SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Transcription
SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1846-11578/13 Saksbeh.: Arkivkode: Saksnr.: 43/13 45/13 Utval Formannskap/ plan og økonomi Kommunestyret Kjersti Næss Finne PLAN sone Møtedato 06.06.2013 20.06.2013 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN FOR NYREFELTET 1. BYGGESTEG, PLANID 09024 - GODKJENNING AV PLAN Administrasjonen si innstilling: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. Formannskap/ plan og økonomi den 06.06.2013 sak 43/13 Behandling i møte: Administrasjonen si innstilling vart samrøystes tilrådd. Tilråding: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. Kommunestyret den 20.06.2013 sak 45/13 Behandling i møte: Repr. Torstein Gunnarson la fram saka på vegne av utval for formannskap/plan og økonomi. Ordføraren kom med slikt tilleggsframlegg: “KST ber om at ordførar og administrasjon vurderer trongen for ny bru over Vosso og kjem tilbake med ny sak om ev. reguleringsendring” Røysting: Tilrådinga frå utval for formannskap/plan og økonomi og tilleggsframlegget frå ordføraren vart samrøystes vedteke. Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. KST ber om at ordførar og administrasjon vurderer trongen for ny bru over Vosso og kjem tilbake med ny sak om ev. reguleringsendring Side 2 Administrasjonen si utgreiing: 2. DOKUMENT SOM BAKGRUNN FOR SAKA: Dokument merka med * ligg ved. * Planskildring m/føresegner - Nyre, 1. byggetrinn, revidert 15.05.13, Mossige AS * Plankart, 15.05.13, Mossige AS * Vedlegg til planen; ROS-analyse, illustrasjonsplan, snitt-illustrasjonar, formingsrettleiar * Innspel offentleg ettersyn: Pedagogisk tenestekontor, Voss kommune 07.01.2013 NVE, 01.02.2013 Statens Vegvesen, 18.02.2013 Fylkesmannen i Hordaland, 08.01.2013 Hordaland Bioenergi 15.02.13 Felles merknad frå huseigarar i Nyrestråi, 08.02.13 Nils Seim og Kari Hagvaag, 13.02.13 Vidar Johnsen og Bjørg Nestås Johnsen, 15.02.13 * Merknader til innspel offentleg ettersyn m/kommentarar, 15.05.13, Mossige AS Plandokument og vedlegg til saka ligg på Voss kommune si heimeside under kunngjeringar; http://www.voss.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=405&AId=76 Har de problem med å opne dokument på heimesida, ta kontakt med planavdelinga på tlf 56519626, eller send e-post til zehra.causevic@voss.kommune.no 3. SAMANDRAG AV SAKA: Privat detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn, har vore ute til offentleg ettersyn. Det kom inn åtte merknader til planforslaget. Desse ligg vedlagt og er oppsummert og kommentert i saka. Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av blokkbustader og einebustader med tilhøyrande vegar og leikeareal. Planområdet er ca 52 daa stort og inneheld 11 delfelt med tilsaman 177 nye husvære i ulike storleiker. På vegne av tiltakshavar Nyrefeltet AS, legg Mossige AS i samarbeid med Arcokonsult AS fram planen for 2. gangs behandling og godkjenning. Planen er justert i tråd med kravet om å tilrettelegge for bruk av vassboren fjernvarme. Utover dette er det gjort eit par andre mindre endringar for å imøtekome merknader til planen ved offentleg ettersyn. Administrasjonen rår til at revidert framlegg til detaljreguleringsplan for Nyre vert godkjent. 4. FAKTA OM SAKA: Detaljreguleringsplan for Nyrefeltet 1. byggesteg er utarbeida av Mossige AS og Arkoconsult AS på vegne av Nyrefeltet AS. Planprosess: • Det vart gjennomført oppstartsmøte 19.11.09. • Det vart varsla oppstart av planarbeidet i avisa Hordaland den 14.01.10. Brev om oppstart av regulering vart sendt ut den 11.01.10. Det vart sett ein frist på 6 veker for å kome med innspel til planarbeidet. • Det kom 7 uttalar frå offentlege instansar og private partar i samband med varsel om oppstart. • Det vart gjennomført eit undervegsmøte 12.09.12. • Det vart gjort vedtak om offentleg ettersyn i FPL møte 20.12.12 sak 123/12 Side 3 • • Planforslaget låg ute til høyring i tida 05.01.13 til 18.02.13 Det kom inn 8 merknader til planforslaget i samband med offentleg ettersyn, 4 av desse er frå offentlege instansar. Føremål med planarbeidet Føremål med planarbeidet er å leggje til rette for ei god utbygging av blokkbustader og einebustader med tilhøyrande vegar og leikeareal på Nyre. Planen inneheld 11 delfelt med tilsaman 177 nye husvære i ulike storleiker. Overordna plan Reguleringsplan for Nyre, planid 01017. Planområdet for detaljreguleringsplanen er innafor stipla linje. I kommuneplanen for Voss står det omtalt at gjeldande plan for Nyre (planid 01017) opnar for ca 300 nye bueiningar (kap. 12.1, bustadbygging), og området er avsett til bustadføremål i plankartet. Planområdet Planområdet ligg vestvendt med utsyn over Vossevangen på austsida av elva Vosso. Det er ca 700 meter i luftlinje til sentrum på Vangen. Området består i dag i hovudsak av dyrka mark, og gardstunet på det opprinnelege hovudbruket, gnr 195 bnr 4, ligg innafor planområdet. I tillegg omfattar planen gnr 195/bnr 45, gnr 195/bnr 46 og gnr 194/bnr 159. Detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn Side 4 Terrenget stig frå kote 56 moh nede ved Gjernesvegen og opp til kote 81 bak gardstunet (Indre Nyre). Nye bygningar i området vil difor skygge lite for kvarande. Innhald i planen I planen er det avsett ca 31 daa med bustadareal. Dette omhandlar utbygging av 157 bustader i lågblokker, 11 bustader i rekke og 9 einebustader. Den eine tomta avsett til einebustad er der løebygningen står i dag. Planen inneheld i tillegg grøntstruktur, leikeareal, trafikkareal, parkeringsareal og kommunaltekniske anlegg. Fire område på til saman ca 12 daa er bandlagt etter kulturminnelova og ligg som omsynssoner på plankartet. Områda er bandlagte til naudsynte registreringsarbeid er gjennomført. Utgravinga skal gjennomførast innan 30. august, og skal i ettertid frigjevast av Riksantikvaren til planlagt utbyggingsføremål. Planen inneheld i tillegg omsynssoner for flaum, støy og frisikt. Illustrasjonsplan og formingsrettleiaren vedlagt planen skal leggjast til grunn for utbygginga. Formingsrettleiaren vart utarbeidd i samband med reguleringsplanen for heile Nyrefeltet som vart godkjent i 2008. Maks byggehøgd er også vidareført frå planen frå 2008. Tal etasjer i dei ulike bygningane varierer frå 2 til 4, der dei fleste bygningane maksimalt skal ha 3 etasjer. Det er lagt opp til at halvparten av leiligheitene i lågblokkene skal vere mellom 80 og 110 m2 store, 30% skal vere mindre enn 80 m2 og 20% skal vere større enn 110 m2. Utbygging som avviker vesentleg frå illustrasjonsplan og formingsrettleiar skal handsamast som ei reguleringsendring, jf pkt 1.1. i føresegnene. Området vil vere synleg frå store deler av sentrum. Nytt bustadområde grenser inntil eksisterande bustadområde og vil på avstand framstå som ein del av denne. Når det gjeld nærverknad vil lågblokker vere eit nytt element i området som i dag består av einebustader og landbruksareal. Men, det viktigaste utsynet mot vest og sør vil bestå for dei tilgrensande bustadene. Det er lagt vekt på at utbygginga skal gjennomførast med høg kvalitet og forståing for lokale tilhøve, og terrenget skal i størst mogleg grad takast vare på, jf pkt 2.1.2 i føresegnene. Området har gode bukvalitetar med rikeleg sol, korte avstandar til sentrumsfunksjonar, skule og barnehage. Vidare legg planen til rette for tilstrekkeleg leike- og friområde, og plan- og bygningslova sine krav til universell utforming er ivaretatt. Det ikkje avdekka interessekonflikter i forhold til naturmangfald. Det er utført eigen analyse for risiko og sårbarheit for området som ligg vedlagt planen. Det er avdekka at nedre del av planområdet ligg innafor gul støysone, og eventuelle behov for støytiltak skal dokumenterast i byggesøknad. Ny avkøyring frå Gjernesvegen og inn i feltet skal ha fokus på trafikktryggleik for å forebyggje trafikkulykker. Det er ikkje avdekka uakseptabel risiko knytt til utbygging av planområdet. Det er knytt rekkefølgjekrav til utgraving og frigjeving av område bandlagt for kulturminne, godkjenning av VA-rammeplan og løysinger for handtering av overvatn, etablering av ny avkøyring og trygg kryssing av Gjernesvegen. I tillegg er det krav om etablering av veger, parkering og leikeplassar innafor kvart delfelt før det vert gjeve bruksløyve. Kvart delfelt skal ha ei samla utbygging, jf punkt 5 i føresegnene. Side 5 5. ADMINISTRASJONEN SI VURDERING: Det kom 8 merknader til planforslaget ved offentleg ettersyn. Fire av desse kom frå offentlege instansar. Oppsummering av merknadene og planleggjar sine kommentarar til desse ligg ved i eit eige merknadsskjema. Merknadene ligg i tillegg som vedlegg i saka. Under kjem ei kort oppsummering av uttalene, eventuelle kommentarar frå forslagsstillaren og administrasjonen. Pedagogisk tenestekontor, Voss kommune 07.01.2013 Ønskjer å få vite om det i reguleringsplanen er teke omsyn til trygg skuleveg for elevane frå Gjernes og Voss ungdomsskule. Forslagsstillar sine kommentarar: Voss kommune har vore i kontakt med Pedagogisk tenestesenter og informert om at dette er ivareteke. Administrasjonen sine merknader: Planavdelinga hadde eit møte med pedagogisk tenestekontor den 31. januar, der skulevegane vart gjennomgått. NVE, 01.02.2013 NVE tilrår at del av planområde som ligg innanfor areal utsett ved ein 200-årsflaum, dvs under kote 50,6 vert avmerka i plankartet som omsynssone, Fareområde flaum. Brukar må plasserast så langt inn på land at foten kjem over 50,6 m og ikkje snevrar inn flaumløpet. Underkant bru (inkl. evt. fjernvarmerøyr) må leggjast så høgt at den er trygg for 200-årsflaum pluss anna drivgods som kan følgje flaumvatet, dvs minimum 0,5 m over grensa for 200årsflaum. Krav til plassering av landkar og lågaste høgde underkant bru må innarbeidast i føresegner. Forslagsstillar sine kommentarar: Krav om minimumshøgder for underkant bru/fjernvarmerøyr og landkar er innarbeidd i plankart og føresegnene, jf pkt 3.4 og 4.3 i føresegnene. Statens Vegvesen, 18.02.2013 Statens vegvesen har merknad til siktlinjer i kryss mellom Gjernesvegen, Fv 311 og Veg 1 i planen (Nyresvegen). Fram og bakoversikt i beggje retningar skal vere 55 meter og alle sikthemmende element 0,5 m over bakken skal til ei kvar tid vere fjerna. Kryss må omarbeidast i tråd med gjeldande vegnormalar. Byggjegrense må også gjelde for Område for kommunaltekniske anlegg T1, samt parkering for bilar. Desse føremål må flyttast til minst 15 m frå midtline fylkesveg. Forslagsstillar sine kommentarar: Kravet er innarbeidd i detaljplanen. Siktkrav i høve til sikthemmande element ligg i føresegnene. Nettstasjon i føremål T1 er alt bygd og det er opplyst frå Voss kommune at nettstasjonen ligg 15 m frå senterline fylkesveg. Føremål parkeringsplass P1 er justert/flytta og ligg no 15 m frå senterline fylkesveg. Fylkesmannen i Hordaland, 08.01.2013 Har ingen merknader til planen. Side 6 Hordaland Bioenergi 15.02.13 Er ikkje samd med konsulent i at det ikkje er hensiktmessig å leggja krav til oppvarmingskjelde før detaljprosjekteringa er gjennomført. Dei gjer merksam på at slik dei les vedtak frå Voss kommune er det ikkje energikjelda som er omtala i vedtaket, men distribusjonssystem av termisk energi som er saka. Eit fritak frå krav om vassboren varmedistribusjon i bustader som planleggast og byggast i dag vil gjera at ein ikkje vil kunne utnytta energi frå ulike kjelder i framtida. Dei gjer vidare greie for fordelar med vassboren golvvarme både i høve til punktoppvarming (til dømes vedovn) og den store fleksibiliteten ein har med tanke på val av oppvarmingskjelde. Forslagsstillar sine kommentarar: Det er lagt inn krav i føresegnene, § 1.8, at varmeanlegga i bygningane skal kunne koblast opp mot og motta/nytta vassboren varme. Administrasjonen sine merknader: Viser til FPL-vedtak ved utlegging til offentleg ettersyn, sak 123/12 pkt 2; «Det skal stillast krav om at oppvarming må vera basert på vassboren varme i føresegnene for planen». Administrasjonen meiner forslagsstillar har imøtekome kravet om at varmeanlegga i bygningane skal vere slik at dei kan koblast opp mot, og motta / nytta vassboren varme, jf pkt 1.8 i føresegnene. Det skal leggjast ved skildring og dokumentasjon om energiløysingar og bruk av vassboren varme i samband med byggesak, jf pkt 1.6 i føresegnene. Felles merknad frå huseigarar i Nyrestråi, 08.02.13 Sjølv om ikkje planen som no er lagt ut med byggjetrinn 1 har direkte kontaktpunkt med Nyrestråi, har dei likevel følgjande merknad: Dei har gått i mot at vegtilkomst til BR5 skal kunne gå via dagens private tilkomst til Nyrestråi, og vegen er ikkje tilrettelagd eller eigna til føremålet. Dei viser til tidegare brev om dette den 15.03.06 og 27.11.07, som også er vedlagt. Ny vegtilkomst må gå gjennom Nyrefeltet adskilt frå Nyrestråi. Dei gjer merksam på dette no slik at ikkje desse problemstillingane vert oversett. Forslagsstillar sine kommentarar: Merknader er teke til etterretning, men er ikkje aktuelle i Byggjetrinn 1. Nils Seim og Kari Hagvaag, 13.02.13 Dei gjer merksam på at dei har gjennomført omfattande og kostbart arbeid med blant anna masseutskiftning og sikringsarbeid i skråning i området. Syner til at grensa mellom Nyrefeltet og Nyresvegen ikkje følgjer terrenget, men er lagt i rette liner. Dersom ein under utbygging følgjer 4 meters byggjegrense vil dei planlagde husa kome heilt på kanten av skråninga og faren for vidare masseutgliding vil auke. Dei vonar dette vert tatt omsyn til i det vidare planarbeidet. Forslagsstillar sine kommentarar: Merknader er teke til etteretning, men vert av privatrettsleg karakter. Det skal sikrast mot utglidningar/ras under og etter anleggsperioden. Plan- og bygningslova vil verte følgd i høve til dette. Vidar Johnsen og Bjørg Nestås Johnsen, 15.02.13 Er urolige for at det kan rase ut i skråning i bakkant av huset som grenser til rekkjehusbygg i planområdet. Har også erfaring med at det har rast ut tidlegare her. Dei ønskjer at ny Side 7 tilkomstveg til Nyrefeltet vert opparbeida når anleggsperioden startar, slik at den kan brukast under heile anleggsperioden. Dette vert grunngjeve med at noverande Nyresveg er i dårleg forfatning og ikkje vil tåle anleggstrafikk Forslagsstillar sine kommentarar: Spørsmål om sikring mot ras/utglidning er teke til etteretning. Sikring mot utglidningsar/ras vil verte ivareteke både under anleggspeioden og i ettertid. Plan- og bygningslova vil verte følgd i høve til dette. Nyresvegen skal ikkje nyttast som tilkomstveg til feltet under anleggsperioden. Administrasjonen sine merknader til innspel frå naboar til Nyresfeltet: Ein oppmodar utbyggjar om å opprette ein god dialog, og å ta omsyn til tilgrensande naboar i samband med utbygginga. Når det gjeld innspel om Nyrestråi må dette takast opp til vurdering i samband med detaljplanlegging av området. Oppsummering av endringar etter offentleg ettersyn Når det gjeld energiløysing er planen endra gjennom at det er lagt inn krav i føresegnene om at varmeanlegga i bygningane skal kunne koblast opp mot og motta/nytta vassboren varme, jf 1.8 i føresegnene. Det er i tillegg lagt inn ei omsynssone for 200-årsflaum, og i føresegnene er det sikra at omsyn til flaum og vassføring er ivaretatt i tråd med innspel frå NVE. Frisiktsona i krysset mellom Gjernesvegen og ny avkøyring til Nyresvegen er utvida mot sør, i tråd med innspel frå Statens vegvesen. Innspel frå naboar må takast omsyn til i samband med vidare utbygging og i neste byggetrinn, og har ikkje ført til endringar i planen. Konklusjon Detaljreguleringsplan for Nyresfeltet, 1. byggetrinn er godt dokumentert gjennom planomtale, føresegner, plankart, illustrasjonsplan, terrengsnitt og formingsrettleiar. Planomtalen omhandlar viktige tema som barn og unge sine interesser, arkitektur og byggemønster, energiløysinger, universell utforming, kulturminne, infrastruktur, omsyn til naboar m.m. Det er illustrasjonsmateriell i form av terrengsnitt og visualisering av utbygginga av lågblokkene i første byggetrinn, sjå vedlegg til planen. I tillegg skal formingsrettleiaren frå 2008 vere retningsgjevande for den vidare utbygginga. Den nye utbygginga vil ligge fint i terrenget og vil i liten grad stenge for utsyn for eksisterande bebyggelse. Det er knytt rekkefølgjekrav til opparbeiding av leikeareal, vegar, parkering og teknisk infrastruktur m.m. jf pkt 5 i føresegnene. Ny gangbru over Vosso skal vere ferdigstilt før 1. byggetrinn er ferdig utbygd. Det same gjeld ballplassen som ligg inne i planen frå 2008. Det er tatt med krav i føresegnene om at prosjektet skal utformast slik at dei kan nyttegjere seg vassboren fjernvarme til oppvarming. Administrasjonen rår til at detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn, inkludert endringar etter offentleg ettersyn, vert godkjent slik den ligg føre. Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1846-11578/13 Saksbeh.: Arkivkode: Saksnr.: 43/13 45/13 Utval Formannskap/ plan og økonomi Kommunestyret Kjersti Næss Finne PLAN sone Møtedato 06.06.2013 20.06.2013 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN FOR NYREFELTET 1. BYGGESTEG, PLANID 09024 - GODKJENNING AV PLAN Administrasjonen si innstilling: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. Formannskap/ plan og økonomi den 06.06.2013 sak 43/13 Behandling i møte: Administrasjonen si innstilling vart samrøystes tilrådd. Tilråding: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. Kommunestyret den 20.06.2013 sak 45/13 Behandling i møte: Repr. Torstein Gunnarson la fram saka på vegne av utval for formannskap/plan og økonomi. Ordføraren kom med slikt tilleggsframlegg: “KST ber om at ordførar og administrasjon vurderer trongen for ny bru over Vosso og kjem tilbake med ny sak om ev. reguleringsendring” Røysting: Tilrådinga frå utval for formannskap/plan og økonomi og tilleggsframlegget frå ordføraren vart samrøystes vedteke. Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat detaljreguleringsplan for Nyrefeltet, planid 09024, slik det går fram av plankart og planomtale med føresegner sist revidert 15.05.13 signert Mossige AS. KST ber om at ordførar og administrasjon vurderer trongen for ny bru over Vosso og kjem tilbake med ny sak om ev. reguleringsendring Side 2 Administrasjonen si utgreiing: 2. DOKUMENT SOM BAKGRUNN FOR SAKA: Dokument merka med * ligg ved. * Planskildring m/føresegner - Nyre, 1. byggetrinn, revidert 15.05.13, Mossige AS * Plankart, 15.05.13, Mossige AS * Vedlegg til planen; ROS-analyse, illustrasjonsplan, snitt-illustrasjonar, formingsrettleiar * Innspel offentleg ettersyn: Pedagogisk tenestekontor, Voss kommune 07.01.2013 NVE, 01.02.2013 Statens Vegvesen, 18.02.2013 Fylkesmannen i Hordaland, 08.01.2013 Hordaland Bioenergi 15.02.13 Felles merknad frå huseigarar i Nyrestråi, 08.02.13 Nils Seim og Kari Hagvaag, 13.02.13 Vidar Johnsen og Bjørg Nestås Johnsen, 15.02.13 * Merknader til innspel offentleg ettersyn m/kommentarar, 15.05.13, Mossige AS Plandokument og vedlegg til saka ligg på Voss kommune si heimeside under kunngjeringar; http://www.voss.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=405&AId=76 Har de problem med å opne dokument på heimesida, ta kontakt med planavdelinga på tlf 56519626, eller send e-post til zehra.causevic@voss.kommune.no 3. SAMANDRAG AV SAKA: Privat detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn, har vore ute til offentleg ettersyn. Det kom inn åtte merknader til planforslaget. Desse ligg vedlagt og er oppsummert og kommentert i saka. Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av blokkbustader og einebustader med tilhøyrande vegar og leikeareal. Planområdet er ca 52 daa stort og inneheld 11 delfelt med tilsaman 177 nye husvære i ulike storleiker. På vegne av tiltakshavar Nyrefeltet AS, legg Mossige AS i samarbeid med Arcokonsult AS fram planen for 2. gangs behandling og godkjenning. Planen er justert i tråd med kravet om å tilrettelegge for bruk av vassboren fjernvarme. Utover dette er det gjort eit par andre mindre endringar for å imøtekome merknader til planen ved offentleg ettersyn. Administrasjonen rår til at revidert framlegg til detaljreguleringsplan for Nyre vert godkjent. 4. FAKTA OM SAKA: Detaljreguleringsplan for Nyrefeltet 1. byggesteg er utarbeida av Mossige AS og Arkoconsult AS på vegne av Nyrefeltet AS. Planprosess: • Det vart gjennomført oppstartsmøte 19.11.09. • Det vart varsla oppstart av planarbeidet i avisa Hordaland den 14.01.10. Brev om oppstart av regulering vart sendt ut den 11.01.10. Det vart sett ein frist på 6 veker for å kome med innspel til planarbeidet. • Det kom 7 uttalar frå offentlege instansar og private partar i samband med varsel om oppstart. • Det vart gjennomført eit undervegsmøte 12.09.12. • Det vart gjort vedtak om offentleg ettersyn i FPL møte 20.12.12 sak 123/12 Side 3 • • Planforslaget låg ute til høyring i tida 05.01.13 til 18.02.13 Det kom inn 8 merknader til planforslaget i samband med offentleg ettersyn, 4 av desse er frå offentlege instansar. Føremål med planarbeidet Føremål med planarbeidet er å leggje til rette for ei god utbygging av blokkbustader og einebustader med tilhøyrande vegar og leikeareal på Nyre. Planen inneheld 11 delfelt med tilsaman 177 nye husvære i ulike storleiker. Overordna plan Reguleringsplan for Nyre, planid 01017. Planområdet for detaljreguleringsplanen er innafor stipla linje. I kommuneplanen for Voss står det omtalt at gjeldande plan for Nyre (planid 01017) opnar for ca 300 nye bueiningar (kap. 12.1, bustadbygging), og området er avsett til bustadføremål i plankartet. Planområdet Planområdet ligg vestvendt med utsyn over Vossevangen på austsida av elva Vosso. Det er ca 700 meter i luftlinje til sentrum på Vangen. Området består i dag i hovudsak av dyrka mark, og gardstunet på det opprinnelege hovudbruket, gnr 195 bnr 4, ligg innafor planområdet. I tillegg omfattar planen gnr 195/bnr 45, gnr 195/bnr 46 og gnr 194/bnr 159. Detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn Side 4 Terrenget stig frå kote 56 moh nede ved Gjernesvegen og opp til kote 81 bak gardstunet (Indre Nyre). Nye bygningar i området vil difor skygge lite for kvarande. Innhald i planen I planen er det avsett ca 31 daa med bustadareal. Dette omhandlar utbygging av 157 bustader i lågblokker, 11 bustader i rekke og 9 einebustader. Den eine tomta avsett til einebustad er der løebygningen står i dag. Planen inneheld i tillegg grøntstruktur, leikeareal, trafikkareal, parkeringsareal og kommunaltekniske anlegg. Fire område på til saman ca 12 daa er bandlagt etter kulturminnelova og ligg som omsynssoner på plankartet. Områda er bandlagte til naudsynte registreringsarbeid er gjennomført. Utgravinga skal gjennomførast innan 30. august, og skal i ettertid frigjevast av Riksantikvaren til planlagt utbyggingsføremål. Planen inneheld i tillegg omsynssoner for flaum, støy og frisikt. Illustrasjonsplan og formingsrettleiaren vedlagt planen skal leggjast til grunn for utbygginga. Formingsrettleiaren vart utarbeidd i samband med reguleringsplanen for heile Nyrefeltet som vart godkjent i 2008. Maks byggehøgd er også vidareført frå planen frå 2008. Tal etasjer i dei ulike bygningane varierer frå 2 til 4, der dei fleste bygningane maksimalt skal ha 3 etasjer. Det er lagt opp til at halvparten av leiligheitene i lågblokkene skal vere mellom 80 og 110 m2 store, 30% skal vere mindre enn 80 m2 og 20% skal vere større enn 110 m2. Utbygging som avviker vesentleg frå illustrasjonsplan og formingsrettleiar skal handsamast som ei reguleringsendring, jf pkt 1.1. i føresegnene. Området vil vere synleg frå store deler av sentrum. Nytt bustadområde grenser inntil eksisterande bustadområde og vil på avstand framstå som ein del av denne. Når det gjeld nærverknad vil lågblokker vere eit nytt element i området som i dag består av einebustader og landbruksareal. Men, det viktigaste utsynet mot vest og sør vil bestå for dei tilgrensande bustadene. Det er lagt vekt på at utbygginga skal gjennomførast med høg kvalitet og forståing for lokale tilhøve, og terrenget skal i størst mogleg grad takast vare på, jf pkt 2.1.2 i føresegnene. Området har gode bukvalitetar med rikeleg sol, korte avstandar til sentrumsfunksjonar, skule og barnehage. Vidare legg planen til rette for tilstrekkeleg leike- og friområde, og plan- og bygningslova sine krav til universell utforming er ivaretatt. Det ikkje avdekka interessekonflikter i forhold til naturmangfald. Det er utført eigen analyse for risiko og sårbarheit for området som ligg vedlagt planen. Det er avdekka at nedre del av planområdet ligg innafor gul støysone, og eventuelle behov for støytiltak skal dokumenterast i byggesøknad. Ny avkøyring frå Gjernesvegen og inn i feltet skal ha fokus på trafikktryggleik for å forebyggje trafikkulykker. Det er ikkje avdekka uakseptabel risiko knytt til utbygging av planområdet. Det er knytt rekkefølgjekrav til utgraving og frigjeving av område bandlagt for kulturminne, godkjenning av VA-rammeplan og løysinger for handtering av overvatn, etablering av ny avkøyring og trygg kryssing av Gjernesvegen. I tillegg er det krav om etablering av veger, parkering og leikeplassar innafor kvart delfelt før det vert gjeve bruksløyve. Kvart delfelt skal ha ei samla utbygging, jf punkt 5 i føresegnene. Side 5 5. ADMINISTRASJONEN SI VURDERING: Det kom 8 merknader til planforslaget ved offentleg ettersyn. Fire av desse kom frå offentlege instansar. Oppsummering av merknadene og planleggjar sine kommentarar til desse ligg ved i eit eige merknadsskjema. Merknadene ligg i tillegg som vedlegg i saka. Under kjem ei kort oppsummering av uttalene, eventuelle kommentarar frå forslagsstillaren og administrasjonen. Pedagogisk tenestekontor, Voss kommune 07.01.2013 Ønskjer å få vite om det i reguleringsplanen er teke omsyn til trygg skuleveg for elevane frå Gjernes og Voss ungdomsskule. Forslagsstillar sine kommentarar: Voss kommune har vore i kontakt med Pedagogisk tenestesenter og informert om at dette er ivareteke. Administrasjonen sine merknader: Planavdelinga hadde eit møte med pedagogisk tenestekontor den 31. januar, der skulevegane vart gjennomgått. NVE, 01.02.2013 NVE tilrår at del av planområde som ligg innanfor areal utsett ved ein 200-årsflaum, dvs under kote 50,6 vert avmerka i plankartet som omsynssone, Fareområde flaum. Brukar må plasserast så langt inn på land at foten kjem over 50,6 m og ikkje snevrar inn flaumløpet. Underkant bru (inkl. evt. fjernvarmerøyr) må leggjast så høgt at den er trygg for 200-årsflaum pluss anna drivgods som kan følgje flaumvatet, dvs minimum 0,5 m over grensa for 200årsflaum. Krav til plassering av landkar og lågaste høgde underkant bru må innarbeidast i føresegner. Forslagsstillar sine kommentarar: Krav om minimumshøgder for underkant bru/fjernvarmerøyr og landkar er innarbeidd i plankart og føresegnene, jf pkt 3.4 og 4.3 i føresegnene. Statens Vegvesen, 18.02.2013 Statens vegvesen har merknad til siktlinjer i kryss mellom Gjernesvegen, Fv 311 og Veg 1 i planen (Nyresvegen). Fram og bakoversikt i beggje retningar skal vere 55 meter og alle sikthemmende element 0,5 m over bakken skal til ei kvar tid vere fjerna. Kryss må omarbeidast i tråd med gjeldande vegnormalar. Byggjegrense må også gjelde for Område for kommunaltekniske anlegg T1, samt parkering for bilar. Desse føremål må flyttast til minst 15 m frå midtline fylkesveg. Forslagsstillar sine kommentarar: Kravet er innarbeidd i detaljplanen. Siktkrav i høve til sikthemmande element ligg i føresegnene. Nettstasjon i føremål T1 er alt bygd og det er opplyst frå Voss kommune at nettstasjonen ligg 15 m frå senterline fylkesveg. Føremål parkeringsplass P1 er justert/flytta og ligg no 15 m frå senterline fylkesveg. Fylkesmannen i Hordaland, 08.01.2013 Har ingen merknader til planen. Side 6 Hordaland Bioenergi 15.02.13 Er ikkje samd med konsulent i at det ikkje er hensiktmessig å leggja krav til oppvarmingskjelde før detaljprosjekteringa er gjennomført. Dei gjer merksam på at slik dei les vedtak frå Voss kommune er det ikkje energikjelda som er omtala i vedtaket, men distribusjonssystem av termisk energi som er saka. Eit fritak frå krav om vassboren varmedistribusjon i bustader som planleggast og byggast i dag vil gjera at ein ikkje vil kunne utnytta energi frå ulike kjelder i framtida. Dei gjer vidare greie for fordelar med vassboren golvvarme både i høve til punktoppvarming (til dømes vedovn) og den store fleksibiliteten ein har med tanke på val av oppvarmingskjelde. Forslagsstillar sine kommentarar: Det er lagt inn krav i føresegnene, § 1.8, at varmeanlegga i bygningane skal kunne koblast opp mot og motta/nytta vassboren varme. Administrasjonen sine merknader: Viser til FPL-vedtak ved utlegging til offentleg ettersyn, sak 123/12 pkt 2; «Det skal stillast krav om at oppvarming må vera basert på vassboren varme i føresegnene for planen». Administrasjonen meiner forslagsstillar har imøtekome kravet om at varmeanlegga i bygningane skal vere slik at dei kan koblast opp mot, og motta / nytta vassboren varme, jf pkt 1.8 i føresegnene. Det skal leggjast ved skildring og dokumentasjon om energiløysingar og bruk av vassboren varme i samband med byggesak, jf pkt 1.6 i føresegnene. Felles merknad frå huseigarar i Nyrestråi, 08.02.13 Sjølv om ikkje planen som no er lagt ut med byggjetrinn 1 har direkte kontaktpunkt med Nyrestråi, har dei likevel følgjande merknad: Dei har gått i mot at vegtilkomst til BR5 skal kunne gå via dagens private tilkomst til Nyrestråi, og vegen er ikkje tilrettelagd eller eigna til føremålet. Dei viser til tidegare brev om dette den 15.03.06 og 27.11.07, som også er vedlagt. Ny vegtilkomst må gå gjennom Nyrefeltet adskilt frå Nyrestråi. Dei gjer merksam på dette no slik at ikkje desse problemstillingane vert oversett. Forslagsstillar sine kommentarar: Merknader er teke til etterretning, men er ikkje aktuelle i Byggjetrinn 1. Nils Seim og Kari Hagvaag, 13.02.13 Dei gjer merksam på at dei har gjennomført omfattande og kostbart arbeid med blant anna masseutskiftning og sikringsarbeid i skråning i området. Syner til at grensa mellom Nyrefeltet og Nyresvegen ikkje følgjer terrenget, men er lagt i rette liner. Dersom ein under utbygging følgjer 4 meters byggjegrense vil dei planlagde husa kome heilt på kanten av skråninga og faren for vidare masseutgliding vil auke. Dei vonar dette vert tatt omsyn til i det vidare planarbeidet. Forslagsstillar sine kommentarar: Merknader er teke til etteretning, men vert av privatrettsleg karakter. Det skal sikrast mot utglidningar/ras under og etter anleggsperioden. Plan- og bygningslova vil verte følgd i høve til dette. Vidar Johnsen og Bjørg Nestås Johnsen, 15.02.13 Er urolige for at det kan rase ut i skråning i bakkant av huset som grenser til rekkjehusbygg i planområdet. Har også erfaring med at det har rast ut tidlegare her. Dei ønskjer at ny Side 7 tilkomstveg til Nyrefeltet vert opparbeida når anleggsperioden startar, slik at den kan brukast under heile anleggsperioden. Dette vert grunngjeve med at noverande Nyresveg er i dårleg forfatning og ikkje vil tåle anleggstrafikk Forslagsstillar sine kommentarar: Spørsmål om sikring mot ras/utglidning er teke til etteretning. Sikring mot utglidningsar/ras vil verte ivareteke både under anleggspeioden og i ettertid. Plan- og bygningslova vil verte følgd i høve til dette. Nyresvegen skal ikkje nyttast som tilkomstveg til feltet under anleggsperioden. Administrasjonen sine merknader til innspel frå naboar til Nyresfeltet: Ein oppmodar utbyggjar om å opprette ein god dialog, og å ta omsyn til tilgrensande naboar i samband med utbygginga. Når det gjeld innspel om Nyrestråi må dette takast opp til vurdering i samband med detaljplanlegging av området. Oppsummering av endringar etter offentleg ettersyn Når det gjeld energiløysing er planen endra gjennom at det er lagt inn krav i føresegnene om at varmeanlegga i bygningane skal kunne koblast opp mot og motta/nytta vassboren varme, jf 1.8 i føresegnene. Det er i tillegg lagt inn ei omsynssone for 200-årsflaum, og i føresegnene er det sikra at omsyn til flaum og vassføring er ivaretatt i tråd med innspel frå NVE. Frisiktsona i krysset mellom Gjernesvegen og ny avkøyring til Nyresvegen er utvida mot sør, i tråd med innspel frå Statens vegvesen. Innspel frå naboar må takast omsyn til i samband med vidare utbygging og i neste byggetrinn, og har ikkje ført til endringar i planen. Konklusjon Detaljreguleringsplan for Nyresfeltet, 1. byggetrinn er godt dokumentert gjennom planomtale, føresegner, plankart, illustrasjonsplan, terrengsnitt og formingsrettleiar. Planomtalen omhandlar viktige tema som barn og unge sine interesser, arkitektur og byggemønster, energiløysinger, universell utforming, kulturminne, infrastruktur, omsyn til naboar m.m. Det er illustrasjonsmateriell i form av terrengsnitt og visualisering av utbygginga av lågblokkene i første byggetrinn, sjå vedlegg til planen. I tillegg skal formingsrettleiaren frå 2008 vere retningsgjevande for den vidare utbygginga. Den nye utbygginga vil ligge fint i terrenget og vil i liten grad stenge for utsyn for eksisterande bebyggelse. Det er knytt rekkefølgjekrav til opparbeiding av leikeareal, vegar, parkering og teknisk infrastruktur m.m. jf pkt 5 i føresegnene. Ny gangbru over Vosso skal vere ferdigstilt før 1. byggetrinn er ferdig utbygd. Det same gjeld ballplassen som ligg inne i planen frå 2008. Det er tatt med krav i føresegnene om at prosjektet skal utformast slik at dei kan nyttegjere seg vassboren fjernvarme til oppvarming. Administrasjonen rår til at detaljreguleringsplan for Nyre, 1. byggetrinn, inkludert endringar etter offentleg ettersyn, vert godkjent slik den ligg føre.