henting på SFO kan foreldre parkere på skulen sin parkeringsplass. Vi
oppmodar alle å bruke parkeringsplassen også på ettermiddags- og kveldstid i staden for
skuleplassen, så langt det let seg gjere. Skuleplassen skal helst vere fri for køyrety slik at
utrykkingskøyrety har fri framkomst om ulukker skjer.
Når elevane byrjar i 5. klasse, kan dei sykle til og frå skulen. Elevane har sykkelopplæring som
del av faga i 4. klasse. Elevane skal nytte sykkelhjelm. Sykling til og frå skulen skal før 5.kl.
vere saman med vaksen (over 18 år). Sjå også Trygg Trafikk sine sider om skuleveg på:
http://www.tryggtrafikk.no/w/Trafikksikkerhet/Skolevei/
Syklane skal parkerast i sykkelstativet.
.
KONTAKT MELLOM SKULE OG HEIM
Det er viktig å ha tett og god kontakt med heimane til alle elevane. Heimane har vanlegvis mest
samarbeid og kontakt med kontaktlærar, faglærarar og rådgjevar.
Meldingsbok vert nytta til daglege meldingar og informasjon mellom skule og heim. Elevane får
meldingsbok på skulen. Lærarane kan også kontaktast pr. telefon i arbeidstida. Alle tilsette har
eigne e-postadresser. Desse finn de på kommunen sine nettsider. Lærarane avgjer sjølve
korleis kontakt gjennom bruk av telefon og e-post kan nyttast, og ev. kontakt kveld og helg.
UTVIKLINGSSAMTALE, ELEVSAMTALE OG FORELDREMØTE
Utviklingssamtalen er ein samtale på 20 minutt mellom kontaktlærar, elev og foreldre. Det vert
kalla inn til dette to gonger i året. Elevane har også to elevsamtalar med kontaktlærar kvart år.
Det vert kalla inn til foreldremøte to gonger i skuleåret. Dette er eit godt høve for foreldre til å få
informasjon frå skulen, bli kjende med kvarandre og til å diskutere ting som gjeld klassa.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 9
25.02.2015
FORELDREKONTAKT, FORELDRERÅD (FAU), SAMARBEIDSUTVAL (SU) OG
SKULEMILJØUTVAL(SMU)
Alle foreldre som har barn i skulen utgjer foreldrerådet.
Alle klassesteg har kvart skuleår 2 foreldrekontaktar. Desse skal veljast av og mellom føresette
med formelt foreldreansvar. Foreldrekontaktane vert nytta som informasjonspartar av skulen, og
vert drøftingspartar saman med skulen i saker som vedkjem klassa. Foreldrekontaktar kan
kontaktast av foreldre i klassa og av lærar for å ta imot innspel til saker kring t.d. læringsmiljø,
aktivitetar i klassa i skuletid og fritid, og saker som bør arbeidast med. Foreldrekontaktar har
også ansvaret for klassen si klassekasse, som er foreldrestyrt.
Foreldrekontaktane dannar foreldra sitt arbeidsutval (FAU) med eit eige styre.
FAU vel sine representantar til Samarbeidsutvalet (SU) og til Skulemiljøutvalet(SMU)
Eigen struktur for dette ligg på Skulerommet på ClassFronter. Her finn de også eigne vedtekter
for Foreldrerådet utarbeidd av FAU våren 2011.
SKULERUTE
Naustdal kommune vedtek årleg skuleruta, som opplyser om skule- og feriedagar. Skuleruta
vert lagt ut på nettsidene til kommunen og heimesida vår, så snart den er vedteken av komité
for oppvekst og kultur. Årets skulerute er vedlagt her på siste side.
SJUKDOM OG/ ELLER SKADE
Dersom elevar vert sjuke eller skadde i skuletida, og må heim, vert foreldre kontakta av skulen
pr. telefon. Foreldre må sjølve hente eleven på skulen, eller det blir gjort avtale om at eleven
vert sendt heim i drosje. Foreldre må betale ev. transportkostnader. Dersom eleven vert alvorleg
sjuk eller skadd, vert eleven sendt direkte til legeundersøking. Foreldra vert omgåande kontakta
pr. telefon. Tilsette på skulen vil følgje eleven dersom ikkje foreldre kan kome straks. Skulen har
eigne rutinar for skade og sjukdom. Ved skade på eleven i skuletida, fyller skulen ut
skademeldingsskjema med kopi til foreldra. Foreldra får refundert eventuelle kostnader gjennom
NAV.
Om eleven må vere heime frå skulen ein dag grunna sjukdom, må foreldre informere lærar om
dette gjennom ei melding i meldingsboka straks eleven er attende på skulen. For 1. – 4. klasse
er det fint om føresette gjev melding om fråvær snarast råd før skuledagen byrjar. Dette for å
kunne ha oversikt over kva elevar som skal vere til stades til ei kvar tid.
Ved lengre sjukefråvær må foreldre melde frå pr. telefon el. e-post snarast råd er.
Meldinga skal rettast til eleven sin kontaktlærar.
ERSTATNING VED TAP OG ØYDELEGGING
Elevar er oppmoda om ikkje å ta med verdisaker på skulen. Det er ikkje lov å bruke
mobiltelefon, I-pad eller anna elektronisk utstyr i skuletida. Skulen erstattar ikkje eventuelle tap
av gjenstandar som ikkje er kravd brukt i skuletida.
Om skade vert påført på elevane sine private eigedelar kan søknad om erstatning stilast skulen
ved rektor. Hovudregel er likevel at den som forårsakar skaden også må erstatte den. Skulen
tek ikkje ansvar for klede og sko som ikkje er merka.
SENTRALE SAMARBEIDSPARTAR
PP-tenesta:
NBU nyttar Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) lokalisert i Førde. PPT er interkommunal for
kommunane; Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. PPT gir skule og foreldre råd og rettleiing om
opplæring av enkeltelevar og klassar. Vi nyttar PPT aktivt som rettleiar kring opplæringa av
elevane og i arbeidet med læringsmiljøet i klassane. Elevane på skulen vil derfor kunne oppleve
å få besøk i klassane av PPT. Foreldre kan og kontakte PPT direkte.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 10
25.02.2015
Helsestasjonen:
Kvar onsdag har helsestasjonen oppsett tid til skulehelseteneste på NBU, i tillegg vil
helsesøster og ha dagar på avd Horstad. Elevane kan sjølve tinge time og gjere avtalar med
helsesøster. Helsestasjonen tek også del i undervisning i enkelte fag og emne i klassane.
Skulelege:
Skulelege har avsett tid ein gong i veka til skulehelsetenesta. Ta direkte kontakt med
Helsestasjonen for meir informasjon.
Fysioterapeut:
Fysioterapeut kjem på besøk i 1. klasse for å observere elevane og rettleie tilsette i t.d.
arbeidsteknikkar, sitjestilling og blyantgrep. Ved behov, eller ynskje om det, vil skulen hente inn
fysioterapeutkompetanse for meir rettleiing og oppfølging. Opplegg som har vore i bruk i denne
samanhengen er Skrivedans.
BUP:
Barne- og ungdomspsykiatrien er ei 2.linjeteneste. Helsestasjon, fastlege og PPT kan tilvise
elevar som treng oppfølging av BUP.
Barnevernstenesta:
Etter § 15-3 i opplæringslova har alle tilsette på skulen opplysningsplikt til barnevernstenesta
når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for
omsorgssvikt. Vår erfaring er at barnevernstenesta gir god rettleiing til heim og skule i
situasjonar som vert opplevt som utfordrande for skule og foreldre. Barnevernstenesta er ei
teneste som gir hjelp til foreldre, barn, ungdom og skule.
Politiet:
Skulen har besøk av politiet i einskilde klassar som del av eit førebyggande haldningsarbeid
kring rus, nettvett og kriminalitet. Dei vil og vere ein viktig part i å bygge eit godt oppvekstmiljø i
Naustdal.
Tverrfagleg team
Tverrfagleg team er ein arena der fagpersonar frå ulike instansar møtest for å drøfte
saker/utfordringar på generelt grunnlag eller einskildsaker etter informert samtykke frå føresette.
Intensjonen er å sette inn målretta tiltak så tidleg som mogleg. I teamet er skule, helse, NAV,
barnevern og PPT representert. Teamet har møtetid ca ein gong i månaden
Skulehelsetenesta i Naustdal.
Skulelege Tor Vidar Myklebust. Arbeidstid
onsdag 09.00-15.00. tlf. 5781 6020
Helsesøster Ann-Katrine Bruflot. Telefon/kontakttid fredagar 09.00-14.00. mob. 4728 8537
Helsesøster Ann-Katrine Bruflot er også folkehelsekoordinator i Naustdal og vil prioritere
foreldremøte og samarbeid om skulemiljøarbeid.
LIVSSTILS-gruppa.
Barn eller unge som ynskjer hjelp til å regulere kosthaldet og kome i gang med systematisk
trening, vil kunne få oppfølging gjennom livsstilsgruppa i Naustdal kommune.
Kontakt då Olaug Nordheim ved psykisk helseteam, ho har spesialkompetanse på kosthald og
trening.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 11
25.02.2015
PERMISJON FRÅ OPPLÆRINGA
Dersom eleven skal søkjast fri frå skulen, gjeld eigne rutinar for dette. Kontaktlærar kan gi
permisjon i inntil ein skuledag.
Permisjon til timeavtalar (tannlege, lege og liknande) skriv de til kontaktlærar i meldingsboka.
Søknad om permisjon for 1 dag:
søknadsskjema finn de på heimesida
søknadsfrist: 1 veke før fråværet finn stad
søknad skal leverast til kontaktlærar
Ved søknad om permisjon utover ein skuledag må søknad sendast til rektor. Når det er fagleg
forsvarleg, kan rektor etter søknad frå foreldra gi den einskilde eleven permisjon frå pliktig
undervisning i inntil to veker.
Vilkåret for retten til permisjon er at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida,
slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute - jf.
Opplæringslova § 2-11. Etter delegert vedtaksmynde, gjer rektor einskildvedtak etter
Opplæringslova.
Søknad:
- søknadsskjema finn de på heimesida
- søknadsfrist: 4 veker før fråværet finn stad
- søknad skal leverast til rektor
Dersom eleven skal søkjast fri frå skulen utover to veker, skal søknaden stilast til rådmannen i
Naustdal kommune ved rådgjevar for oppvekst og kultur.
ORGANISERING OG PERSONALE
Vi har no 305 elevar fordelte på 3 hovudsteg,- 1.-4., 5.-7. og 8.-10.stega. Elevane er delte på
15 klassar. Vi er totalt 54 tilsette, men nokre er til ei kvar tid ute i ulike permisjonar. Det arbeider
34 pedagogar ved skulen, og vi har sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, fagarbeidarar,
reinhaldarar, driftsleiar (vaktmeister) og kontorpersonale. I administrasjonen arbeider rektor,
2 ass.rektorar, dagleg leiar SFO, sekretær og rådgjevar.
 Rektor, ass.rektor og sekretær
Rektor er seksjonsleiar for Naustdal barne- og ungdomsskule med SFO, og arbeider med
planlegging, organisering, økonomi, personale og utvikling av rutinar og system. Ass. rektor har
oversikt over timeplanar, personalressursar og sikrar at det er vaksne i kvart eit klasserom. Dei
følgjer opp det pedagogiske utviklingsarbeidet saman med teamleiarane. Ass.rektor er i rektor
sin stad når dette er påkravd. Sekretæren formidlar informasjon og meldingar vedrørande
ordningar på skulen og i SFO, m.m.
 Kontaktlærar og faglærar
Kvart årssteg har 1-2 kontaktlærarar. Kontaktlæraren leiar klassa sin og har ansvar for
samarbeid skule-heim. Faglærarar har ansvar for sine fag, og samarbeider med kontaktlærar i
saker som gjeld elevar og klassen. Lærarane på kvart årssteg samarbeider i team. Vi deler
skulen vidare inn i seks ulike lærarteam med kvar sin teamleiar; 1. og 2. klassane, 3. og 4.
klassane, 5.-7. klassane, 8. klassane, 9. klassane og 10. klassane. Lærarane på desse teama
samarbeider om planlegging, informasjon og aktivitetar.
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 12
25.02.2015
 Assistent, sosionom, vernepleiar og barnevernspedagog
Assistentoppgåvene på skulen og i SFO vert utførde av barne- og ungdomsarbeidarar. Desse
gjev ekstra oppfølging av opplæringa i enkelte klassar og einskildelevar i skuletid.
Sosionom og vernepleiar driftar ART-opplegget og saman med barnevernspedagog
samarbeider dei med kontaktlærarane i klassane og foreldra i høve sosial- og
spesialpedagogiske opplegg for einskildelevar.
 Elevrådskontakt
NBU har 2 elevråd: 5.-7. klasse og 8.-10. klasse. Kvar av desse har eigen elevrådskontakt i
personalet. Desse gir hjelp og støtte til elevrådet sitt arbeid.
 Rådgjevar og spesialpedagogisk koordinator
Rådgjevar har avsett tid til å rettleie elevane på ungdomsskulen i val av fagretning på
vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskuleopplæring. Rådgjevar rettleiar også elevane i
val av tilvalsspråk og organiserer elevane i gruppene.
Rådgjevar er også koordinator for det spesialpedagogiske arbeidet og samarbeider med
kontaktlærarane i gjennomføring av kartleggingar og tilrettelegg for spesialpedagogiske opplegg
for einskildelevar og grupper av elevar. Koordinator samarbeider med PPT, BUP og andre
aktuelle samarbeidspartar i dette arbeidet.
 Ikt-ansvarleg
Skulen har eigen ikt-ansvarleg som held oversikt over skulen sitt ikt-utstyr og programvare. Iktansvarleg kan kontaktast ved spørsmål om bruk av ClassFronter, programvare og datautstyr.
Kontaktinformasjon
NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE
Funksjon
Namn
Telefon
Sekretær
Turid Systaddal
57 81 63 00 /
Ospehaug
57 81 63 05
E-post
naustdal.skule@naustdal.kommune.no
turid.ospehaug@naustdal.kommune.no
Rektor
marit.kaasen@naustdal.kommune.no
Ass. rektor
Ass.rektor
Driftsleiar
Marit Varpe
Kaasen
Ellen Aarseth
Grethe Hellerslien 57 81 63 04
Kalland
Magn Solhaug
90 73 26 06
Rådgjevar og
Bjørg Erdal
spes.ped.koordi
Tilsette på NBU
Daglag leiar i
SFO
57 81 63 00/
57 81 63 02
57 81 63 04
Naustdal barne – og ungdomsskule
grethe.kalland@naustdal.kommune.no
magn.solhaug@naustdal.kommune.no
57 81 63 03
bjørg.erdal@naustdal.kommune.no
57 81 63 00
Tilsette har eigne e-postadr. Sjå nettside.
Tilsette har eigne internnr.for tlf.
marianne.nostdal@naustdal.kommune.no
Marianne Nøstdal 90 72 07 03
NAUSTDAL KOMMUNE
Funksjon
Namn
OppveksTuri Bruland
tutviklar
Servicekontoret
ellen.aarseth@naustdal.kommune.no
Tlf (dir.linje)
57 81 61 24
E-post
turi.bruland@naustdal.kommune.no
57 81 61 00
postmottak@naustdal.kommune.no
Side 13
25.02.2015
SAMARBEIDSPARTAR
Funksjon
Namn
Pedagogisk–
psykologisk
teneste ( PPT )
Skuletannhelse
tenesta i
Naustdal
Lensmannen i
Førde og
Naustdal
Barnevernet
Vidar Nytun
leiar
Helsestasjon
Ann-Katrine
m / helsesøster Bruflot
Legekontor i
Naustdal ,
Skulelege
Fysioterapeut
Tlf (dir.linje)
57 82 93 00
E-post
postmottak@forde.kommune.no
57 81 91 93
57 72 63 70
57 01 60 00
vidar.nytun@nav.no
57 81 60 37
ann-katrine.bruflot@naustdal.kommune.no
Tor Vidar
Myklebust
57 81 60 20
tor.vidar.myklebust@naustdal.kommune.no
Rita Alværen
57 81 88 22
rita.alværen@naustdal.kommune.no
Klassekontaktar 2014 / 15
Klasse
Namn
Telefon
SFO
Jøran Sandvoll
469 83 355
1.kl.
Linda Taule (1 år)
Knut Galaasen (2 år)
928 40 264
414 67 644
2.kl.
Geir Inge Bale (2 år)
Anette Rødsandhaug
(1år)
902 46 266
992 28 949
3.kl.
Lise Katrine Helland
(1år)
Bjarte Falkenstein (2
år)
917 09 727
Medl. Vara
FAU=*
*
Anne Sofie Berntsen
Telefon
975 66 715
Marianne Slettehaug
Terese Meland
970 30 836
971 67 759
*
Camilla Savland (1 år)
Jan Erik Horstad (2 år)
917 04 413
992 95 131
*
Hanne Berntsen ?
905 83 250
*
951 73 776
Roy-Andre Solvåg-Hellevang 958 15 282
4B
4A
Irene Lunde Aven (1 år) 906 08 063
Svein Morten Våge (2
994 25 454
år)
*
Magne Ullaland (1år)
Sorot Fitje (2 år)
908 03 936
954 77 843
5A
5B
Bjørn Ole Hjørnevik
Elisabeth Johansen
952 96 164
908 57 307
*
Bente Alisøy
Roy Arne Flo
971 99 782
913 19 474
6A
6B
Anne Lene Erdal
Elisabeth Ask
930 29 876
994 41 793
*
Merete Standal
958 90 052
7.kl.
Gunn Steindal
Geir Personbråten
482 75 354
482 24 394
*
Wendy Stubhaug ?
Ole Ingar Haaland
418 52 703
8.kl.
Ellinor Sunde (1 år)
Svein Egil Svorstøl (2
år)
480 20 463
915 22 909
*
Gro Sørbotten (1 år)
917 67 267
Inger Helen S. Røyseth (2år) 911 66 901
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 14
25.02.2015
9..kl.
10.kl.
Åse Mari Haugnes (2
år)
Alexis Thingnes (1år)
951 95 496
Trond Arne Tveita (2 år)
957 35 599
*
Laila S. Claussen
995 80 033
Anja Herstad
Linda Angvik
908 72 556
473 34 281
Jon Arne Aase
Arne Ommedal
901 28 997
*
Ulike råd og utval:
Styret for FAU:
Leiar:
Nestleiar:
Medlem
Medlem
Medlem
Medlem .SFO:
Lise Katrine Helland
Alexis Thingnes
Linda Angvik
Knut Galaasen
Geir Inge Bale
Jørann Sandvoll vara: Anne Sofie Berntsen
Ein foreldrekontakt frå kvart årssteg utgjer FAU.
Samarbeidsutvalet SU:
Leiar:
Nestleiar:
Sekretær:
Hermann Schmider (u-trinn)
Lise Katrine Helland (foreldre barnetr)/vara Linda Angvik
Alexis Thingnes (foreldre u-trinn)/ vara Linda Angvik
Jørann Sandvoll /vara Anne-Sofie Berntsen(foreldre SFO)
Ingrid Marie Rygg ( barnetr.)
Ove Roger Indrekvam (tilsette)
Margunn Vefring (tilsette)
May Helen Vatne (tilsette)
Annlaug Birkeland (skuleeigar)
Marit Varpe Kaasen(skuleeigar/rektor
Skulemiljøutvalet SMU:
Anja Herstad (foreldre u-trinn)
Geir Inge Bale (foreldre b-trinn)
Anneki Lene Gjervik (elev 5.-7.)
Cerina Hjelle Cirotzki ( elev 5.-7.)
Hermann Schmider ( elev 8.-10.)
Elise Fitje (elev 8.-10.)
Margunn Vefring (tilsett)
Ove Roger Indrekvam (tilsett)
Annlaug Birkeland (skuleeigar)
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 15
25.02.2015
VEDTEKEN SKULERUTE 2014/2015
SAMORDNA SKULERUTE FOR ELEVANE I SOGN OG FJORDANE FOR 2014 – 2015
Månadane:
AUGUST
Første skuledag: måndag 18. august
Tal skuledagar:
SEPTEMBER
22 dagar
OKTOBER
Haustferie måndag 6. til fredag 10. oktober(v. 41)
18 dagar
NOVEMBER
20 dagar
DESEMBER
Siste skuledag før jul: Fredag 19. desember
15 dagar
JANUAR
Første skuledag: måndag 5. januar
20 dagar
FEBRUAR
Vinterferie: 16. februar – 20. februar(veke 8)
15 dagar
10 dagar
MARS
Siste skuledag før påske er fredag 27. mars
20 dagar
APRIL
Første skuledag etter påske: tysdag 7. april
18 dagar
MAI
Elevfrie dagar: 15. mai
17 dagar
JUNI
Siste skuledag : fredag 19. juni
15 dagar
___________________________________________________________
Sum: 190 dagar
Vedtatt i Skule- og barnehageutvalet 28. juni 2013
Naustdal barne – og ungdomsskule
Side 16
25.02.2015