Tilgin HG 2381

Transcription

Tilgin HG 2381
Kundeservice: 57 00 91 00
Opningstider Enivest kundeservice
Måndag til Fredag: 08:00 til 18:00
Laurdag/Søndag: Stengt
kundeservice@enivest.no
enivest.no
OPPKOPLING AV
HEIMESENTRALEN
Montør koplar opp heimesentralen ved leveranse av
Enivest FIBER.
Fiberkabelen vert kopla i fiberboksen. Bruk ein av dei
vedlagde cat. 5E kablane mellom WAN og fiberboks.
Fiberkabelen må handsamast varsamt, slik at han ikkje
vert øydelagt.
Viktig! Utstyret er ømfintleg for overspenning.
Vi anbefalar difor at utstyret vert kopla til
overspenningsvern.
I n s t a l l a s j o n s g u ide
I n–s thael l iams e
j osnesngt u
ide
ral
ff o
o rr ff ii b
be
e rr
h e i m e s e n t r al
TILGIN HG 2381
TILGIN
TEKNISK INFORMASJON
OM HEIMESENTRALEN
Heimesentralen kjem ferdig konfigurert slik at det ikkje
er naudsynt å gjere endringar på modemet. Ditt fibermodem er konfigurert med følgjande IP-adresse og
brukarnamn/passord:
Heimesentral:
IP: 192.168.80.1
Nettverksmaske: 255.255.255.0
Brukarnavn: admin
Passord: admin
DNS-tenarar (namnetenarar) vert tildelt automatisk.
Adressene til desse er som følgjer:
DNS 1: 62.50.161.166
DNS 2: 217.149.113.30
Dersom du har behov for å opne portar i dette modemet, kan du logge inn på http://192.168.80.1 med
brukarnamn og passord. Dersom du her gjer endringar
som medfører at internettilkoplinga ikkje fungerer lenger,
vil Enivest fakturere deg for konfigurasjon og utsending
av nytt modem. Sjå Enivest sine sals- og leveringsvilkår.
OBS! Dersom du har problem med modemet eller
med FIBER-linja, prøv først å slå av og på modemet,
og la modemet kvile eit minutt og prøv på nytt.
Dersom det ikkje hjelper, så hald inne «reset»
knappen i 10 sek. for å tilbakestille modemet.
SLIK KOPLAR DU UTSTYRET DITT TIL HEIMESENTRALEN
Internett tilkopling:
På heimesentralen (modemet) er portane LAN 1, LAN 2, LAN 3 og LAN 4 opne for internett oppkopling av PC, trådlaus ruter,
svitsj eller anna datautstyr. Har du Get Digital-TV blir nokre portar reservert for dette. Sjå avsnitt om TV-tilkopling nedanfor. LAN 1
er alltid open mot internett.
Trådlaus tilkopling:
Heimesentralen har moglegheit for trådlaus tilkopling til PC`ar eller anna utstyr som er mottakeleg for trådlaus tilkopling. Dette
modemet har 2 trådlause nettverk, eit på 2,4 GHz og eit på 5 GHz. Nettverket på 5 GHz gir deg betre hastigheit, men har kortare
rekkevidde enn 2,4 GHz nettet. Vi anbefaler at du bruker 5 Ghz-nettverket der det er mogeleg. Skulle ikkje dekninga vere tilstrekkeleg er det anbefalt å bruke 2,4 Ghz. Heimesentralen er sikkerheitskryptert, og du finn passord og namn på nettverk på undersida av modemet (WPA-nøkkel og SSID). Du kan slå trådlaus funksjon av/på ved hjelp av WIFI-knappen på heimesentralen.
Telefon tilkopling:
Porten Phone1 blir nytta til å levere breibandstelefoni. Har du Enivest Breibandstelefoni koplar du ein analog telefon til denne
porten.
TV tilkopling:
Har du tinga GET digital-TV får du tilsendt ein GET HD dekodar. Vi anbefaler at denne står ved TV. Mellom TV og dekodar koplar
du HDMI eller komponent og du får glede av HD-kvalitet.
Mellom heimesentralen og GET dekodar må det vere minimum ein cat. 5E data kabel (maks 90m lengde). Denne kabelen koplar
ein i port LAN 4 på heimesentralen og i porten RJ45 i GET-dekodar. Portane LAN 4, LAN 3 og LAN 2 vert i denne rekkefølgje satt
av til TV ein og ein, om ein tingar nye TV-dekodarar.
Fiberboks:
Har du fiberboks, så kan du nytte ein cat. 5E datakabel mellom modemet og fiberboksen, maks 90m.
1 111 111 111 1 1
1: Port 1 til 4 (gul)
2: WAN port for tilkopling til fiberboks (grå)
3: Reset, for å nullstille modemet
4: Telefon 1 (kvit) og Telefon 2 (grøn)
5: USB port 1 og USB port 2 på sida (ikkje i bruk)
6: Tilkopling for straum
7: Av/På knapp
8: Av/På knapp (WIFI-knapp) for trådlaus funksjon
Bilete syner framside av modem og lyser når
funksjonane er på.
LAMPENE PÅ HEIMESENTRALEN / FIBERMODEM
LampeForklaring
Power Denne lampa skal lyse fast grønt og syner at det er straum på modemet. Blinkande raudt lys tyder på at modemet restartar eller held på å oppdatere seg. Dersom det blinkar sakte raudt, kan det tyde på feil på modemet.
WWW Fast grønt lys tyder at modemet er tilkopla internett. Lampa lyser raudt dersom det ikkje er internettilkopling.
WAN Fast grønt lys tyder at modem er tilkopla sentralen.
Phone 1 & 2 Desse lampene lyser fast grønt dersom telefon er aktivert. Blinkande grønt lys kan tyde på at det er feil på
telefontilkoplingane; kontakt då Enivest kundeservice.
LAN Lampa lyser blinkande grønt dersom aktivitet/trafikk eller raudt som betyr gigabit tilkopling.
WIFI Lampa lyser grønt når trådlaus funksjon er aktiv, og er av dersom trådlaus funksjon er deaktivert. Bruk knapp
på sida for å skru av og på.