Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims

Transcription

Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims
13. Konference om Leksikografi i Norden
Københavns Universitet 19.-22. maj 2015
Abstracts til foredrag
Marit Hovdenak & Ingunn Indrebø Ims
Språkrådet, Oslo
marit.hovdenak@sprakradet.no; ingunn.indrebo.ims@sprakradet.no
Bruk av digitale ordbøker i norsk skule
I kva grad nyttar norske elevar og lærarar norskspråklege digitale ordbøker og ordlister i ulike
skulerelaterte situasjonar? For å svare på dette spørsmålet tar vi utgangspunkt i ei undersøking frå hausten
2014 om bruken av digitale ordbøker i norsk skule. Undersøkinga, som er utført av Språkrådet i samarbeid
med TNS Gallup, omfattar elevar og lærarar på mellom- og ungdomstrinnet og den vidaregåande skulen.
Undersøkinga er landsomfattande, og omkring 500 lærarar og 5000 elevar har svart på spørjeskjema.
Mange skuleeigarar har kjøpt inn og gjort tilgjengelege digitale ordbokressursar for skulane, men vi veit
ikkje om eller når elevane brukar dei, eller om dei heller slår opp i andre ordbøker dei finn på nettet.
Formålet med undersøkinga var derfor å finne ut kva for nokre digitale ordbøker (bokmål og nynorsk) som
er i bruk i skulen.
Elevane fekk spørsmål om bruk av datamaskin i undervisninga, om kjennskap til digitale ordbøker, bruk av
digitale ordbøker generelt og bruk av digitale ordbøker under heildagsprøver. Lærarane fekk spørsmål om
informasjon om ordbøker i undervisninga, tilgang til digitale ordbøker på skulen, bruk av digitale ordbøker
i undervisning og eige arbeid og ordbøker under heildagsprøver.
Resultata frå undersøkinga er interessante for fleire av arbeidsfelta til Språkrådet og viser tendensar i
korleis rettskrivingsressursar blir nytta i norsk skule. Tidlegare frekvensundersøkingar viser at bruken av
dei digitale ordbøkene Bokmålsordboka (BOB) og Nynorskordboka (NOB) aukar, og skuleundersøkinga frå
hausten 2014 viser at det i dag er nesten like mange som brukar digitale ordbøker til eksamen som
papirordbøker. Bruken av digitale ordbøker aukar dessutan med alder og klassetrinn, noko som viser at
norske elevar lærer å bruke slike læringsressursar gjennom skuleløpet. Undersøkinga viser elles ein
samanheng mellom bruk av digitale ordbøker og målform, geografi og fleirspråkleg bakgrunn. Ulike
ordbokressursar blir dessuten nytta i ulike situasjonar; ordbøker som er kjøpte av forlag eller andre
utgivarar, er mest nytta til eksamen, medan ordbøkene som er gratis og fritt tilgjengelege (som BOB og
NOB), er mest nytta i det daglege.
Digitale ordbøker i bruk. Undersøkelse blant elever og lærere på mellom- og ungdomstrinnet og i den
videregående skolen. TNS Gallup – Språkrådet 2014.
39