og velferdsdirektoratet
Transcription
og velferdsdirektoratet
Saksbehandlar, innvalstelefon Tor G. Turøy, 55 57 22 22 Vår dato 03.12.2015 Vår referanse 2015/15646 721.9 Dykkar referanse Stine Glosli Arbeids- og velferdsdirektoratet direktoratet@nav.no Spørsmål om korleis ein skal forstå forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg, med utgangspunkt i ei konkret sosialklagesak Fylkesmannen i Hordaland viser til samtale med Arbeids- og velferdsdirektoratet på Statens hus i Bergen den 4. november 2015 om ei konkret sosialklagesak og om korleis ein skal forstå forskrift om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg. Vidare viser vi til vårt nettoppslag 23. november og til artiklar i Bergens Tidende 1. desember og 3. desember. Sosialklagesaka Den konkrete sosialklagesaka gjeld ein rumensk familie som søkte om sosialhjelp på Nav Bergenhus. Familien er på to vaksne og fire born i skulealder. Søknaden var todelt: Hjelp i ein naudsituasjon til livsopphald og bustad Hjelp i ein naudsituasjon til heimreise til Romania Familien kom til Noreg med eigen bil den 29. august 2015. Dei fortalte at dei var lova arbeid, men har ikkje fått det. Under opphaldet i Noreg har dei tigga. På søknadstidspunktet var dei utan pengar. Dei har budd privat i Bergen, men måtte flytte ut 2. november. Barna har ikkje gått på skule i Noreg. Klagar har ein gong tidlegare fått sosialstønad frå Nav Bergenhus, i mars 2014 fekk han stønad til mat og togreise til Oslo. Nav Bergenhus vurderte at familien var i ein naudsituasjon. Difor hadde han avgrensa rett til sosialhjelp. Nav-kontoret innvilga i vedtak av 29. oktober 2015 sosialstønad med 1000 kroner til bensinutgifter frå Bergen til Oslo og 800 kroner til mat. Nav avslo å gje hjelp til bustad. Nav-kontoret grunngav vedtaket sitt med mellom anna: «Dersom en person befinner seg i en nødsituasjon og ikke kan sørge for sitt livsopphold, har vedkommende likevel rett til hjelp. Personens ambassade vil kunne være behjelpelig med å opprette kontakt med kilder i hjemlandet hvis vedkommende ikke klarer dette selv. Etter at personen har fått slik bistand, har vedkommende ikke lenger krav på økonomisk stønad." Du fyller derfor ikke krav på sosialhjelp fram til dere er kommet til Romania, bare fram til landets ambassade i Oslo.» Klagar fortel at familien ikkje kan få bistand frå «kilder i hjemlandet», og at ambassaden ikkje hjelper dei med heimreise. Familien bad difor om tilstrekkeleg hjelp til å kome attende til Romania. Om dette, skriv Nav-kontoret: Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Helse- og sosialavdelinga Postboks 7310 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland «Sosialtjenesten er klar over at den rumenske ambassaden ikke betaler for hjemreise for strandede borgere.» … «Det faktum at den rumenske ambassaden ikke betaler for hjemreise for sine borgere, kan ikke i seg selv utløse en plikt for sosialtjenesten til å dekke familiens reiseutgifter til Romania.» Fylkesmannen var samd med Nav i at familien ikkje har full rett til sosialhjelp, men berre rett til avgrensa hjelp i ein naudssituasjon. Fylkesmannen var derimot ikkje samd i at sosialstønad til å kome til Oslo, der Romania har ambassade, var tilstrekkeleg til å avhjelpe naudssituasjonen. Når det er klarlagt at familien ikkje vil få hjelp frå ambassaden og det ikkje er haldepunkt for at dei kan få bistand frå kjelder i heimlandet, må Nav dekkje nødvendige utgifter til heile heimreisa. Difor oppheva vi Nav-kontoret sitt vedtak. Kva form for sosialhjelp har EØS-borgarar i ein naudsituasjon rett til? Forskrifta om sosiale tenester for personar utan fast bopel i Noreg seier at EØS-borgarar som søkjer etter arbeid kan opphalde seg i Noreg i seks månader, men har då i utgangspunktet ikkje krav på anna sosialhjelp enn opplysning, råd og rettleiing. Etter forskrifta er det gjort unntak for personar som er i ein naudsituasjon: «Hvis en person som nevnt i første ledd ikke kan sørge for sitt livsopphold, har vedkommende rett til økonomisk stønad og hjelp til å finne midlertidig botilbud i henhold til loven. Hjelp gis inntil vedkommende kan forventes å få bistand fra kilder i hjemlandet.» Arbeids- og velferdsdirektoratet har presisert dette nærare i rundskriv 35 til sosialtenestelova: «Hvis en person befinner seg i en nødssituasjon og ikke kan sørge for sitt livsopphold, har vedkommende likevel rett til hjelp. Vedkommende kan ha rett til økonomisk stønad og midlertidig botilbud til det kan forventes at det vil være mulig å få bistand fra kilder i hjemlandet. Dette vil i hovedsak dreie seg om bistand fra familie, venner, gjennom bankforbindelser eller lignende for å kunne fortsette det lovlige oppholdet i Norge eller for å kunne dra fra landet. Personens ambassade vil kunne være behjelpelig med å opprette kontakt med kilder i hjemlandet hvis vedkommende ikke klarer dette selv. Etter at det må kunne forventes at personen har fått slik bistand, har vedkommende ikke lenger krav på økonomisk stønad og midlertidig botilbud.» Det rundskrivet ikkje svarar på er rettssituasjonen i dei høgst aktuelle og praktiske tilfella der det ikkje kan leggast til grunn at vedkomande vil kunne få bistand frå kjelder i heimlandet eller få hjelp til heimreise frå landets ambassade. Vi ber om at Arbeids- og velferdsdirektoratet presiserer nærare kva form for sosialhjelp EØS-borgarar har rett til i ein slik naudsituasjon og om det eventuelt fins avgrensingar i den naudrettsforpliktinga som er eit grunnleggjande prinsipp i sosial- og helselovgivinga vår. Når det står i forskrifta at «Hjelp gis inntil vedkommende kan forventes å få bistand fra kilder i hjemlandet», opphøyrer då retten til sosialhjelp når vedkomande har fått hjelp til å kome i kontakt med kjelder i heimlandet? Eller kan vedkomande ha rett på sosialhjelp fram til ho eller han får pengar eller anna hjelp, slik at dei faktisk ikkje lenger er i ein naudsituasjon? Dersom eit Nav-kontor innvilger sosialstønad til reiseutgifter i ein naudsituasjon, er det då nok å innvilge stønad til kome seg til Oslo der landet har ambassade? 2 Vi ber om ei grundig vurdering av dei lovtolkingsspørsmåla denne saka gir opphavet til. Vi ber om ei raskt svar, då det er viktig for kommunane å få ei avklaring av desse spørsmåla. Med helsing Rune Fjeld assisterande fylkesmann Øystein Jacobsen seksjonsleiar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrifter. Kopi til Bergen kommune v/Byrådsavdeling for sosial, bolig og inkludering 3