PROTOKOLL - Vest kontroll
Transcription
PROTOKOLL - Vest kontroll
ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Møtestad: Dato: Møtet starta Møtet slutta Ørsta kontrollutval Ørsta rådhus, Møterom Hjørundfjord 08.01.2015 13.00 15.45 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Anne Stine Foldal Aam Leiar Stig Vinjevoll Bjørn Støylen Medlem Medlem Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Kari Janne Myklebust Stina Aasen Lødmel Varamedlemar som møtte: Namn Aase Iren Aarskog for Kari Janne Myklebust Bjarte Roth for Stina Aasen Lødemel Frå Vest kontroll møtte: Namn Stilling Jostein Støylen Dagleg leiar Frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS møtte: Namn Stilling Bodill Skeide Revisjonssjef/dagleg leiar Frå kommuneadministrasjonen: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann I sak 4. Andrea Fivelstad Økonomileiar. I sak 4 Frå politisk hald møtte: Namn Verv Representerer Representerer Sak nr 01 02 03 04 05 06 Tittel Godkjenning av innkalling og sakliste. Møteprotokollen Godkjenning av møteprotokollen frå siste møte Meldingar Oppfølging av Tertialrapport 2. rapport 2014 Byggerekneskap av paviljong Velle skule Gjennomgang orienteringsbesøk Arkivkode 033 049 033&18 212 212 033 SAK 01/15 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE. MØTEPROTOKOLLEN Samrøystes vedtak: 1. Innkalling og sakliste vert godkjent. Sak 4 vert teken etter sak 1. 2. Til å skrive under møteprotokollen saman med leiaren vert vald Stig Vinjevoll. SAK 02/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLLEN FRÅ SISTE MØTE Vedlegg: Møteprotokollen frå møtet den 21.10.2014. Samrøystes vedtak: Møteprotokollen frå møtet den 21.10.2014 vert godkjent. SAK 03/15 MELDINGAR Vedlegg: 1. Avisa Møre. Fylkesmannen varslar tilsyn i barnevernstenesta. 2. Avisa Møre-Nytt. Varslar tilsyn med barnevernet. 3. Avisa Møre-Nytt. Manglar røykvarslarar. Samrøystes vedtak: Meldingane 1 – 3 vert tekne til orientering. SAK 04/15 OPPFØLGING AV TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2014 Vedlegg: Tertialrapport 2. tertial 2014 Saksopplysningar/saksutgreiing: Kontrollutvalet gjorde i sak 49/14 slikt vedtak: 1. Kontrollutvalet tek tertialrapport 2. tertial 2014 til orientering. 2. Kontrollutvalet meiner tertialrapporten inneheld mykje informasjon, men er lite oversiktleg. Rapporten bør innehalde informasjon om prognosar for rekneskapsresultat. 3. Kontrollutvalet ber rådmann og økonomileiar kome i neste møte for å orientere. ……………. Kontrollutvalet registrerer at tertialrapporteringa har blitt mykje betre. Utvalet har eit ynskje om å gjere tertialrapporteringa endå meir klar og forståeleg. Ulike tiltak for å få dette til vart teke opp med rådmann og økonomileiar. Rådmann og økonomileiar orienterte og svare på spørsmål. Seksjonsleiarane og einingsleiarane vert etter kvart trekt endå meir inn i arbeidet med budsjettarbeidet, økonomi- rapportering og økonomistyring generelt. Usikre faktorar for budsjettprognosane bør klart gå fram i rapporteringa. Lønskostnader, finanskostnader viktige faktorar. Samrøystes vedtak: Kontrollutvalet tek informasjonen som kom fram i møtet til vitande. SAK 05/15 BYGGEREKNESKAP NY PAVILJONG VELLE SKULE Vedlegg: 1. Frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS: Uttale i høve byggerekneskap Paviljong Velle skule, dat. 04.11.2014. 2. Prosjektrekneskap Ny paviljong Velle skule (rekneark - utskrift frå kommunerekneskapen. 3. Saksframlegg til formannskapet/kommunestyret. V/sakshandsamar/Prosjektleiar Øystein Mårstøl. 4. Frå investeringar i økonomiplanen. Vedteken i kommunestyret 19.12.2013, sak 111/13. Saksopplysningar/saksutgreiing: Kontrollutvalet skal uttale seg før byggerekneskapen vert ferdig behandla i formannskapet og kommunestyret. Revisor har gjort ein avgrensa revisjon av byggerekneskapen for Paviljong Velle skule. Rekneskapen viser ein totalkostnad på kr 2.787.759, inkl. mva. Beløpet er inklusiv intern prosjektleiing med kr 204.789. Det går fram av uttalen og økonomiplanen at budsjettvedtaket viser kr 2.800.000. Det er då eit mindreforbruk på kr 12.241. Bygningsarbeidet vart gjennomført innafor avtalt tidramme og budsjetter. I tillegg til revisor sin uttale i høve byggerekneskapen, samt prosjektrekneskapen, vert det til rådmannen si saksutgreiing med vedlegg for formannskapet/kommunestyret som ligg ved saka. Samrøystes uttale: 1. Kontrollutvalet viser til uttale frå revisor datert 04.11.2014, i høve byggjerekneskapen for Paviljong Velle skule. 2. Kontrollutvalet meiner at totalkostnaden for Ny paviljong Velle skule på kr 2.787.759 inkl. mva kan godkjennast. SAK 06/15 GJENNOMGANG ORIENTERINGSBESØK Saksopplysningar: Det var ein gjennomgang/oppsummering av orienteringsbesøk på Vartdal skule og fleirbrukshall og Vartdal helsetun. Rapportane vert oversendt skulen og helsetunet før endeleg behandling. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Møtet avslutta. Anne Stine Foldal Aam Møteprotokollen går til: Stig Vinjevoll Kommunestyret som melding. Kontrollutvalet for godkjenning i neste møte. Medlemer og varamedlemer i kontrollutvalet. Revisjonen.