Stolsvassdammen opna med stil Side 4-5 - E
Transcription
Stolsvassdammen opna med stil Side 4-5 - E
22.000 lesarar Åpent lokalt avfallsmottak hver lørdag kl. 10-13 TORSDAG 12. august 2010 | nr. 92 SPENT FØR avspark Side 19 72. årg. | kr. 15 | Følg med på hallingdølen.no Nes: Ny Sted: Tittel Volkswagen-butikk Sted: Ål: Legg Tittel press på utbyggaren Sted:Fylket Gol: Tittelvil verne Furuheim SIDE 3 Stolsvassdammen opna med stil Side 4-5 Side Side6-7 xx Side Side xx 12 Side xx 14 HALLINGDAL RENOVASJON INTERKOMMUNALT SELSKAP www.hallingdalrenovasjon.no MEINER: «Alle skjønar at velferds- og forbrukarsamfunnet krev felles løysingar, ikkje minst for det vi kastar i søppeldunken. Men gamle vanar er som kjent ofte vonde å vende» Side 2 4 NYHEITER TORSDAG 12. AUGUST 2010 Symbolsk handling: Den gamle og den nye dammen vart trekt saman av Lars Ivar Eriksen Larsgard (7) og styreformann Erik Nygaard i E-CO Energi. Lars Ivar har vore med goffa Ein dam for framtida ■ Nye Stolsvassdammen offisielt opna Han har alt vore operativ i snart eitt år. Men fyrst i går vart den nye Stolsvassdammen offisielt innvigd. Kjell Slåtten ks@hallingdolen.no Dam høyrer til det våte element. Det såg det ut som vêrgudane var vel vitande om, der dei opna himmelslusene frå morgonen onsdag. Men tidleg på ettermiddagen bråsnudde dei, henta fram sola og bestemde seg for å vere med å kaste glans over seremonien ved Stolsvatn. Ballett på gamledammen Etter at to busslaster med spesielt inviterte gjester, mellom dei alle ordførarane i Hallingdal, rådmenn og notabilitetar frå ECO, var ankomne, tok seremonien til med ein kombinasjon av balansekunst og ballett på toppen av gamledammen. Aktørar var Eskild Rønningsbakken og hans kollega Tim, til akkompagnement frå Terje Isungset, som NYHEITER TORSDAG 12. AUGUST 2010 5 SJÅ FILM PÅ .no Byggjarane: Erik Nygaard, styreformann i E-CO Energi, anleggsleiar Stein Engen og prosjektleiar Knut Helge Kjærvik. Gløtt av sol: Frammøtte gjester kunne gle seg over opphald i regnet og blå himmel. På stram line: Balansekunstnaren Eskild Rønningsbakken gjorde kunster på gamledammen. Bjørn Larsgard og hans dokumentasjon av bygginga sidan han var 2 år. (Alle foto: Sigmund Krøvel-Velle) stod i vatnet og spelte munnharpe. Deretter vart det, som ei symbolsk handling, strekt ei line frå den gamle til den nye dammen. Ei line som sju år gamle Lars Ivar Eriksen Larsgard frå Hovet fekk stramme til, saman med styreleiar Erik Nygaard i E-CO Energi. Glad og stolt Nygaard var deretter den som fekk æra av å erklære nye dam Stolsvatn for innvigd. Han kunne forsikre at han var både glad og stolt, og takka alle som på ein eller annan måte har ytt sitt bidrag til den nye dammen. Nygaard nemnde det store engasjementet som i si tid hadde vore i Hallingdal for ny dam, og forsikra at det hadde gjort inntrykk. Men alle undersøkingar konkluderte med at den gamle dammen var sikker. Når styret i dåverande Oslo Energi likevel vedtok å byggje ny dam, var det fordi analysar viste at det ville vere meir føremålstenleg på sikt. – Det har vorte eit praktanlegg, som skal stå her i generasjonar. Og akkurat som den gamle dammen var leiande i sitt slag, er også den nye det. Men det viktigaste med den nye dammen er at E-CO kan halde fram med det me er best på, å produsere rein og fornybar energi, avslutta han. Merkedag for Hol Ordførar Erik Kaupang i Hol gratulerte med dagen og nølte ikkje med å karakterisere dette som ein merkedag for Hol. Han viste til at det hadde rådd stor uvisse rundt tryggleiken ved den gamle dammen, og at dette hadde vore ei reell frykt hjå mange. Han konstaterte at arbeidet med ny dam var gjort på ein ryd- Frå opninga: Ein merkedag for Hol sa ordførar Erik Kaupang. dig og grei måte, og at det har vore ei udelt positiv oppleving å ha hatt arbeidsfolket i bygda. Kaupang nemnde den store innverknaden Oslo Lysverker og seinare E-CO har hatt, og har, for utviklinga i Hol og Hallingdal. Men hundrevis av millionar kroner som årleg strøymer til hovudstaden, viser også tydeleg kvar verdiskapinga skjer, understreka han. Han retta ein stor takk til alle som har stått på for at Hol er den kraftkommunen den er i dag, og nemnde spesielt Osvald Medhus. Etter talane lokka lurblåsar Eilif Gundersen dei frammøtte over til Bruddtjern, fiskevatnet som er skapt i krateret etter steinbrotet. Der hadde adm. direktør i E-CO Tore Olaf Rimmerei hjelp av snart åtte år gamle Julian Alexander Gimnes til å setje ut 100 fine ørretar i det nyskapte tjernet. Ope hus Etter opningsseremonien ved Stolsvatn, heldt feiringa av dagen fram ved kraftstasjonen i Hovet. Der var det ope hus og festprogram med film, meir balansekunst og annan underhaldning.