Nr 4 2012 - Kyrkja i Etne og Skånevik
Transcription
Nr 4 2012 - Kyrkja i Etne og Skånevik
Kyrkjeposten Årgang 11 Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn Nummer 4 desember 2012 n Gud som gutunge n Grunnstein n Barnas julesang n Julapapiret 1 n Framsida Biskop Halvor Nordhaug la ned grunnstein for ny kyrkje den 18. november. Her fortel han kyrkjelyden litt om kva ein grunnstein er og kvifor den er fylt med både myntar og Bibel, aviser og teikningar. Sjå fleire bilete på side 4-5 Gu som Andakt: Per Hjemdal Kyrkjeposten vert distribuert til alle husstandar i Etne og Skånevik. Bladet blir betrakta som offentleg informasjon og nærmiljøblad. Kyrkjeposten er ikkje definert som uadressert reklame. Eg snakka ein gong med ei hyggeleg dame. Vi snakka om Gud. Det blir ofte sånn når presten kjem på tomannshand med folk, om enn ikkje alltid. Men iallfall, denne dagen snakka vi om Gud. Ho fortalde - då var vi innom skapinga - ho fortalde korleis ho så for seg Gud, når han skapte himmelen og jorda og alt som fyller den. Ho sa: Eg tenkjer meg Gud som ein gutunge, på 10 - 12 år. For så mykje av det han skapte, ser ut som det kunne kome rett frå fantasien til slik ein gut. Tenk berre på zebraene (Kult, ein hest i svart-kvitt!) eller maurslukaren (Lang nase! Du må ete maur!) eller breiflabben (Svær i kjeften, men ikkje mykje å sjå på!). Ja, sa ho, det kunne visst vært laga av ein gut. Eg har tenkt på det nokon gonger: Gud som gutunge. Frist for innlevering av stoff til neste nummer: 15. oktober. Stoff sendes til kyrkjeposten@etnekyrkja.no 2 Men eg må innrømme at det er ganske langt frå korleis eg sjølv pleier tenke på Gud. Eg trur nok eg førestil meg Gud som noko eldre, noko meir alvorleg, noko meir «verdig» i tydinga vaksen. Men det er no så, vi bærer jo alle i oss forskjellige bilete og førestellingar, også om Gud. Nokon tenker på Gud som «Det store Alt», andre som «Krafta» eller «Ljoset», men det er ei der ute som altså også tenker på gutunge... Og når eg har tenkt etter, så var det visst ikkje så galt likevel, dette siste. Nei, ikkje for det, Bibelen seier heldigvis at om ska- ud gutunge pergleda og fantasien kan være frodig og til og med dristig, så er Gud likevel ikkje nokon smågut når det gjeld. Påliteligskap og ansvarsfølelse eller kjærleik i forhold til det skapte, dei tinga tek han ikkje lett på. Gud ragar visst høgt over den mest trufaste og pålitelige og kjærlege mann og kvinne på jorda. Der er det så visst verdigheit nok, i ordets beste forstand. Og det er godt å vite. Men samtidig dette: Gutunge. Det passer slett ikkje så dårleg, for han var jo det. Ein gong. Som 12-åring i templet, ja, det var Gud som gut. Og saman med Josef heime på snikkarverkstaden i Nasaret. Eller enda meir dramatisk: Som lyseraud og litt rynkete baby ved brystet til Maria - Gud som spedbarn. Og gutunge. Og sidan vaksen mann. Det blir ganske konkret. Jesus pleier bli det. For medan vi tenker store tankar om Gud: Ånd, kraft, ljos - så er Jesus veldig handgripelig med sine illsinte skrik i krubba, når Josef ikkje lyfta han fort nok opp. Og det er veldig mykje kropp når han heng på korset med gapande sår i henda, der naglane blei drevet inn. Han blir veldig konkret når han ser på kvinna som var grepet i ekteskapsbrot: Dine synder er deg forlate. Eller når han vender seg om og ser på Peter som nettopp har fornekta han, ser på han med skuffa auge. Det er Gud som menneske. Verkeleg, fysisk. Kvifor? Kvifor vel Gud å bli slik, fysisk i så stor grad? Kanskje fordi Gud visste at du og eg har så lett for å gjere han fjern, abstrakt, for stor for fatteevna, - og dermed ufarleg og utan betyding for vårt litle daglege liv? Men han er ikkje utan betyding, sjølv om vi kan late som. Han vil ikkje være utan betyding heller. Han vil tvert om kome nær oss, gjere livet ditt rikare og meir heilt, gje det retning og eit rikt mål. Gud som gutunge. Som baby, som 12-åring, som mann. Det er konkret så det held, og utfordrande: No ser Gud på deg. Herren ser på deg med kjærleik. Våger du å møte blikket hans? 3 Grunnstein Det var ein god søndag for Etne kyrkjelyd når biskop Halvor Nordhaug saman med prost Svein Arne Theodorsen vitja tomta for den nye kyrkja for å feire gudsteneste og setje ned grunnsteinen. Været viste seg rett nok ikkje frå si beste side, men under tak var der berre trekk og kulde som sjenerte, og tørr klarar ein det meste. Drygt 170 menneske var på plass, og etter Soul children hadde opna gudstenesta med eit kraftfullt ”Gloria!” ynskte prost Theodorsen velkommen. Han uttrykte stor glede over å sjå både bygg og kyrkjelyd. Biskopen preikte om Jesus som gjekk på vatnet, men byrja med å lyfte opp grunnsteinen og fortelje litt om kva som var i han. Både bibel og salmebok, kyrkjepost og Grannar, samt utgreiingar om tanken bak kyrkja og sjølve bygget låg i. Når tida var inne for å setje ned grunnsteinen, inviterte biskopen alle 4- og 5-åringane som var til stades fram for å hjelpe til. Dei kom og fekk utdelt kvar sin spade til odel og eie, og med den hjelpte de biskopen med å kaste sement i holet der grunnsteinen stod. Det var stort engasjement og god hjelp for biskopen. Og ut frå ansikta på dei som måtte reise seg og sjå, var det tydeleg at det var kjekt å sjå nettopp engasjementet og biskopen omgitt av så mange barn. Etter å ha feira nattverd og høyrd nok ein flott song frå Soul children, var det 4 stor kyrkjekaffi i Bedehusets storsal. Den korte vegen frå kyrkje til bedehus fungerte godt som eksempel på det som i åra som kjem kan bli eit godt og fruktbart samarbeid. Under kyrkjekaffien fekk biskopen – liksom barna tidlegare – overrekt spaden som var brukt til å hive sement med. Det sett han pris på, for han hadde ikkje skikkeleg spade i bispegarden i Bergen. Så kan me tru han sender ein venleg tanke til Etne når hagearbeid skal gjerast. Ordføraren helste også, og let vel både om arbeidet som er i gong og det gode samarbeid mellom kyrkjelyd og kommune. Prosten helste med ein god historie og gode ord. Soknepresten nytta høvet når så mange av kyrkjefolket var samle til å takke av ein god og verdsett medarbeidar i Sigurd Stødle. Sigurd var kyrkjegardsarbeidar ei tid, men kyrkjelyd og stab hadde enno ikkje funne rette stunda til offisielt å sei takk for tenesta. Som synleg teikn på takksemda, fekk Sigurd ein fin kniv laga av Jens Håkon Horneland. 11 fløytekaker og enno noko fleire utgjorde eit festdekka kaffibord. Litt var til overs når samlinga var slutt, men både mengda kake som var att og eit godt støynivå på samtalen, tyda på at folk delte ei triveleg stund på bedehuset. No venter vi berre på at arbeidet skrid fram som planlagt, slik at den nye kyrkja kan takast i bruk neste år. Kranselag Nokre veker før grunnsteinsnedsettinga var det også kranselag på kyrkja, i samband med at kyrkja hadde kome under tak. Arnt Grindheim hadde laga rikeleg med god betasuppe, ode kaker var på plass, og alle som var i arbeid på kyrkja samt byggjenemnda og representantar frå staben tok del i markeringa. Nokre uformelle talar blei heldt om det historiske arbeidarane var med på, sidan det er fleire hundreår sidan sist det blei bygd kyrkje i Etne, og nok vil gå svært lang tid til det blir gjort på nytt. 5 Bygging på bibelskulen. No er det full fart på bibelskulen i Bafoulabé. Juckou Konate og hans team er i ferd med å reise radiobygget. Her skal det vere eit studio, kontor, undervisningsrom og lager. Dette gir oss ein god anledning til å gje ei god opplæring og praksis i radioarbeid til elevane på bibelskulen. Samstundes vil vi kunne sende jevnlege program på radioen. Vi ynskjer eit bredt repertoar. Vi håpar å få til eit samarbeid med det lokale helsevesenet, slik at dei kan bruke radioen til å fremme folkehelsa. Musikk og kultur vil vere viktig å ha på programmet. Kristne radioprogrammer på ulike språk vil vere viktig for å nå ut med den glade bodskapen om han som blei menneske, vår bror og vår frelsar. Undervisning og praksis vil gje elevane nyttig praksis i å forbereie og gjennomføre formidling av evangeliet offentleg . Her vil vi jobbe saman med elevane i forkant og gje evaluering i etterkant. Dette blir nyttig og god erfaring for alle partar. Aadama Bah er i full gong med å få dei formelle bitane på plass. Han har god kunnskap om dette og veit kva kanalar ein må bruke for å få dette til. Han driv allereie no radioarbeid blant 6 FotogrAF AAdAmA BAH fulanerane med utgangspunkt i fulanersenteret i Mahina. Han er sjølv tidlegare elev på bibelskulen. Straum er kjekt å ha. Kunne du tenkje deg ein kvardag utan straum; utan elektrisk lys, utan oppvarming, straum til pc og fjernsynet. Dette er kvardagen på bibelskulen. No gler vi oss til å få innlagt straum på bibelskulen. Dei formelle tinga er på plass. Me manglar kun to stolpar som kjem så snart vegane har tørka opp etter regntida. No meiner dei at vegane snart er ok slik at transportørane vågar seg ut på vegen. Fram til no har faren vore for stor for at transportørane med sin lastebil kunne setje seg fast i eit gjørmehol og i verste fall bli verande der i fleire dagar om dei var uheldige. Innan utgongen av november håpar vi dette vil vere i orden. gjermund Lygre BIBELHELgA 12.,13. OG 14. oktober på Rygg bedehus er blitt noko me ser tilbake på med takksemd og glede. Kurt Hjemdal er ein mann som er på farten støtt og stadig,så det gjekk eit år etter han vart kontakta før me fekk møta han her i Etne.Men den som ventar på noko godt kan venta lenge. Me møtte han på bedehuset på Rygg fredagskvelden, der me fekk eit interessant og levande møte med Paulus i Efesus og menigheten der.Tema for bibeltimane var dei tre første kapitla i efeserbrevet,og emna for kvar time var 1. Velsigninga i Kristus 2.Guds veldige makt 3. Nådens under og den fjerde timen fekk me innføring iHan kan gjera meir enn alt. Dette var ei grundig og solid undervisning som ga oss alle veldig mykje. Det var høve til å stilla spørsmål etterbibeltimane,men me hadde fått så mykje at spørsmåla forsvann! Etter bibeltimen fredag var det kaker,kringle og kaffi m.m. Laurdag var det matpause midt på dagen med nydeleg risengrynsgraut,kaffi og kaker.Så var me klare for meir undervisning. Kurt Hjemdal har vore sokneprest i ti år og i ti år var han lærar på bibelskulen i Grimstad.Han har og vore lærar på bibelskulen i Staffelsgata i Oslo mellom mykje anna.Nå gler me oss til ny bibelhelg neste haust.Då kjem han att, og vil fortsetja med dei tre neste kapitla i efeserbrevet.Me håpar den nye kyrkja er i bruk då,for me treng større plass…. Han tykte det var litt rart å koma til Etne og bli kalla far til Per,han var helst van med at folk sa at Per var sonen hans! Bibelhelga vart avslutta med gudsteneste i Gjerde kyrkja,og det han sa der trur eg me som var tilstades tenkjer på rett som det er. S.Ur Berge og misjonsvenene der Då han siterte noko frå Bibelen på gassisk smilte og nikka Marie Sørhus.Ho er tidlegare madagaskarmisjonær som snart er nitti år og var vel den einaste som forstod det som vart sitert! Me andre måtte få det oversatt.Han las og ei helsing fråEivind Haugli,som er leiar i Stavanger region for NMS. Solveig L.Jekteberg bar fram ei helsing frå NMS i Etne og gav dei seks medlemene i foreninga kvar si vakre rose til takk og oppmuntring. Fleire bar fram helsingar og det kom inn ei fin gåve til misjonsarbeidet,9560 kroner Som det seg hør og bør på ein bursdagfest var det mykje god mat og kaffi ..og bursdagskaker! Me gjekk heim i stor glede og takksemd og med kallet til å delta vidare i arbeidet klingande i øyro. grINdHEIm mISJoNSForENINg 125 År Torsdag første november var det stor misjonsfest på Rygg bedehus i Etne Sigrid Bjørgen opna festen og sa at nå er foreninga vår 125 år og me som er med der er nesten like gamle! Det er nå ikkje radt så gale, men over åtti er dei alle saman! Det står respekt av den gleda og pågangsmotet dei viser i arbeidet for misjonen! Rop det ut med hjertets jubel var opningssongen Foreninga vart starta 1887 og den første leiaren var Peder Grindheim.På foreningsmøta karda og spann dei ulla og så strikka dei Det er vanskeleg å tru at leiaren deltok i det arbeidet,men som det høvde seg i den tida måtte dei ha ein mann til leiar. Klaus Muff var talar og snakka over teksten om Marta og Maria som fekk Jesus på besøk.Å sitja ved Jesu føter og lytta til det han seier er det eine nødvendige. men etterpå krevst det handling! Misjonsoppgåva er lagt på oss:Gå difor ut Aksjonskoret frå Aksdal gledde oss god og vakker song Song gjorde også Anne Karin Førland frå Haugesund og Solveig Lunde Jekteberg viste nokre bilete frå gamle dagar i foreninga.Me såg mange som hadde teke på seg ansvar i foreninga men som nå er borte.Kor er dei som skal ta opp arven og føra den vidare etter som åra kjem? Jakob Vea ,som er med i regionstyret, var glad for at Etne er blitt med i Haugaland område i Stavanger region og ynskte oss velkomne.Han fortalde frå misjonsarbeidet på Madagaskar der han hadde vore med på å utvikla landbruksarbeidet.Og han fortalde om kor godt det var å sitja på gudsteneste på Madagaskar og høyra dei be for Norge 7 Sigrid Ur Berge Etter nokre få , men intense veker med maling, vasking, snekring og tilrigging, kunne me med stor spenning og mange sommarfuglar i magen endeleg opna Etne bruktbu fredag 9.november. Mange interesserte stod i kø i pøsregnet utanfor gamle ”Sæbøhuset” då dørene gjekk opp 8 kl 16. Nokon hadde allereie sett seg ut ting dei ville ha, etter å ha kikka i utstillingsvindauget. Andre gjekk grundig til verks for å finna ”skattar” som kunne vera gøymt innimellom alle varene som var plasserte rundt om i reolar og diskar. Sportsutstyr, leiker, gamle orgel, møbler, steintøy, smykkar, bøker, dukar, gardin. Det er nes- Johs. Lundal & Sønner AS Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80 Ølensvåg Tlf. 53 76 82 03 ten ikkje ein ting du ikkje finn i Etne Bruktbu! Det mest utrulege og flotte blir levert inn frå gåvmilde etnebuar. I butikken blir varene vurdert og verdsett av ei prisnemnd, for deretter å få sin spesielle plass i utstillinga. Etterkvart som hyllene tømmast, blir nye skattar sett på plass. Alltid nye og spennande ting å finna. Med god fyr i omnen, nytrekt kaffi på kanna og litt godt å bita i, er det også høve til å slå seg ned i ein av godstolane for å ta seg ein prat med kjente og utkjente sambygdingar. Sosialt samvær og god, heimekoseleg stemning er noko som Etne Bruktbu har lyst å vera kjent for. Etne Bruktbu er eigd av Etne Sokneråd, men eit styre på 7 personar har ansvaret for den daglege drifta. Hovudmålet er å samla inn mest mulig pengar til den nye kyrkja som er under oppføring. Butikken skal vera open 4 dagar pr veke og for at det skal kunna la seg gjera, er styret er avhengig av mange gode medarbeidarar. Ei vaktliste er tilgjengeleg i butikken, slik at folk som har lyst til å gjera ein innsats kan skriva seg opp på den dagen eller den vakta som passer best til ei kvar tid. Ideen med å starta ein bruktbutikk kom etter loppemarkedet på bedehuset sist haust. Altfor mange godt brukbare ting måtte kastast, noko ingen syns var kjekt. Bygda har vore enormt positiv til dette tiltaket, Johansen Rør AS Skånevik Tlf. 53 77 12 50 og det er masse lovord å høyra kvar einaste dag. Dette gir inspirasjon og pågangsmot! Alt arbeidet vert gjort på dugnad, og lokale firma har støtta oss både med maling, tapet og anna nødvendig materiell og utstyr. Stor takk til alle som har bidratt! Stor takk og til utleigar som har gitt oss muligheten til å realisera dette prosjektet! Til slutt sender me igjen ut ønske om å ta imot alle mulige varer (utanom klær og kvitevarer), og eit minst like stort ønske om at frivillige melder si interesse for å vera medarbeidarar i eit veldig spennande og gjevande prosjekt! Reidun Sande Etne E- lag 5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55 Når dagen er på hell tenn lys med kraft frå eigne fjell! 9 LIVETS GANG ETNE DØYPTE: 16. september, Grindheim Hannah Stølås Sævareid 7. oktober, Grindheim Theodor Kleppe Askvik 14. oktober, Gjerde Eline Selland Tesdal og Edvard Børretzen 21. oktober, Enge bedehus Morten Hustoft Sortland, Johanne Holter Vae, Signe Rebekka Holter Vae og Linnea Holter Vae. VIGDE: 1. september, Grindheim Jorunn Wathne og Svein Kjetil Løhaugen 8. september, Stødle Maria Giessing Kallevik og Jone Rødde 15. september, Stødle Jorunn Taraldsøy og Øyvind Eide Grindheim 6. oktober, Stødle Hilde Synnøve Jacobsen og Hans Martin Harboe GRAVLAGDE: 13. september, Stødle Sigrid Elisabeth Tesdal 28. september, Grindheim Arne Håland 10 J ulapapire’. Du må ta vare på julapapire’, Harald – sa mor mi ett år. Me sat oppi de’ heilt te knes. Eg sko nett i kjedlaren itte ei øskja te å trø alt neri. Du må ta vare på julapapire’, sa mor mi, å så blei me i staden sitjande å leggja det fint i hop så om det va’ silkelommaplagg å damaskdukar. Det e’ forresten ikkje berre mor mi så har sagt disse kjende ordo. Di fleste i vår slekt seie det itte di har fylt førti.. Så der e’ mykje julapapir i slekto. Sko der bli krisetider å folk mangla papir te pakkane sine, kan di berre koma te oss. For me samla ikkje på papir. Me broka det. Det Ei lito julaforteljing. Tileigna slekto mi. Utan den konne dinna litla julaforteljingo ikkje blitt te. sirkulera i slekto. Mong ei jul drege me kjensel på ett papir me har sitt før. Å det e’ alltid gilde stonder, me kan ofta bli sitjande i longe å koselige samtalar utøve julafteskvelden. Då snakka me om ka år me sende det ifrå oss å lure på adle plassene det har vore innom si sist. Enkelte av julapapiro i slekto fere te å bli reine klenodier, å somme kan me spora tebake te åro lika itte krigen. Di har gått monge rondar å e’ sletne ittekvart. Små e’ di og, for serligt itte dinna teipen kom i brok, må me kløppa noko av, kvart år. Nå egna di seg berre te di minste Jule- og nyttårsgudstenestene i Etne og Skånevik: Julaften: Fjæra Grindheim Gjerde Skånevik kl. 13.30: Grønnevik kl. 14.30: Hjemdal kl. 16.00: Hjemdal kl. 16.00: Grønnevik 1. juledag: Skånevik kl. 12.00: Grønnevik kl. 12.00: Kurt Hjemdal/Per Hjemdal Stødle 2. juledag: Frette kl. 11.00: Hjemdal Nyttårsaften: Skånevik kl. 17.00: Grønnevik 1. nyttårsdag: Stødle kl. 12: Hjemdal 4. oktober, Grindheim Henrik Emil Sande 24. oktober, Gjerde Sigurd Sævareid 1. november, Stødle Trygve Gravelsæter 30. november, Grindheim Gerda Klara Almeland SKÅNEVIK pakkane. Men det e’ ett kjert gjensyn kvar gong di dokka opp. Serlig ett e’ eg gla i. De’ ha’ føllt meg heilt ifrå den tilegaste barndommen. Eg minnes di fine, gammeldagse fargane å de småblomstrete mønstere’. Men det e’ lenje si eg såg det. Sist va det veldig tynt å lite – å me snakka om at det meste sko vore gitt te Sunnhordland folkemuseum, slek at seinare slekter konne ha gleda av de’. Men eg tru’ de’ blei me’ tonkjen. Så nå sete eg å lure på kor i slekto det e’ nett nå – å om det kjeme te å liggja onda ett julatre ditta åre’ og. HG Samarbeidsmøte om diakoni i Skånevik. 10. oktober hadde diakoniutvalet invitert til samarbeidsmøte i kyrkja og mange møtte, Berit Håland (Frivilligsentralen), Sigrid Olaug Sævareid og Marta Sveen (Skånevik helselag) Ingebjørg Rullestad (Måndagskaffien/Psykiatritenesta), Dagny Ness (Føremiddagstreffet) Sokneprest Harald Grønnevik, Liv Tungesvik, Bjørg Astrid Sævareid og Torbjørg Grønnevik (Diakoniutvalet). Leiar i diakoniutvalet, Liv Tungesvik minna om at diakoni er kyrkja sitt kroppsspråk og las likninga om Den miskunnsame samaritanen. Sokneprest Harald Grønnevik innleia om emnet: Kva er det mest nødvendige av diakoniarbeidet i kyrkjelyden vår? Han understreka først verdien av den uorganiserte diakonien som mange gjer i det stille, ved å leva eit enkelt kristent liv på den staden der dei bur. Elles er det mest det feltet Diakoniplanen kallar KONTAKT OG FELLESSKAP som pei- kar seg ut: Besøksteneste i heimane og på institusjonar, opne og uformelle kyrkjekveldar, kyrkjekaffi, kyrkjeskyss og sorggrupper. Det er og ynskjeleg og viktig at kyrkja blir ein del av lokalsamfunnet og ikkje ein isolert sektor. Det oppnår ein både ved at kyrkja samarbeidar med lag, organisasjonar og kommune og ved at aktive kyrkjefolk engasjerar seg direkte i andre samanhengar. Skånevik sokneråd er alt medeigar i Frivilligsentralen og samarbeidar om måndagskaffien på Gjestgjevargarden og føremiddagstreffet på bedehuset. Det fylgde ein god samtale. Ein var inne på overføringa frå kyrkja til omsorgssenteret, besøkstenesta, blomehelsinga ved store dagar, kyrkjelydsturar og mannsarbeid. Eit særleg ynskje er det at fleire tenkjer over om dei kunne ta dei i besøkstenesta og melder seg HG som besøksvener. DØYPTE: 23. september, Skånevik Vilde Johansen Winterthun, Carmen Åsheim Karlsen, Filip Helland Åsheim og Liam Vika Knudsen. 7. oktober, Skånevik Simon Svendsen Nedreskår GRAVLAGDE: 10. august, Skånevik Sigurd Gundersen 14. september, Skånevik Gunnhild Marie Enge 2. november, Skånevik Ragnvald Vannes 28. november, Skånevik Knut Jespersen 29. november, Fjæra Lars Austrheim BISTEJING: 12. september, Skånevik Siri Sunniva Endresen 2. november, Fjæra Audhild Gundersen11 Det var etter Impuls i Stavanger i februar at kontakten blei oppretta mellom ungdomsleiarar frå Etne og Bore på Jæren. Etter ein del kontakt og på initiativ og pågangsmot frå Gerd Elin Kringlebotten, inviterte styret i Nettkaféen ein gjeng frå Bore oppover siste helga i november. Seminar om tru og kristent liv, olympiske leikar av ymse slag, ungdomsmøte i Gjerde kyrkje og sein kveldsmat saman med ein triveleg gjeng ungdommar ein just var blitt kjent med, ga også dei påmeldte frå Etne ein boost og ei god oppleving av kristent fellesskap større enn berre innanbygds. Og kven veit, kanskje er det vår tur å ta reisa neste gong? NMS har planlagt to møter og eit misjonsstevne våren 2013 Misjonsmøte søndag 10. februar kl 19.30 talar : Roar Vik Misjonsstevne lørdag 9. mars kl 14.00 Misjonsmøte søndag 14.april kl. 19.30 Begge møtene og stevnet skal væra på Enge bedehus. 12 Barnas kjære julesong Prestekona gustava Kielland skreiv ”o jul med din glede” For mange barn er julesongen ”O jul med din glede” ein av dei kjæraste. Den har ikkje fått rom i nokon salmebok, men i alle julesong-hefta er den med, og det er vel ikkje ein julefest utan at barna ”svinger seg i kretsen og neier”. Den har ikkje det stemningsfulle og høgtidelege over seg som ”Eg er så glad kvar julekveld”. Men den er så lys og lett, så tindrande glad, og barneaugo strålar når dei festkledde går rundt juletreet og jublar og syng: ”Vi klapper i hendene, vi synger og vi ler”. I nokon kjeldar heiter det at songen blei skriven ned på sjølve julekvelden – av prestekona Gustava Kielland. Ho var fødd i 1800 og levde til ho var nesten 90 år gamal. Gustava Kielland var interessert i både litteratur og musikk. Som lita jente byrja ho å lage rim og vers. Ho har skrevet ei rekke smådikt til glede for både stor og liten. Eit av desse dikta er ”Liten Ekorn Satt” som dei som var born på 60 opp til og med barn i dag kjenner, blant anna frå ”Barnas store sangbok” (1963). Gustava Kielland stifta den første misjonskvinneforeininga i vårt land og har fått tilnamnet ”kvinneforeiningas mor”. Vi har mykje å takke den fromme prestekona for, og ikkje minst julesongen ”O jul med din glede”. Det er på det reine at det er ho som har skrive songen, men det er også mykje som talar for at dei fleste av rima hennar ikkje er komen på trykk. Kanskje satt ho og klunka på klaveret. Som ho no satt der denne høgtidskvelden høyrde ho ei av jentene i prestegarden – ei fattigjente som het Tone og som dei hadde teke til seg medan dei var på Finnøy – synge ute i kjøkenet. Ho tok seg til å lytte etter og spurde Tone kva ho song. ”Det er noe eg har høyrd Svenske-Stine hos landhandlaren synge” svara jenta. Det skal visst vere ei julesong, men ikkje ein alvorleg ein slik som våre. Eg trur Stine syng ”Vilje I veta og vilje I forstaa”. Gustava Kielland fekk Tone til å synge om att til ho hadde heile melodien. Snart var arket fullt av verseliner. Klavertonane fylde den julepynta stua, og Gustava Kielland song. O jul med din glede O jul med din glede og barnlige lyst, vi hilser deg alle velkommen. Vi hilser deg alle med jublende røst ti tusene ganger velkommen. Vi klapper i hendene, vi synger og vi ler, så glad er vi, så glad er vi. Vi svinger oss i kretsen og neier. I Østerlands vise, I tre stjernemenn, vi vet jo hvorhen I vil drage. Ti vi ville også så gjerne derhen, og Eder på reisen ledsage. Så rekker jeg deg da med glede min hånd, kom skynd deg å gi meg den annen. Så knytter vi kjærlighets hellige bån d, og lover å elske hinannen. Og en gang vi samles i Himmelens sal og synger om jul med sin glede. Vi takker og jubler i tusene tall, i himlen for tronen vi trede. Om ute det stormer og regner og sner , det kan oss jo slett ikke skade. For julen og freden oss alle er nær, og vi ere fromme og glade. 13 Me tar oss av alle gjeremål i samband med dødsfall og gravferd i Etne og omegn. - med heile vegen Etne Gravferdsbyrå 5590 Etne - Tlf. 53 22 50 10 - Døgnvakt Etne senter - Tlf. 53 75 60 44 Sunnhordland Mek Verksted AS Skånevik - Etne Tlf. 05555 14 Tlf. 53 77 12 00 Kyrkja – Adresser Kyrkjas tilbod til barn og unge i Etne og Skånevik Søndagsskulen Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65 Tripp Trapp Treff Tripp trapp treff på Enge bedehus anna kvar onsdag. Sjå etter plakat. Det blir treff annakvar onsdag utover hausten. Er du ein vaksen - ei bestemor eller bestefar - som har lyst å hjelpe med praktisk arbeid er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med Astrid på kyrkjekontoret. Skånevikspeidaren Småspeidarane: 3. og 4. klasse Storspeidarane: 5.-10. klasse Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30. Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186 Etne Soul-Children Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annakvar veke torsdagar kl 15.30-17.00 Enge bedehus. Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945 Fredagsklubben Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse. Enge bedehus kl 18.00-19.30 Gruppeaktivitetar, song og andakt KFUK-KFUM speidarane Oppdagarane frå 3.-4. klasse. Annakvar tysdag kl 18-19.30. Kontaktperson Marta Onstein 480 95 999 Vandrerar frå 5. klasse. Møte ein laurdag i månaden kl 11-15. Kontaktperson Ingunn Frette 474 19 364 www.etnespeidar.com for meir informasjon. Etne Nettkafè For ungdom frå 8. klasse og oppover. Annakvar fredag på Enge bedehus kl. 20.00-23.30. Bordtennis, biljard, internett, Wii, PS3, Xbox, kiosk, pizza, prat, samling med lystenning osv. Etne kyrkjekontor Postboks 6, 5591 ETNE tlf. 53 77 11 70 Heimeside: www.etne.kyrkja.no Soknepresten i Etne, Per Hjemdal. 53 77 11 72 / 411 26 549 soknepresten@etnekyrkja.no Soknepresten i Skånevik, Harald Grønnevik. 922 51 816 Kontortid: Onsdag kl. 10-13 i Skånevik prestegard. hprest@online.no Kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad 960 16 864 kyrkjeverja@etnekyrkja.no Trusopplæringsmedarbeidar Astrid Askeland Johnsen tru@etnekyrkja.no Organist Vikar Harald Sævik organist@etnekyrkja.no Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar Bjørn Stødle 971 68 514 Kyrkjelydssekretær Mette Tøsse Voll sakshandsamar@etnekyrkja.no Soknerådsleiar i Etne Pål Atle Baugstad 53 75 49 96 / 416 06 945 Soknerådsleiar i Skånevik Eli Garvik 53 75 59 74 Fellesrådsleiar Harald Lindevik 53 75 44 74 / 975 89 056 15 gudstenester våren 2013 dato Søndag Stad KL type Prest Gjerde 12.00 Høgmesse Hjemdal 06.jan Kristi åpenbaringsdag Fjæra 17.00 Høgmesse Hjemdal 06.jan 2. s i åpbtiden Stødle 11.00 Høgmesse Grønnevik 13.jan 2. s i åpbtiden Skånevik 11.00 Høgmesse Grønnevik 20.jan 3. s i åpbtiden Gjerde 11.00 Familie Hjemdal 27.jan Såmannssøndag Frette 11.00 Høgmesse Grønnevik 03.feb Kristi forkl.dag Grindheim 11.00 Høgmesse Grønnevik 10.feb Fastelavnssøndag Enge 11.00 Familie Hjemdal 10.feb Fastelavnssøndag Skånevik 11.00 Familie Grønnevik For julegudstenester sjå side 10 01 .jan Jesu navnedag 17.feb 1. s i fastetiden Grindheim 11.00 Høgmesse Hjemdal 24.feb 2. s i fastetiden Fjæra 11.00 Høgmesse Vikar ? (HG) 03.mar 3. s i fastetiden Gjerde 19.00 Høgmesse Hjemdal 03.mar 3. s i fastetiden Skånevik 11.00 Høgmesse Hjemdal 10.mar 4. s i fastetiden Stødle 11.00 Høgmesse Vikar ? (HG) 17.mar Maria budskapsdag Enge 11.00 Familie Hjemdal 17.mar Maria budskapsdag Skånevik 11.00 Familie Grønnevik 24.mar Palmesøndag Frette 17.00 Høgmesse Grønnevik 24.mar Palmesøndag Skånevik 11.00 Forteljemesse Grønnevik 28.mar Skjærtorsdag Gjerde 19.00 Høgmesse Grønnevik 29.mar Langfredag Grindheim 11.00 Pasjonsgudsteneste Hjemdal 29.mar Langfredag Skånevik 18.00 Pasjonsgudsteneste Hjemdal 30.mar Påskenatt Stødle 23.00 Påskenatt 31.mar 1. påskedag Skånevik 12.00 Høgtidsgudsteneste Hjemdal 31.mar 1. påskedag Stødle 12.00 Høgtidsgudsteneste Grønnevik 01.apr 2. påskedag Fjæra 11.00 Høgmesse 16 Endringar kan skje. Fylg med i grannar! Begge Grønnevik Vil du vere med å byggja kyrkje i Etne? Vi seier takk for alle gåver! Send gjerne ein epost om du vil vite meir om fast gjevarteneste. Kontonummer 3543.13.50007 Epost: post@etnekyrkja.no