Frukost for hyttefolket Ny glød Vann 4-1
Transcription
Frukost for hyttefolket Ny glød Vann 4-1
RYFYLKE – lokalavis for indre Ryfylke Tysdag 8. oktober 2013 • Nr. 73 • Årgang 87 • Laussal kr 20,- • www.ryfylke.net Returadresse: Rådhusgata 1, 4200 Sauda Idear om framtida ” Leiar ...Så navlebeskuande kan vi ikkje vere... Side 4 SIDE 2–3 Sigrid Birkeland (frå venstre), Håvard Midthun Tårland, Jon Kristen Aspelund Haraldsen og Ole Henrik Birkeland er mellom åttandeklassingane som er med i tekstkonkurransen «Når eg er 50 i 2050». Elevane har gjort seg opp nokre tankar om korleis Ryfylke-regionen er 37 år fram i tid. – Vi har brukt fantasien ganske godt, fortel Ole Henrik Birkeland. (Foto: Linda Merethe Lie) Frukost for hyttefolket Vann 4-1 Ny glød Sauda Vekst, med Inge Løyning i spissen, og andre lokkar med gratis mat for å få ein dialog med hyttefolket. A-laget til Sauda vann omsider en heimeseriekamp då dei møtte Ølen sist torsdag. Sondre Handeland har nyleg bytta lag frå Team Sauda til Team Hovden/Sirdal Ski. Side 5 Side 6 Side 6 RYFYLKE 2 - Tysdag 8. oktober 2013 Omsetting av eigedomar i Sauda kommune Del av Gnr 42, bnr 62 er overdrege frå Ernst Hepp til Gunbjørg Skogøy (30.08.2013) Gnr 2, bnr 97 er overdrege frå Jan Ingvar Pedersen til Per Ove Pedersen (03.09.2013) Gnr 2, bnr 95 er overdrege frå Jan Ingvar Pedersen til May Elin Pedersen (03.09.2013) Gnr 2, bnr 96 er overdrege frå Jan Ingvar Pedersen til Linda Askeland (03.09.2013) Fløgstadneset 3 (Gnr 28, bnr 398) er overdrege for kr 1.150.000 frå Jakob Birkelid, Kirsti Birkelid og Oddbjørg Birkelid til Ryfylke Bygg Eiendom as (04.09.2013) Fløgstadneset 3 (Gnr 28, bnr 398) er overdrege frå Njell Oddvar Birkelid til Jakob Birkelid, Kirsti Birkelid og Oddbjørg Birkelid (04.09.2013) Austarheimsvegen 44 (Gnr 33, bnr 27) er overdrege for kr 1.650.000 frå Aron Stephan Ljung til Gustavsen Forskaling as (04.09.2013) Del av Gnr 50, bnr 35 er overdrege for kr 1.000.000 frå Ann Katrin Levik til Per Tore Skår (04.09.2013) Gnr 41, bnr 9 er overdrege frå Vrål Øverland til Valborg Øver- land Birkenes og Vidar Birkenes (02.09.2013) Brekkebakken 6 (Gnr 33, bnr 146) er overdrege for kr 1.540.000 frå Jarle Solheim til Svein Andre Stein Lilleskog (09.09.2013) Gnr 36, bnr 28 er overdrege for kr 20.000 frå Kåre Handeland til Jarle Handeland og Åshild Storevik (09.09.2013) Salet omfattar også Gnr 36, bnr 109 Gnr 50, bnr 8 er overdrege frå Torleif Maldal til Sukanya Maldal (10.09.2013) Gnr 50, bnr 8 er overdrege frå Sukanya Maldal til Anne Bråtveit Løland (10.09.2013) Søndenåhaugen 23 (Gnr 46, bnr 310) er overdrege for kr 2.500.000 frå Tore Abotnes til Lena Bjelland og Ola Bjelland (11.09.2013) Korleis ser Ryfylke ut 13-åringane trur bilane flyr og at snøen har forsvunne for godt når dei er 50 år. LINDA MERETHE LIE «Når eg er 50 – i 2050» er ei skrivekonkurranse i regi av Ryfylkealliansen. Alle åttandeklassingar i Ryfylke er invitert til å sjå inn i framtida. Elevane i Sauda har tankar om kva som pregar sauda- Kanskje vi kjem oss fram ved hjelp av snøkanonar? buen og andre i Ryfylke i år 2050. – Det var ikkje så lett, men når vi kom i gang var det veldig kjekt, synest Sigrid Birkeland. Jobba mykje Elevane i klasse 8B ved Sauda ungdomsskule har hatt skrivekonkurransen som ei oppgåve i norsk. I løpet av to veker har dei jobba både heime og på skulen. – Det var ganske interessant. Det er jo ikkje alt det vi har komme på vi er sikre på kjem til å skje, men vi veit jo ikkje korleis det blir i 2050, understrekar Ole Henrik Birkeland. Også dei andre åttandeklassingane ved skulen har deltatt i konkurransen. Dårlegare språk Åttandeklassingane har jobba individuelt, men fleire av dei har Kjekt å kunne sjå tilbake på kva vi tenkte når vi blir 50 år... tydeleg tatt utgangspunkt i ein stadig aukande bruk av digitale verktøy. – Vi kjem til å bruke meir sms-språk og kjem derfor ikkje til å snakke og skrive slik vi gjer i dag, trur Jon Kristen Aspelund Haraldsen. GOD FANTASI: Sigrid Birkeland (frå venstre), Håvard Midthun Tårland, Ole Henrik Birkeland, Jon Kristen Aspelund Haraldsen og dei andre åtta vil sjå ut når dei er 50 år. – Og blir det fleire ulukker, for folk bruker telefonen medan dei køyrer bil, supplerer Sigrid Birkeland. Ueinige om framtidas bilar Når diskusjonen peilar inn på bruk av bilar i år 2050 blir elevane svært engasjert. Nokre trur at framkomstmidla vil oppføre seg ganske annleis, medan andre er overbevist om at det aldri kjem til å skje. – Eg trur bilane kjem til å fly. At dei går på solceller, føreslår Sigrid Birkeland. – Eg trur vi er lei av bilar, eg. Kanskje vi kjem oss fram ved hjelp av snøkanonar? undrar Ole Henrik Birkeland. – Det spørs om vi har snø på grunn av den globale oppvarminga, minnar Håvard Midthun Tårland om, og kjem samstundes med eit svar på Sigrids tankar om solcelledrivne bilar. – Altså, eg er bilentusiast. Viss bilane skal fly, då er dei jo helikopter. Og dei kan jo ikkje gå på elektrisitet. Kva om dei hamnar i vatnet? Vatn ledar jo straum og RYFYLKE Salet omfattar også Gnr 46, bnr 443 Andreasmoen 16 (Gnr 35, bnr 295) er overdrege for kr 381.916 frå Sauda kommune til Laila Øvrebø Herheim og Nils Kristen Herheim (11.09.2013) Gnr 32, bnr 295 er overdrege for kr 800.000 frå Oskar Skorpe til Inge Hølland og Linda Moen Hølland (11.09.2013) Kjølbergvegen 21 (Gnr 28, bnr Tysdag 8. oktober 2013 - 3 421) er overdrege for kr 1.300.000 frå Arnhild Ringhagen til Gøran Ringhagen (11.09.2013) Kjølbergvegen 8 (Gnr 28, bnr 298) er overdrege for kr 1.100.000 frå Jorunn Margrete Brendemo til Jan Erik Aartun (12.09.2013) Gnr 2, bnr 43 er overdrege for kr 100.000 frå Ingolf Henrik Bøe til Karin Elisabet Blikra og Svein Magne Andersen Wersland (12.09.2013) Sandvikdalen 5 (Gnr 18, bnr 198) er overdrege for kr 2.400.000 frå Jarle Handeland til Erlend Hovland og Linn Therese Omland (13.09.2013) Prestegata 3 (Gnr 28, bnr 51) er overdrege frå Ester Svendsbråten til Arthur Emil Svendsbråten (18.09.2013) Gnr 11, bnr 11, fnr 62 er overdrege for kr 1.700.000 frå Jan Einar Rød og Randi Økland Rød til Geir Arvid Førland og Monica Zwerg Førland (20.09.2013) Gnr 32, bnr 877 er overdrege for kr 120.000 frå Svein Olav Aabø til Ryfylke Bygg Eiendom as (25.09.2013) Gnr 32, bnr 83 er overdrege frå Margot Kristine Martinsen til Hans Arild Tangeraas og Ingvar Tangeraas (26.09.2013) Gnr 12, bnr 5 er overdrege frå Synnøve Øygaren til Marinius Øygaren (30.09.2013) Overdraginga omfattar også Gnr 12, bnr 23 Overdraginga omfattar også Gnr 13, bnr 1 Gnr 11, bnr 11, fnr 11 er overdrege for kr 2.500.000 frå Danielsen Investment as til Viggo Danielsen og Trine Danielsen (30.09.2013) Kjelde: Statens kartverk om 37 år? God respons på skrivekonkurransen Håpar på å kunne bruke elevane sine tankar i profilering av Ryfylke. andeklassingane ved Sauda ungdomsskule har skrive kvar sin tekst om korleis dei trur lokalsamfunnet deira då døyr ein uansett, presiserer 13-åringen. Kjekt å sjå tilbake At dei ferske ungdomsskuleelevane er både reflekterte og engasjerte er det inga tvil om. Sjølv synest dei det var spennande å bruke fantasien for å prøve å forutsjå framtida. – Det blei bare kjekkare og kjekkare etterkvart, fortel Sigrid Birkeland. – Kjekt å kunne sjå tilbake på kva vi tenkte når vi blir 50 år, meiner Håvard Midthun Tårland. – Trur de at det kjem til å le litt av det de skreiv då? – Jaaa!!! svarar åttandeklassingane i kor, medan dei ler. overrasking til den klassen med høgast prosentvise deltaking. Kan bli brukt vidare For ein del år sidan arrangerte Ryfylkealliansen ein annan skrivekonkurranse. Her fekk dei inn ein del gode sitat som dei – Vi har fått svært positive til- brukte vidare i marknadsføringa bakemeldingar på invitasjonen, si. Nokre av desse har mellom melder Tor Øyvind Skeiseid i anna pryda bussane i Ryfylke i etterkant. Det er ikkje umuleg at Ryfylkealliansen. delar av bidraga som kjem inn i samband med «Når eg er 50 – i Vil reklamere Dei unge skribentane er bedt om å 2050» blir brukt til profilering av Ryfylke. dele sine tankar – Det blir om korleis vi ein vinn-vinnlever i Ryfylke Vi vil få alt det flotte situasjon. Elevi 2050, kva som er i regionen opp ane får høve til som er viktig å tenke gjeni liva våre og og fram og gjere dei korleis kva verdiar unge bevisste på seg nom dei er ein del og haldningar sjølv som ryfylkingar. av Ryfylke og vi som pregar oss. får inn mange Ryfylke Livsggullkorn frå dei nist er innleigd til å drive ein del av profilerings- som kan bli brukt i marknadsarbeidet til Ryfylkealliansen og føring, forklarer Flesjå. har mellom anna fått ansvar for å organisere tekstkonkurransen. Fleire juryar – Målet er å få fram verdien I Sauda er det omlag 60 åttandeav Ryfylke. Vi vil få alt det flotte klassingar. Totalt er seks komsom er i regionen opp og fram og munar med i tekstkonkurransen, gjere dei unge bevisste på seg sjølv noko som gjer at det potensielt som ryfylkingar. Vi håpar dei kan kan komme inn fleire hundre vere med på å sette Ryfylke på bidrag. Ein har derfor fordelt kartet, seier Silje Flesjå i Ryfylke juryarbeidet. – Vi har grupper på 15-20 perLivsgnist. sonar frå ulike miljø som les i kvar kommune. Gruppa i Sauda skal Flotte premiar Dei tre beste tekstane skal fram- sjølvsagt ikkje vurdere bidrag som er komme inn i førast under deira kommune. RyfylkeallianDenne juryen sen si storsam...vi får inn mange plukkar ut sine ling på Sand 13. favorittar som november. Forgullkorn frå dei fattarane av desse som kan bli brukt i blir sendt vidare til ein hovudjury, får 2 000 kroner marknadsføring... fortel Silje Flesjå. kvar, pluss at ein tilfeldig blir trekt ut til ei gåve på 1 000 kroner. I linda@ryfylke.net tillegg gir Ryfylke Livsgnist ei RYFYLKE 4 - Tysdag 8. oktober 2013 Reaksjon på flytting av legevakt Hvorfor er det ingen som har meininger om flytting av legevakta fra Sauda til Ølen? Har vi i Sauda gitt opp i utgangspunktet og tar det vi får? Sauda har i dag legekontor på dagtid og legevakt resten av døgnet, samt to observasjonssenger. Vi har en ambulanse som har mer enn nok å gjøre. For å redusere fraværstiden, når ambulansen har oppdrag til Haugesund sjukehus, har kommunen til tider valgt å overlate pasienten fra Sauda til en ambulanse i Ølen. Ambulansen fra Sauda kan da returnere til Sauda tidligere. Er dette brukervennlig? Vi ønsker og trenger to ambulanser som tidligere, spesielt dersom legevakten flyttes ut av kommunen. Når ambulansen som er i drift er på vei til Haugesund, hvem skal da rykke ut ved alvorlige ulykker/hjertestans og lignende dersom vaktlegen fjernes? Etter mine opplysninger mister vi også observasjonssengene da disse følger med legevaktsordningen og følger ordningen til Ølen. Suldal og Sauda er de som får lengst vei med “nyordningen”. Etter statistikken benytter Sauda legevakten dobbelt så mye som de andre samarbeidende kommunene, da spesielt personer på 80 år og eldre. Det er derfor den eldste befolkningen som blir mest berørt. Den yngre generasjonen benytter legevakten noenlunde likt i de fire kommunene. Syke og eldre mennesker kjører ikke bil, og av den grunn vil mange vente i det lengste med å kontakte legevakt dersom denne flyttes til Ølen. Dermed kan mange personer vente for lenge og bli mye dårligere, eller dø før de får hjelp. Leiar For fleire enn dei inviterte I helga skal det på nytt arrangerast frukost for hyttefolket i Sauda. Målet er at minst 300 av dei inviterte skal møte opp på samlinga som har som mål å skape betre dialog mellom turistane og vertskapet Sauda. I fjor svarte omlag 200 positivt på frukostinvitasjonen. Det var tydeleg at hytteeigarane hadde både meiningar og ønsker om korleis Sauda kunne gjerast endå meir attraktivt for dei, sjølv om dei i utgangspunktet treivst godt inst i Ryfylke. Folketalet i Sauda hadde i andre kvartal i år stige med 15 personar sidan ei måling tre månader tidlegare. Sjølv om det ferske halvårsresultatet var svært positivt for Sauda var innbyggartalet framleis i minus samanlikna med 1. januar. Det er alltid knytt spenning til nye opplysningar om folketal og oppdaterte tal på saudabuar plar å engasjere. Eit synkande folketal fører med seg bekymringar for framtida. Kvifor? Jo, fordi innbyggartalet er med på å avgjere omfanget av offentlege tenester og servicetilbodet elles. Klarer vi ikkje å få nok fastbuande må vi fri til turistane. Enkelte av dei som har fast adresse i Sauda vil gjerne føle oss snytt og forbigått fordi hyttefolket får meir merksemd enn dei. Men gløymer ein ikkje då at dei ferierande er med på å sikre eit tilbod som i aller høgaste grad er mest brukt av oss som bur her heile året? Så navlebeskuande kan vi ikkje vere, at vi ikkje ser fordelane av at dei som har fritidsbustad i Sauda kjem til orde. Det er registrert i overkant av 1000 fritidsbustader i Sauda. Totalt utgjer dette omtrent like mange personar som fastbuande saudabuar. Det er heilt opplagt at vi må spele på lag med dei som trass alt kan bidra positivt på ein måte som kan komme alle til gode. Det handlar ikkje om kva som er vårt og deira. Det handlar om eit best muleg Sauda i framtida. Eit Sauda som freistar både til permanent og midlertidig opphald, med gode tenester og tilbod til alle. Flere pensjonister har, i disse dager, ymtet om å flytte da barna ikke ønsker at pårørende lenger bor her uten den tryggheten legevaktsordningen gir. Er kommunen bare glad til? Dersom en av oss “finner på” å dø etter kontortid eller ved helg/helligdag, hva da? Skal pårørende eller annet hjelpepersonale vente til første hverdag før personen blir erklært død? Det er bare legen som kan fastsette dette. Sauda har slagordet “ nummer en på fritid”. Hva skjer da i vinterferier og ved påsketider med mange tilreisende hyttefolk i Saudafjella? Har vi helsetilbud som dekker disse, eller må disse behandles i Ølen? Det hevdes at vi har luftambulanse som står til tjeneste ved nødssituasjoner. På grunn av værforholdene kan ikke helikopter fly til Sauda rundt 60 døgn i året. Da er vi like langt. Ved en ulykke ved Sauda sin største bedrift, Eramet, hvem skal lede helsebiten av beredskapen dersom vår eneste ambulanse er ute? Lege er med ambulansen ved vanskelige og alvorlige tilfeller og gir livreddende hjelp, samt stabiliserer pasienten den lange veien til Haugesund. Vaktlegen er da den som blir igjen i beredskap når ambulansen kjører pasienten til sykehuset. Ropeidveien er rasfarlig med snøproblem om vinteren og til tider vanskelige kjøreforhold vår og høst. I sak 072/13 «Ett politi – rustet til å møte fremtidens utfordring» vurderer kommunen selv veistandarden slik: «Saudas geografiske plassering med store og raske endringar i befolkningsmengden i høgtider, samt det faktum Tysdag er stadnamn i Sauda tema i Sauda sogelag. Då vitjar den utflytta Saudabuen, Sveinung Astad sogelaget. Han skreiv i si tid hovudfagsoppgåva si ved Universitet i Bergen om stadnamn i utmarka på vestsida av Saudafjorden, frå Hustveit til Åbødalen. Men på sogelagsmøtet vil han ikkje berre halde seg til desse dalføra, seier han. – Eg vil famna så vidt som mogleg. Eg vil også kome inn på namn i områda på austsida av fjorden og leggje vekt på namn som ”alle” kjenner, opplyser han. Astad seier han ser fram til samtalen med dei frammøtte etter føredraget, og han reknar med at mange sit inne med gode forklaringar på stadnamn i bygda. No vert ikkje utmarka brukt på same måte som tidligare, og Sveinung Astad Linda M. Lie Bente Rasmussen Arvid Horpestad Ingvil Bakka Marita Ims 934 78 715 52 78 68 00 976 38 674 920 56 017 454 87 641 linda@ryfylke.net Annonse/abonnement abonnement@ryfylke.net MANGLANDE AVIS? Tlf. 52 78 68 00 (dagtid) Tlf. 958 41 660 (etter kl. 16.00) RYFYLKE Vår adresse er: Rådhusgata 1, 4200 Sauda Org.nr. 915 536 611 Sauda Pensjonistforening v/ leder Ragnhild Ness Stadnamn i sogelaget Pressens faglige utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presseforbund. Organet, som har medlemmer frå presseorganisasjonane og frå allmenta, behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål (trykt presse, radio og fjernsyn). Adresse: Prinsensgt. 1, p.b. 46, 0101 Oslo. Tlf: 22 41 56 80. Faks: 22 41 19 80 Dagleg leiar/redaktør at me samferdselsmessig tidvis er avskorne frå omverda, gjer det påkrevjande å ha eit oppegåande politikontor med god beredskap». Ut i fra det som holder på å skje så mener kommunen at det er mindre viktig med oppegående legevaktsordning med god beredskap i Sauda enn politikontor. Beboerne i Sauda har ingen fordeler med nyordningen, bare ulemper og mindre tilgjengelighet. Ordninger er ikke gratis. Slik vi ser det så er det brukerne som må betale prisen. Tror Sauda kommune at det blir mer attraktivt å etablere nye arbeidsplasser i Sauda når vi ikke har legevakt i nærmiljøet? 65 eldre fremmøtte diskuterte ovennevnte på åpent møte i Pensjonistforeningen i september. Det ble framsatt ønske om at merknader skulle sendes Sauda kommune og bladet Ryfylke. Sauda Pensjonistforening, som er partipolitisk nøytral, representerer mange eldre i bygda. Vi håper at kommunestyrerepresentantene tenker over overnevnte forhold før avgjørelsen blir tatt i kommunestyret. På møtet ble det også oppfordret til underskriftskampanje for å vise hva Sauda sine innbyggere mener og ønsker; Altså fortsatt legevaktsordning i nærmiljø Sauda. Journalist arvid@ryfylke.net Redaksjonen: ryfylke@ryfylke.net Journalist ingvil@ryfylke.net Annonsar: annonse@ryfylke.net Journalist Roar Lund Anne Lise B. Hansen Grafikar/annonse annonse@ryfylke.net marita@ryfylke.net Conny Rasmus Grafikar conny@ryfylke.net SENTRALBORD: 52 78 68 00 Abonnement: abonnement@ryfylke.net TIPS: 958 41 660 • SENTRALBORD: 52 78 68 00 • FAX: 52 78 68 01 Innleveringsfristar: Tysdagsavisa: Fredag kl. 12.00 Fredagsavisa: Onsdag kl. 12.00 er redd mange av stadnamna skal gå i gløymeboka. Så om de undrast på kva namn som Skaulen og Tempreidnuten skulle tyde, er det berre å kome på sogelagsmøtet på tysdag. Der blir det også, som vanleg både litt allsang, sogelagsmat og tid til drøs. Ver velkomne. Heilår/halvår ......................kr 1030/560 Ryfylke digital ....................kr 1030 Digital + papiravis ............kr 1390 Kontortid: 08.00 - 15.30 Fredag: 08.00 - 14.30 Kjem ut kvar tysdag og fredag Ryfylke har 27.500 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. Regionen-som kan by på fjordar, øyrike, fjell, byliv og solid glimt i auga-er ein viktig matprodusent, med stor og variert landbruks- og havproduksjon. Næringslivet elles er er kjenneteikna som kreativt, nyskapande og med solid drift, enten det er tale om store industriverk eller mindre bedrifter. Me som bur i Ryfylke, meiner bestemt at her er det godt å leva. RYFYLKE Tysdag 8. oktober 2013 - 5 Nytt frieri til hyttefolket Fleire hundre møtte i invitasjonar. Mange har begynt å til rette for toveis-kommunikasjon. kvalitetar som er så høge at dei må sentantar frå både kommunen og – Vi vil fortelle om utviklinga av delast med flest muleg. Eit tilbod til det lokale næringslivet skal delta. fjor, håpar på fleire i år. melde seg på, men vi har plass til LINDA MERETHE LIE – Vi ønsker å komme i dialog med hyttefolket, seier dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning. Mange inviterte Kommande laurdag blir Hyttefolkets dag arrangert for tredje gong i Sauda. Tiltaket er utarbeida av Sauda Vekst i samarbeid med kommunen, Sauda Handelsforening og Sauda Ferie & Fritid. I år, som i fjor, er familiane som har fritidsbustad i Sauda invitert på frukost. – Det er sendt ut nærmare 1 000 fleire. I fjor møtte Sauda. Kva som har nesten 200 til fruskjedd sidan sist og kost. Målet er at kva som er på gang. Eit tilbod til oss 300 personar blir I tillegg ønsker vi med i år, komer også eit tilbod å få til ein dialog menterer dagleg for å få fram kva til turistane... leiar i Sauda Ferie forventningar og & Fritid, Ragnar tankar turistane Fosstveit. har om Sauda, forklarer Inge Eramet er vertskap for fru- Løyning. kostsamlinga, som blir arrangert i kantina på smelteverket. Fokus på gjestene Ifølge Løyning er det viktig at hytVil kommunisere tefolket blir tatt med på lag, nettopp Målet med å arrangere ein eigen fordi dei betyr mykje for Sauda si dag for hyttefolket er å nå fram med framtid. informasjon og ikkje minst legge – Vi meiner sjølv at Sauda har oss er også eit tilbod til turistane, og då blir kvaliteten også betre for alle, meiner han, og legg til at dei fastbuande ikkje har grunn til å føle seg tilsidesett. – Vi vil ta godt vare på innbyggarane våre, både fastbuande og gjester. Denne seansen handlar om gjestene. Dei som bur her fast kunne også blitt invitert, men vi må avgrense oss, understrekar Løyning. Sentrum lokkar Frukostmøtet skal forhåpentlegvis skape dialog i løpet av den to og ein halv time lange økta. Repre- Etterpå blir deltakarane guida over «russerbrua» og kan slikt sett rette kursen vidare opp mot sentrum. Butikkane har såleis eit godt høve til å selge litt ekstra denne dagen. – Butikkane vil nytte denne mulegheita til å gi gode tilbod. Musikalsk underhaldning i sentrum vil sørge for ekstra god stemning. Handelsforeininga set pris på at det blir tatt initiativ til å skape blest om den lokale handelen, seier leiar i Sauda Handelsforening, Steinar Selvig. linda@ryfylke.net FULLT HUS: Nær 200 personar møtte då hyttefolket blei invitert på frukost i smelteverkskantina i midten av oktober i fjor. (Arkivfoto: Linda Merethe Lie) KOM OG PRØV VÅR fargekopi MASKIN Pondus PLAKATAR HEFTE BROSJYRAR SONGAR Ta turen innom for kopiering eller utskrift. Mån. -– torsdag kl. 08.00 – 15.30. Fredag kl. 08.00 – 14.30. Telefon: 52 78 68 00 E-post: ryfylke@ryfylke.net – ditt lokale mediehus RYFYLKE 6 - Tysdag 8. oktober 2013 Vann fortent over Ølen A-laget til Sauda slo Ølen 4-1. INGVIL BAKKA – Endeleg ein heimesiger. Me var veldig klare for å ta tre poeng, fortel Andre Lilleskog, kaptein på Sauda sitt a-lag i fotball. Torsdag møtte Sauda botnlaget Ølen til sesongens siste seriekamp på Sauda stadion. Sauda tok raskt leiinga etter bare seks minutt ut i første omgang. Eit frispark frå Jarl Larsen, nær midtbanen, blei lagt inn i feltet der kaptein Lilleskog fekk heada ballen inn bak ølenkeeper Andreas Mattingsdal. 3-1 til pause Tretten minutt seinare reduserte Ølen til 1-1 etter eit sjølvmål frå Sauda. Nær ein halvtime ut i omgangen klarte saudaspelarane å tråkla seg gjennom eit noko tafatt ølenforsvar og Atle Espevik Mehus auka leiinga til 2-1, etter at ballen hadde vore i stolpen. Då det nærma seg pause hadde også Ølen eit skot i stolpen, nær krysset over saudakeeper Håvard Wiersen. Men mål blei det altså ikkje. Få minutt seinare briljerte Andre Hansen då han kjempa med fleire ølenspelarar og fekk lobba ballen over keeperen deira og i mål. Sauda leia dermed 3-1 då laga tok pause. 4-1 til slutt Først då det var spelt over ein halvtime av andre omgang fekk Sauda sitt fjerde mål, då Åge Ringstrand fekk nettkjenning etter ein corner frå høgrekanten. Kaptein Andre Lilleskog er godt fornøgd med innsatsen til saudalaget. – Eg følte me hadde grei kontroll. Me hadde ein god tone i laget og folk jobba godt for kvarandre. Spesielt kjekt var det å sjå at dei unge spelarane på laget vårt ikkje er redde i duellane, seier Lilleskog. Ølen er eit lag Lilleskog og Sauda liker å møta. SAUDA – ØLEN: Sauda kjempa godt i kampen mot Ølen torsdag kveld. Likevel, Ølen er det svakaste laget i pulja med sine usle fire poeng – eitt poeng frå vårkampen mot Sauda og tre poeng i vårkampen mot Nord. Ølen rykkar ned, medan Sauda ennå lever i uvisse, når det nå gjenstår ein seriekamp. – Det er eit lag som passar oss godt. Når me møter laga som er veldig mykje betre enn oss blir me springande mykje imellom. Når me møter Ølen får me brukt energien og styrken vår i duellar. Då klarer me oss godt, seier Lilleskog. Uvisst om nedrykk Neste og siste seriekamp er borte mot Skjold komande fredag. Skjold ligg per i dag på sjuandeplass på tabellen, med 17 fleire poeng enn Sauda, som nå ligg på 9. plass i pulja. – Me spelte uavgjort mot dei heime, nå vil me kjempa hardt for å få tre nye poeng, seier kapteinen. Når det nå gjenstår ein seriekamp er det framleis uvisst kven som følger med Ølen, som bare har fire poeng, ned til femtedivisjon. Nord og Haugar har begge 14 poeng, medan Sauda har 15. Nord skal fredag møta Lura i sin siste seriekamp, same dag som Haugar møter Forus og Gausel. Sist desse laga møttes tapte Nord 0-1 og Haugar tapte 1-3. M, 4. divisjon, avdeling 03, 2013 1. Vard Haugesund 2 2. Haugesund 3 3. Djerv 1919 4. Avaldsnes 5. Vedavåg Karmøy 6. Forus og Gausel 7. Skjold 8. Lura 9. Sauda 10. Haugar 11. Nord 12. Ølen 53 poeng 43 poeng 41 poeng 37 poeng 34 poeng 33 poeng 32 poeng 30 poeng 15 poeng 14 poeng 14 poeng 4 poeng ingvil@ryfylke.net Handeland i storform Det nærmar seg ny sesong for langrennsløparane og Sondre Handeland er i kjempeform. MARITA IMS 21-åringen gjekk i sommar frå Team Sauda til Team Hovden/ Sirdal Ski, eit seniorsamarbeid mellom Sirdal og Hovden Skigymnas. Han føler sjølv at han nå har fått ein ny glød og er svært motivert for kommande sesong. PÅ HEIMEBESØK: Sondre Handeland fekk seg eit par gode økter på heimebane i helga. Til dagleg studerer han økonomi i Lillehammer, der hans nye lagkameratar også held til. (Foto: Henning Wiig) Spelar på kvarandre – Eg merkar at dette er noko heilt anna. Alt går mykje lettare. Det er meir motiverande å starta treninga i lag med eit team. I tillegg kan me læra og dra nytte av kvarandre sine kvalitetar. Somme er gode på sprint, medan andre er gode i motbakkeløp. Det er også positivt at i dette laget er me berre langrennsløparar, og fokuset er deretter, seier Handeland. God peikepinn Skiløparen deltok nyleg i kretsmeisterskap på Feed skiarena i Tonstad, 4x3 kilometer-løp, der Handeland kapra andreplassen. – Eg hadde vore sjuk i forkant og følte det hang igjen, men resultatet blei bra likevel, seier han. – Ryktet fortel at lagkameratane dine berre såg ryggen på deg under treningssamlinga i etterkant av løpet? – Hehe, nei det var vel ikkje heilt slik, men eg har ein god følelse og samlinga gav meg ein god peikepinn på korleis eg ligg an. Høgdepunkt I slutten av november går startskotet for årets første renn, som blir arrangert på Beitostølen. For Team Hovden/Sirdal Ski blir det mest å delta for treningens del, ifølge Handeland. – Me kjem til å ha ei treningssamling i veka i førekant og avsluttar samlinga med skirennet som ei hardøkt. Høgdepunkta er NM i Molde i midten av januar, i tillegg kjem Norgescupen utover i sesongen, fortel Sondre Handeland. – Har du nokre rivalar? – Det er gjevt å vera betre enn lagkameratane, så rivaliseringa blir nok meir internt i laget. Eg har ingen erkefiende, flirer Handeland. Effektiv justering Skiløparen er også fornøgd med sin nye trenar, Frank Heggebø, og føler at justering av treningsmetode har gitt effekt. – Det er mykje likt, men Heggebø har triksa litt med tanke på intensitet. Det går mest på dei harde øktene, at eg skal halde litt igjen på somme av dei, istaden for å gi alt under alle øktene, fortel Sondre Handeland. marita@ryfylke.net RYFYLKE Tysdag 8. oktober 2013 - 7 Fast 10-kroners Vårt b kjøtt til este fårikål FÅRIKÅLKJØTT Gilde. Lam. 2,5 kg. Pr kg Forbehold om trykkfeil og utsolgt 8990 7990 HENRIETTES LAMMEBOG Skivet. Pr kg 6990 149 LAKSEFILET Coop. U/skinn. 4 x 125 g. Pr pk. Pr kg 139,80 HÅNDKLEPAKKE Består av 2 stk 50 x 90 og 2 stk 70 x 140 cm. 100 % bomullfrotté. Pr pk Sauda 8–22 (20) EXTRA LAVE PRISER Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler. Mer informasjon om de ulike fordelene finner du på: Coop.no Annonsen gjelder i uke 41 4 pk RYFYLKE 8 - Tysdag 8. oktober 2013 Foto: Sebastian Ludvigsen Nå gjør vi også middagen billigere! Grandiosa Original Gjelder kun denne varen. Stabburet, 3 x 575 g, 48,-/kg. Pris ved kjøp av én: FØR 4370/stk. NÅ 4140/stk. 3 for 2 gjelder i perioden 7. oktober t.o.m. 26. oktober. Peppes pizzabunn 3650 Pizzabunn familiepakke 2490 Peppes, 550 g, 66,36/kg, FØR 39 20 Pizzafyll tomat og løk Toro, 52 g, FØR 2120 1990 Alltid billig middag! Pizzafyll tomat og urter Toro, 52 g, FØR 2160 2130 Toro, 380 g, 65,53/kg, FØR 2590 RYFYLKE Tysdag 8. oktober 2013 - 9 Sauda komm. kino Optimistene A., 91 min. Ons 9/10 kl. 11.30. Merk tid! Søn 13/10 kl. 18.30 Gåten Ragnarock 11 år, 97 min. Ons 9/10 kl. 13.30. Merk tid! Fre 11/10 kl. 19.00 Turbo - 3D A., 96 min. Tors 10/10 kl. 12.00. Merk tid! Fre 11/10 kl. 17.00 Premiere! About time 7 år, egnet u/V, 123 min. Fre 11/10 kl. 21.00 Søn 13/10 kl. 20.15 Billettsalg www.saudakino.no og biblioteket! Ved til salgs Flott innelagret bjørk-, furu- og blandingsved leveres tilkjørt i storsekk fra 2 200,- pr favn. Tlf. 412 65 648 Mr. Smultring er på torget fredag 11. okt. Ikkje fått avis? Ring 52 78 68 00 (dagtid) eller 958 41 660 (etter kl 16.00) Onsdag 9. oktober KOMLEMIDDAG kl. 14.00 – 17.00 Tlf. 975 41 680 60 l. sekk tørr og fin blandingsved til salgs. Kr 35,- pr. sekk. fra kl. 10.00 – 14.00. Kun torgsalg. Hybel/leilighet ønskes snarest. SAUDA KOMMUNE Høstmeny Sjøen 12 Reguleringsplan utlagt til offentlig ettersyn Formannskapet har i møte den 01.10.2013 vedtatt å legge reguleringsplan for hybelhus, ny barnehage og leiligheter – del av gnr. 32 bnr. 684, 685 og 806, ut til offentlig ettersyn i henhold til plan – og bygningsloven § 12 – 10. Ta gjerne med hjem! Reguleringsområdet ligger mellom Haakonsgaten og ”hestesportbanen”. Størrelsen på Tlf. 52 78 18 00 området er ca. 27 daa. Hensikten med reguleringen er å etablere hybelhus, ny barnehage og bruksendre ekSavner du sisterende ”byanlegg” til leiligheter. Deler av grøntstrukturen blir som i dag. Planforslaget, med bestemmelser, samt plansine brød og bakevarer? beskrivelse og ROS-analyse ligger til offentlig ettersyn på Kundetorget, 1.etg. Rådhuset. Planen er også tilgjengelig på kommunens Ta kontakt på tlf. 52 60 90kremmarar:hjemmesider. Til80lokale Eventuelle merknader/uttalelser sendes skriftlig til Sauda kommune, teknisk enhet, Pb.44, Kontortid: 4201 Sauda, innen 22. november 2013. Mandag – torsdag kl. 09.00 – 12.00 Fredag 11. oktober THAIBUFFET kl. 16.00 – 20.00 Topp Bakeren Vi kan levere til deg. Kommunalsjef teknisk Kontakt Tina, tlf. 974 34 745 SE OPP Hugs våre annonsefristar: Høgt og lågt I.L Ny Von startar opp igjen med leik og fysisk aktivitet for born mellom 0-6 år i gymsalen på Risvoll skule. Alle born i denne aldersgruppa, saman med ein forelder er velkomne til å bli med, torsdag 10. oktober kl. 16.45-17.30. Velkommen!! Til tysdagsavisa: Fredag før kl. 12.00 Til lokale kremmarar: Til fredagsavisa: Onsdag før kl. 12.00 Tlf. 3208 6355 • www.norskved.no Innsamlinga i år går til Demenssaka i regi Nasjonalforeningen for folkehelse. Meld deg til Mari på Frivilligsentralen, 52 78 08 00, e-post: sauda.frivillig@iogt.no, kremmarar:tlf. eller kom innom sentralen. Få gjerne med deg andre óg! SAUDAKOMMUNE Blir lagt merke til: Dei fleste les heile lokalavisa frå fyrste til siste side – i fred og ro – Bill. pris honnør: kr 70,-. fordi dei har lyst! Også annonsane blir difor lagt merke til. Sjølv med ei beskjeden plassering, blir dei det. Og iKinosjefen tillegg, annonsane blir ikkje berre lagt merke til, annonsane i dei lokale papiravisene Ting & tang blir også studert. Mange typar annonsar oppfattar lesaren som svært interessante. I.L Ny Von, Jorunn Øye Rossebø og Helene Fjellheim Midthun ME TRENG FLEIRE BØSSEBÆRERAR TIL TV-AKSJONEN 20. OKTOBER alle som har lyst til å se film på blanke formiddagen! Onsdag 9. oktober kl. 11.30 vises ”Optimistene”. Bli medlem i vedprodusentenes eget fagforum og få: • Fagbladet Norsk Ved • Vedutstyr til medlemspriser • Informasjon om vedbransjen • Vedsalg på internett Kontakt oss for info! Slik kjem bodskapen din fram til dei som du faktisk ønskjer å nå. Det er jo ein god start når du vil ha folk inn i butikken … Blir lagt merke til: Hus/hytte på Søndenå Dei fleste les heile lokalavisa frå fyrste til siste side – i fred og ro – fordi dei har lyst! Også annonsane blir difor lagt merke til. Sjølv vurderes solgt. Ver ein kremmar du og! med ei beskjeden plassering, blir dei det. Og i tillegg, annonsane ikkje berre lagt merke til, annonsane i dei lokale papiravisene Tlf. 938 43 blir 553 Pris: kr 100,- blir også studert. Mange typar annonsar oppfattar lesaren som svært interessante. for fire linjer + tlf. nr. Ekstra pr. linje: kr 20,-. Det du ikkje treng - Slik kjem bodskapen din fram til dei som du faktisk ønskjer å nå. betalast Det er jo ein god start når du vil haSkal folk inn i butikken før … innrykk. kan andre ha bruk for. Ved gir miljøvennlig varme Til lokale kremmarar: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no Blir lagt merke til: Dei fleste les heile lokalavisa frå fyrste til siste side – i fred og ro – fordi dei har lyst! Også annonsane blir difor lagt merke til. Sjølv med ei beskjeden plassering, blir dei det. Og i tillegg, annonsane blir ikkje berre lagt merke til, annonsane i dei lokale papiravisene blir også studert. Mange typar annonsar oppfattar lesaren som svært interessante. Blir lagt merke til: Slik kjem bodskapen din fram til dei som du faktisk ønskjer å nå. Det er jo ein god start når du vil ha folk inn i butikken … Dei fleste les heile lokalavisa frå fyrste til siste side – i fred og ro – fordi dei har lyst! Også annonsaneDenne blir difor lagt merke Sjølv annonsen er eit samarbeid mellom lokalavisa mellom ditil. og Landslaget for lokalaviser Annonsen er eit utdrag frå (LLA). Annonsen er eit utdrag frå Denne annonsen er eit samarbeid lokalavisa di og(LLA). Landslaget for lokalaviser den nye marknadsavisa vår, der vi byr på lettleste sider om korleis lokalavisene kan vere med på å få endå meir klingande den nye marknadsavisa vår, der vi byr på lettleste sider om korleis lokalavisene kan vere med på å få endå meir klingande mynt i kassaapparatet ditt. Spør gjerne etter heile avisa hos di eiga lokalavis, eller bestill ho på www.lla.no. med ei beskjeden plassering, blir dei det. Og i tillegg, mynt i kassaapparatet ditt. Spørannonsane gjerne etter heile avisa hos di eiga lokalavis, eller bestill ho på www.lla.no. blir ikkje berre lagt merke til, annonsane i dei lokale papiravisene blir også studert. Mange typar annonsar oppfattar lesaren som svært interessante. RYFYLKE 10 - Tysdag 8. oktober 2013 På MOT-samling Etne kommune har fjerna driftstilskotet til lag og organisasjonar. Tilskotsordningane «Fritidstilbod born og unge» og «Tilskot vaksne lag» vart frå og med i år tatt ut av budsjettet til kommunen. Dette dreiar seg om respektive 54 423 og 62 481 kroner. Og dermed forsvann stønaden til 15-20 lokale lag og organisasjonar. Lag og stiftingar reagerer, medan leiar for kultureininga i kommunen, Nils Halleland, forklarer at kutta blir sett som naudsynte ut frå dei økonomiske utfordringane kommunen har i åra som kjem. Suldalsposten Aktivitetar i haustferien Både i Strand, Forsand og Hjelmeland er det laga aktivitetar for barn og ungdommar i haustferien. På Jørpeland inviterer Frivillighetssentralen til eit gratis barneforedrag om robotar, ved forfattar Magnus Holm, som har skrive serien «Nysgjerrig på». I tillegg blir det vist to kinoførestillingar, samt kortkurs og dekorasjon av fyrstikkesker og kort. Forsand Idrettslag arrangerer hallaktivitetar for barn frå seks år, samt høgtlesing og film for både dei yngste og ungdommar. I Hjelmeland blir det forteljarstund i biblioteket, for barn frå fem til ti år. Grannar Ansvar for rehabilitering Det interkommunale helsesamarbeidet vil etter alt å dømma gi Suldal ansvar for interkommunale rehabiliteringssenger, og fleire nye arbeidsplassar. – Behovet i dei fire kommunane (Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal) er nok rundt 12-13 senger, seier rådmann Øyvind Valen. Han viser fram ei avdeling i den tidlegare institusjonen Bjødnateig som ein muleg fasilitet, og som vil vera fullt muleg å opna frå januar 2015. Strandbuen Positive sjuketal Det har vore ein interessant utvikling i det legemeldte fråværet i Norge dei siste fire åra. Ein titt på andre kvartal i 2009 viste at det legemeldte fråværet då var oppe i 6,3 prosent. Så i heile Norge har fråværet gått ned heile 1,2 prosentpoeng, noko som må seiast å vera ein markant nedgang. Ein gjennomgang av dei lokale tala, viser at arbeidstakarar frå Odda også har bidratt til den positive utviklinga. Hardanger Folkeblad oss. Veldig inspirerande, fordi dei formidla ein viktig bodskap på ein interessant måte. Opplevelsen har vore lærerik for oss, og me håpar på å få formidla dette vidare til lokalsamfunnet vårt. Me har fått mange nye inntrykk og lært å kjenne oss sjølv på ein heilt ny måte. Me gir honnør til kommunen for å ha sponsa denne turen for oss, det har verkeleg vore ein fantastisk opplevelse med minner og venner for livet! Under MOTveka 2013, som me arrangerer i veke 46, blir det mulighet for å høyra meir om opplevingane våre. Helsing Amalie Nilsen, Maren Solland og Kristina Øverland MODIGE: Amalie Nilsen (frå venstre), Maren Solland og Kristina Øverland lærte mykje då dei var på MOT-samling i Trondheim. (Foto: Privat) Tett på hjorten Jakta på storvilt er godt i gang og for tre unge jegerar blei sist sundag ekstra spennande. MARITA IMS Brørne Tobias (12 år) og Sebastian (7 år) Sandanger, og Ole Henrik Birkeland (13 år) har vore på jakt opptil tre og fire gonger før, men det er ikkje kvar gong det har blitt felt dyr. I helga derimot, var gutane på rett plass til rett tid. Følgde hjorten Jaktlaget, der nærast alle grunneigarane var representerte, prøvde seg først på Birkeland. Då det var tjukt med skodde ville dei i staden prøva seg i Maldal. Dei to eldste gutane var med å driva frå utføre tjørnene ved Vetrhus, medan minstemann sat på post i Maldal, med far sin, Nils Jarle Sandanger, og resten av laget. M S L D M T S H L S S H A U S T J A M D Ø G E R V R I R N A U D D U M R A E P R R Å E D S Y E R N T O E V R A E L R E E S L I V S T E K K E K K R E S E S K O E T T E O R G I F L I O S F I K T R E E E A D Ø L D V E I N A N N G A U N G L A N E S I R E I N N E V L E Y R T S N T Y E T A E R I K N V L A Y R S S T R Å L E T E I L A K U Lærerikt Det er berre tre år til Ole Henrik Birkeland sjølv kan gå med våpen og vera den som feller eit dyr ti gonger større enn seg sjølv. Kunnskap om jakt, det har han. – Dyra vil helst gå mot vinden, slik at dei kjenner om det er fare framføre seg. Når dyret kjenner lukta av oss som går og driv, vil det snu og gå vekk frå oss. I andre enden sit jegerar på post, klare til å skyta, fortel han. – Og der sit du, Sebastian? Er du ikkje redd? – Hihi, nei! Eg vil lokka skikkeleg, seier den yngste i jaktlaget ivrig. – Det er berre gøy. Ikkje skummelt! legg han til og fortset å glisa trill rundt. Denne gong var det Vegard Birkeland som sat på riktig post, og fekk felt hjorten som kom gåande i mot. Kjapt etter var slaktinga i gang og gutane følgde nøye med. Løysing kryssord frå fredag 27. september F T U T E P U N E K R E A R T O T E N A L E T N E A R E D O P L R E S S E O T E S U T T S J E B O N I A R O M A V H A U S L E R T V E K T T I V E R R R I M A R Y R G A I S E K K T T I S T S O A K S Ø R O M I N L K E M N A U A R T A R L A E N Øver på blink Gutane er tydeleg stolte over å ha vore med på å fella storvilt denne dagen. Som løn for arbeidet har dei fått kvar sin boks med Pepsi Max og ei positiv erfaring å ta med seg vidare. Dei er samde om å bli dyktige jegerar. – Me trenar litt med luftpistol, fortel Tobias Sandanger. På spørsmål om kva dei skyt på, er ikkje journalisten heilt overtydd om at gutane fortel heile sanninga. Men svaret er, mellom mykje lått; boksar, blink og flasker. marita@ryfylke.net EI ERFARING RIKARE: Jaktlaget skaut sundag ein fin hjort, og dei yngste, Tobias Sandanger (frå venstre), Sebastian Sandanger og Ole Henrik Birkeland, sit att med nok ei spennande storviltjakt. SuDoku ������������������������� ��������� ������������� ��������� ������������������������ ����������������� ��������������� ���������������� ��������������� ������������� ���������������������� ������������������������������������ ���������� �������������������� ��������������� ������������������� 7 6 8 1 9 3 2 5 4 5 1 9 2 4 7 6 8 3 3 4 2 8 6 5 9 7 1 8 9 5 3 2 4 1 6 7 1 2 4 6 7 8 5 3 9 6 7 3 9 5 1 8 4 2 4 3 1 5 8 2 7 9 6 2 5 6 7 3 9 4 1 8 9 8 7 4 1 6 3 2 5 Svar på forrige Sudoku Fyll ut dei tome rutene med tal frå 1 til 9, både vassrett, loddrett og i kvadrata. Levert av Pressetjenester ans Mistar tilskot Søndag 29.09.2013 var me så heldige å få lov til å reisa opp til Trondheim på Signalbærersamling med MOT. Formålet med å reisa var blant anna å få styrkja motet vårt og gi oss betre innsikt i oss sjølv. I tillegg ville dei bevisstgjera oss på det å vera gode rollemodellar og utfordra oss til å bli kjend med andre sider av oss sjølv. Dette var me så heldige å få oppleva gjennom blant anna lederskapsutfordring, teamøvelsar og coachingsamtalar. Kurset varte i fire dagar, og det var deltakarar frå heile landet. Me var tilsaman 22 ungdommar i alderen 14-18 år. I tillegg til å få vera med på mange aktivitetar som gjekk på samarbeid, høyrde me også på leierane som heldt foredrag for RYFYLKE Tysdag 8. oktober 2013 - 11 Gratulerer med dagen! Hipp, hurra for gullgutten Henrik Flåte som blei 8 år søndag 6. oktober. Me er masse glad i deg! Klem fra mamma og Alexander. Bestemor og besten i Saudasjøen hilser óg. Nyfødd Hipp, hipp, hurra for mormor mi, Ranveig Søndenå, som fyller 50 år. Du er verdens snillaste. Suss og kos fra Conrad. Dødsfall Min elskede kone og beste kamerat min eiegode datter vår kjære søster og svigerinne vår omsorgsfulle bestemor og oppmerksomme mostå og fastå Hipp, hurra for den flotte mammaen vår, Ranveig Søndenå, som fyller 50 år i dag, 8. oktober. Du e bare superduper og me sette stor pris på deg. Klem fra jentene dine. Jarle og Øystein hilser også. Marta-Jorunn Solberg Endelig kom lillesøster! Sverre og Selma fekk ei fin søster 19.09.13. Ho har fått namnet Sigrid. Foreldre er Janne Eikevik og Charles Hauge. født 25. august 1944 sovnet stille fra oss 4. oktober 2013 etter kort tids sykdom. Reidar Astrid Aud Hans Torunn Film er best på kino Heine Mats Philip Aksel Ola Emil Øvrig familie Begraves fra Søndre Slagen kirke tirsdag 15. okt. kl. 12.30. Aboute time Takk Like kjært som blomster er en gave til Kreftforeningen. Hjerteleg takk for besøk og helsingar på min 70-årsdag. Alle som følger er velkommen til minnesamvær på Karlsvik Gård. Torgeir Olav Tveitane † Regissøren av Love Actually er tilbake med en ny romantisk komedie med Rachel McAdams, Domhall Gleeson og Bill Nighy, om en ung mann som oppdager at han kan reise i tiden. Kvelden etter en mislykket nyttårsfest, forteller Tims far (Bill Nighy) ham at alle menn i deres familie har hatt evne til å reise i tiden. Tim kan ikke endre på historiens gang, men han kan endre på ting som skjer og har skjedd i sitt eget liv. Tim bestemmer seg for å gjøre sin verden til et bedre sted… ved å skaffe seg en kjæreste. Dessverre blir det langt fra så enkelt som han hadde trodd. Hjarteleg takk for blomar, helsingar og deltaking ved Ingeborg Handeland si gravferd. Helsing Elmer m/fam. Olav, Odd Helmer, Asbjørg m/fam. Elisabeth Innleveringsfristar: Tysdagsavisa: fredag før kl. 12.00. Fredagsavisa: onsdag før kl. 12.00. Send via www.ryfylke.net - e-post: annonse@ryfylke.net - mms til tlf. 934 47 455. Hugs fullt namn på jubilanten. Dagen i dag 8. oktobe 2013 r Sol «Det vert vanskelegare og vanskelegare å vere klovn, slik som folk er no til dags.» Tysdag I dag Storm P. Ons Tor Fre Laur Søn Mån Opp 07.59 08.02 08.04 08.06 08.09 08.11 08.14 I sør 13.22 13.21 13.21 13.21 13.21 13.20 13.20 Ned 18.47 18.44 18.41 18.38 18.35 18.32 18.29 I dag Ons Tor Fre Laur Søn Mån Flo Flo 02.14 02.56 03.42 04.31 05.27 06.31 07.45 14.36 15.19 16.05 16.55 17.52 18.57 20.13 Fjøre Fjøre 08.14 08.53 09.34 10.18 11.12 12.30 01.39 20.31 21.11 21.55 22.45 23.52 ------ 14.17 14. oktober: - Vinterdag 1843: Målaren Kitty Kielland vart fødd i Stavanger. Ho er kjend for bildeta sine frå Jæren, som ho måla i ein enkel og monumental stil 1843: Det første offentlege skirennet i Noreg vart skipa i Tromsø 1948: Noreg vart medlem av FN sitt sikringsråd 1981: Fagrørsla Solidaritet vart forboden i Polen I dag: Benedikte, Bente Onsdag: Leidulf, Leif, Dennis Torsdag: Fridtjof, Frida, Frits Fredag: Kevin, Kennet, Kent Laurdag: Valter, Vibeke Søndag: Torgeir, Terje, Tarjei Måndag: Kaia, Kai Flo&Fjøre Namnedagar: FAKTA Kikkert Komande merkedag: På denne dag i: Bodil Are Kikkert er eit optisk instrument som vert nytta til å sjå ting langt unna med ein større synsvinkel enn ein kan sjå med berre augene. Ein kikkert er samansett av objektivet, ei samlelinse som gjev eit omvendt, forminska bilete av tingen. Dette vert forstørra av okularet (linsa nærast auget), ei samlelinse som verkar som ei lupe. Prinsippet vart oppfunne av Kepler i 1609. Levert av PresseTjenester ans, Bergen C RING vår tipstelefon 958 41 660 Vakt: Linda Merethe Lie - og få flaxlodd i posten! RYFYLKE 12 - Tysdag 8. oktober 2013 Sauda for Ønsker du å profilere di bedrift? Vêret blir lest av mange og du blir godt synleg her på “baksida” Bestill annonseplass NÅ – ring Bente på tlf. 52 78 68 00 Vêret Torsdag Fredag Laurdag Sundag Måndag Sauda i morgen: Regn. Flau vind, 1 m/s frå sør. 2,8 mm nedbør. Sauda 10° Klårvêr. Svak vind, 3 m/s frå nordaust. 0 mm nedbør. 10° 12° 16° 16° 13° Klårvêr. Flau vind, 1 m/s frå nord. 0 mm nedbør. Klårvêr. Flau vind, 1 m/s frå austnordaust. 0 mm nedbør. Klårvêr. Flau vind, 1 m/s frå austnordaust. 0 mm nedbør. Klårvêr. Flau vind, 1 m/s frå austnordaust. 0 mm nedbør. Siste 30 døger: Snittemperaturen var 10,7 gradar, 0,8 gradar over normalen. Høgste temperatur var 22,2 gradar (8. september), lågaste var 2,1 gradar (27. september). Samla nedbør var 203,8 mm. Mest nedbør på eitt døger var 66,4 mm (7. september), målt kl 7 (kl 8 sumartid) for siste 24 timar. Sand Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK. skuleeleven Navn: Maren Kvaløy Alder: 10 år Klasse: 6. Skule: Risvoll Skule Korleis kjem du deg til skulen? Eg syklar fem minutt. Eller ti kanskje. Om vinteren blir eg anten kjørt eller eg går. Kva er det kjekkaste faget du har? Kunst og handverk, og sløyd og gym. Kva liker du å gjere i friminutta? Eg gjer ingenting, eg. Eller, eg er i lag med fadderungen min. Og av og til har me gym i gymsalen. Kva er det første du gjer når skulen er slutt? Lekser. Dersom det er stygt vêr spelar eg på Ipad. Dersom det er fint vêr har me boksen av og sånt. Kjenner du nokre elevar frå dei andre skulane? Ja, eg kjenner nokon. Kva brukar du å gjere på fritida? Eg går på litt ting. Fotballtrening ein gang i veka, pluss kamp, så spelar eg gitar og går på skyting. Og slalom om vinteren. Kva vil du bli når du blir stor? Har ikkje peiling. Eg har ikkje tenkt på det. SPRETTEN JENTE: Maren Kvaløy er aktiv innan både fotball og skyting. (Foto: Marita Ims) 25 år sidan Ryfylke nr. 71 30. september 1988 Tekne for smugling Tre norske offiserar ombord på lastebåten «Partner One» er tekne for smuglingsforsøk av 112 flasker brennevin og 2000 sigaretter. Offiserane er bøtelagte. «Partner One» kom frå Pointe Noire via Teneriff og ligg no ved kai i Sauda. Tollvesenet i Haugesund har vore i Sauda på rutinekontroll. Resultatet av eit nattleg besøk ombord i lastebåten «Partner One» var beslag av 112 flasker brennevin og 2000 sigaretter. Kapteinen og to offiserar er alt bøtelagte for smuglingsforsøket og fått presentert ei bot på 5000 kroner kvar. Dei høgaste inntektene i 1987 1. Jan Terje Tytlandsvik kr. 425.200 2. Aksel Kornelius Rød kr. 408.200 3. Kåre Johan Årthun kr. 406.900 4. Carsten Due-Gundersen kr. 400.500 5. Nikolai Selvik kr. 386.800 6. Arne Aabø kr. 385.000 Vi må ikkje gå blinde og baklengs inn i framtida Den gamaldagse etikken må takast fram og brukes i vårt forhold til omgjevnadene. Vi må ikkje la profitt styre haldningar, sa professor Jakob Jervell i eit engasjerande foredrag i «Forum for kyrkje og kultur» sist fredag der geneforskning og biokjemi var hovudtema. Eldresenteret i Sauda var fullsett, og det var tydeleg stor interesse for emnet genetikk og biokjemi som Jakob Jervell skulle snakke om. Haldis Moren Vesaas kjem Rikskonsertane har lagt opp ein kunstnerturne med mellom andre Haldis Moren Vesaas og Tone Huldbekkmo. Kunstnarane kjem til Ryfylkeregionen første veka i desember. Om Sauda ikkje får til å setje opp eiga forestilling vil det verte sett opp «teaterbuss» til Sand fredag 9. desember.