KONTROLLUTVALET FOR MODALEN KOMMUNE SÆRUTSKRIFT
Transcription
KONTROLLUTVALET FOR MODALEN KOMMUNE SÆRUTSKRIFT
KONTROLLUTVALET FOR MODALEN KOMMUNE SÆRUTSKRIFT Møtedato: Stad: Kl.: Tilstade: 20. april 2015 Formannskapsalen 08.30 – 10.10 Tom Kristian Thorsen (leiar), Harald Farestveit (nestleiar) og Siv Aina Gullbrå (vara for Simona Lukaseviciute Arnesen) Innkalla: Rådmann Revisjon: Revisjonssjef Reidar Bjørsvik Sekretær: Sekretær Tonje Husum Aarland Forfall: Simona Lukaseviciute Arnesen ................................................................................................................................................. 04/15 Kontrollutvalet sin uttale til rekneskapen for 2014 Sakstilfang: Årsrekneskap, årsmelding, revisjonsmelding og revisjonsuttale. Rådmann møtte i denne saka. Kontrollutvalet gjekk gjennom årsrekneskapen for 2014, og stilte spørsmål til administrasjon og revisor om tilhøve kring revisjonsrapporten, årsmeldinga og rekneskapen. Rådmann orienterte om oppfølging av budsjett og rekneskap. Samrøystes vedtak: Med tilvising til det som her er nemnd vedtok Kontrollutvalet å gi slik uttale til kommunestyret om Modalen kommune sin årsrekneskap for 2014: Kontrollutvalet har handsama årsrekneskapen for Modalen kommune for 2014. Saman med årsrekneskapen låg føre årsmeldinga frå rådmannen samt revisjonsmelding for 2014 og revisjonsrapport. Kontrollutvalet meiner at presentasjon av årsrekneskapen med tilhøyrande spesifikasjonar og notar, tilfredsstiller brukarane sitt informasjonsbehov. Rekneskapen for 2014 syner eit netto driftsresultat på 6,7 mill kr. Det er nesten på nivå med 2013 og er framleis på eit høgt nivå og det utgjer 7,6 % av brutto driftsinntekter. For Modalen kommune er det viktig å ha eit godt netto driftsresultat for å kunne ha tilstrekkeleg økonomisk handlefridom. Dette er også peika på i årsmeldinga. Driftsutgiftene auka med 1,3 % i 2014, mens driftsinntektene auka med 0,7 %. Lønnsutgiftene utanom pensjon og arbeidsgjevaravgift har i 2014 auka med 1,3 %. Skjema 1B syner forbruket på dei områda som kommunestyret har løyvd midlar til. Områda rådmannen/sentraladm., sosial og barnevern, barnehage og teknisk har ei lågare forbruk enn budsjettert. Kultur, skule, pleie og omsorg og kommunelege har eit meirforbruk. Avvika på dei einskilde områda er gjort greie for i årsmeldinga, slik det er krav om i forskrift om årsrekneskap § 10. Det er grunn til å merka seg at arbeidskapitalen og samla fondsmidlar er litt styrkt i 2014, det er viktig for å kunne ha ein sunn finansiering av framtidige investeringar.