Godkjenning av årsrekneskapen 2014
Transcription
Godkjenning av årsrekneskapen 2014
ØKONOMIAVDELINGA Arkivnr: 2014/10498-52 Saksbehandlar: Ingvar Skeie Saksframlegg Saksgang Utval Fylkesutvalet Fylkestinget Saknr. Møtedato 19.05.2015 09.06.2015 Godkjenning av årsrekneskapen 2014 Samandrag Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune 2014 vert med dette lagt fram til godkjenning. Forslag til innstilling 1. Årsrekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2014 vert godkjend. Rune Haugsdal fylkesrådmann Nils Vetlesand Kst. fylkesdirektør økonomi Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Vedlegg 1 Årsrekneskap 2014 for Hordaland fylkeskommune - saksførelegg kontrollutvalet 2 Uttale frå kontrollutvalet på årsrekneskap 2014 for Hordaland fylkeskommune 3 Revisjonsberetning Hordaland fylkeskommune 2014 4 Revisjonsrapport Hordaland fylkeskommune 2014 Hordaland fylkeskommune ØKONOMIAVDELINGA Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900 5020 Bergen Tlf: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Org.nr. NO 938 626 367 mva. Kontonr. 5201 06 74239 Side 2/3 Fylkesrådmannen, 04.05.2015 Rekneskapsresultat Driftsrekneskapen for 2014 vart gjort opp i balanse. Det var nødvendig å gjennomføre delvise strykningar. Overføringane frå drift til finansiering av investeringar vart redusert med om lag 15 mill. kr. Netto driftsresultat gjekk ned frå 526,5 mill. kr (6,6 %) i 2013 til 52,3 mill. kr (0,7 %) i 2014. Den viktigaste forklaringa på nedgangen er endra føring av momskompensasjon frå investeringar. I 2013 vart momskompensasjon frå investeringar bokført i driftsrekneskapen (367,1 mill. kr). Frå 2014 skal denne inntektsposten førast i investeringsrekneskapen. Sjølv om ein korrigerer for denne rekneskapstekniske omlegginga, var det likevel ein markert nedgang i netto driftsresultat frå 2,1 % til 0,7 %. Avsetjingar til disposisjonsfond Ved rekneskapsavslutninga i 2014 vart det avsett følgjande beløp til disposisjonsfond: mill. kr Skolar 13,5 Tannhelsedistrikt 4,1 Prosjekt innan kultur 8,4 Innspart løn grunna streik 10,4 Totalt 36,4 (I desse tala er ikkje teke med overskotet frå 2013 som vart avsett til disposisjonsfond.) Bruk av disposisjonsfond i driftsrekneskapen var 57 mill. kr. I fylkesutvalsmøte 29.01.2015 vart det reist spørsmål om trekk på 10,4 mill. kr i skulebudsjetta etter streiken burde vore tilbakeført til skulane. Ved rekneskapsavslutninga valde fylkesrådmannen difor å setje denne summen av til disposisjonsfond, jfr. oppstillinga ovanfor. I 2014 vart det vedteke reglar for kor store disposisjonsfond skulane kan byggje opp. Ved utgangen av 2013 hadde skulane til saman 109,9 mill. kr i disposisjonsfond. I 2014 vart dette redusert til 56,7 mill. kr. 28,8 mill. kr vart samla på eit fellesfond for opplæringssektoren. Skulefond og felles fond utgjorde til saman 85,5 mill. kr ved utgangen av 2014. Investeringsrekneskapen Det vart investert for 3 716,9 mill. kr i eigedomar og utstyr. Revidert budsjett var 3 908,9 mill. kr, medan opphavleg budsjett var 4 359 mill. kr. Dette viser at framdrifta for nokre prosjekt (i hovudsak vegar) ligg noko etter det som var føresett i opphavleg budsjett Dei viktigaste finansieringskjeldene for investeringane var bompengar (1 672 mill. kr) og lån (1 092 mill. kr.) Når det gjeld meir detaljar om rekneskapen, viser eg til årsmeldinga og rekneskapshefte. Revisjonsmeldinga I revisjonsmeldinga, datert 15. april 2015, konkluderer revisor slik: ”Vi meiner at årsrekneskapen er avgjeven i samsvar med lov og forskrifter og gir i det alt vesentlege ein dekkande framstilling av den finansielle stillinga til Hordaland fylkeskommune per 31. desember 2014 og av resultatet for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg.” Side 3/3 Handsaming i kontrollutvalet Kontrollutvalet handsama årsrekneskapen i møte 04.05.2015. Saksførelegget følgjer som vedlegg til saka. Fylkesrådmann, Rune Haugsdal og fung. fylkesdirektør Økonomi, Nils Egil Vetlesand presenterte årsrekneskapen for 2014 og svarte på spørsmål frå kontrollutvalet. Partner Helge-Roald Johnsen og rekneskapsrevisor Espen Hordvik kom med supplerande informasjon i høve revisjonen som er føreteke og presenterte revisjonsrapport 2014. På bakgrunn av det som kom fram skal Deloitte i møte 21.9.15 orientere kontrollutvalet om status for revisjon av det elektroniske innkjøpssystemet Qlik View. Møtet vart lukka under delar av orienteringa frå Deloitte med heimel i kommunelova § 31.3. Etter dette vart slikt vedtak samrøystes vedteke. Vedtak 1. 2. 3. Kontrollutvalet ber fylkesrådmannen kome i møte i utvalet 21.9.2015 for å gjera greie for kva som er/vil verta gjort i høve forbetringsområda som kjem fram av revisjonsrapport 2014 nr. 13 frå Deloitte. Kontrollutvalet ber Deloitte i det same møtet orientere kontrollutvalet om status for revisjon av det elektroniske innkjøpssystemet Qlik View. Kontrollutvalet vedtek utkast til uttale om Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2014. Kontrollutvalet Arkivnr: 2014/10498-47 Saksbehandlar: Roald Breistein Saksframlegg Saksgang Utval Kontrollutvalet Saknr. Møtedato Årsrekneskap 2014 for Hordaland fylkeskommune - Uttale frå kontrollutvalet Bakgrunn for saka: Kontrollutvalet skal gje uttale til årsrekneskapen, jf. ”Forskrift om årsrekneskap og årsberetning”. Fylkesrådmannen si årsmelding skal følgja som sakstilfang til saka, og det skal merkast om det er vesentlege avvik mellom årsmeldinga og årsrekneskapen. Det er så fylkesutvalet som innstiller overfor fylkestinget, i saka om rekneskapen. Fylkestinget skal handsama både årsrekneskap og årsmelding i same møte. Dette følgjer av kommunelova §48, jf. ”Forskrift om årsregnskap og årsberetning” §10. Drøfting: Årsrekneskapen er lagt fram av fylkesrådmannen, og består av driftsrekneskap, investeringsrekneskap, balanserekneskap, økonomiske oversiktar og noteopplysningar. Fylkeskommunen sin revisor, Deloitte, har lagt fram revisjonsmelding. Her er medteke at driftsrekneskapen viser kr. 5 154 499 000 til fordeling drift og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr. 0. Det kjem ikkje fram spesielle forhold som blir omtala i revisjonsmeldinga, og den vert å sjå på som ”ei rein” revisjonsmelding. Vi fekk også kopi av revisjonsrapport 2014 nr. 13 frå Deloitte til fylkeskommunen. Denne revisjonsrapporten inngår også som ein del av sakshandsaminga til rekneskapssaka i kontrollutvalet. Revisjonsrapporten beskriv resultatet av ei kartlegging og vurdering av dei viktigaste kontroll- og rekneskapsrutinane i fylkeskommunen, for å identifisere kor det er størst risiko for feil i rekneskapsrapporteringa. På bakgrunn av denne gjennomgangen har Deloitte gjeve ein del tilrådingar til fylkeskommunen på forhold som bør og kan betrast. Sekretariatet tilrår at kontrollutvalet oppmoder fylkeskommunen om å prioritere å sette fokus på desse forbetringsområda. Av rekneskapen for 2014 har sekretariatet merka seg at netto driftsrekneskap er positivt med kr. 52,3 mill dvs. netto resultatgrad på 0,66 % (Sett opp mot sum driftsinntekter). Gjennomsnitt for alle fylkeskommunane i Noreg (utanom Oslo) ligg ifølgje opplysningar frå SSB på netto resultatgrad på 3,0 % i 2014. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) tilrår at ein over tid bør ha netto resultatgrad på 3 prosent fram til 2014 for å ha ei forsvarleg økonomisk drift. Frå 2014 er dette talet oppjustert til 4,0 %. Besøksadresse: Agnes Mowinckelsgt. 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55 23 90 00 Direkte telefon 55239447 – Mobil 97505152 - E-postadresse: Roald.Breistein@hfk.no eller kontrollutvalet@hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Side 2/4 For Hordaland fylkeskommune har netto resultatgrad vore slik dei siste 5 åra: 2010 (+ 5,5 %), 2011 (+ 3,5 %), 2012 (+ 3,3 %), 2013 (+ 6,62 %) og 2014 (+ 0,66 %), sjå graf nedanfor. Som vi ser av desse tala har fylkeskommunen eit resultat som i 2014 er monaleg lågare enn tilrådinga frå TBU og under snittet i fylkeskommunane. Netto driftsresultat viser kva ein har att etter at alle driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekka. Driftsresultatet påverkar i stor grad fylkeskommunen sin handlefridom og evne til å tåle svingingar i økonomien. Hordaland fylkeskommune, Netto resultatgrad Årstall 2010 2011 2012 2013 2014 10,00% 9,00% 8,80% 8,00% Prosent 7,00% 6,00% 5,00% 4,00% 3,00% 5,50% 5,50% 3,52% 6,62% 5,90% 5,20% 3,31% 3,00% 2,00% 1,00% 0,66% 0,00% Hordaland fylkeskommune Heile landet TBU Riksrevisjonen la 16.02.2015 fram Dokument 3:5 (2014 – 2015) Riksrevisjonens undersøkelse av kommunenes låneopptak og gjeldsbelastning. Her er det undersøkt samanhengen mellom høg lånegjeld i kommunane, sum driftsinntekter og disposisjonsfond. Riksrevisjonen tilrår at kommunane ikkje bør ha meir enn 75 % av driftsinntektene i lånegjeld. Ved å nytte Riksrevisjonen si tilnærming kjem ein fram til at Hordaland fylkeskommune har ei lånegjeld tilsvarande 96 % av sum driftsinntekter, altså monaleg høgare enn tilrådinga frå Riksrevisjonen. Tilsvarande er disposisjonsfondet på 4,36 % av driftsinntektene. Riksrevisjonen tilrår her minst 5 %. Totalt sett har Hordaland fylkeskommune høg lånegjeld, svakt driftsresultat for 2014 og eit disposisjonsfond som også er litt lågt. Det vert tilrådd at kontrollutvalet i sin uttale omtalar dette. Sekretariatet merkar seg m.a. følgjande frå fylkesrådmannen sin uttale i årsmeldinga: «Hordaland fylkeskommune har 8,1 milliardar kroner i lånegjeld pr. 31.12.2014. Det er 891 millionar kroner meir enn i 2013, og det er først når vi trekkjer frå utgifter til renter og avdrag at vi får eit netto driftsresultat på 52,3 millionar kroner, mot 526,5 millionar i 2013. Ein god del av denne nedgangen skuldast ei rekneskapsteknisk endring i føring av momskompensasjon. Likevel er det ein markert reell nedgang i netto driftsresultat i høve til inntektene, frå 2,1 % i 2013 til 0,7 % i 2014. Den tilsvarande nedgangen for heile landet er frå 6,0 % til 3,0 %. Nedgangen i Hordaland kjem ikkje uventa, sidan fylket vårt er blant dei som har høgast investeringar, men endringa i momsføringa gjer at det slår endå sterkare ut hos oss. Eit netto driftsresultat på 0,7 % av inntektene inneber at Hordaland fylkeskommune har avgrensa handlingsrom og lite evne til å tole svingingar i økonomien.» Side 3/4 Fylkesrådmannen har her god observasjon ift. ei utvikling med høgre lånegjeld og svakare driftsresultat. Driftsresultatet var faktisk på 6,6 % (ikkje 2,1 %) i 2013, slik det og står i kapittelet om driftsrekneskap i årsmeldinga, så nedgongen vart på ca. 6 % frå 2013 til 2014. Kontrollutvalet har som oppgåve å gje uttale til fylkeskommunen sin årsrekneskap. Uttalen vert gjeve med bakgrunn i framlagd årsrekneskap, årsmelding frå administrasjonen, revisjonsmeldinga og revisjonsrapport frå revisor. Kontrollutvalet tek sjølv stilling til kva forhold som skal omtalast i uttalen. Det vil vera naturleg å ta med spesielle forhold som blir omtala i revisjonsmeldinga og eventuelle revisjonsrapportar og nummererte brev. Uttalen skal sendast til fylkestinget, med kopi til fylkesutvalet. Fylkesrådmann har lagt fram ei god årsmelding, som gjev ei god skildring av drifta av fylkeskommunen i 2014. Årsmeldinga frå administrasjonen skal utformast i tråd med Kommuneloven § 48 nr. 5, som lyder: «I årsberetningen skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme kommunens eller fylkeskommunens økonomiske stilling og resultatet av virksomheten, som ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for kommunen eller fylkeskommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre betryggende kontroll og en høy etisk standard i virksomheten. Det skal redegjøres for den faktiske tilstanden når det gjelder likestilling i fylkeskommunen eller kommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt, og tiltak som planlegges iverksatt for å fremme likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med likestillingsloven, samt for å fremme formålet i diskrimineringsloven om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og diskrimineringsloven om seksuell orientering.» Forhold som gjeld likestilling og etikk synest også i 2014 å vera greitt omtala. Det vart i 2013 gjort endringar i kommunelova § 48 nr. 5 ved at der er teke inn: «Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre betryggende kontroll...» I dette ligg det eit krav til å orientera i årsmeldinga om fylkesrådmannen sin internkontroll. I kontrollutvalet sin uttale for 2013 stod dette: «Kontrollutvalet kan ikkje sjå at dette er omtala i årsmeldinga for 2013. Punktet vil verta vurdert grundigare ved årsmeldinga for 2014.» Sekretariatet kan heller ikkje i årsmeldinga for 2014 sjå at fylkesrådmannen sin internkontroll er omtala. Det vert tilrådd at kontrollutvalet i sin uttale omtalar dette. Det vert tilrådd at kontrollutvalet denne gongen innarbeider følgjande i uttalen sin: rekneskapsmessig mindre forbruk netto driftsresultat låneopptak og ubundne disposisjonsfond talmateriale og uttale frå revisjonsmeldinga og revisjonsrapport. omtale av internkontroll i årsmeldinga Konklusjon: Sekretariatet meiner at kontrollutvalet bør tilrå at fylkeskommunen prioriterer å sette fokus på forbetringsområda som kjem fram av revisjonsrapport 2014 frå Deloitte. Utvalet bør vidare be fylkesrådmannen kome i møte i kontrollutvalet 21.9.2015 for å gjera greie for kva som er/vil verta gjort i høve desse forbetringspunkta. Sekretariatet tilrår vidare at kontrollutvalet i sin uttale gjer merksam på at heller ikkje årsmeldinga for 2014 inneheld informasjon om tiltak fylkesrådmannen har sett i verk, og tiltak som er planlagt sett i verk, for å sikre internkontrollen (betryggende kontroll), i tråd med kommunelova § 48.5 Vidare bør kontrollutvalet i sin uttale peike på at dei er uroa over at Hordaland fylkeskommune si lånegjeld ligg monaleg over Riksrevisjonen si tilråding. Den er 96 % ift. driftsinntektene, medan det er tilrådd å ligga under 75 %. Samstundes har fylkeskommunen eit svakt driftsresultat for 2014 og eit disposisjonsfond som også er litt lågt. Kontrollutvalet sin uttale og revisjonsmeldinga er to sjølvstendige dokument, som følgjer saka vidare via fylkesutvalet til fylkestinget. Side 4/4 Forslag til vedtak 1. Kontrollutvalet ber fylkesrådmannen kome i møte i utvalet 21.9.2015 for å gjera greie for kva som er/vil verta gjort i høve forbetringsområda som kjem fram av revisjonsrapport 2014 nr. 13 frå Deloitte. 2. Kontrollutvalet vedtek utkast til uttale om Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2014. Hogne Haktorson kontrollsjef Roald Breistein seniorrådgjevar Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift. Vedlegg: Årsmelding 2014 for Hordaland fylkeskommune Rekneskap 2014 – Del 1 - Hovudoversyn med noter Rekneskap 2014 – Del 2 – Driftsrekneskap, vert lagt fram i møtet Rekneskap 2014 – Del 3 – Inversteringsrekneskap, vert lagt fram i møtet Revisjonsmelding 2104 frå Deloitte for Hordaland fylkeskommune dagsett 15.4.2015 Revisjonsrapport 2014 frå Deloitte dagsett 15.4.2015 Forslag til uttale frå kontrollutvalet på årsrekneskapen 2014 for Hordaland fylkeskommune Kontrollutvalet TIL HORDALAND FYLKESKOMMUNE V/ FYLKESTINGET. ÅRSREKNESKAPEN 2014 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET. Kontrollutvalet har i møte 4.5.2015 handsama Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2014. Representantar frå administrasjonen og ansvarleg revisor var tilstades i møtet og presenterte årsrekneskapen og svarte på spørsmål. Av rekneskapen for 2014 har sekretariatet merka seg at netto driftsrekneskap er positivt med kr. 52,3 mill dvs. netto resultatgrad på 0,66 % (Sett opp mot sum driftsinntekter). Gjennomsnitt for alle fylkeskommunane i Noreg (utanom Oslo) ligg ifølgje opplysningar frå SSB på netto resultatgrad på 3,0 % i 2014. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) tilrår at ein over tid bør ha netto resultatgrad på 3 prosent fram til 2014 for å ha ei forsvarleg økonomisk drift. Frå 2014 er dette talet oppjustert til 4,0 %. Riksrevisjonen la 16.02.2015 fram Dokument 3:5 (2014 – 2015) Riksrevisjonens undersøkelse av kommunenes låneopptak og gjeldsbelastning. Her er det undersøkt samanhengen mellom høg lånegjeld i kommunane, sum driftsinntekter og disposisjonsfond. Riksrevisjonen tilrår at kommunane ikkje bør ha meir enn 75 % av driftsinntektene i lånegjeld. Ved å nytte Riksrevisjonen si tilnærming kjem ein fram til at Hordaland fylkeskommune har ei lånegjeld tilsvarande 96 % av sum driftsinntekter, altså monaleg høgare enn tilrådinga frå Riksrevisjonen. Tilsvarande er disposisjonsfondet på 4,36 % av driftsinntektene. Riksrevisjonen tilrår her minst 5 %. Totalt sett har Hordaland fylkeskommune høg lånegjeld, svakt driftsresultat for 2014 og eit disposisjonsfond som også er litt lågt. Kontrollutvalet merkar seg m.a. følgjande frå rådmannen sin uttale i årsmeldinga: «Hordaland fylkeskommune har 8,1 milliardar kroner i lånegjeld pr. 31.12.2014. Det er 891 millionar kroner meir enn i 2013, og det er først når vi trekkjer frå utgifter til renter og avdrag at vi får eit netto driftsresultat på 52,3 millionar kroner, mot 526,5 millionar i 2013. Ein god del av denne nedgangen skuldast ei rekneskapsteknisk endring i føring av momskompensasjon. Likevel er det ein markert reell nedgang i netto driftsresultat i høve til inntektene, frå 2,1 % i 2013 til 0,7 % i 2014. Den tilsvarande nedgangen for heile landet er frå 6,0 % til 3,0 %. Nedgangen i Hordaland kjem ikkje uventa, sidan fylket vårt er blant dei som har høgast investeringar, men endringa i momsføringa gjer at det slår endå sterkare ut hos oss. Eit netto driftsresultat på 0,7 % av inntektene inneber at Hordaland fylkeskommune har avgrensa handlingsrom og lite evne til å tole svingingar i økonomien.» Fylkesrådmannen har her god observasjon ift. ei utvikling med høgre lånegjeld og svakare driftsresultat. Driftsresultatet var faktisk på 6,6 % (ikkje 2,1 %) i 2013, slik det og står i kapittelet om driftsrekneskap i årsmeldinga, så nedgongen vart på ca. 6 % frå 2013 til 2014. Årsmeldinga frå administrasjonen skal utformast i tråd med Kommuneloven § 48 nr. 5 der m.a. går fram at «å sikre betryggende kontroll», «etikk» og «likestilling» skal omtalast. Forhold som gjeld likestilling og etikk synest også i 2014 å vera greitt omtala. Det vart i 2013 gjort endringar i kommunelova § 48 nr. 5 ved at der er teke inn: «Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre betryggende kontroll...» I dette ligg det eit krav til å orientera i årsmeldinga om fylkesrådmannen sin internkontroll. Besøksadresse: Agnes Mowinckelsgt. 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55 23 90 00 Direkte telefon 55239447 – Mobil 97505152 - E-postadresse: Roald.Breistein@hfk.no eller kontrollutvalet@hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Side 2/2 I kontrollutvalet sin uttale for 2013 stod dette: «Kontrollutvalet kan ikkje sjå at dette er omtala i årsmeldinga for 2013. Punktet vil verta vurdert grundigare ved årsmeldinga for 2014.» Kontrollutvalet kan heller ikkje i årsmeldinga for 2014 sjå at fylkesrådmannen sin internkontroll er omtala i tråd med kommunelova. Kontrollutvalet tilrår at fylkeskommunen prioriterer å sette fokus på forbetringsområda som kjem fram av revisjonsrapport 2014 nr. 13 frå Deloitte. Revisjonsrapporten beskriv resultatet av ei kartlegging og vurdering av dei viktigaste kontroll- og rekneskapsrutinane i fylkeskommunen, for å identifisere kor det er størst risiko for feil i rekneskapsrapporteringa. Kontrollutvalet har som oppgåve å gje uttale til fylkeskommunen sin årsrekneskap. Uttalen vert gjeve med bakgrunn i framlagd årsrekneskap og årsmelding frå administrasjonen, samt revisjonsmelding og revisjonsrapport frå revisor. Kontrollutvalet tek sjølv stilling til kva forhold som skal omtalast i uttalen. Det vil vera naturleg å ta med spesielle forhold som blir omtala i revisjonsmeldinga, eventuelle revisjonsrapportar og nummererte brev. Uttalen skal sendast til fylkestinget, med kopi til fylkesutvalet. Oppsummering/tilrådingar frå kontrollutvalet: Kontrollutvalet oppmoder fylkeskommunen om å prioritere å sette fokus på forbetringsområda som kjem fram i revisjonsrapport 2014, frå Deloitte Kontrollutvalet er uroa over at Hordaland fylkeskommune si lånegjeld (96 % ift. driftsinntektene) ligg monaleg over Riksrevisjonen si tilråding om å ligga under 75 %, samstundes som driftsresultat for 2014 er lågt og disposisjonsfond som også er litt lågt. Kontrollutvalet ber om at fylkesrådmannen i årsmeldinga for 2015 omtalar internkontroll i tråd med kravet i kommunelova § 48.5. Ut over det som nemnd over, og det som går fram av saksframlegget til kontrollutvalet i rekneskapssaka samt revisjonsmeldinga av 15.4.2015 og revisjonsrapport 2014, nr. 13, dagsett 15.4.2015, har kontrollutvalet ikkje merknader til Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2014. Bergen, 4.5.2015 Torill Vebenstad kontrollutvalsleiar Hogne Haktorson kontrollsjef Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift. Kopi: Hordaland fylkeskommune, fylkesutvalet