Årsmelding for 2013 - Skånevik Ølen Kraftlag
Transcription
Årsmelding for 2013 - Skånevik Ølen Kraftlag
For året 2013 35. driftsår Styret Bak frå venstre: Gunnar Dalen, Paul Tungesvik, Gunnar Molnes Framme frå venstre: Torunn H. Susort, Hjørdis Sævareid, Kristoffer Vannes (dagleg leiar), Kåre L. Berge (styreformann), Lars Lundal -2- Dagleg leiar har ordet. For oss i SØK vil 2013 bli huska som eit spesielt år. Sigbjørn Rafdal omkom 1. juni i sykkelrittet Bergen – Voss. Sigbjørn vil bli huska som ein god og dyktig kollega, og me lyser fred over hans minne. SØK sitt hovudmål er å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane våre. Overskotet skal primært nyttast til vidareutvikling av føretaket. Bransjen får mykje omtale i media når straumforsyninga er ute av drift som følgje av uvêr og andre større hendingar. Det må me leva med. Samfunnets forventningar til pris, kvalitet, tilgjengelegheit og forsyningstryggleik aukar. Dei politiske signala frå regjeringa til bransjen er tydelege: «Det er utfordringar med organiseringa av straumnettet i Norge. Det må me gjera noko med.» I Sundvollen-erklæringa kjem det fram at strukturendring i retning færre og meir robuste nettselskap er eit virkemiddel for å oppnå ei effektiv prissetjing, god forsyningstryggleik og kvalitet av tenestene. Olje- og energidepartementet har sett ned ei ekspertgruppe, Reiten-utvalet, som innan 30.4.2014 skal leggja fram sin rapport som skal omtala: • Kva oppgåver overføringsnettet i Norge må ha på lang sikt. • Kva er ei hensiktsmessig nettorganisering. • Vurdering over kva føresetnadar som må vera oppfylt og kva verkemiddel myndigheitene kan bruka for å få til ein god nettorganisering. • Korleis få meir harmoniserte nettariffar. • Vurdering om ønska endring i nettorganiseringa lar seg gjennomføra innan 2020, og leggja fram ein strategi for ei eventuell gjennomføring. Me ser også aukande krav og styring frå EU. Innføring av El-direktiv 3 vil medføra auka fokus på nøytralitet og forhold knytt til eigarmessig skilje mellom nett, produksjon- og kraftomsetningsverksemda. Kva alt dette vil innebera for vårt selskap veit me ikkje i dag. Endringane i rammevilkåra vil føra til endringar for SØK, og det er difor viktig at me held god orden i eige hus og møter godt førebudde til nye utfordringar, til beste for selskapet og kundane våre. Utviklinga elles i samfunnet går også i retning av større og færre einingar, både i privat og offentleg sektor. Det viser seg ofte at denne utviklinga ikkje berre har positive sider. Lokalt eigarskap er viktig for oss, og god lokalkunnskap gir oss det beste utgangspunktet for trygg straumforsyning i all slags vêr. Lokalt eigarskap forpliktar, og me vil styra og forvalta ressursane i SØK på ein måte som både på kort og lang sikt er til det beste for næringsliv og innbyggjarar i området vårt. Me undersøkjer kundelojaliteten kvart år og i 2013 oppnådde me ein relasjonsscore på 80, noko som er det beste resultatet me har oppnådd. SØK har ein sunn og god økonomi. Me gir kjøpeutbytte til våre totalkundar og bidrar til lokal verdiskaping gjennom støtte til lag og organisasjonar i bygdene. Til slutt vil eg takka styret og tilsette for innsatsen og samarbeidet i 2013. Kristoffer Vannes Dagleg leiar -3- ÅRSMELDING 2013 GENERELT SØK - Skånevik Ølen Kraftlag SA er eit samvirkeføretak der alle kundar med fast eigedom som er registrerte i Folkeregisteret med bustadadresse, verksemder registrerte i Føretaksregisteret med hovudkontor, eller kommunar innan Føretaket sitt konsesjonsområde som ynskjer å kopla seg til vårt straumnett, må vera medlemer av laget. Eigarar av fritidshus er ikkje medlemer av laget. SØK vart skipa 1.1.1979 ved samanslåing av tidlegare Skånevik Kraftlag og Ølen Bjoa Vikebygd Kraftlag. Selskapet har som hovudføremål å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane og bygdene våre. Vårt verdigrunnlag byggjer på: Tryggleik, Rettferd, Engasjert, Nær og Dyktig. SØK sitt konsesjonsområde er Skånevik, Åkrafjorden i Etne kommune og tidlegare Ølen Kommune i Vindafjord Kommune. ENØK Vår oppgåve er å krevja inn avgift til Energifondet i form av eit påslag på nettariffen til kundane. Ved å ringa Enova SF sitt telefonnummer for rådgiving om energisparing og energiomlegging, kan kundane få gratis råd og rettleiing. Enova SF sitt telefonnummer blir oppgitt på vår faktura og vår heimeside www.sok.no. ENERGIUTGREIING SØK er pålagde å gjennomføra lokale energiutgreiingar for kvar kommune. Dei skal medverka til ei felles vurdering av framtidige energiløysingar. Energiutgreiinga skal oppdaterast anna kvart år, og det skal haldast eit offentleg møte. Energiutgreiinga skal innehalda energioversikt som viser kommunen sitt energisystem og samansetjing med statistikk for produksjon, overføring og bruk av energi, samt energietterspurnad fordelt på ulike energiberarar. -4- SELSKAPSSTRUKTUR OG ORGANISASJON SØK er eit ålmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Gjennom årsmøtet utøver medlemene den øvste mynde. Berre medlemer har rett til å møta på årsmøtet. Årsmøtet skal mellom anna velja styreleiar, styremedlemer og varamedlemer, velja medlemer til valnemnda og godkjenna rekneskap og årsmelding. Styret leiar laget. Dagleg leiar står for dei daglege gjeremåla. Ved utgangen av året hadde SØK 18,35 årsverk fordelt på 20 tilsette. I tillegg har me fire lærlingar i elektrofaget kor to av desse er jenter. Dei tilsette sin gjennomsnittsalder er 47 år. I styret utgjer kvinnene 33,3 % av styremedlemmene. Av dei tilsette utgjer kvinnene 12,81 % av samla årsverk. I tilsetjingssaker der mann og kvinne elles står likt, blir kvinne, som eit ledd i å betra likevekta, føretrekt. Dagleg leiar Fellestenester Nett Kunde -5- Breiband STYRET Styret har i år gjennomført seks møte, og 22 saker har vore lagde fram. Styret har vore samansett slik: Kåre L. Berge Leiar valt 2012 for to år. Hjørdis Sævareid Nestleiar valt 2012 for to år. Gunnar Dalen Styremedlem valt 2013 for to år. Torun Hadland Susort Styremedlem valt 2012 for to år. Paul Tungesvik Styremedlem valt 2013 for to år. Lars E. Lundal 1. varamedlem valt 2012 for to år. Anne Skartland 2. varamedlem valt 2013 for to år. Tilsette har ein representant i styret, vald av dei tilsette, med stemmerett: Espen Årvik styremedlem valt 2013 for to år. Harry Strøm varamedlem valt 2013 for to år. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Totalt sjukefråvær var 2,4 % mot 3,4 % i 2012. To verneombod og eit hovudverneombod er valde og me er tilslutta Haugaland HMS. Det blir gjennomført vernerunde og medarbeidarsamtalar. Haugaland HMS gjennomfører periodisk kartlegging av arbeidsmiljøet. Alle avvik skal registrerast, og korrigerande tiltak blir sette i verk i samsvar med gjeldande rutine. Verksemda har som mål å oppnå null arbeidsskadar. Me har inngått avtale om inkluderande arbeidsliv. Me har innarbeidd ein kultur som tar sikte på at det ikkje førekjem forskjellshandsaming grunna kjønn. Arbeidsmiljøet er godt. YTRE MILJØ Me har inngått avtale med Stena Recycling AS om leveranse av elektroavfall og Etne Containerservice AS anna avfall. SØK har ikkje hatt utslepp som forureinar det ytre miljø. RETTSTVISTAR SØK er ikkje involvert i rettstvistar. FRAMLEIS DRIFT I samsvar med rekneskapslova § 3-3 stadfester styret at årsoppgjeret er avlagt under føresetnad av framleis drift av selskapet. -6- EIGAR- OG MEDLEMSKAP I SAMSKIPNADER OG LAG SØK er medeigar i Sunnhordland Kraftlag (SKL) AS (2,6 %), Akslandselva Kraft AS (21,1%) og Sunnhordland HMS. SØK er medlem i EnergiNorge og Kommunenes Sentralforbund. EIGEDOMAR SØK har hovudkontor i Skånevik og montørstasjon i Ølen. Me har dermed to velutrusta bygg med nødvendig lager og utstyr. TRANSFORMATORSTASJONAR SØK har ein koplingsstasjon i Vikebygd og ein koplingsstasjon i Skånevik. Koplingsanlegget i transformatorstasjon i Ølen er fornya og overtatt av SKL Nett AS. HØGSPENTLINJER SØK hadde fyrst på året 129,798 km 22 kV linjer i drift. Ved slutten av året var 133,090 km i drift. HØGSPENTKABLAR SØK hadde fyrst på året 63,099 km 22 kV kablar i drift. Ved slutten av året var 65,594 km i drift. Me har i drift 5 km sjøkabel. LÅGSPENTNETTET SØK hadde fyrst på året 235,731 km lågspentlinjer i drift. Ved slutten av året var 235,220 km i drift. SØK hadde fyrst på året 53,113 km lågspentkablar i drift. Ved slutten av året var 54,788 km i drift. KOMMUNALE GATE- OG VEGLYS I Skånevik og Åkrafjorden er det 287 veglys i drift. I Vindafjord kommune er det 750 veglys i drift. Etter avtale med kommunane vert lysanlegga i vårt nettområde vedlikehaldne av SØK. -7- NETTSTASJONAR SØK hadde fyrst på året 243 transformatorar fordelt på 237 nettstasjonar med ei samla yting på 50.070 kVA. Ved slutten av året var talet på transformatorar 245, fordelt på 238 nettstasjonar, med ei samla yting på 52.135 kVA. 245 Antall transformatorar 240 235 230 225 220 215 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 TRANSPORTMIDLAR, INVENTAR SØK har to lastebilar, ein liftbil og ni varebilar. SØK har og eit mobilt naudstraumsaggregat på 100 kVA og er medeigar i eit på 300 kVA. Bygget i Skånevik og Ølen er utstyrt med naudstraumsaggregat med automatisk oppstart. NETTDRIFTA Stabil aktivitet innan fornying av nettanlegg og eit godt vedlikehald gir ei straumforsyning med god forsyningstryggleik. Me brukar nettinformasjonssystem til å dokumentera tilstanden i nettet. Ved å identifisera problema og utbetra desse før dei får utvikla seg til ein større driftsfeil, vil omfanget av uventa feil og leveringsavbrot bli redusert. Me nærmar oss slutten med å få alle mastetransformatorar på bakken og aktiviteten innan fornying av 22 kV leidningsnett og kabelnett vil dermed auka kommande åra. Arbeidet med fornying av 22 kV til Dalsbruket på Bjoa blei fullført i 2013. Det står att å etablera ein ny 22 kV avgreiing frå Steinsland til ny nettstasjon Dalen. Dette arbeidet blir utført første halvår 2014. Det er registrert 7 veker med høgspentfeil, 8 veker med lågspentfeil og 3 veker med både høgspent- og lågspentfeil. 34 veker er registert utan feil, mot 40 veker i 2012. Den totale avbrotskostnaden vart 1,543 mill. kroner mot 0,660 mill. kroner i 2012. Av totale avbrotskostnadar er 0,132 mill. kroner forårsaka av andre nettselskap. Netto avbrotskostnad blir 1,279 mill. kroner. 1600 Avbrotskostnad i 1000 kr. 1400 1200 1000 800 600 400 200 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 -8- SAL AV KRAFTLEVERANSAR Sal av kraftleveranse til sluttbrukarar i 2013 var 87.679 MWH som er ein auke på 1,9 % i høve 2012. Sal av kraftleveranse 100000 90000 80000 MWH 70000 60000 50000 40000 30000 20000 10000 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 SAL AV NETTLEVERANSAR Det blei gjennom året innmata frå regionalnettet 84.511 og 27.721 MWH frå lokal produksjon og andre nett, til saman 112.232 MWH. Av dette utgjer nettap 6.277 MWH, som er 5,6 %. Avgiftspliktig effekt var 22,1 MW. Sal av nettleveranse til sluttbrukarar i 2013 var 95.646 MWH som er ein auke på 2,04 % i høve til 2012. Sal av nettleveranse 100000 90000 80000 MWH 70000 60000 50000 40000 30000 20000 10000 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 NETTKUNDAR Ved utgangen av 2012 hadde me registrert 3.622 nettkundar. Med ein auke på 46 vert talet aktive nettkundar ved utgangen av året 3.668. 3700 Antall nettkundar 3600 3500 3400 3300 3200 3100 3000 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 -9- DET LOKALE ELTILSYN Det lokale el-tilsyn (DLE) ved SØK får kvart år tilsendt instruks frå ”Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap” (DSB). Instruksen regulerer og set rammer med retningslinjer for hovudsatsingsområda innan tilsynsaktiviteten rundt om i landet. Årsplan for 2013 er gjennomført som planlagt i samsvar med instruks. Det har vore utført tilsyn med 172 private anlegg, fordelt mellom bustadar og hytter. Det er utført tilsyn ved sjukeheim, forsamlingslokale, andre næringsverksemder og 13 gardsbruk. Det er gjennomført informasjonsretta tiltak til ulike målgrupper. DLE ved Skånevik Ølen Kraftlag, Etne Elektrisitetslag og Haugaland Kraft i samarbeid med brannførebyggjande avdeling i Etne og Vindafjord kommune tilbyr og gjennomfører årleg undervisning for 6. og 9. klassar ved alle grunnskular innanfor Etne- og Vindafjord kommune. Informasjonen og undervisningsopplegget handlar om eltryggleik og branntryggleik i heimen og er spesielt retta mot bruk av elektrisk utstyr og apparat. Over 40 prosent av bustadbrannane har samanheng med elektrisitet, enten tekniske feil på utstyr og installasjonar eller feil bruk av elektriske apparat. Undervisningsopplegget føregår i eit eige bygg kor det blir laga brannfeller som elevane skal identifisera. . Det er gjennom året ikkje observert tilhøve som har medført strafferettslege reaksjonar eller særskild rapportering til DSB. Tilsynsaktiviteten er gjennomført i samarbeid med DLE ved SKL Nett AS. BREIBAND SØK har inngått partnaravtale med Haugaland Kraft på levering av breibandstenester og kundeservice. Til private vert produktet Altibox, som består av internett, telefoni og TV, levert. Til verksemder vert det i hovudsak levert internett. Altibox styrkjer sin posisjon i marknaden og kjem godt ut i konkurransen samanlikna mot andre aktørar målt på pris og kapasitet. Gjennom året er det kopla opp 102 kundar og ved utgangen av året var det i drift 749 kundar. Arbeidet er utført med eigne tilsette. Drifta har vore stabil. Me har inngått samarbeidsavtale om levering av alarmtenester. 800 Oppkopla fiberkundar 700 600 500 400 300 200 100 0 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 SØK sin forretningsidé bygger på at me gjennom målretta utbygging skal leggja grunnlaget for at lokalsamfunna i vårt nettområde får tilgang til eit fiberoptisk nett. Denne aktiviteten vil i neste omgang styrkja kjerneverksemda. - 10 - FRAMTIDIG UTVIKLING Framtidig inntening og finansiell stilling vert vurdert som god både på kort og lang sikt. Størst uvisse for det økonomiske resultatet framover vil framleis vera til rammevilkåra for nettdrift. Me har i dag ein reguleringsmodell for nettdrifta der effektiviteten og inntektsramma blir påverka av våre eigne kostnadar, kostnadar frå referanseselskapa, og kostnadar frå alle andre selskap som påverkar gjennomsnittseffektiviteten. Utviklinga i andre selskap er dermed avgjerande for utviklinga av vår inntektsramme. Kraftmarknaden er prega av auka konkurranse og nye krav. Slik me vurderer marknadssituasjonen i dag, er det grunn til å tru at utsiktene framover ser gode ut og at denne delen av verksemda vil bidra med gode inntekter i åra som kjem. Me ynskjer å sjå på tiltak for å oppretthalda lønsomheita på dagens nivå. For aktiviteten innan breiband har me som mål å kopla opp 100 nye kundar i året. Me ser at aktiviteten kjem nettverksemda til gode, men me ynskjer å sjå på tiltak som kan betra innteninga. SØK eig 2,6 % i SKL AS, og utbyttet på aksjane er med på å gi oss stabile inntekter. Me har inngått samarbeidsavtale med SKL om bygging av småkraftverk i regionen. Aksland Kraft AS, kor SØK eig 21,1%, vart sett i drift sommaren 2013. SØK sin strategiplan slår fast at hovudføremålet til selskapet er å framstå som ein dyktig leverandør av nett- og breibandstenester til beste for kundane og bygdene våre. Investeringane i nettverksemda vil stige dei kommande åra, blant anna som følgje av myndigheitene sine pålegg om å innføra avansert måle- og styringssystem (AMS), med nye smarte målarar hos alle kundar, innan 2019. Investeringane innan breiband vil halda fram på dagens nivå. Me held på med å utarbeida ein overordna plan for modernisering og vedlikehald av våre anlegg. Planen skal vera eit hjelpemiddel i å fastsetja årleg reinvesteringsbehov og dokumentera korleis anlegga skal vedlikehaldas. Framtidige nettinvesteringar vil framover bli meir retta mot høgspentlinjer og –kablar som vil betre forsyningstryggleiken ytterligare ut over dagens nivå. For 2014 er det budsjettert med eit resultat før skatt på 7,009 mill. kroner og 5,251 mill. kroner etter skatt. I investeringsbudsjettet er det sett av 8,164 mill. kroner til investering i distribusjonsnettet og 0,5 mill. kroner til AMS. Det er budsjettert med eit anleggstilskot på 2,4 mill. kroner. Til breiband er det sett av 3,881 mill. kroner. Det er sett av 0,36 mill. kroner til transportmiddel. For 2014 er det budsjettert med 1,0 mill. kroner til kjøpeutbytte. SØK ynskjer å vera med å ta eit lokalt samfunnsansvar og har difor sett av 0,3 mill. kroner til lag, organisasjonar og forsamlingslokale. - 11 - FINANSIELL RISIKO Me har ei bevisst haldning til handtering av finansiell risiko. Verksemda er kapitalintensiv, og har behov for kapital for gjennomføring av investeringar. Likviditetsrisiko må difor handterast. Selskapet driv med kjøp og sal av energi, transport av energi og breiband. Handtering av marknadsrisiko blir difor viktig. Me har følgjande marknadsrisiko: • • Prisrisiko og volumrisiko knytt til sal av energi på sikringsprodukt. Renterisiko knytt til inntektsramma for nettverksemda. Me har slik handtering av marknadsrisikoen: • For sikringsprodukt vert prisrisiko handtert ved at det vert gjennomført sikringskjøp for selt volum i NOK. • Renterisikoen er avgrensa. Inntekter frå nettverksemda (kapitalinntekter), er avhengig av rentenivået. Me har i dag inga renteberande gjeld å ta omsyn til slik at risikoeksponering er knytt opp til låg rente på nettkapital. Kredittrisikoen vert vurdert som avgrensa. Me har innført rutinar som inneber at alle kundar, med unnatak av fritidskundar og uttak for kortsiktig forbruk, blir fakturert kvar månad. Våre breibandskundar blir også fakturert kvar månad. Rutinane for innkrevjing av uteståande krav er utforma slik at inkassoselskapet no overtar fordringssakene etter hovudforfall. Me har rutinar for vurdering av motpartsrisiko; dvs kunden si evne til å ivareta sitt økonomiske ansvar. Likviditetsrisikoen vert vurdert som liten. Selskapet si drift og finansielle inntekter sikrar nødvendig tilgang på likvidar. Soliditeten er god. Eigenkapitalen er høg, og det er ingen lån som skal handterast. Våre investeringar er gjennomført utan låneopptak. - 12 - RESULTATET Rekneskapen syner, etter ei omsetjing på 71,308 mill. kroner, eit resultat før skatt på 6,539 mill. kroner og eit årsresultat etter skatt på 4,423 mill. kroner. For 2012 var årsresultatet etter skatt 10,039 mill. kroner. Årsresultatet for 2013 samanlikna mot tilsvarande for 2012 er redusert med 5,616 mill. kroner som skriv seg frå følgjande endringar: • • • • • • • Redusert dekningsbidrag 2,523 mill. kroner. Auka personalkostnadar 0,909 mill. kroner. Auka avskrivingar 0,430 mill. kroner. Auka andre driftskostnadar 0,561 mill. kroner. Redusert utbetaling utviklingsmidlar 0,070 mill. kroner. Redusert netto finansresultat 2,590 mill. kroner. Redusert skattekostnad med 1,327 mill. kroner. Kraftomsetninga bidrar med eit driftsresultat på 1,199 mill. kroner og nettverksemda bidrar med eit driftsresultat på 4,066 mill. kroner. Verksemdsområdet Tele har eit resultat på -0,68 mill. kroner medan øvrig verksemd har eit resultat på 0,614 mill. kroner. Me har avsett skuldig sponsor med 0,3 mill. kroner til støtte av lag, organisasjonar og forsamlingshus. Det er gjennom året utbetalt 0,25 mill. kroner til sponsing av veglysprosjekt. BALANSEN OG LIKVIDITET Totalkapitalen var ved utgangen av året 161,358 mill. kroner, samanlikna med 151,314 mill. kroner året før. Den frie eigenkapitalen ved utgangen av året utgjer 128,478 mill. kroner. Sum eigenkapital ved årets slutt utgjer 133,128 mill. kroner som gir ein eigenkapitalprosent på 82,5 %, samanlikna med 85,42 % året før. Investeringar i eigne anleggsmidlar er finansiert med eigne midlar. I 2013 blei det i distribusjonsnettet netto investert for 8,256 mill. kroner og 3,158 mill. kroner i breibandsnettet. Til saman er det brukt 1,827 mill. kroner i transportmidlar, maskinar, inventar og bygningar. Soliditeten er svært god, og eigenkapitalen på 82,5 % gir ei god finansiering av varige anleggsmidlar. Netto kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar har tilført 16,748 mill. kroner. Til investeringsaktivitetar er brukt 13,077 mill. kroner og til finansaktivitetar er brukt 0,545 mill. kroner. Likviditeten utgjorde ved utgangen av året 6,702 mill. kroner, som er 3,125 mill. kroner meir samanlikna med året før. Styret meiner at årsrekneskapen gir eit rett bilde av utviklinga og resultatet i verksemda for året og stillinga ved årsskiftet, og det har ikkje hendt noko i tida etter at årsrekneskapen blei avlagt som har vesentleg innverknad på resultatet. - 13 - RESULTATDISPONERING Vårt føremål er å vera ein dyktig nett- og breibandsleverandør til beste for kundane og bygdene våre. Vidare skal føretaket forvalta kapitalen sin på ein slik måte at dette gir grunnlag for samfunnsnyttig engasjement til beste for bygdene i laget sitt forsyningsområde. Me skal ha god finansiell handlefridom. Me skal gi kjøpeutbytte, og vera ein viktig bidragsytar til lokalsamfunnet, men slik at finansiering av framtidige investeringar framleis skal sikra god soliditet. Med bakgrunn i dette er det styret si meining at framlegget til resultatdisponering er i samsvar med våre mål. Styret sitt framlegg til disponering av årsresultatet for 2013: Avsett til annan eigenkapital: kr. 4.423.936 Avsett til kjøpeutbytte kr. Sum overføring: kr. 4.423.936 - 14 - 0 Skånevik Ølen Kraftlag SA Resultatregnskap NOTER DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER 2013 2012 70 142 512 1 165 931 61 967 326 5 535 552 Sum driftsinntekter 71 308 443 67 502 878 Varekostnad Lønnskostnad Ordinær avskrivning Annen driftskostnad 40 706 547 8 500 831 7 725 884 9 173 904 34 378 194 7 591 907 7 295 413 8 612 883 Sum driftskostnader 66 107 167 57 878 397 5 201 276 9 624 481 550 000 620 000 4 651 276 9 004 481 Mottatt aksjeutbytte Renteinntekter Annen finansinntekt Inntekt/kostnad på markedsbaserte finansielle omløpsmidler Rentekostnader 1 547 709 265 756 0 206 017 -131 308 4 021 757 264 841 1 400 334 141 -143 748 Netto finansresultat 1 888 173 4 478 392 Ordinært resultat før skattekostnad 6 539 449 13 482 873 Skattekostnad -2 115 513 -3 443 292 ÅRSRESULTAT 4 423 936 10 039 581 Avsatt til annen egenkapital Avsatt til kjøpeutbytte 4 423 936 0 9 830 289 209 292 Sum overføringer 4 423 936 10 039 581 10, 13 Salgsinntekt Annen driftsinntekt 4, 8 7 8 Ordinært driftsresultat 9 Utviklingsmidler (kostnad) Driftsresultat etter utviklingsmidler FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER 6 5 OVERFØRINGER - 15 - Skånevik Ølen Kraftlag SA Balanse pr. 31.desember NOTER EIENDELER 7 7 14 2013 2012 Anleggsmidler Varige driftsmidler Tomter, bygninger og annen fast eiendom Driftsløsøre, inventar, verktøy, kontormaskiner o.l. 127 325 039 4 066 349 122 908 389 3 602 123 Sum varige driftsmidler 131 391 388 126 510 512 Finansielle anleggsmidler Investeringer i aksjer og andeler 513 089 407 943 Sum finansielle anleggsmidler 513 089 407 943 131 904 477 126 918 455 4 133 503 3 185 303 Sum anleggsmidler Omløpsmidler 3 Varer 2 2 Fordringer Kundefordringer Andre kortsiktige fordringer 14 327 743 1 049 915 13 885 263 621 134 Sum fordringer 15 377 659 14 506 397 Markedsbaserte aksjer og obligasjoner 3 240 555 3 127 049 Sum investeringer 3 240 555 3 127 049 Bankinnskudd, kontanter o.l. 6 702 150 3 577 084 29 453 867 24 395 832 161 358 344 151 314 287 6 12 Sum omløpsmidler SUM EIENDELER - 16 - Skånevik Ølen Kraftlag SA Balanse pr. 31.desember NOTER GJELD OG EGENKAPITAL 11 11 11 4 5 5 2013 2012 Egenkapital Innskutt egenkapital Ansvarsinnskudd 1 334 130 1 313 330 Sum innskutt egenkapital 1 334 130 1 313 330 Opptjent egenkapital Felleseid ansvarskapital Annen egenkapital 3 315 623 128 478 772 3 315 623 124 621 502 Sum opptjent egenkapital 131 794 395 127 937 125 Sum egenkapital 133 128 525 129 250 455 Gjeld Pensjonsforpliktelser Utsatt skatt 876 937 3 431 350 488 267 3 177 122 Sum avsetninger for forpliktelser 4 308 287 3 665 389 Annen langsiktig gjeld Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld Betalbar skatt Skyldige offentlige avgifter Annen kortsiktig gjeld 5 625 920 1 861 316 5 595 384 10 838 913 2 527 783 924 830 3 680 407 11 265 422 Sum kortsiktig gjeld 23 921 533 18 398 442 Sum gjeld 28 229 819 22 063 832 161 358 344 151 314 287 SUM GJELD OG EGENKAPITAL Skånevik, 21.03.2014 Styret i Skånevik Ølen Kraftlag SA Kåre Lillienskjold Berge Styreleiar Hjørdis Ellen Sævareid Nestleiar Gunnar Dalen Styremedlem Paul Andreas Tungesvik Styremedlem Torunn Hadland Susort Styremedlem Espen Årvik Styremedlem (tilsette) Kristoffer Vannes Daglig leder - 17 - Noter til regnskap 2013 NOTE 1 - REGNSKAPSPRINSIPPER Årsregnskapet er satt opp i samsvar med regnskapsloven og god regnskapsskikk for øvrige foretak. Eiendeler bestemt til varig eie eller bruk er klassifisert som anleggsmidler. Andre eiendeler er klassifisert som omløpsmidler. Omløpsmidler og kortsiktig gjeld omfatter poster knyttet til driften og øvrige poster som forfaller innen ett år. Omløpsmidler vurderes til laveste av anskaffelseskost og virkelig verdi. Kortsiktig gjeld er vurdert til pålydende beløp. Markedsbaserte aksjer er vurdert til virkelig verdi på balansedagen, resterende aksjer og andeler er vurdert etter kostmetoden. Varige driftsmidler er oppført i balansen til anskaffelseskost med fradrag for samlede ordinære avskrivninger. Ordinære avskrivninger er beregnet lineært over driftsmidlenes økonomiske levetid. NOTE 2 - FORDRINGER Fordringer er vurdert til pålydende minus avsetning til eventuelle tap kr 110 000,-. NOTE 3 - VARELAGER Lager materiell er vurdert til anskaffelseskostnad for innkjøpte varer. NOTE 4 - PENSJONSKOSTNADER Selskapets pensjonsansvar i forhold til den ordinære tariffestede tjenestepensjonsordningen er dekket gjennom pensjonsordningen i Kommunal Landspensjonskasse. Denne ordningen gir en definert ytelse i henhold til tariffavtalen (Hovedtariffavtalen for energiverk og datterselskap med selvstendig medlemskap i KS Bedrift), og tilfredsstiller kriteriene for det som betegnes som en "Multiemployer plan". Antall personer som er omfattet av pensjonsordningen er pr 31.12.2013 16 stk. Aldersfordeling for de personer som er omfattet av ordningen er gjennomsnittlig 43 år. I tillegg til den ordinære tariffestede tjenestepensjonsordningen kommer ytelser i form av avtalefestet pensjon til aldersgruppene fra 62 til 65 år. Disse ytelsene har av partene i kommunal sektor vært ansett å ha en midlertidig form. Av den grunn er de heller ikke tatt inn i tjenestepensjonsordningen, men dekkes på pay-as-you-go basis en utligningsordning der alle arbeidsgivere innenfor den enkelte arbeidsgiverorganisasjone betaler samme tilskudd i prosent av pensjonsgrunnlaget. De fremtidige utgifter til disse ytelsene er beheftet med særlig stor usikkerhet. Disse utgiftene var 0,70% av pensjongrunnlaget frem til 01.07.2004. Fra 01.07.04 endret KLP tilslutningsordingen for AFP. SØK har valgt 100% utligningsordning. Uttak fom år 2001 har en egenandel som utgjør 50% av utbetalt pensjon. En har dessuten løpende pensjonsforpliktelse for 1 person. Nåverdien av pensjonsforpliktelsen er beregnet ut i fra forutsetning om forventet levetid, diskonteringsrente på 5% og årlig pensjonsstigning på 2,0%. Selskapet er pliktig til å ha tjenestepensjonsordning etter lov om tjenestepensjon. Selskapet sin pensjonsordning oppfyller kravet til denne loven. Pensjonsforpliktelse 31.12. Arbeidsgiveravgift Sum pensjonsforpliktelse 2013 216 699 22 970 239 669 2012 232 972 24 695 257 667 - 18 - Noter til regnskap 2013 NOTE 4 – PENSJONSKOSTNAD/PENSJONSFORPLIKTELSER/FORSKUDDSBET PENSJON forts. Økonomiske forutsetninger: Diskonteringsrente Forventet avkastning Forventet lønnsregulering Forventet pensjonsregulering Forventet G-regulering 2013 4,00 % 4,40 % 3,75 % 2,72 % 3,50 % 2012 4,20 % 4,00 % 3,50 % 2,48 % 3,25 % 0% 0% Forventet uttakstilbøylighet AFP AFP 2013 2012 Midler < forpliktelser Midler < forpliktelser Opptjente pensjonsforpliktelser Beregnet effekt av fremtidig lønnsregulering Beregnede pensjonsforpliktelser Arbeidsgiveravgift Ikke resultatført virkning av estimatavvik Forskuddsbetalt pensjon (netto pensjonsforpliktelser) inkl.arb.g.avg 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 Netto pensjonsforpliktelser 0 0 2013 2012 Opptjente pensjonsforpliktelser Pensjonsmidler (til markedsverdi) Periodisert arbeidsgiveravgift Ikke resultatført virkning av estimatavvik Netto pensjonsforpliktelse (+) / forskuddsbetalt pensjon (-) Midler > forpliktelser 44 226 843 -28 787 346 1 636 587 -16 438 816 637 268 Midler > forpliktelser 28 437 881 -21 318 487 754 656 -7 643 450 230 600 Netto pensjonsforpliktelse (+) / forskuddsbetalt pensjon (-) 637 268 230 600 Tjenestepensjon - 19 - Noter til regnskap 2013 NOTE 5 - UTSATT SKATT / SKATTEKOSTNAD Utsatt skatt er beregnet på grunnlag av de forskjeller som eksisterer ved utgangen av regnskapsåret mellom regnskapsmessige og skattemessige verdier. Det er beregnet utsatt skatt av følgende poster: Midlertidige forskjeller er knyttet til: Fordringer Anleggsmidler Pensjonsforpliktelser Gevinst og tapskonto 2013 -110 000 12 063 643 -876 937 1 631 996 12 708 702 2012 -170 530 9 847 881 -488 267 2 157 782 11 346 866 Underskudd til fremføring Grunnlag for beregning av utsatt skatt 0 12 708 702 0 11 346 866 3 431 350 0 3 177 122 0 Endring -60 530 -2 215 762 388 670 525 786 -1 361 836 Anvendt skattesats 28% : Utsatt skatt: Utsatt skattefordel I henhold til foreløpig regnskapsstandard for behandling av skatt er midlertidige negative og positive forskjeller som reverserer eller kan reverseres i samme periode, utlignet og nettoført. Nedenfor er det gitt en spesifikasjon over forskjellen mellom det regnskapsmessige resultat før skattekostnad og årets skattegrunnlag. Resultat før skattekostnad +/- permanente forskjeller +/- avsetning til kjøpeutbytte +/- skattemessig underskudd tidligere år +/- ubenyttet godtgjørelse +/- midlertidige forskjeller Årets skattegrunnlag 6 539 449 -1 648 760 0 0 0 -1 361 836 3 528 853 Skattekostnad i regnskapet består av følgende poster: Betalbar inntektsskatt For mye(-) for lite(+) avsatt tidligere år Betalbar formueskatt 3 promille Endring i utsatt skatt Fremført utbyttegodtgjørelse fra tidligere år Sum skattekostnad 988 079 -30 873 237 254 227 0 2 115 513 NOTE 6 - MARKEDSBASERTE OBLIGASJONER Markedsbaserte obligasjoner har en anskaffelseskostnad på kr 3.341.500,-. Urealisert tap utgjør kr 100.945,-. Markedsbasert verdi pr 31.12.13 blir etter dette kr 3.240.555,-. - 20 - Noter til regnskap 2013 NOTE 7 - OVERSIKT OVER VARIGE DRIFTSMIDLER Transportmidler Maskiner/ inventar o.l Bygninger m.v. Tomter m.v. Fordelingsanlegg høgspent Fordelingsanlegg lavspent 4 397 156 982 750 5 379 906 3 441 082 1 938 824 4 762 614 530 528 0 5 293 142 3 165 617 2 127 525 23 385 569 313 620 376 852 23 322 337 3 638 519 19 683 818 1 761 532 0 100 000 1 661 532 0 1 661 532 64 596 961 3 129 575 0 67 726 536 23 648 855 44 077 681 33 182 719 1 695 319 0 34 878 038 16 059 337 18 818 701 387 558 10,0-20,0% 661 494 10,0-33,3% 478 169 2-10% 0 0 1 897 724 2,9 % 1 139 034 3,3 % Nettstasjoner m/trafo Breibånd nett Anlegg under utførelse SUM 30 246 679 657 969 0 30 904 648 18 664 213 12 240 435 37 845 065 3 000 813 0 40 845 878 12 776 042 28 069 836 0 2 773 038 0 2 773 038 0 2 773 038 200 178 295 13 083 612 476 852 212 785 055 81 393 665 131 391 388 1 063 667 4,0 % 2 098 238 5,0-20,0% 0 0 7 725 884 Anskaffelskostnad 01.01. Tilgang i året Avgang til anskaffelseskostnad Anskaffelskostnad 31.12. Samlet avskrivninger 31.12. Bokført verdi 31.12. Årets ordinære avskrivninger Prosentsats ordinære avskrivninger Anskaffelskostnad 01.01. Tilgang i året Avgang til anskaffelseskostnad Anskaffelskostnad 31.12. Samlet avskrivninger 31.12. Bokført verdi 31.12. Årets ordinære avskrivninger Prosentsats ordinære avskrivninger Varige driftsmidler er vurdert til historisk anskaffelseskostnader, det er benyttet linære avskrivninger. NOTE 8 - ANSATTE, GODTGJØRELSER M.V. Lønnskostnader m.m. består av følgende poster: Lønn Pensjonskostnader Folketrygdavgift Annen personalkostnad Sum Gjennomsnittlig antall årsverk 2013 11 325 323 1 890 432 1 324 926 -6 039 850 8 500 831 2012 9 861 862 2 181 583 1 210 098 -5 661 636 7 591 907 20,95 16,9 Utbetalt lønn til daglig leder utgjør kr 1 169 943 samt betalt pensjonspremie kr 180 751. Godtgjørelse til styret er i år 2013 utbetalt med kr 212 979. Kostnadsført godtgjørelse til Deloitte AS for revisjonsrelaterte tjenester utgjør kr 67000. I tillegg kommer andre tjenester revisor med kr 5000. NOTE 9 - UTVIKLINGSMIDLER (KOSTNAD) Utbetaling/støtte til bygging av veilys Kåta Ølensvåg Utbetaling/støtte til bygging av lys Kjærlighetsstien Skånevik Avsatt, skyldig sponsor til lag og organisasjoner Avsatt, skyldig sponsor til privat eide grendahus Sum 200 000 50 000 150 000 150 000 550 000 - 21 - Noter til regnskap 2013 NOTE 10 - MER-/MINDREINNTEKT 2013 For 2013 har Skånevik Ølen Kraftlag fått tildelt en maksimal tillatt inntekt av NVE inkludert KILE på kr Beregnet KILE kostnad år 2013 Maksimal tillatt inntekt etter at beregnet KILE kostnad er fratrukket a) 30 279 000 -1 411 000 28 868 000 b) 32 139 000 394 000 60 000 -7 104 000 -1 372 000 24 117 000 Årets inntekt nett (driftsinntekt) Andre permanente forskjeller Årets inntekt nett (finansinntekt) Årets kostnader overliggende nett, eiendomsskatt m.v. Sum avvik avskrivninger og avkastningsgrunnlag i år 2013 mot år 2011 Mindre-inntekt år 2013 Mindreinntekt pr 31.12.2013 Beregnet rente år 2013 (gjennomsnitt året) Renter på mindreinntekt pr 31.12.2013 Mindreinntekt pr 31.12.2012 godkjent av NVE Renter på mindreinntekt pr 31.12.2012 godkjent av NVE a-b 2,04 % 4 751 000 8 510 000 125 144 930 144 3 759 000 805 000 Mindre inntekt 31.12.2013 er ikke inntektsført. Den er heller ikke innarbeidet i regnskapets balanse. Avkastningsgrunnlag: Driftsmidler Nettoarbeidskapital 1% Sum avkastningsgrunnlag 01.01.2013 31.12.2013 91 075 000 96 827 008 910 750 968 270 91 985 750 97 795 278 Driftsresultat distribusjon Avkastning i % Gj.snitt 93 951 004 939 510 94 890 514 4 067 000 4,29 % KILE: Kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikke levert energi innebærer at nettariffene over tid vil bli påvirket av omfanget av ikke levert energi. Norges vassdrags- og energidirektorat tildeler årlig kilekostnad for SØK. Dersom kostnaden med for mange strømbrudd overstiger tildelt kilekostnad vil dette kunne medføre at vi må yte kompensasjon til våre kunder i form av redusert nettariff. NOTE 11 - EGENKAPITAL Selskaps- Ansvarskapit Annen al egenkapital kapital SUM 1 313 330 3 315 623 124 621 502 129 250 455 20 800 0 0 20 800 0 0 -566 666 -566 666 0 0 4 423 936 4 423 936 1 334 130 3 315 623 128 478 772 133 128 525 Egenkapital pr 01.01. Innskutt selskapskapital Utbetalt kjøpeutbytte som tidligere er vedtatt Årets resultat, disponert til annen egenkapital Egenkapital pr 31.12. NOTE 12 - BANKINNSKUDD Bankinnskudd omfatter bundne skattetrekksmidler kr 204.434. - 22 - Noter til regnskap 2013 NOTE 13 - SALGSINNTEKTER Per virksomhetsområde: Kraftomsetning Distribusjon Tele Andre tjenester Sum 2013 30 276 063 32 138 782 7 498 406 1 395 192 71 308 443 2012 23 675 166 31 733 793 6 756 566 5 337 353 67 502 878 Balanseført verdi 85 000 63 566 200 000 3 333 45 400 115 790 513 089 Markedsverdi 172 000 000 63 566 200 000 3 333 45 400 115 790 172 428 089 NOTE 14 - INVESTERINGER I AKSJER OG ANDELER Sunnhordland Kraftlag AS Akslandselva Kraftverk AS Stiftinga Kompetanse E134 Fase Vest Validær AS Egenkapitalinnskudd KLP år 2012 Sum Eierandel 2,6 % 21,1 % - 23 - Skånevik Ølen Kraftlag SA Kontantstrømoppstilling 2 013 2 012 6 539 449 -924 803 7 725 884 470 352 388 670 -948 200 -442 480 3 098 137 841 035 13 482 873 -989 695 7 295 413 -3 186 814 277 634 -760 046 -2 829 627 -5 229 334 3 714 936 16 748 044 11 775 340 Innbetalinger ved salg av varige driftsmidler Utbetalinger ved kjøp av varige driftsmidler 6 500 -13 083 612 3 912 259 -15 626 921 Netto kontantstrøm fra investeringsaktiviteter -13 077 112 -11 714 662 Innbetaling av egenkapital Utbetalinger av utbytte 20 800 -566 666 11 200 -1 952 455 Netto kontantstrøm fra finansieringsaktiviteter -545 866 -1 941 255 Netto endring i bankinnskudd, kontanter og lignende Beholdning av bankinnskudd, kontanter og lignende pr 01.01. 3 125 066 3 577 084 -1 880 577 5 457 661 Beholdning av bankinnskudd, kontanter og lignende pr 31.12. 6 702 150 3 577 084 KONTANTSTRØMMER FRA OPERASJONELLE AKTIVITETER: Årsresultat før skattekostnad Periodens betalte skatt Ordinære avskrivninger Andre tidsavgrensningsposter Pensjonskostnad uten kontanteffekt Endring i varer Endring i kundefordringer Endring i leverandørgjeld Endring i andre omløpsmidler og andre gjeldsposter Netto kontantstrømmer fra operasjonelle aktiviteter KONTANTSTRØMMER FRA INVESTERINGSAKTIVITETER: KONTANTSTRØMMER FRA FINANSIERINGSAKTIVITETER: - 24 - Resultat virksomhetsområder KRAFTOMSETNING: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Sum driftskostnadar Driftsresultat DISTRIBUSJON: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Sum driftskostnadar Driftsresultat BREIBÅND: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Sum driftskostnadar Driftsresultat ØVRIG VIRKSOMHET: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Sum driftskostnadar Driftsresultat SUM SELSKAP: Driftsinntekter Varekostnad Lønn, arbeidsgiveravgift m.v. Ordinære avskrivningar Andre driftskostnadar Sum driftskostnadar Driftsresultat - 25 - Regnskap 2013 Budsjett 2013 Regnskap 2012 30276 27468 748 42 819 29077 27936 25656 816 42 862 27376 23675 21310 511 42 821 22684 1199 560 991 Regnskap 2013 Budsjett 2013 Regnskap 2012 32139 9063 6682 5383 6945 28073 33334 8796 8839 5144 6206 28985 34420 8814 6149 4973 6695 26631 4066 4348 7789 Regnskap 2013 Budsjett 2013 Regnskap 2012 7 498 4 000 622 2 301 1 255 8178 7 344 4 110 440 2 379 1 091 8020 7 257 3 516 424 2 280 952 7172 -680 -676 85 Regnskap 2013 Budsjett 2013 Regnskap 2012 1395 175 450 0 156 781 780 160 331 0 120 611 2151 738 508 0 144 1390 614 169 760 Regnskap 2013 Budsjett 2013 Regnskap 2012 71308 40707 8502 7726 9175 66109 69394 38722 10426 7565 8279 64992 67503 34378 7592 7295 8613 57878 5200 4402 9624 - 26 - - 27 - DEI TILSETTE Bak frå venstre: Jon Helge Arefjord, Olav Sølvberg, Martin Løhaugen, Harry Strøm Rad nr 2 frå venstre: Gerda J. Solberg, Tove Karin Sandvold, Gunnar Molnes, Roy Molnes Framme frå venstre: Marit Solheim, Siv Helen Hus, Einar Arefjord, Kjell L. Stalheim, Kristoffer Vannes Frå venstre: Daniel Hornenes, Svein Myklebust, Jørn Kristian Thorstad, Josef Skålnes, Kåre Langeland, Espen Årvik, Bjørn Gunnar Vika. Daniel Sæle og Tor Even Pedersen var ikkje tilstades. - 28 - - 29 - - 30 - - 31 - S K Skånevik Ølen Kraftlag 5593SKÅNEVIK Skånevik 5593 Telefon: 53 77 13 00 Telefaks: 53 77 13 10 E-post: post@sok.no Internett: www.sok.no - 28 -