Feil! Fant ikke referansekilden.
Transcription
Feil! Fant ikke referansekilden.
Side 1 av 2 Fylkesrådmannen Sakshandsamar: Marit Silje Årnes Husabø E-post: Marit.Silje.Arnes.Husabo@sfj.no Tlf.: 97173379 Valstyra i kommunane i Sogn og Fjordane Vår ref. Sak nr.: 15/312-37 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 29122/15 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 25.08.2015 Fylkestingvalet 2015 - Innsamling/innlevering av stemmesetlar og kontakt på valdagen Teljing og kontroll av valoppgjer for Sogn og Fjordane startar på Fylkeshuset i Leikanger kommune tysdag 15.09.2015 kl 16.30. Vi ber om at valstyra i kommunane, - gjennom ein stafett, - syter for at valmaterialet er innkome til skanningsenteret vårt på Fylkeshuset innan denne tid. Dersom de ikkje når denne fristen ber vi om at de melder dette på telefon til ein av mobiltelefonane nedanfor. Vi har sett opp følgjande “stafett” for oppsamling/innlevering av valmaterialet: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen: Selje bringar til Vågsøy Vågsøy bringar vidare til Eid Eid bringar vidare til Gloppen Hornindal bringar til Stryn Stryn bringar vidare til Gloppen Gloppen syter for at valmaterialet frå desse 6 kommunane kjem til Fylkeshuset. Bremanger, Flora, Askvoll, Naustdal, Førde og Jølster: Bremanger bringar til Flora Flora bringar vidare til Naustdal Naustdal bringar vidare til Førde Askvoll bringar til Førde Førde bringar vidare til Jølster Jølster syter for at valmaterialet frå desse 6 kommunane kjem til Fylkeshuset. Fjaler, Gaular, Solund, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Balestrand: Fjaler bringar til Gaular Gaular bringar vidare til Høyanger Solund og Gulen bringar til Hyllestad Hyllestad bringar vidare til Høyanger Høyanger bringar vidare til Balestrand Balestrand syter for at valmaterialet frå desse 7 kommunane kjem til Fylkeshuset. Aurland, Årdal, Lærdal, Luster og Sogndal: Aurland og Årdal bringar til Lærdal Lærdal bringar vidare til Sogndal og leverer til Luster Luster syter for at valmaterialet frå desse 4 kommunane kjem til Fylkeshuset. Sogndal kommune, Vik kommune og Leikanger kommune bringar eigne stemmesetlar/valmateriale til Fylkeshuset sjølve. Fylkeshuset | Askedalen 2 | 6863 LEIKANGER | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA Side 2 av 2 Dersom valstyra har andre og/eller betre måtar /framlegg til å løysa innleveringa/stafetten på, oppmodar vi om å få framlegg om dette. Alle endringar må vera avtala med fylkesvalstyret sitt sekretariat. Valmateriale som skal leverast er: alle stemmesetlar møtebok for valstyret i kommunen eventuelt anna materiell/dokumentasjon som vedkjem avrøysting ved fylkestingsvalet Valmateriale som ikkje skal leverast er: manntalslister valkort Pakking: Fylkesvalstyret minner om at materialet skal sendast i forsegla kasse, jf reglane i vallova og forskrifta. Valstyret må legge vekt på at reglane vert nøye følgde. Tryggleik: All transport m.v. må verte utført med minst 2 personar til stades til ei kvar tid. Dersom det vert endringar eller oppstår vanskar, ber vi om at sekretæren for fylkesvalstyret vert varsla snarast. Telefonnummer som kan nyttast: 958 00 153 971 73 379 mobil til sekretæren mobil til Marit Silje Husabø Telefonane ovanfor kan også nyttast dersom valstyra har trong for å kontakta fylkesvalstyret på valdagen eller i samband med avviklinga av valet. Med helsing Knut Henning Grepstad sekretær for fylkesvalstyret Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift