Møte-Nytt 12.05.16. Feil frå Forsell
Transcription
Møte-Nytt 12.05.16. Feil frå Forsell
24 TORSDAG 12. MAI 2016 MØRE-NYTT folkeliv Feil frå Forsell Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget er for tida i forhandlingar med Staten om jordbruksoppgjeret. Da skal ein vel halde seg heilt roleg og avvente resultatet. Men historieforfalsking som Staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell stod for når han presenterte tilbodet frå staten, må ein likevel få korrigere. Norsk jordbruk er i ei veldig positiv utvikling, påstår Forsell. Sanninga her i Møre og Romsdal er at sidan 2000 har jordbruksarealet vorti redusert med 12%, storfekjøttproduksjonen er redusert med 30%, mjølkeproduksjonen med 15% og lammekjøtproduksjonen med 19%. (Kjelde: Rapporten Vestlandsjordbruket – vinn eller forsvinn? Agri analyse 2/ 2016). For Sunnmøre sin del er utviklinga enno meir negativ, sidan internt i fylket har produksjon flytta seg frå sør til nord i fylket. Regjeringa sin politikk ikkje bare vidarefører, men forsterkar utviklinga. Forsell forsøker også å gjere Bondelaget til gissel for sin politikk som gjer at vestlandslandbruket taper. For å gjere det heilt klart; Dette er ikkje etter Bondelaget sitt ynskje. I 2014 vart bondeorganisasjonane overkøyrde, det vart brot, og staten dikterte ei løysing som favoriserte større bruk, riktig nok noko modifisert i stortingsbehandlinga. I 2015 inngjekk Bondelaget ei avtale som eit kompromiss der vi fekk til ei inntektsauke men som i hovudsak nok ein gong gjekk til dei største bøndene. I 2016 har organisasjonane sagt at det er små og mellomstore bruk sin tur til å prioriterast. Gunnhild M. Overvoll nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag Pass opp! Det er på tide at alle bilførarane tek hensyn til oss som rir eller leier hest. preikeliste ØRSTA KYRKJE Kl. 18.00: Felleskyrkjeleg bønesamling 1. torsdag i månaden i Kyrkjestova VARTDAL KYRKJE 15/05 kl 11.00: Gudsteneste v/spr Sollie, og andre. Nattverd. Offer til Normisjon – Jordskjelv Ecuador. Årsmøte etter gudstenesta. 17/05 kl 10.30: Festgudste neste v/spr Sollie,og andre. Offer til Redd Barna. • • Ver med i debatten: redaksjon@morenytt.no • Lag og organisasjonar er velkomne til å kome med stoff og informasjon. Debattinnlegg og lagsstoff må vere inne til kl. 10.00 dagen før avisa kjem ut. • Korte innlegg vert mest lest. Innlegg kan verte korta og redigert. Ein utkant – kva er det ? Skummelt vert det når bilar køyrer fort forbi eller når dei tutar. Vis omsyn og senk farten! Hesten og eg vart ein gong truffe av ein bil og det kunne gått ille. Hestene og vi som rir har refleks i motsetning til mange fotgjengare. Bilar har og køyrt over gangfelt når vi er i ferd med å krysse vegen. Fotovergang skulle det ha vore der vi kryssar fylkesvei 655 på Mo for å komme til ridehallen i Ørsta. Frida Ørstavik 17. mai-kafé på Ørsta bedehus I 2015 var ikkje den tradisjonsrike bedehuskafeen open på 17. mai, dette fordi vi pussa opp bedehuset vårt. Mange sakna tilbodet i fjor, derfor er vi glade for å invitere på bedehuskafe i år. No er bedehuset ferdig opp-pussa og vi er stolte av å kunne vise det fram. Vi gjer det slik vi har gjort det siste åra på nasjonaldagen: Vi har dekka bord både oppe og nede – og kaker og skiver, kaffi/brus, is og pølse blir sjølvsagt å få kjøpt. Velkomne skal de vere. Vi ynskjer alle ein fin nasjonaldag. Ørsta Indremisjon Marknad på Åmdal ungdomshus Åmdal Ungdomslag har gjort det til ein tradisjon å byde inn til marknad på Ungdomshuset i Åmdalen. Hovudattraksjonen er heilgrilla gris med deilig tilbehør, og eit bungnande ka- ØRSTA FRIKYRKJE Søndag 15.5. kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Tale v/ pastor Kjersti G Petersen. Kyrkjekaffi Tysdag 17.5. kl. 11.00 Festgudsteneste. Tale v/ pastor Kjersti G Petersen. ØB Brass. Festkyrkjekaffi. Søndag 22.5. kl. 11.00 Gudsteneste. Tale v/ Ralph Meyer. Søndagsskule. Kyrkjekaffi. HJØRUNDFJORD KYRKJE 17/05 kl 11.00 Nasjonaldagsgudsteneste v/ diakon Knut Stave. Offer til Amnesty International. Marknad: Det vert marknad på Åmdal ungdomshus. kebord. Det vert arrangert tur rundt Vatne-vatnet, med servering av sveler og saft inn på Vatne-sanden. Dette er veldig populært for barne-familiar, då det er fullt mogleg å ta med ei lett barnevogn på runda. På ungdomshuset vert det laga til ymse aktivitetar for store og små. Det vert tombola og lotteri med fine premiar. Vi har vore veldig utskjemde med mykje folk som har delteke desse helgane, og vonar at monge vil ta turen fram til det flotte huset vårt i år også. Vi har store planar om å oppgradere uteplassen vår, så inntektene av årets marknad, vil verte brukt til spiker, plank og maling. Vi har alltid helde marknaden på 2 pinsedag, men sidan den kjem så tett på 17.mai, så har vi valgt å utsetje den til helga etter. Dette vil vi gjere folk merksame på, les anonsa som kjem nøye. Der ligg og ute ei hending på facebook-sida vår, med meir utfyllande informasjon. ÅUL ynskjer store og små velkomne til ein trivelig familiedag fram på Åmdale. Eg bur i ein såkalla utkant, Vartdal. Eg har budd her sidan 1960. Eg opplevde førre kommunesamanslåing i 1964, då vart Vartdal og Hjørundfjord kommunar , med tvang, slått saman med Ørsta kommune. Det var fælt då, men i dag kan vi vel ikkje tenke oss at Vartdal stranda skulle kunne greie seg åleine i den rivande samfunnsutviklinga vi har opplevd dei siste 50 åra. Og slik ser eg det vidare og , at Ørsta og Volda vil heilt naturleg gli saman. Og det har allereie skjedd gjennom fleire tiår; i felles arbeidsområde, i felles kommunale tenester, i bedriftsliv, samferdsle, i utdanningsområde, i lags og organisasjonsliv, i samliv og bu område m.m. Artig å sjå at mange sentrumsfolk både i Ørsta og Volda er redde for samanslåinga. Kanskje får dei utkantskjensle dei og, at no misser ein det og det, no fer det og det til Volda, eller til Ørsta. Og akkurat dette ordet å misse vert mykje brukt. Sikkert er det at Volda og Ørsta kan risikere å misse viktige Seier ja: Brit Aanning Aarseth. Styret i ÅUL 22/05 kl. 11.00: Høgmesse v/ sprs. Aarseth. Nattverd, offer til Det teologiske Menighetsfakultet. BJØRKE KYRKJE 17/05 kl 11.00 Nasjonaldagsgudsteneste v/spr Aarseth. Offer til Amnesty International. 22/05 kl 20.00 Høgmesse v/ spr. Aarseth. Nattverd, offer til Storfjorden sokn- kyrkelydsarbeid. VOLDA KYRKJE 15/05 Høgtidsgudsteneste kl. 11.00 v/Kristian Myklebust. Dåp. Nattverd. Volda Motett- kor tek del. Takkoffer: Norsk Luthersk Misjonssamband 17/05 Festgudsteneste kl. 11.45 v/Kjell-Roger Isene. Volda kyrkjekor tek del. Takkoffer: Sjømannskyrkja. Norsk kyrkje i utlandet AUSTEFJORD KYRKJE 15/05 Høgtidsgudsteneste kl. 11.00 v/Kjell-Roger Isene. Dåp. Nattverd. Takkoffer: Kirkens Bymisjon 17/05 Festgudsteneste kl. 10.45 v/Kristian Myklebust Takkoffer: Sjømannskyrkja. Norsk kyrkje i utlandet DALSFJORD KYRKJE 15/05 Høgtidsgudsteneste kl. 18.00 v/Kristian Myklebust. Nattverd. Innsetjing av sokneprest Kristian Myklebust. Takkoffer: Sjømannskyrkja 17/05 Festgudsteneste kl. 11.00 v/Sindre Løvik. Takkoffer: Blå Kors KILSFJORD KYRKJE 15/05 Høgtidsgudsteneste kl. 19.00 v/Kjell-Roger Isene. Nattverd Takkoffer: Møre i Misjon. 17/05 Festgudsteneste kl. 12.15 v/Kristian Myklebust. Takkoffer: Amnesty International