Vurdering av pasientar som er tilvist til
Transcription
Vurdering av pasientar som er tilvist til
III-MEK.ANRR.02.05-1 Helse Førde Vurdering av pasientar som er tilvist til rehabiliteringsopphald Medisinsk klinikk Avd. for nevrologi, revmatologi og rehabilitering Utarbeidd av Marte Bale/Signe Nordvik/Magni Kvile/Johan Fredrik Ødegård/Magni Kvile/Johan Fredrik Ødegaard Dato 05.06.2012 Revisjon 4.00 Side 1 av 3 Retningslinje Godkjent av Avd. sjef Signe Nordvik 1. Føremål Pasientar som er tilvist til rehabiliteringsopphald vert vurdert av inntaksteamet eller kalla inn til vurdering ved fysikalsk medisinsk poliklinikk. Ein vurderer om pasienten kan gjere seg nytte av tilbodet om rehabilitering ved avdelinga, evt rehabilitering ved andre institusjonar eller gjennom kommunalt tilbod. 2. Omfang Dette gjeld for fysikalsk medisin i avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering. Teamet er samansett av lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sekretær. Henvsingar frå andre avdelingar i Helse Førde vert vurdert etter kvart. Teamet har fast møte kvar måndag. 3. Definisjonar 3.1 Rehabilitering blir i St.meld. nr. 21: Ansvar og Meistring - Mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk - kap. 2 forstått som tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel, der fleire aktørar samarbeider om å gi nødvendig assistanse til brukaren sin eigen innsats for å oppnå best mogeleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. 3.2 Vurdering av tilvising Pasientar som er tvist til spesialisthelsetenesta har rett til å få ei vurdering av helsetilstaden jfr pasienrettheitslova §2 -2: om pasienten har rett til prioritert helsehjelp, om pasienten har behov for helsehjelp, men ikkje rett til prioritert helsehjelp eller pasienten ikkje har behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Vilkår for rett til prioritert helsehjelp bygger på tre hovudvilkår: alvorligheit/prognosetap, forventa nytte og kostnadseffektivitet, sjå Prioriteringsveileder for Fysikalsk medisin og rehabilitering. Prioriteringsveileder Fysikalsk medisin og rehabilitering, IS-1712 og Prioriteringsveileder/veiledertabell; Fysikalsk medisin og rehabilitering, august 2009, IS-1726 Link til Vurdering av henvisning, venteliste handtering og kontrollrutinar i Tverrgåande Kvalitets handbok 4. Ansvarspresisering Avdelingssjef har det overordna ansvaret for at retningslinjene vert fylgde og evaluerte. 5. Framgangsmåte 1. Etter at legespesialist har vurdert søknaden, vert pasienten vurdert på møte i inntaksteamet eller kalla inn til poliklinisk vurdering for utgreiing av behov for og rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. 2. Frist for vurdering er 30 dagar etter motteken tilvising. III-MEK.ANRR.02.05-1 Helse Førde Vurdering av pasientar som er tilvist til rehabiliteringsopphald Medisinsk klinikk Avd. for nevrologi, revmatologi og rehabilitering Utarbeidd av Marte Bale/Signe Nordvik/Magni Kvile/Johan Fredrik Ødegård Dato 05.06.2012 Revisjon 4.00 Side 2 av 3 Retningslinje Godkjent av Avd. sjef Signe Nordvik 3. Ved innkalling til poliklinisk vurdering, vert det sendt med spørjeskjema saman med innkallingsbrevet, som pasienten skal fylle ut og ta med seg. Sjå: Spørjeskjema til pasient som er tilvist til rehabiliteringsopphald. 4. Poliklinisk vurdering er tverrfagleg der legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og fysioterapeut deltek fast. Dersom legen ynskjer at andre faggrupper skal delta, vert det skrive i adm. merknad i Dips. Ved spørsmål om kognitive utfall deltek ergoterapeut. Ved vurdering om pasienten er protesekandidat, deltek amputasjonsgruppa. dok12275.docx . Ved behov for vurdering av ortopediingeniør, kan time avtalast nærmare. 5. Kvar vurdering vert planlagt til å ta ein time. 6. Vurdering av inntaksteamet eller i poliklinikken vert gjort ut frå fylgjande inntakskriterier og tilvising frå lege bør innehalde fylgjande informasjon: Behov for tverrfagleg rehabilitering Klare mål for rehabiliteringa Komplekse funsjonsproblem Medisinsk stabil Motivasjon Evne til samarbeid Sjå: Intervjuguide for vurdering av pasient til rehab. opphald 7. Vurdering i inntaksteamet og poliklinikken skal munne ut i ein tverrfagleg konklusjon og poliklinisk notat i Dips som lege skriv. Det tverrfaglege notatet vert sendt til tilvisande lege og eventuelt til pasienten. Andre yrkesgrupper kan evt utarbeide eit fagspesifikt journalnotat. a. Dersom pasienten vert vurdert til å ha rett til prioritert helsehjelp vert det sett ein behandlingsfrist for når pasienten seinast skal få eit rehabiliteringstilbod. Det vert laga ein plan for opphaldet som minst skal innehalde: i. Problemstilling og målsetjing ii. Planlagt lengde på opphald iii. Forslag til tiltak, og ei antydning for kva yrkesgrupper som vert involverte Plan og tiltak blir kontinuerleg evaluert og revidert ut frå pasienten sin behov. b. Dersom pasienten har behov for helsehjelp i spesialisthelsetenesta, men ikkje har rett til prioritert helsehjelp vert han/ho sett på venteliste utan bestemt fristdato. Også for desse pasientane vert det laga ein plan for opphaldet, jfr pkt 6a. c. Dersom inntaksteamet vurderer at søkjar ikkje er kandidat for rehabilitering i sepsialisthelsetenesta og gir avslag på søknad, vil poliklinisk notat innehalde grunngjeving for avslag og faglege råd om vidare tiltak. 6. Referanser Interne referansar III-MEK.ANRR.02.05-2 Spørjeskjema til pasient som er tilvist til rehabiliteringsopphald III-MEK.ANRR.02.05-3 Intervjuguide for vurdering av pasient til rehab. opphald III-MEK.ANRR.05.05-15 Retningslinjer for beinamputerte ved Førde Sentralsjukehus Helse Førde Medisinsk klinikk Avd. for nevrologi, revmatologi og rehabilitering Eksterne referansar III-MEK.ANRR.02.05-1 Vurdering av pasientar som er tilvist til rehabiliteringsopphald Utarbeidd av Marte Bale/Signe Nordvik/Magni Kvile/Johan Fredrik Ødegård Dato 05.06.2012 Revisjon 4.00 Retningslinje Godkjent av Avd. sjef Signe Nordvik Prioriteringsveileder Fysikalsk medisin og rehabilitering, IS-1712 Prioriteringsveileder/veiledertabell; Fysikalsk medisin og rehabilitering, august 2009, IS-1726 St.meld. nr. 21: Ansvar og Meistring - Mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk - kap. 2 Vedlegg Side 3 av 3