SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Transcription
SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/989-3068/11 Saksbeh.: Arkivkode: Saksnr.: 17/11 Utval Formannskap/ plan og økonomi Kjersti Næss Finne PLAN soneinndeling Møtedato 01.02.2011 SAMLA SAK - OPPSTART AV REGULERINGSDENDRING TVILDEMOEN, P-ID 09014 Administrasjonen si innstilling: 1. Med heimel i plan og bygningslova § 12-9 vedtek FPL at planprogram for reguleringsendring Tvildemoen P-ID 09.014, datert 24.01.11 vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Med heimel i plan og bygningslova § 12-2 vedtek FPL opptart av reguleringsendring for offentleg områdereguleringsplan for Tvildemoen P-ID 09.014. 3. Vedtak om oppstart skal kunngjerast og varslast i samsvar med krava i plan og bygningslova § 12-8. Formannskap/ plan og økonomi den 01.02.2011 sak 17/11 Behandling i møte: Administrasjonen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak: 1. Med heimel i plan og bygningslova § 12-9 vedtek FPL at planprogram for reguleringsendring Tvildemoen P-ID 09.014, datert 24.01.11 vert lagt ut til offentleg ettersyn. 2. Med heimel i plan og bygningslova § 12-2 vedtek FPL opptart av reguleringsendring for offentleg områdereguleringsplan for Tvildemoen P-ID 09.014. 3. Vedtak om oppstart skal kunngjerast og varslast i samsvar med krava i plan og bygningslova § 12-8. Administrasjonen si utgreiing: 2. DOKUMENT SOM BAKGRUNN FOR SAKA: Dokument merka med * ligg ved. *Framlegg til planprogram Tvildemoen 24.01.11 *Referat frå referansegruppemøte 30.11.10 Tvildemoen – utredning for Voss kommune (muligheitsstudie) Voss kommune Voss kommune Mama arkitekter Side 2 3. SAMANDRAG AV SAKA: Det vert lagt fram forslag om oppstart av arbeidet med ein offentleg områdereguleringsplan for Tvildemoen. Det er utarbeida eit planprogram for reguleringsarbeidet. Dette skal leggjast ut til offentleg ettersyn samtidig som oppstart skal varslast. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei framtidsretta sentrumsnær utvikling for bustadbygging, næringsføremål, kulturføremål og tenesteyting. Vurdering av utnyttingsgraden er ein viktig del av planarbeidet. I tillegg må ein sikre gode trafikkløysingar både eksternt og internt for biltrafikk og mjuke trafikantar. Planområdet omfattar heile eksisterande reguleringsplan, samt at det er teke med noko meir areal i randsonene. Ved godkjenning av ny plan vil denne erstatte dagens reguleringsplan for området. Heine Tvilde er grunneigar på mesteparten av det ubrukte arealet på Tvildemoen, men det kommunale eigedomsselskapet Voss Eigedom leiger store delar av området gjennom langtidsleige. I tillegg disponerer grunneigar sjølv ein del av arealet. Det er også tomter med private eigarar både på Tvildemoen og i randsonene. 4. FAKTA OM SAKA: Bakgrunn Sidan forsvaret frigav Tvildemoen på midten av 90-talet er området delvis utbygd og tatt i bruk til ulike næringsføremål, undervisning innan kultur- og tradisjonsfag, bustader og barnehagar. Det ligg føre ein reguleringsplan frå 1999. Føresetnaden som låg til grunn då planen vart godkjent, har endra seg. Fleire av nyetableringane på Tvildemoen dei seinare åra har ikkje vore i samsvar med den opphavlege planen. Det har også kome fram forslag til ny arealbruk på Tvildemoen, som til dømes kommunale omsorgsbustader og reiselivsaktiviter. På bakgrunn av dette gjorde formannskap/plan og økonomi den 25.06.2009 sak 69/09, vedtak om å starte eit utgreiingsarbeid som kunne ende opp i varsel om ei reguleringsendring. Mama arkitekter vart engasjert til å gjennomføre eit muligheitsstudie hausten 2009. Som ei vidareføring av dette ynskjer ein no å starte arbeidet med ei reguleringsendring for Tvildemoen. Voss kommune vil vere tiltakshavar for ein offentleg områdereguleringsplan som skal erstatte reguleringsplanen frå 1999. Muligheitsstudiet frå 2009 vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med ein ny reguleringsplan. Reguleringsplan og bruk av området i dag I gjeldande reguleringsplan er Tvildemoen regulert til konsentrerte bustadområde, område for blanda føremål (kultur, fritid, offentleg, kontor, verkstad, industri og lager), vegar og friområde. Ei bru over til Brynavollen skulle gje ei nærare tilknyting til sentrum(sjå planprogrammet-vedlegg 2). Området regulert til bustadføremål er stort sett ferdig utbygd med til saman ca 130 bueiningar. Det er etablert tre verksemder med handel med plasskrevjande varer på arealet nærast riksveg 13. Mange av bygningane som tidlegare var nytta av Forsvaret er tatt i bruk til ny aktivitet som kontor, næringsføremål, undervisning, kunst og handverk, barnehage mm. Det er også bygd ein ny kommunal barnehage på Tvildemoen. Sjølv om arealet på Tvildemoen er både sentrumsnært og attraktivt er det framleis mykje ledig utbyggingsareal. Om lag 1/3 av område Side 3 regulert til blanda føremål (kultur, fritid, offentleg, kontor, verkstad, industri og lager) er ikkje tatt i bruk. Det er etablerte turvegar og stiar både langs delar av vassdraget og langs dei ulike platåa på Tvildemoen. Desse er mykje nytta, og utgjer verdifulle kvalitetar i området. Eit gamalt lagerbygg er bygd om til skatehall. Dette er ein populær aktivitet for litt større ungar og ungdom, ein aldersgruppe som i dag ikkje har andre tilrettelagte tilbod på Tvildemoen. Planavgrensing og eigartilhøve I forslag til planavgrensing for reguleringsplanen som ein no går i gang med, er området utvida i forhold til dagens reguleringsplan. I nordaust tek ein med seg Raberget, området på andre sida av rv 13 i nordaust. I tillegg tek ein med seg ein korridor langs rv 13 eit stykke mot Palmafossen og vidare ned mot sentrum. Bakgrunnen for desse utvidingane er for det første ynskje om å vurdere moglegheiter for næringsareal langs rv 13 ved Raberget. Ved å ta med seg ein korridor langs rv 13 mot Palmafossen og mot sentrum, ynskjer ein også å sjå på gode løysingar for tilkomstvegar til og frå Tvildemoen, både for biltrafikk og mjuke trafikantar. Områda langs riksvegane som ikkje vert regulert til alternative tilkomstvegar vil etter kvart verte tatt ut av planområdet. Det ubrukte arealet på Tvildemoen er i hovudsak fordelt på det kommunale eigedomsselskapet Voss Eigedom, som disponerer store deler av området gjennom langtidsleige, og grunneigar Heine Tvilde. Resten av området består av sjølveigande mindre tomter eigd av privatpersonar, nærings- og utbyggingsaktørar, stilftingar osb. Johannes Tvilde og Heine Tvilde er grunneigarar på Raberget. Langs rv 13 mot Palmafossen og mot sentrum er det private bustadtomter og næringsutøvarar innafor planavgrensinga. Føremål med reguleringsendringa Det skal utarbeidast ein områdereguleringsplan for Tvildemoen, som skal legge til rette for ei framtidsretta sentrumsnær utvikling av området. Føremålet med planarbeidet er å 1. 2. 3. 4. 5. 6. vurdere blanda føremål med bustad, næring, kultur, tenesteyting legge til rette for nye bustadområde med gode kvalitetar legge til rette for gode vilkår for næringsutvikling og aktivitetar knytt til kultur vurdere eigna utnyttingsgrad i området legge til rette for ei trygg og effektiv trafikkavvikling både internt og eksternt sikre gode forbindelsar mellom Tvildemoen og Vangen, og mellom Tvildemoen og Raberget, Tvilde, Palmafossen og Bømoen for mjuke trafikantar 7. vidareutvikle grøntdrag, vassdragsbelte, turstiar og møteplassar for barn, ungdom og vaksne Planprogrammet Det er utarbeida eit framlegg til planprogram for reguleringsarbeidet som omhandlar informasjon om planområdet, føremål med planarbeidet, tilhøve til andre planar, viktige problemstillingar og utgreiingstema, planprosess, framdriftsplan og medverknad. Viktige problemstillingar er: Utgreiingstema for planarbeidet er: Ein ynskjer å vurdere alternative løysingar for: - trafikk og infrastruktur - infrastruktur og trafikkanalyse - utbyggingsstruktur, utnyttingsgrad og identitet trafikk og infrastruktur - utbyggingsstruktur, utnyttingsgrad og identitet - - bustadbygging og bukvalitet - kulturminne og kulturmiljø - - bustadutbygging, næringsutvikling og blanda føremål utvikling av grøntområde, Side 4 fellesområdet og felles møteplassar - næringsutvikling og reiseliv grøntstruktur og vassdrag - energi og miljø risiko- og sårbarheit 5. ADMINISTRASJONEN SI VURDERING: Tilhøve til kommuneplanen I gjeldande kommuneplan er Tvildemoen regulert til bustad- og næringsføremål. Dette er vidareført i framlegg til ny kommuneplan. I framlegg til ny kommuneplan står det i samfunnsdelen om Tvildemoen: Nesten alle område som er avsett til bustadføremål innafor reguleringsplanen på Tvildemoen er no bygd ut og sluttført. Det vil i komande planperiode bli arbeida med endring av gjeldane reguleringsplan for Tvildemoen som kan gje fleire bustader. Tal einingar må utgreiiast nærare i planarbeidet. I gjeldande kommuneplan ligg Raberget og området bak inne som areal bandlagt av Forsvaret. I ny plan er Raberget regulert til næringsareal, området bakom er mellom anna lagt inn som bustadareal. Forsvaret disponerer framleis heile dette området. I samband med offentleg ettersyn av kommuneplanen, har Forsvarsbygg i brev datert 22.12.10, kome med følgjande uttale: I samband med reguleringsarbeidet må det gjennomførast ein dialog med Forsvaret for å prøve å få fristilt heile eller delar av næringsarealet på Raberget. Oppstart av arbeidet med ei reguleringsendring er i tråd med framlegg til ny kommuneplan. KU-vurdering: Ved oppstart av planarbeid skal det gjerast ei vurdering av behovet for konsekvensutgreiing. Planarbeidet er vurdert etter ”Forskrift om konsekvensutgreiingar (26.06.09). Planen fell inn under § 3 ”Planar og tiltak som skal vurderast etter § 4. Sidan dette er ei omregulering av eksisterande regulert område, meiner ein at det ikkje er trong for ei full konsekvensutgreiing. Nokre tema er likevel viktige å få utgreidd i planarbeidet. Det er difor utarbeidd eit planprogram som mellom anna omhandlar utgreiingstema. Eksisterande plan er planlagt etter gamal plan- og bygningslov. Ein del av planarbeidet vil difor også vere å tilpasse eksisterande plan til ny plan- og bygningslov, og ved godkjenning av ny plan vil denne erstatte den eksisterande plan for området. Planprogram, planprosess og medverknad: Planprogrammet gir ei oversikt over planområdet, innhald, problemstillingar, planprosess og medverknad. Dei viktigaste utgreiingstemaene er knytt til trafikkavvikling og utbyggingsstruktur, utnyttingsgrad og identitet. Side 5 Det er ynskjeleg med ei stor grad av medverknad undervegs i planarbeidet. I september 2010 vart det halde eit ope møte der ein informerte om muligheitsstudie (2009) utarbeidd av Mama arkitekter, bygging av vindtunnel og planar om oppstart av arbeid med reguleringsendring. Rundt 40 personar deltok på dette møtet. Det er allereie etablert ei referansegruppe med deltakarar frå ulike interessegrupper på Tvildemoen. I samband med utlegging av planframlegg til offentleg ettersyn vert det lagt opp til eit nytt informasjonsmøte. Ein ynskjer å ha ein særskild fokus på barn og unge i planarbeidet. Det er allereie i dag etablert mange bustader på Tvildemoen. Det er fleire leikeplassar for dei minste, men tilrettelegging for litt større ungar og ungdom er mangelfull. For å få innspel til planarbeidet frå denne målgruppa, ynskjer ein å opprette dialog med miljøet rundt skatehallen og ungdomsrådet i kommunen. Formannskap/plan og miljø som planutval vert styringsgruppe for planarbeidet. Det vert lagt opp til jamnleg orientering frå planarbeidet, og medlemmer i FPL kan delta på referansegruppemøta etter ynskje. Ei administrativ arbeidsgruppe består av ein person frå næringsavdelinga og to frå plan. Det er aktuelt å leige inn eksterne konsulentar til ulike utgreiingar. Dette skal finansierast innafor eksisterande økonomiske rammer. I planprogrammet er det lagt opp til ein prosess med utgreiingar og utarbeiding av planforslag i 2011, og ei slutthandsaming av planen våren 2012. Avgjerande spørsmål knytt til både næringsutøving og kommunale omsorgsbustader skal vurderast i planen, og det er difor viktig å halde ein god framdrift på planarbeidet. I tillegg utgjer manglande bruk av regulert areal på Tvildemoen store kostnader for Voss Eigedom. Framdrift av planarbeidet vil mellom anna vere avhengig av bruk av konsulentar og kapasitet på planavdelinga. Konklusjon I planprogrammet for offentleg områdereguleringsplan for Tvildemoen er det lagt fram føremål, problemstillingar og planprosess for arbeidet med planen. Gjennom planarbeidet skal ein gjere ei vurdering av utbygging og utnyttingsgrad, trafikkløysingar og vidareutvikling av grøne strukturar. Administrasjonen rår til at framlegg til planprogram vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, og at det setjast i gang eit arbeid med ein områdereguleringsplan for Tvildemoen.