MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015 Eg stod opp i otta før fuglane
Transcription
MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015 Eg stod opp i otta før fuglane
MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015 Eg stod opp i otta før fuglane feis Frå Husnes til Bergen er det ei Amerikareis. Eg skulle på symposium med sjølvaste eliten Eg skal suga til meg kunnskap, skriva referat og toppa heile driten. Eg sette meg i Terminus Hall med stor von Og kjende angen av kapital og indremisjon. Framme på podiet stod ein stabel med monopol Eg hadde fått ei flaske vatn og eit grønt eple frå sydtyrol. Camilla Schutz snakka om at vi gjentar det vi veit, det har lite nytte I dag kan du glømma jobben, ta til deg kunnskap ved å lytte. Ho er sjølvaste reklamforeningen og symposiet si mor Og Morten William Knudsen er programleiar i år som i fjor. Trude Drevland kom som ein stormvind frå vest Å høyra på Brann sin største patriot er alltid ein fest. Ho kasta sin glans med fokus på endringslyst Ho skulle til Solstrand men måtte innom å sjå til oss fysst. Med poesi, tagging og teikning skal konferansen bli noko heilt eige Konferansen skal bli illustrert live av Birgers Oterutleige. Gøran Adlen er ein framsynt svenske som har hatt både gynekologar og slalåmkøyrarar i hus Han starta med å sei at framtida er ljus. I framtida har mennesket skapt nya hot 80 prosent av jobbane i verda kan erstattast av ein robot Det er vår eigen undergang me styrer i mot Plutselig kjende eg meg som ein idiot. Sidan 2002 har verda gått innihampen fort I 2015 er det blitt eit helvete å laga trendrapport. Men framtida den er popinator fin Eg ynskjer meg Barry sin popcornmaskin. Informasjonsflyten i 2015 går som ei kula Og 11 prosent av oss prioriterer sms framfor å pula. Endringane av haldningane i vår generasjon er heilt utrulig Ein skal no helst skal dø ung så seint som mulig. Mobiltjenesteutviklarane jobbar på om kapp Microsoft har utvikla ein ekg bh og du kan lasta ned hunden din via ein app. Me sjekkar epostar, facebook, twitter og sms på jobb, i soverom og stove Me er i ferd med å bli nåken toskahåve. Content marketing er inte någut nytt och udda Det var i si tid innført av Buddha. Sosiale media er den arenaen me brukar desidert mest tid Den fyrste selfien vart teken i 1839. Trendspanaren har mange hypotesar og mange svar Og Madonna er eigentleg bibliotekar. Mot i kvardagen er ute i det fri Når du kan finna ei rævskår å parkera sykkelen i. Tankane til trendspanaren er sterke Det er kundane som eig vårt varemerke Me må våga, me må elska, me må ha pasjon Takk Gøran Adlen, du er ein fantastisk person. Frode Ådland er Schibsted og Bergens Tidende sin marknadsmann Han er opptatt av dei kulaste devicane han. Strategien til BT Schibsted er klinkande klar Dei vil inn i kvar jævla duppeditt me har. Det er strekkode, qr-kodar og RFID på veg inn i alt i frå pengesedlar til legemiddelindustri Hitachi har utvikla ein grensesprengane teknologi. Det kjem beacons over alt i framtida må vita Bergens Tidende veit kor du er til og med når du skal drita. 800 milliardar enhetar kjem i framtida til å vere på internett Frå snøfresarar til akebrett. Frode Ådland, du er ein entusiastisk og kunnskapsrik mann Det er du som burde vore sjefen i Brann. Ingrid Birkeland er merkevaresjef i Sparebanken Vest Årlige marknadsplanar er det ho kan best. Dei hadde så detaljerte planar, dei var heilt i teten Med det resultat at dei mista fleksibiliteten. Planlegginga skal no forenklast til beine Nokre få punkt skal skinne åleine. Det er små kampar som må kjempast, vi skal vinna alle vi kan Seier hovudsponsoren til Sportsklubben Brann. Alt vi kan gjere, gjer vi for at Vestlandet skal bli betre er ein filosofi av beste slag Derfor gler Ingrid seg til å gå på jobb kvar einaste dag. No kan dei snu seg på ein femøringen når beslutningar må te No går det styggfort når dei skal setta rento ne’. Bertrand Larsen har fått Petter Northug på gli Det er derfor han er blitt så god på Strateski. Sparebanken Vest si framtid skal bli trygga Av unge vestlendingar som vil bygga. I og med at strategiplanen har blitt trimma og slank Er Sparebanken Vest i ferd med å bli unge Vestlendingar sin Hjertebank. Flotte Ingrid, du traff meg du Du har gitt meg trua på å TRU! Det var minglepause med knask og knep Og Husnes for Helvete er blitt et begrep. No har eg funne twitterkontoen fram Og trur eg må komma meg på instagram. Erik Aarebrot er ein spanande fyr vil eg tru Har har prøvd å unngå å sjå TV sidan 1997. Erik har vore skjermtroll og heilt gira Sidan han fekk sin fyrste Commodore 64. Den digitale overdosen kom med interaktivetet på eit Commodoresmykke Digital tannpuss på grøn skjerm var toppen av lykke. Det glade 80 talet innførte skjermpress Tenk på kjensla av å få inn i heimen ein leige-VHS. 90 talet starta den stigande mediatidstjuvkrisa Driten starta i 1990 med søndagsavisa. Skjermtida til Erik vart dobla no Når han kunne zappa mellom NRK og TV2. PCen vart plutseleg eit supplement til commodoren Skjermhistorikken var framleis berre kome til våren. Han var student, tv-fri, pc-fri og blakke Skjermnerden stod på bar bakke. Det var eit år utan tv og data Det gjekk i øl, vennskap og cd-plata. Det einaste som då var igjen Var personsøkaren, hans beste venn. Men i dag er alle typar skjermar på plass Han har kindle i senga og ipad på dass. Men skjermavrusningsviljen er framleis i orden 72 timar skjermfri er førebels rekorden Han har tapt kampen, han hungrar etter neste Game of Thrones sesong Han har ikkje tid til å barbera seg eingong. Fantastisk inspirerande, no har eg muligheten å velga Eg skal feira med å gje tenåringane mine skjermfri i helga. Karsten Refsdal har sjølv teke initiativ Til å forenkla kvardagen og få eit enklare liv. Heftelsane kjeme rekande på ei fjøl Målet må vera å auka tilgjengeligheten til seg sjølv. Kutt ut alt som heiter gule lappar Kutt drastisk ned på fristande appar. Han argumenterte for kutting av tidstjuvar på spreng Og konkluderte med at BT er den einaste avisa du treng. Det er lett å lukka seg inne i eit skal No er kvardagen hans heildigital Kvitt deg med papiret, du kan få det te’ Tenk på at papir er til å tørka seg i hekken me’. Du treng ikkje vera på twitter å kverulera Du treng ikkje ta kopi av alt du makulera. Du kan rydda plass i livet ditt med ryddig telefon På desktoppen på pcen treng du berre 1 ikon. Når du har utført endringane, heftige og store Er monotasking det nye ordet. Avslutnigsvis tok han eit stillhetsinitiativ Kutt ned tempoet og få deg eit liv. Hans-Petter Nygård-Hansen har hatt datamaskin sidan 1979 Den var det forsvarsdeler og kryssfiner i. Dei siste 40 åra har det skjedd meir enn dei siste 10000 år I løpet av 5 år er det 2,5 milliardar nye nettbrukarar på kloden vår. Remarketing bør oppta meir av bedriftene si tid Du må få handel ut av dei som er innom nettsida di. du må skjønna at folk no hatar reklame du vifta ikkje med larrissen før du har snakka med ei dame. Michelin-guiden er både inspirerande og kjekk Han er eigentleg laga for å selja dekk. I dag handlar handling om museklikken Me googlar så jævlig at me kan meir om varene enn han idioten i butikken. Utan nerden stoppar verden Kor mange kundar mistar du på ferden? Notida er blitt totaltforvandla Tenk om du kan snappa opp alle dei som har vore på sida di og ikkje handla? Du må finna sporet på kor dei har tenkt seg hen Og lokka dei tilbake til sida di igjen. Internett er slett ikkje for pyse -skal du få suksess må du vera glad i analyse. Og så fekk me melding frå ein av dei som ikkje er normale At monopol har røtene sine attende til 1800-talet. Så var eg lunsjen og slo meg laus Eg koste meg med varm krabbe og vaniljesaus. Så var pausen slutt Otergutta teiknar fantastisk løye uavbrutt. Eg har ete så mykje at eg kjenner meg dopa Så kom Tom Georg Olsen, ein av dei beste sjefane i Europa. Han er dagleg tjenar i Miles, Norges beste arbeidsplass Han har med seg hundre it-konsulentar som er klare til å gje gass. Kva er suksessen til dette her? Er unge Olsen rett og slett ein dyktig emissær? Det handlar om å ha ein visjon Og det handlar om å driva misjon Og eg syns det er tøft rett og slett At dei har dreve i 10 år utan budsjett. Det gjeld å ha eit positivt medarbeidarsyn Og tjenaren må spandera når gutta er på byn Bjarte Bogsnes har komme med det nye store Beyond budgeting er det nye ordet. Og Tom Georg er ikkje i tvil Om at det er rett å ha ein medvirkande ledarstil. Han er glad i fotballterminologi Og han har difor 11 bud i staden for 10. Forventning og innfrielse er viktig at er så like som det går ann Det er derfor det alltid går til helvete med Brann. Han har og fleire viktige punkt på lur Det er og viktig å omsetja tankegodset til kultur. Tillit til medarbeidaren er bra Hos Miles bestemmer den ansatte kva konferranse han skal reisa på og kva mobiltelefon han skal ha Alle innkjøp er førte i opne loggar Og tjenaren parktiserer som daglig rosabloggar. Å laga mykje temakaker kan var eit slit Dei er flotte å sjå på sjølv om dei av og til smakar drit Når det er ein jobb der ein har intrikate problem å løysa Så er det viktig å stoppa opp og tøysa. Det er viktig å halda på venskapet og halda stemningen fin I botn er det viktig med ordentlighet og disiplin. Familiane ynskjer miles og å prega Det skal vera godt for familien å vera ein Miles kollega. Å ta norsk bedriftskultur til India går fint ann Neste generasjons indarar skal skarra og heia på brann. Eg fekk lyst å begynna i Miles og vera med å leka Eg klara meg med ein million i året, og eg kan begynna i neste veka. Tom Georg snakka med entusiasme til ein lyttande sal Den viktigaste markedsføringa i ein bedrift er den humane kapital. Eg skal predika arbeidsmiljø til sjefen min utan stans No skal eg reisa heim og tørka meg med budsjettet hans. Frode Drønen ville ha oss på nett må vite Og lokka oss inn på kahoot.it Her gjekk det unna i fleire rundar Og plutselig hadde han rekruttert hundre nye horekundar. Og det som var interessant med det Er at det er 5 som trur at Brann rykke endå lengre ne’. Det kom fleire interessante hypotesar med svar av ulik brøk Og eg trur det er fyrste gong eg ikkje har opplevd at nåke sånt ikkje går til helvete i fyrste forsøk. Distribusjonen dei siste hundre åra skrenka seg inn I frå T-ford via Reitan til Finn. No kan du bestilla kva som helst via nette eller appa Du kan bestilla middag på nettet og få matkasse på trappa. Det blir lettare å vera handlande kvinne og mann Nå kan du gå på Vinmonopolet og handla i bøtter og spann. No delar me alt me har, me har ingenting i sjul Alle pular alle og så deler me til jul. Kundens tidsalder er no komen til oss Og du kan allereie ta deg ein interaktiv skitur på Voss. No er eg så full av kunnskap at eg nesten gret Eg har oppaggregert meg ein stor kunnskap om interaktivitet. Kundeopplevelse må me tenkja alle våre dage’ Får du kjetchup og sennep på disken har du drete på drage’. Bli kjent med kunden din sa han mellom anna Det er betre med ein blid kunde enn ein som er forbanna. Jorunn Flydal hadde content marketing på sin agenda Dei har gjennomført den største undersøkelsen om content marketing i Norge kan henda Kanskje det for nokon fristar Å endra status frå annonsør til merkevarepublisistar. Her gjeld det å halda kursen stø VG var sure når Betsson hjelpe Tone Damli med å fø? Content marketing hadde heile salen full peiling på sa dei nå Eg så ingen benektande hender i veret, men mange ansikt med pinocchionaser på. Men no er me vel belyste om innholdsmarknadsføring Det er ei ny form for folkeforføring. Det er ei marknadsføring som er lurt inn på kvar ein plass Så du blir lokka til å shoppa mens du sitte på facebook på dass. Så før du er ferdig med å trøkka på do Så har ein liten kinamann begynt å pakka dine nye sko. Og før du har lukka dassen si dør Har du alt rukke å skifta mobiloperatør. Dette er marknadsføring med lempe og list Eg tenkjer at dette skulle besten ha visst. Hadde besten sitt detta hadde han slått seg på rongo Då hadde han bestilt seg tresko frå zalando og kåna frå kongo Nei, jammen har eg lært utruleg mykje i dag Kvinnherad Breiband skal byrja med content i morgon den dag De skal bli utruleg gøy Når me kan tilby interaktive tenester på Haukanes på Varaldsøy. Takk Jorunn Flydal, no veit eg kva content marketing er Så no kan eg ta den opprekte handa ner. No har eg lært utrulig masse Dette var ein leksjon av høg klasse ANTI står for A new type of interference, det tok tid for meg å forstå At heile greia eigentleg berre er eit dritfett reklamebyrå. Eg er spent på kva Tom Morgan og Endre Berntsen har å sei Eg gler meg i alle fall til å høyra på dei. Tom Morgan is like a good wine A gentleman frå England and a genius in design Sorry, my english is not so good Welcome to Bergen and old Norwegian wood Tore Haugnes skal spele ut dei historiske korta Han er den einaste i salen med rutete skjorta. I dag har me sett utruleg mykje framtidsretta sake Tor skal ta jobben med å trekka linjene tilbake. Det blir godt å sjå framtida i eit historisk perspektiv Heilt attende til den fyrste tida med intelligent liv. Han skal ta oss attende mykje lengre attende enn farmen Lenge før du kunne risikera å injisert RFID i endetarmen. Dette har vore ein fantastisk dag Med forelesarar av beste slag. Takk Camilla for at eg fekk vere med på dette Og takk til otergutta for tavla som snart er tette. No skal eg heim med båten Er så glad at eg nesten er på gråten Dette har vore den beste konferansen i Norge Direkte frå Terminus, Arne Torget