Pasientar måler INR
Transcription
Pasientar måler INR
// FRA LABEN Pasientar måler INR og doserer warfarin sjølve Norsk kvalitetssikring av laboratorieverksemd utanfor sjukehus (Noklus) tilbyr opplæring i eigenkontroll av antikoagulasjonsbehandling med warfarin til alle 24 helseforetak i Norge. I august 2014 hadde Noklus avtalar med 10 helseforetak. TEKST: Toril Ringheim Gjennomføring av opplæringa Opplæringa går over 21 veker. Første kursdag får deltakarane undervisning om warfarinbehandling, biverknadar og kva som kan påverke behandlinga. Dei får opplæring i bruk av instrumentet og pasientane lærer å stikke seg sjølve i fingeren og måle INR på sitt eige instrument. Dei første to vekene måler dei INR kvar dag, seinare måler dei ein gong i veka eller oftare ved behov. Andre kursdag er det opplæring i doseringsprinsipp for warfarin. I tida etterpå skal pasienten foreslå eigen dosering av warfarin som må godkjennast av lege/Noklus laboratoriekonsulent. Pasientane blir etter kvart tryggare både på måling av INR og på dosering. Deltakarane møter også ein brukarrepresentant som deler sine erfaringar. I heile opplæringsperioden er deltakaren i kontakt med lege og laboratoriekonsulent via e-post, telefon eller besøk på kontoret. Det skal takast venøse prøver til INR målt på sjukehuslaboratoriet kvar tredje veke for å samanlikne med pasienten sine eigne målingar. Laboratoriekonsulent Noklus Sogn og Fjordane Tilbod om eigenkontroll Noklus Sogn og Fjordane har avtale med Helse Førde om å gje pasientar opplæring i eigenkontroll av antikoagulasjonsbehandling med warfarin. Noklus samarbeider med Lærings- og meistringssenteret (LMS), medisinsk avdeling og avdeling for behandlingshjelpemiddel på Førde sentralsjukehus. Pasientar kan kontakte fastlegen sin som sender søknad om opplæring i eigenkontroll til medisinsk avdeling. Søknaden må godkjennast av spesialist. Noklus Sogn og Fjordane har to opplæringskurs i året. 20 // Foto: Shutterstock B ehovet for antikoagulasjons behandling er som oftast utløyst av atrieflimmer, blodpropp i lunge, djup venetrombose og/eller mekanisk hjarteklaff. I Norge er det over 90 000 pasientar på slik behandling. Frå januar 2013 vart 3 nye antikoagulasjonsmedikament godkjent for refusjon på blå resept i Norge, Pradaxa (dabigatran), Xarelto (rivaroksaban) og Eliquis (apixaban). Fordelen med dei nye medikamenta er at monitorering ikkje er nødvendig. Det er likevel mange pasientar som ikkje kan behandlast med desse, blant anna må pasientar med nedsett lever- og/ eller nyrefunksjon vurderast nøye. Pasientar med mekanisk hjarteklaff må behandlast med warfarin (Marevan, Warfarin Orion), då dei nye medikamenta ikkje hindrar danning av blodpropp på klaffane. På opplæringa i Sogn og Fjordane er pasientar med mekanisk hjarteklaff ein relativ stor del av gruppene. // FRA LABEN Etter opplæring i 21 veker må alle deltakarane gjennomføre ein teoretisk prøve. Når denne prøven er bestått, og dei har gjennomført ein praktisk prøve med måling av INR, har dei fullført opplæring i eigenkontroll av warfarinbehandling. (f.eks uventa INR-resultat eller symptom som kan tyde på blødning eller blodpropp). Betre livskvalitet Det er stort å få oppleva gleda frå pasientar som har gjennomført kurs i eigenkontroll. «Dette er eit veldig fornuftig kurs, g jev meg betre kontroll og mindre bekymring. Det sparer meg og helsevesenet for arbeidstid og unødig ressursbruk» Kursdeltakar Etter kurset skal pasienten forsette med måling av INR om lag ein gong i veka eller ut frå behov. Fastlegen får informasjonsbrev (epikrise) om gjennomført opplæringskurs og ansvaret for pasienten blir tilbakeført til fastlegen. Vi anbefaler pasienten å kontakte fastlege 1 til 2 gonger i året for kontroll av eigen måling av INR, og at dei må kontakte fastlegen eller legevakta ved uventa hendingar Pasientane får auka kunnskap om sjukdomen sin og blir spart for mange legekontorbesøk, noko som gjer dei friare og fører til betra livskvalitet. Alderen på kursdeltakarane er frå rundt 20 til 70 år, så mange av dei er yrkesaktive. Dermed vil eigenkontroll gje ein samfunnsøkonomisk gevinst. Her er sitat frå evaluering til ein kursdeltakar: «Dette er eit veldig fornuftig kurs, gjev meg betre kontroll og mindre bekymring. Sparer meg og helsevesenet for arbeidstid og unødig ressursbruk». Eigenkontroll i warfarinbehandling har i fleire studiar vist å gi betre livskvalitet for mange pasientar, å føre til meir stabile INR-verdiar (det vil seie auka tid i terapeutisk område) og å gi færre komplikasjonar. Kriterier for å få opplæring Pasientar som ønskjer å delta i opplæring i eigenkontroll må vere i stand til og motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av warfarinbehandlinga. Dei må delta på alle kursdagar, vere motivert for å måle INR og ta blodprøvar hyppigare i opplæringsperioden og følgje opp medisineringa nøye. I tillegg må dei fylle ut journal og ha tett kontakt med Noklus i denne perioden. Interesserte kan finne informasjon om kurs/opplæring på Noklus si heimeside www.noklus.no, på helseforetaka sine heimesider og på Lærings- og meistrings sentra. De kan og kontakte fastlege eller laboratoriekonsulent i Noklus for å få meir informasjon. To unike nettstudier: • Helseadministrasjonssekretær • Helsekoordinator Tilpass deg morgendagens helseadministrative utfordringer og bli fremtidens helsesekretær. Ta fagskoleutdanning via nettet. Lær mer om den elektroniske hverdagen og dyktiggjør deg i moderne arbeidsmetoder. Lånekassefinansiering. Stu Mulighet for offentlig støtte. se dies pte ta mb rt k er Sø Les mer på ecademy.no nå ! // 21