Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda
Transcription
Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda
Sommar & ferietid Gratis informasjonsavis til turistar og fastbuande i Sauda Utgitt av: 2 RYFYLKE Sommar & ferietid Innhald Gullkorn frå barnemunn s. 3 Kart s. 4 – 5 Vanvikfestivalen s. 6 Aktivitetskalender s. 7 Fjordperle s. 8 – 9 Annonser s. 10 – 13 Gammal hytte blei ny s. 14 – 15 Fiske s. 16 Grilltips s. 17 Hotell i særklasse s. 18 – 19 Familiekviss s. 20 RYFYLKE Sommar & ferietid 3 Vi elskar sommar 1. Har du planar for sommarferien? 2. Kva er det beste med sommar? 3. Kva er kjekt å finne på i Sauda om sommaren? Sol Tiril (7 år) 1. Eg skal reise til syden. Eg veit ikkje heilt kva det heiter der, men det er ein plass i syden. Det er eit hotell i Spania, trur eg. 2. Eg liker best at det er så varmt. Og at eg kan bade. Og så er det fint at det ikkje er regn for då kan vi vere ute. Då er det finare vêr. 3. Det kjekkaste eg veit er å bade i sjøen. Og av og til i Rødstjødna. Eg har gjort det før. Då var eg med morfar. Tamar (7 år) 1. Eg trur eg skal bade. Eg trur også eg skal reise til Nederland. 2. At det er så varmt og godt og at eg kan bade. 3. Eg liker best å bade i sjøen og sånne andre ting. Annika (6 år) 1. Eg trur eg skal reise til Tyrkia. Eg skal i allefall til Mikkelparken! 2. Å bade i sjøen. Eg synest ikkje det er kaldt. 3. Spise is. Espen Nikolai (6,5 år) 1. Eg skal reise til syden, men eg veit ikkje heilt kva det heiter der. 2. At eg kan bade og sole meg. Og så liker eg å fiske. Spesielt sei og laks. Eg plar stå på land. Eg har eiga fiskestang. 3. Bade og gå i fjellet. Iver (7 år) 1. Eg skal på hytta i Slettedalen med mamma. Vi ligg der og får besøk og går på besøk. Og av og til fiskar vi. Eg likar også å spele kort med bamsane. Det er dei som vinn nesten kvar gong. 2. Å bade i fjorden, spise is, sole seg, hoppe på trampoline, leike i sandkassen. Og så er det ein liten kulp på toppen av skitrekket. Den kan alle som vil bade i, men det er ikkje alle som tør. Det er nemleg ein kjempestor fisk med kjempespisse tenner oppi der. Det er ikkje akkurat ein vanleg fisk. Mange folk er redd for at den skal bite dei i foten. Eg er ikkje redd. 3. Viss eg skulle tatt med nokon på ferie i Sauda ville eg ha tatt dei med for å bade. Då måtte det vere ein plass det er grunt. 4 RYFYLKE Sommar & ferietid Sauda - bygda med eit Sentrum Båthavna Kor: Langs innkøyringa til Sauda Kva: Med flott gjestehamn med plass til både små og store båtar, og kort avstand til sentrum og ulike aktivitetar. Stadion Kor: Midt i sentrum Kva: Kunstgrasbane. Har også ein mindre bane. I tillegg er fotballbanen omkransa av løpebane med tartandekke. Er open for alle heile døgeret. Jettegrytene Kor: Golfbanen I sentrum Kva: Båt, buss og taxi ligg samla på kaien og er lett å finne. Kor: Åbødalen (Buer) Kva: Ligg ti minutt frå Buer i Åbødalen. Flott turområde med mulegheiter for bading. n Bussterminal RYFYLKE Sommar & ferietid t variert tilbod året rundt Kinoen Kor: Brekke Kva: Populær turløype. Høgaste punkt er 480 meter over havet. Sti heile vegen opp. Kor: Kor: Naturleg nok, i sentrum. Kva: Her finn du det meste. Nytt høvet til handle i avslappa omgivnader, utan kø, men med god service. Midt i sentrum Kva: 199 seter. Sauda kino viser ein rekke filmar, både for barn og vaksne i løpet av sommaren. Rondehaugen Kor: Sør for Saudasjøen Kva: Foss i Svandalselva med eit fall på til saman 180 meter. Har parkering med utsikt til fossen og fjorden. Har også trapper ned til Saudafjorden. Eit av attraksjonspunkta langs Nasjonal turistveg Ryfylke. Svandalsfossen Tinghaug Kor: Midt i sentrum Kva: Sauda si storstove for trim og velvere. I symjehallen er det eit 25 meter langt basseng med ei 35 meter lang vass-sklie, to stupebrett og leikeapparat. I tillegg er det to mindre basseng. Hallen er også utstyrt med solarium og badstove. Kor: Grønsdal Kor: Kva: Grønsdal Kva: 9-holsbane som ligg i naturskjønne omgivnader like utanfor sentrum. Stod ferdig våren 2008. Saudahallen Eigedom etter kunstmålar Samuel Tveit. Ei interessegruppe har restaurert huset og innreia med kunst etter Tveit. Kvar søndag kan ein her nyte kaker, kaffi og anna godt, då Anna´s kafé held ope på Tinghaug. 5 6 RYFYLKE Sommar & ferietid Fiske og fest i Vanvik Alle kan vinne, både konkurransen og dansen. Linda Merethe Lie – Folk kan komme på kaien med sjøstjerne eller blåskjell. Det er uansett den tyngste som vinn, lokkar leiar i Fjordguten Ungdomslag, Amund Fattnes. Konkurranse først Siste helga i juli blir Vanvikfestivalen arrangert på kaien i, ja, nettopp, Vanvik. Dagen startar med at store og små, med lang eller inga fartstid som fiskar, skal prøve å hale i land den største fangsten. Som vanleg er det eigne klassar for junior og senior i både sjø og land. I fjor stilte 150 deltakarar til dyst. Fattnes er godt nøgd viss like mange finn vegen til kaien i Vanvik i år. – Vêret skal vere svært dårleg for at vi kjem under 100 deltakarar. Alt over dette talet er heilt kanon for oss, seier han. Sikrar seg mot uvêr Vêret har ikkje alltid vore den største utfordringa. I 2011 fekk festivalen som for mange har vore eit fast sommarleg høgdepunkt sidan starten i 1987, eit lite tilbakesteg. Først meldte Rune Rudberg, som hadde takka ja til å spele opp til dans på kvelden, avbod. Sjølv om arrangøren fekk hyra ein erstattar var festivalen i stor grad prega av terrorangrepa i Oslo og på Utøya, noko som resulterte i ein amputert dans og publikumssvikt. Det påfølgande året mangla derfor medlemmane i Fjordguten Ungdomslag motivasjon og tok ei pause. Men nå går dei på med nytt mot. – I år set vi opp eit telt på kaien, som blir inngjerda som eige festområde. Det betyr at det kan bli rimeleg intimt om det skulle begynne å regne. Kapasiteten har tidlegare vore på 1 000 menneske, men i år vil dette avgrense seg til rundt 200. Første mann til mølla! oppmodar Amund Fattnes. Ellevill dans Årets musikalske innslag er duoen Rabbagast. Som namnet tilseier er dette livlege karar med laus snipp. Bent Stølås og Jon Inge Kvilhaugsvik er ettertrakta trubadurar, både som gruppe og soloartistar. – Her får ein ein heilaftan med topp dansemusikk, meiner Amund Fattnes, og legg til at Rabbagast er sett saman av to av Vestlandets fremste trubadurar. SPELER OPP: Jon Inge Kvilhaugsvik og Bent Stølås utgjer duoen Rabbagast og er klare for Vanvikfestivalen i slutten av juli. (Foto: Privat) Ønsketenking? Tilbake til vêret. Ein kjem ikkje utanom eit slikt usikkerheitsmoment ved utandørsarrangement. Amund Fattnes vil ikkje høyre snakk om fiskevêr. For han er det festivalvêr som gjeld. – Litt grått om morgonen, kor skyene blir høgare og høgare utover dagen. Så sprett sola gjennom under innveginga før himmelen blir knallblå frå klokka 15 og utover. Då bestemmer folk seg for at «i kveld blir det Vanvik», er han overbevist om. FESTIVALKLAR: Leiar i Fjordguten Ungdomslag, Amund Fattnes og sonen Brage håpar på mange besøkande under fiskekonkurransen og dansen seinare på kvelden under årets Vanvikfestival. RYFYLKE Sommar & ferietid Juni Kva skjer i Sauda i sommar? 16. 16. 21. 21. – 23. 23. Juli 25. 3. 7. 14. 15. 21. 27. August 28. 31. 4. 10. – 11. 11. 16. 18. 18. 23. 24. September 25. 25. 30. 1. 6. – 7. 7. 8. 11. 15. Hustveit Jonegarden sommaropnar. Oppstart guiding i Åbøbyen og på Industriarbeidermuseet. Kinopremierar: 1. Ernest og Celestine 2. Man of Steel (Supermann) Saudatreffen, trekkspelfestival for entusiastar og danseglade. Fattnesnuten Rundt. Konkurranse/trimløp. Cirka 11 kilometer. Fattnes i Hylsfjorden. Tur: Løland/Tunet – Slettedalen – Løland. Turen tar omlag fire timar. Kinopremiere: The Lone Ranger Kinopremierar: 1. Grusomme meg – 3D 2. The Internship Kinopremiere: World War Z Opning fiske i Nordelva. Varer fram til 15. august. NB: Krev fiskekort! Kinopremiere: Pornopung Vanvikfestivalen. Fiskekonkurranse og dans på kaien med Rabbagast på kvelden. Kinopremiere: The Wolverine – 3D Kinopremiere: The way, way back Kinopremiere: Monsteruniversitetet – 3D Overnattingstur til Sandvass Kinopremiere: Kyss meg for faen i helvete Kinopremierar: 1. Mormor og de 8 ungene. 2. Percy Jackson og Monsterhavet – 3D 3. Elysium Barnas Turlag: Padling i kano på Storemyr/Klovsteintjødna. Bading og grilling. Tur med gudsteneste. Fellestur med Etne Turlag til Jordavatnet. Kinopremierar: 1. Skyggejegerne – Demonenes by 2. Kick-Ass 2 Familieskattejakt i Veslefrikk barnehage. Skattejakt med kart, fiskedam med fine premiar, svampkasting på sjørøvarkaptein, sprintløype og kiosksal. Tysso via Ferata i Rallarens fotspor Dagstur til Øvre Moen. Kinopremierar: 1. Smurfene 2 – 3D 2. Pioner SAUDATREFFEN: Trekkspelfest ei heil junihelg. OMVISING: Spennande guiding i sinkgruvene i Almannajuvet. SKATTEJAKT: Små og store røvarar er invitert. JØYE MEG: Lokalavisa sin dag med premiar og aktivitetar i sentrum. Topptur frå Breikvam til Skaulen. Frisk fjelluft og fantastisk utsikt! Jøye meg-dagen. Lokalavisa Ryfylke arrangerer bilrebus, aktivitetar og konkurransar i sentrum. Saudasjøen Rundt. Klassar for trim og aktive. Eiga barneløype. Tur Grindheimstølen – Svandal Barnas Turlag: Middagstur med barnas turmat. Tur Skeivane – Nordaheia – Nordreskårnuten Skeivane SAUDASJØEN RUNDT: Løp for både konkurransesugne og trimmarar. 7 8 RYFYLKE Sommar & ferietid FJORDNÆRT: Hytta til familen Fløgstad Hauge ligg heilt i vasskanten. HOPPA I VATNET: Emma Haraldsen (til venstre) og Eline Haugen Fløgstad nytta høve til å teste både spenst og badetemperatur då dei hoppa i vatnet. Haraldsen var denne helga med venninna på familietur til hytta i Åsklubben. VANVITTIG GØY: Medan far Johan gjer kva han kan for å få Eline og Emma av tuben, hyler dei to jentene i takt medan dei klamrar seg fast for å ikkje nok ein gong ramle av. Alle fotos: Bente Rasmussen. Fann hyttedraumen eit kvarter Sjarmerande måkeskrik og lyden av havet som skvulpar mot strandkanten har alltid fascinert Aslaug Fløgstad. For fire og eit halvt år sidan gjekk draumen i oppfyllelse. Linda Merethe Lie – Vi har funne vårt ferieparadis. Nærmare fjorden kan ein ikkje komme, seier ho. Mykje å ta seg til Berre femten minutt frå Sauda ligg fritidsbustaden. Heilt i vasskanten. Her reiser familien så ofte dei kan. Dei tre eldste borna er naturleg nok ikkje like ofte på hytta, men for eitt år gamle Mille, fire og eit halvt år gamle Miriam og Eline på 15, inviterer hyttelivet på Åsklubben til både leik og moro. – Bading, aktivitetar på vatnet, fiske, spel. Det er alltid noko å finne på her, fortel Fløgstad, og legg til at dei vaksne alltid har eit eller anna prosjekt dei kan putle med. Frå fjell til fjord Aslaug Fløgstad vaks opp med hytteliv ved sjøen. For sambuaran Johan Hauge var det ganske annleis. Han var meir glad i fjellet. I 2008 fekk sambuaran overtalt han til å sjå på ei hytte ved sjøen. – Han har ikkje angra ein dag, ler Fløgstad. Oftast muleg Rundt påsketider opnar hytte- sesongen for familien Fløgstad Hauge. Ein årleg tur til varmare strøk er obligatorisk, men Åsklubben er fast reisemål fram til oktober. – Vi bruker hytta så ofte vi kan. Så lenge det er sesong er vi her meir eller mindre kvar helg, fortel Aslaug Fløgstad. Samlar familien Hytta blei bygt i 2007, men var ikkje heilt ferdig då Fløgstad og familien overtok ho året etter. Sjølv RYFYLKE Sommar & ferietid SOMMARLEIK: Eitt år gamle Mille trivst godt i strandkanten. LUFTETUR: Når sola speglar seg i fjorden freistar det med ein båttur. SNØRET I BOTN: Fiske er ein naturleg del av hyttelivet langs fjorden. Fire og eit halvt år gamle Miriam treng ikkje gå langt for å teste fiskelukka. frå heimen om dei derfor har hatt litt å gjere, og framleis jobbar for å få alt som dei vil ha det, er livet på hytta alltid avslappande. – Vi får samla familien og gjere ting saman som vi ikkje gjer heime. Sjølv om vi ligg litt for oss sjølv rek det alltid folk forbi. Her er eit yrande liv med båtar og ofte besøk å få, seier Fløgstad. ikkje alle har høve til å få realisert draumen. Aslaug Fløgstad vedgår at familien føler seg heldig. – Vi er privilegert som har ein slik plass, berre 15 minutt frå der vi bur. Hit kan vi reise når vi vil. Det er kort reise, men samstundes langt nok til at vi kjem oss litt vekk frå kvardagen, seier ho blidt. Føler seg heldig Eit hytteparadis like ved sjøkanten er for mange ein draum, men SAMLANDE: Miriam, Mille, mamma Aslaug og resten av familien nyter hyttelivet. Saman speler dei kort eller finn på andre aktivitetar. 9 10 RYFYLKE Sommar & ferietid r a m m o S i Sauda God sommar til alle! Ryfylkebiblioteket Sauda komm. kino (over Brannstasjonen) (Rådhuset) Opningstider: Mandag – fredag: kl.10.00 – 18.00 Laurdag: kl.10.00 – 14.00 Sommartider 1. – 29. juli: Mandag – fredag: kl.10.00 – 16.00 Laurdagar: Stengt Førestillingar heile sommaren. Lokal handel lønner seg! Sauda Handelsforening består av mer enn 30 små og store butikker med et rikt utvalg av varer. Sentrum ligger i kjernen av Sauda. Med flott natur rundt seg og kort avstand til de ulike dalførene. Sjå www.saudakino.no for aktuelle filmar. Godt utvalg av butikker, hyggelig betjening og med gratis parkering ligger alt til rette for en hyggelig handel i Sauda! Jakobsson Foto www.ryfylkebiblioteket.no Ungdomskafeen Saudahallen (over NK-Kiosken) Siste opningsdag før sommaren var laurdag 15. juni. Ungdomskafeen flyttar over til Lillesalen på Folkets Hus, der me startar opp igjen snart etter skulestart. Nærmare info kjem. Opningstider i sommar: Måndag til og med torsdag: kl. 07.00 – 15.00. Fredag: kl. 07.00 – 13.00. Ope i solarium og utstillinga «Frå vogge til grav» (trearbeid av Ola Fagerheim) heile sommaren. Symje- og idrettshallen stengt i skuleferien (veke 26 – 33). NK-kiosken Tlf. 52 78 33 32 Skoen DAME - HERRE - JEANS RT GAVEKO ning fore Sauda Handels GÅ IKKJE GLIPP AV SOMMARENS STORE HØGDEPUNKT! ETNEMARKNADEN 1.-4.AUG HANNE S¯ RV• G & STEFF NEVERS LARS VAULAR • VALKYRIEN ALLSTARS • POLYESTER + DET STORE KORSLAGET INNANTE OLD RIVER SALOON: KURT NILSEN • HAWK CHRISTENSEN • AMERIKALINJEN 4 dagar spekka med handel, fest og moro pŒ Noregs beste marknad! 220 UTSTILLARAR - POLITISK DEBATT - TRIALKJØRING - KINO GJETARHUNDOPPVISNING - SAUEKLIPPKONKURRANSE STOR MATMARKNAD - HESTEUTSTILLING - DYREUTSTILLING SKOG & LANDBRUK - ELIASBÅTEN - VIKINGCAMP FOR BORN DANIEL LARSEN MAGIENS MESTER - BONDESTOVA - TURNOPPVISNING LUND ‘S TIVLOI - KUNST&HANDVERK OG EI REKKE ANDRE AKTIVITETAR.. Gavekort kan brukes i alle forretninger tilknyttet Sauda Handelsforening Vi leverer til hytte og hus: - Parkett - Laminat - Maling - Tapet - Gulvbelegg - Tepper - Belysning - Gardiner/utstyr - Sengetøy - Dyner/puter - Gaveartikler Vår mest solgte eksteriørmaling BARON ULTRA Best på - Farge - Glans - Soppangrep TJÆRALIN BEIS Her kan du bruke sentrums-gavekortet T GAVEKOR - Rett på uten grunning g renin Sauda Handelsfo All info pŒ etnemarknaden.no Rådhusgt. 22 - Tlf. 52 78 22 48 RYFYLKE Sommar & ferietid 11 SALG SOMMERSALG Salget starter torsdag 27/6 Åpent til kl. 20.00 … på møbler! Kom og se! Sesongens varer til dame & herre Husk også vår store garnavdeling. 40% www.fagmobler.no t Gavekor ning Sauda Handelsfore Her kan du bruke sentrumsgavekortet T GAVEKOR g renin Sauda Handelsfo Fagmøbler Sauda - Tlf. 53 78 32 25 Åpent: mandag - onsdag og fredag 09.00-16.00, torsdag 09.00 - 18.00, lørdag 10.00 - 15.00 Her kan du bruke sentrums-gavekortet Følg oss på Facebook Velkommen til kvalitetssalget! Ordinære åpningstider: Mandag - onsdag 09 – 17 Torsdag 09 – 18 Fredag 09 – 17 Lørdag 10 – 15 Klokker fra bl.a. Lik Companiet på facebook SOMMERENS MUST! 1590,- 1290,T GAVEKOR ening Sauda Handelsfor Designsolbriller - Klokker - Briller/linser Velkommen til en hyggelig sommerhandel! Her kan du bruke sentrumsgavekortet Åpent: man.-fre. 09.30-18.00 lør. 10.00-15.00 Rådhusgata 33, 4200 Sauda. Tel. 52 78 24 48. Skulegata 6, Sauda, telefon 52 78 39 77 12 RYFYLKE Sommar & ferietid Velkommen til lun og trivelig sommerhandel på Selvig r y t s t u e t t y H – vi har klær for dame, herre og ungdom til alle anledninger • Gass • Maling e • Jernvar Dame: Only Vero Moda Pieces In-Wear Skovhus B-Young Freequent Sisters Caddis Sly Herre: Jack & Jones Selected Wrangler Morgan Giovani Frislid Fjällräven Helly Hansen Dovre/JBS Bjørn Borg Meyer Frontiers of Quebec Skal du på fest, skal du til fjells, skal du på stranda, eller skal du bare ha deg nye klær, skal du hos oss velkommen vær. Sauda Vi er behjelpelig utenom åpningstiden. Ring vakttlf. 468 88 537. LANGTIDSVARSEL Juni - september Her kan du bruke sentrumsgavekortet T GAVEKOR g renin Sauda Handelsfo (Alf Selvig a/s) Telefon: 52 78 21 75 - Telefaks: 52 78 38 96 Kari Traa fleecejakke Alle løpesko 20–50% 50% Nå 199,- Alle fotballsko 20–50% Nike fritidsbukse, jr. 50% Nå 149,- Flytevest Fra Alle sykler 10–30% Norheim capribukse, barn/jr. Skogstad fleecejakker m/fór 50% Nå 149,- 50% 399,- Nå Go-Silda sluk, 25/40 og 60 g. 99,- T GAVEKOR Her kan du bruke sentrums-gavekortet Fiskesett rening Sauda Handelsfo Fra 15,- G-sport Sauda Tlf. 52 78 23 92 Brugata 249,- RYFYLKE Sommar & ferietid 13 Ny hytte i Sauda? vamp jan toft m/ 11. - 14. juli 2013 Ryfylke Bygg AS har i over 10 år bygget hytter i Sauda. Vi er et lokalt tømrerfirma som disponerer flere tomter i Svandal, Åbødalen og Slettedalen. fairport convention (UK) ...valkyrien allstars m/ A1 GRAFISK IDE - ØLEN Vi kan påta oss alle små og store oppdrag inkludert totalleverandør med alle faggrupper. bigbang Reverend Peyton´s Big Damn Band (US), Valkyrien Allstars, Ida Jenshus, Real Ones, Rita Eriksen, Daniel Norgren, Razika, Knut Reiersrud, gunnartoft, Bergen Mandolinband, Tom Roger Aadland, Meg og Kammeraten min, Fliflet & Hamre, Yuma Sun, Pakkers-trio, Vindafjord Kulturskule, Level 6 Ta gjerne kontakt for en hytteprat. 52 78 59 20 eller post@ryfylkebygg.no Kjøp billetter på ScanticKet.no www.rootSfeStival.no følg oSS på facebooK SommarfeStivalen l li i Vikeda 17. - 21. ju Sommer er hagetid! Stage Dolls Pakkers Leif & Kompisane A1 Grafisk Ide - ØLEN ONSDAg 17. JULI: Kl 15-20 Motordag på Vikedal Motorbane. TORSDAg 18. JULI: Sommardisko på Vikedal Bygdahus 1.- 4.klasse kl 19-21, 5. klasse og oppover kl 21-23. FREDAg 19. JULI: Motbakkeløpet Kontakt oss for: – Ferdigbetong gjerne levert med pumpe – Grus og jord til gårdsplass og plen Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no Hestanipen opp. Mosjonsklasse kl 15, aktiv klasse kl 17. Sommarfest i Vikedal Båthavn kl 20.30-02.00. Hovudtelt: Pakkers – Leif & Kompisane Molotelt: Ingvald Alvseike. LAURDAg 20. JULI: kl 11-16 Sommarmarked i Vikedal Båthavn. Utstillingar, matsal, hesteskyss og underhaldning for store og små. Kl 13-16 Fiskefestival. Kl 20.30-02.00 Sommarfest i Vikedal Båthavn Hovudtelt: Uthuset - Stage Dolls Molotelt: Ingvald Alvseike SØNDAg 21. JULI: Sommarbingo på Vikedal Bygdahus kl. 19.00 VIKEDAL Eli O. Utvik Markedsavdeling Kjøp billetter på ScanticKet.no www.SommarfeStivalen.no følg oSS på facebooK Dir: 51 11 17 23 Mob: 99 61 33 22 Tlf: 52 71 72 73 Fax: 52 71 72 72 e-post: eli@radiohaugaland.no www.radiohaugaland.no Sommar & ferietid på Kjelkanes RYFYLKE Hytteidyll 14 FØR OMBYGGINGA: Mykje har skjedd med hytta og området rundt sidan Anne-Grethe Fiveland og sambuaren, Christer Eineskär, kjøpte den i 2008. (Foto: Privat) Forvandla falleferdig rønne til blomstrande ferieparadis. Vidar Eliassen – Ikkje noko er betre enn å sjå utover fjorden, seier Anne-Grethe Fiveland. Ho sit i sofaen i hytta på Kjelkanes og let blikket fare. Naturen gjer inntrykk. Det er også mykje å glede seg over rett utanfor vindauget. Eit romsleg og forlokkande uteområde med fleire sitjegrupper. Flotte blomar og planter i krukker og kassar. Og ikkje minst bryggekanten, som er eit flott utgangspunkt for bading. Alt er berre idyll. Men slik har det ikkje alltid vore. iveland og sambuaren, Christer Eineskär, F kjøpte hytta med både naust og brygge for fem år sidan. Då var det aller meste i ferd med å ramle saman. – Det såg ikkje ut. Veggane var fulle av fukt, fortel ho. Med ein visjon om å totalrenovere og sette sitt personlege preg på den nykjøpte staden, bretta dei opp ermane. Det var ikkje lite som måtte gjerast. Skifting av tak og kledning på både hytte og naust var sjølvsagt. Betongbrygga blei erstatta med ei trebrygge. I tillegg blei det fjerna store mengder med fyllmasse. rosjektet har tatt tre år og kravd tallause P arbeidstimar. Resultatet står i stil med innsatsen. – Vi synest at vi har fått det veldig koseleg. Litt av målet vårt har vore å lage til noko utanom det vanlege, men som er solid og stabilt. Samstundes har vi vore opptekne av å bevare berget og naturen, seier ho. Fiveland legg ikkje skjul på at renoveringsarbeidet har kosta pengar. – Det er klart. På den andre sida hadde eg aldri sett i gang med dette utan at eg hadde hatt den nødvendige kapitalen i botn, seier ho. var einaste vesle detalj i det omfattande K prosjektet er svært nøye planlagt. Alle komponentane skal stå i forhold til kvarandre. Alle fargane skal harmonere. – Til dømes har vi malt hytta grå for å dempe den ned slik at den står i stil med omgjevnadane rundt. Grunnregelen er at det skal vere enkelt, fortel Fiveland. ansen for form og fargar er godt innebygd S hos 59-åringen. Gjennom eit langt liv som seljar og ansvarleg for Poenget er at det skal vere mest muleg vedlikehaldsfritt, seier ho. rorparten av hytteeigarane besøker primært B hyttene sine i helgane. Hos Fiveland og sambuaren er frekvensen litt høgare. Frå mars til oktober bur dei der meir eller mindre fast. – Eg pendlar til jobb med båt. Det tek berre 15 minutt, opplyser ho. Med så mykje tid på hytta skulle ein kanskje tru at det låg føre fleire planar om å gjere meir med både hytta og uteområdet. – Nei, no er det nok. Dessutan er det ikkje plass til meir. Det skal vere muleg å bevege seg her også, presiserer ho. Fiveland vender igjen blikket utover mot fjorden. Ein svær båt som er på veg til fabrikken sig sakte forbi. – Kva skal ein med tv når ein har slik utsikt som dette? utbryt Anne-Grethe Fiveland begeistra. ei rekke varemesser i både inn- og utland, har ho utvikla god spisskompetanse på interiør. – Eg har blikk for detaljar og veit korleis eg vil ha det. I tillegg er sambuaren min svært nevenyttig, opplyser Fiveland. Bustaden har ikkje innlagt straum. Til gjengjeld har den solcellepanel. – Herleg å berre måtte forholde seg til ein brytar. VIL BEVARE NATUREN: Trass i mange endringar har det heile tida vore eit mål å bevare berga og naturen rundt hytta. RYFYLKE Sommar & ferietid 15 GOD SITJEPLASS: Frå bryggekanten kan ein i ro og mak sitje og sjå utover fjorden i ei av fleire sitjegrupper. DETALJAR: Anne-Grethe Fiveland har sans for form, farge og detaljar. FRISKT OG FRODIG: Ein kombinasjon av mellom anna friske plantar og pyntegjenstandar har gjort baksida av hytta til ein liten oase. SMAKFULLT: Kjøkkenet er kanskje lite, men samstundes smakfullt og stilfullt innreia. TOTALRENOVERING: Tre år, mange kroner og tallause arbeidstimar har betalt seg. 16 RYFYLKE Sommar & ferietid Ung fiskeglede i Sauda Har mange innbydande fjellvatn som høver godt for fiske. Vidar Eliassen – Eg synest det er kjempegøy å fiske, seier Rasmus Løland. Han står ivrig med fiskestanga langs Vetrhusvatnet i Maldal, ein sundag føremiddag tidleg i juni. Høvet er Sauda Jeger- og fiskerforening sin årlege fiskedag for barn og unge. Ungguten legg ikkje skjul på at han synest fisking er ein fascinerande aktivitet. – Det er spennande. Plutseleg får du napp, seier han, før han tek sats og sender avgarde eit nytt kast. Sjølv om fiskeentusiasten ikkje klarte å hale i land ein fisk akkurat denne dagen har han saktens gjort det tidlegare. – Ein gong fekk eg ein torsk på tre kilo. Det var løye, seier Rasmus Løland. Ein annan fiskeglad ungdom som Ryfylke treff denne solfylte dagen er femten år gamle Lars Andrè Doksrød Tveit. Favorittfisken hans tilhøyrer torskefamilien og kan mellom anna skilte med eit svært kraftig underbitt. – Lyr er godt. Særleg lyrkaker. Det er verkeleg snadder, seier han. Sjølv om han er svak for lyren er det ein annan og atskilleg meir hardtbitande skapning han drøymer om å få på kroken. – Ein breiflabb. Det hadde FISKEGLAD: Rasmus Løland liker godt å fiske. Aller best synest han det er å fiske heime i Hylsfjorden, men trivst også ved Vetrhusvatnet. vore stas. Og gjerne av dei aller største, slår Doksrød Tveit fast. Omlag halvparten av den vaksne delen av den norske befolkninga fiskar ein eller fleire gonger per år. Blant barn og unge har talet vore endå høgare tidlegare, men har gått noko ned dei siste åra. Den trenden er også gjeldande i Sauda. – Det er nok ikkje like mange unge som fiskar no som tidlegare. Særleg er det labert innan elvefiske. Til gjengjeld er det ein del yngre som driv med fjellfiske, fortel leiar i Sauda Jeger- og fiskerforening, Yngve Thommasen. Den generelle fiskeinteressa i Sauda er derimot god, ifølge leiaren. Ei av årsakene trur han kjem av at av Sauda har ei rekke innbydande fjellvatn som høver godt for fiske. – Særleg i Røldalsfjella disponerer vi mange fine vatn, konstaterer Thomassen. Nokre stadar er sjansen for å få ein solid fangst ekstra stor, som til dømes i Nedre Sandvann. – Der kan ein raskt få fisk på fleire kilo, inkludert både aure og røye, opplyser Yngve Thomassen. Gode fiskeplassar i og ved Sauda Røldalsfjellet: • • • • • • • • • • Storlivatn Førstevann Holmevann Svarthyl Svartkulp Botnavann Kringletjønn Sandvasstjern Nedre Sandvann Vassdalsvann Vintrealeåa: • Krokavann • Borgabuvann • Revavann Slettedalen: • Slettedalsvann Åbødalen: DRØYMER OM STORFANGST: Lars André Doksrød Tveit drøymer om å få ein breiflabb på kroken ein vakker dag. UNG ENTUSIASME: Malene Løland har nettopp fått seg ny fiskestong og fiskar med full entusiasme. • Fossdalsvann • Løynardalsvann • Helgedalsvann RYFYLKE GRILLTIPS Sommar & ferietid Ikkje legg på grillen for tidleg viss du grillar med kull. Vent til kullet er blitt grått. Lag marinade sjølv. Det er billegast og best. Kjøt: Ta kjøtet ut frå kjøleskapet eit par timar før det skal på grillen. Del ein kiwi i to og gni biffen inn på begge sider ein times tid før den skal grillast. Då unngår du at den blir seig. Fisk: Ha litt smør i eit stykke aluminiumsfolie. Kutt opp fisk i store bitar (laks, steinbit, torsk). Ha saman med gode grønsaker i folien. Klem saman folien slik at det blir tett og legg på grillen. Kjempegodt! Forslag til potet: Vask potetene og del i to eller fire på langs. Legg dei på eit steikebrett. Gni inn med grillkrydder, litt finkutta kvitlauk og litt rapsolje. Strø maldonsalt over og steik på 200 grader i 15-25 minutt. OSTESALAT MARINADE TIL GRILLKJØTT passer best til kyllingfilet Del 300g kyllingfilet i tynne skiver 1/2 stk isberg-salat (5-6 store blader) 1 pk ruccolla (65g) 250g ost (valgfri) 3 paprika (rød, grønn, gul) 1 agurk 2 kyllingpølse Marinade: 1 ss honning 3 ss soyasaus 2 ss karrypulver 1 ss tomatketchup 2-3 ss melk 1 ts sennep Bland alt saman. Legg kyllingfilet i marinaden. La dei ligge ei god stund, gjerne i nokre timar, før du grillar dei. Dressing: 2 ss crème fraîche 250-300g yoghurt 5 ss eddik (7%) 3 ss sukker Paprikapulver Salt, pepar Bon apetit!! 17 18 RYFYLKE Sommar & ferietid Lever hotelldra HOTELLSJEF: Stig Wedvik selde leiligheten, sa opp jobben, pakka kofferten og drog til Mexico. I dag driv han hotellet Flamingos Inn i den vesle fiskarlandsbyen Chuburna. (Foto: Privat) Var maskør, sminkør og parykkmakar, blei hotelleigar. Ingvil Bakka Stig Wedvik har tatt turen til den vesle fiskarlandsbyen Chuburná i Mexico for å undersøka ei strandtomt han har funne på internett. Mayaindianarane kikkar på den høge, blonde karen som er interessert i tomta med det gamle, nedslitne murhuset. Wedvik ser utover den doble strandtomta, han ser på det asurblå havet, han ser på dei kvite strendene og han ser føre seg eit liv og ei framtid her. Akkurat her. dag, to og eit halvt år seinare Ihetshotellet eig og driv Stig Wedvik leiligFlamingos Inn. Her, på den doble strandtomta i Mexico, har han reist eit tre etasjar stort leilighetsbygg med plass til totalt tolv gjester. Sidan opninga i mars 2012 har Stig Wedvik bare hatt to dagar utan gjester. audaguten, som reiste frå S heimbygda til Oslo som nittenåring, som utdanna seg til maskør og parykkmakar, og som jobba 25 år i det norske teatermiljøet, er ikkje i tvil om at han gjorde rett då han valde å følga draumen sin. Det heile starta i 2010 då Stig Wedvik blei skilt og plutseleg stod heilt fritt til å bestemma over si eiga framtid, utan å måtta ta omsyn til andre. Han begynte å tenka på draumen han hadde bore på i fleire år. I august same året finn han draumetomta i Mexico, landet han har besøkt fleire gonger tidlegare. – Eg tenkte at det ville vera UVURDERLEGE: Esperanza Bacelis Ekteparet deler ei stilling og tar seg hjelper Wedvik med alt frå servering mykje kaffi. (Foto: Privat) RYFYLKE Sommar & ferietid 19 umen i Mexico for dumt å ikkje eingong prøva å realisera draumen sin. Eg trur det er ganske vanleg å tenka at ”hadde eg bare vore yngre, rikare eller friare, så skulle eg ha gjort det”. Men ein dag er toget gått og då må det vera kjipt å tenka tilbake på alt det spennande det aldri blei noko av, forklarer Wedvik. år avgjerda er tatt den N novemberdagen på stranda i Mexico, reiser Stig Wedvik heim igjen til Norge etter å ha underskrive kjøpskontrakt på tomta. Han sel leiligheten sin på vestkanten i Oslo og seier opp stillinga si ved teateret. Når teateret tilbyr han to års permisjon, takkar han nei. Han vil ikkje ha ein slik retrettmulighet. Med fleire millionar kroner på konto drar han til Mexico utan å sjå seg tilbake. Wedvik får løyve til å riva det gamle huset som alt står på tomta, og han får innvilga byggeløyve. Han skaffar seg lisens for å driva hotell og får også mellombels arbeids- og opphaldsløyve fram til 2017. edvik, som kunne spansk då W han kom, var sjølv ansvarleg for bygginga av hotellet. Med dette kom han borti eit fagområde han var særs lite kjent med. – Norske fagttrykk er upløgd mark for meg. Eg har kome i ein pussig situasjon der eg veit kva ein god del ting heiter på spansk utan å ana kva det heiter på norsk, seier han, som om få år kan søka om permanent opphaldsløyve i landet. Tzec, som saman fyller ei stilling. Gartnarar kjem til hotellet kvar fredag, og ein innleigd handyman tar seg av maling, flikking og anna mindre vedlikehaldsarbeid. Hotellet begynner å ta imot gjester. Stig Wedvik står opp grytidleg om morgonane, et frukost på terassen, tar seg ein dukkert, anten i bassenget eller i sjøen, før han lagar frukost til gjestene. I løpet av dagane tar han seg av hotellgjestene, arrangerer sightseeingturar, hjelper til med leige av bil, og gjer innkjøp på den lokale marknaden. Dagane flyr. kan han ikkje tenka seg eit betre liv. Han, som budde Ipådag vestkanten i Oslo og som då meinte han hadde verdas beste jobb ved Det norske teateret. Han, som fekk jobba med Norges fremste skodelespelarar og som fekk sjå alt han ville av teater på høgt kunstnarisk nivå. Han, som vaks opp på Rød i Sauda. Som gjekk på Austarheim skule, som las Sølvpilen og som sprang rundt på Skarahaugen og leikte cowboy og indianar. Nå bur han blant mayaindianarar på Yucantanhalvøya, den sydlege spissen av Mexico. erida og Yucutan blei for nokre år sidan kåra av M Loneley Planet som eitt av enkelt og tilgjengeleg, meiner Wedvik. Han valde å busetta seg og driva hotell i eit område som ligg utanfor den største turisttrafikken. Eit område som er spekka av gammal kultur som for eksempel pyramidar, katedralar og bygningar i kolonistil. Og ikkje minst, innbyggarane består hovudsakleg av meksikanarar som har budd her i tallause generasjonar. Eg synest dette gjer staten meir interessant og ekte, sjølv om me har færre badeland, restaurantar og nattklubbar, seier Wedvik. Næraste storby, Merida, ligg ein halv times biltur unna hotellet hans og har ein million innbyggarar. tørstedelen av gjestene S som kjem til Chuburná og Flamingos Inn kjem frå USA, Canada og Mexico. Men også fleire europearar og nordmenn ferierer her. Mange frå det norske teatermiljøet har tatt turen for å besøka Wedvik og hotellet hans. Are Kalvø, Heidi Gjermundsen Broch og Nikolai Cleve Broch har alt vore her. Dei to sistnemnde kjem tilbake i juli. Saudabuen Berit Rødsås, som har budd femti år i USA, har også vore gjest ved hotellet til Stig Wedvik. verdas tryggaste turistmål, og Times Magazine kåra Merida som nestbeste stad i verda å flytta til som pensjonist. Ifølge Stig Wedvik er også fiskarlandsbyen Chuburná ein fredeleg og trygg plass. Innbyggarane er stort sett mayaindianarar. – Eg har alltid tenkt at Mexico må vera verdas beste ferieland. Klimaet, folket, kulturen, maten, strendene og det at alt er så et er bare to og eit halvt år D sidan han valde å følga sin årelange draum. Likevel, han Tzec og Willy May Castro er dei viktigaste medhjelparane til Stig Wedvik. blant anna av reingjeringa av romma på hotellet. I tillegg stiller dei opp og og hundepass til å passa på at Wedvik får i seg nok mat og ikkje drikk for BASSENG: Flamingos Inn har basseng, men det er også kort veg ned til stranda. Stig Wedvik har funne sitt paradis. (Foto: Privat) mars 2012 står hotellet Itilsette, klart til bruk. Wedvik hyrer to ekteparet Willy May Castro og Esperanza Bacelis vedgår at den store omveltinga i livet gjer at det føles som eit halvt liv sidan han budde i Oslo. Nå ser han det som usannsynleg at han nokon gong skal flytta heim til Norge. – Men for ti år sidan såg eg heller ikkje føre meg at eg skulle flytta til Mexico. Ein ting eg har HOTELLET: Leilighetshotellet stod klart til bruk i mars 2012. Sidan den gong har Stig Wedvik bare vore utan gjester i to dagar. (Foto: Privat) lært av dette, er at det å flytta til eit anna kontinent er veldig uproblematisk. Eg er open for det meste, innrømmer han, som ikkje har vore i heimlandet sidan flyttinga i 2011. Kanskje blir det ein tur heim til Norge med tid og stunder. I mellomtida bruker han internett til å halda kontakta med heimlandet. Fleire gonger i veka er han innom nettsida til avisa Ryfylke som skriv om bygda han forlet for snart tretti år sidan. år Stig Wedvik står opp om N morgonen i sitt meksikanske paradis går han ut på terassen sin og ser utover havet. Han ser på kolibriar som flyg frå blom til blom, han ser på pelikanar som stuper, han ser på flokkar av flamingoar som dansar og han ser på delfinar som leikar i vatnet. Han kan ikkje sjå seg sjølv ein annan stad i verda. – Det hender eg må klypa meg i armen når eg står her. Eg vil ikkje byta dette bort mot noko. EKSOTISK: Flokkar av flamingoar er vanleg syn utanfor hotellet til Stig Wedvik. (Foto: Privat) RYFYLKE Sommar & ferietid KVIS S Spørsmål om litt av kvart 1. Kor mange klassetrinn er det på ein barneskule? a) 7 b) 6 c) 8 2. Kor mange egg er det i eit snes? a) 12 b) 16 c) 20 6. Kven har skrive «Saudasangen»? a) Bjørn Eidsvåg b) Reidar Brendeland c) Nils Kristen Herheim 3. Kven syng «Baby» og «Boyfriend»? a) One Direction b) Rihanna c) Justin Bieber 7. Kva heiter elefanten som viser filmar for dei minste på NRK Super? a) Fantofanten b) Filmofanten c) Fantorangen 4. Kor mange rundkøyringar finst det i Sauda? a) 1 b) 2 c) 3 5. Kven vann årets Idol? a) Astrid Smeplass b) Siri Vølstad Jensen c) Eirik Søfteland 8. Kva er tittelen på den nye krimboka til Jo Nesbø? a) Politi b) Røvar c) Purk 9. Kva heiter leiaren i AUF? a) Eskil Pedersen b) Audun Lysbakken c) Sandra Borch 10. Kor mange innbyggarar var det i Sauda 1. april 2013? a) 4 816 b) 5 212 c) 4 725 Finn 5 feil Kryssord Dei to bileta ser heilt like ut, men på det nederste er det fem feil. Klarer du å finne dei? Finn løysingsordet i de grå rutene Kven er dette? 5-feil: yes-skilt, parkering forbode-skilt , øyre til pandabjørn, Sauda ferie og fritid- flagg, rosa vesker med Hello Kitty Rette svar på Spørsmål om litt av kvart: 1. a) 2. c) 3. c) 4. a) 5. b) 6. b) 7. c) 8. a) 9. a) 10. c) Kryssord: Iskrem Vridde fjes Vridde fjes: Mette-Marit, Hildeborg Juvet Hugdal, Frode Sulen, Asgeir Borgemoen 20