TILGIN - Enivest AS
Transcription
TILGIN - Enivest AS
Installasjonsguide for Mobilt Breiband 3G Mobile Wi-Fi Kundeservice: 57 00 91 00 Opningstider Enivest kundeservice Måndag til Fredag: 08:00 til 18:00 Laurdag/Søndag: Stengt I n s t a l l a s j o n s g uide for fiber h e i m e s e n t r al TILGIN kundeservice@enivest.no enivest.no INSTALLASJONSGUIDE MOBILT BREIBAND Mobilt breiband – Surf der du er, når du vil – • Med ei datamaskin: SIM-kort (ikkje MicroSIM) • Med fleire einingar: SIM-kort + Trådlaus router for mobilt breiband (ikkje MicroSIM) • Med for eksempel nettbrett: SIM-kort (MicroSIM) KRAV TIL DATAMASKIN • Standard USB inngang eller trådlaus tilkopling på datamaskina. • Minimum 100 MB ledig harddiskplass. • Minimum 123 MB RAM. • Windows 2000, SP4, Windows XP SP2, Windows Vista, Windows 7, Mac OS 10,4,10,5 eller 10,6. Maskinvara på datamaskina må oppfylle eller overstige dei anbefalte systemkrava for den installerte versjonen av operativsystemet. • Skjermoppløysing 800 x 600 eller høgare. Du vel sjølv om du vil kjøpe mobilt breiband frå Enivest med berre SIM-kort, eller trådlaus router for mobilt breiband. I denne installasjonsguiden viser vi korleis du kjem deg på nett med SIM-kort og trådlaus router. Dersom du skal på nett med nettbrett treng du berre å sette inn SIMkort eller MicroSIM (brekkast av SIM-kort) – så er du på nett! Enivest brukar ulike modellar av trådlaus router. Denne Installasjonsguiden gir deg generell rettleiing for installering. For detaljar om den modellen du har, kan du sjå brukarrettleiing som ligg ved i pakken til trådlaus router. Datamaskiner med innebygd modem brukar eit eige program for mobilt breidband, programmet skal allereie vere installert. Enivest si programvare vil ikkje fungere på datamaskiner med innebygd mobilt breiband. Kontakt forhandlaren der du kjøpte datamaskina, eller sjekk leverandøren si heimeside for meir informasjon om programmet og for å laste ned nyare versjonar. PÅ NETT MED FLEIRE EININGAR – SIM-KORT + TRÅDLAUS ROUTER FOR MOBILT BREIBAND 1. Opne ruteren og sett inn SIM-kort og batteri. For meir informasjon sjå bilde forklaring i «Quick Installation Guide» som følgjer med ruteren. 2. Kople ruteren til straumnettet for å lade batteriet. 3. Av/På knappen finn du nede i høgre hjørne på modemet. Hald denne inne til modemet byrjar å lyse. 4. Søk etter det trådlause nettverket på datamaskina di, og kople til. Nettverksnamnet finn du på baksida av batteridekselet merka «SSID». 5. Legg inn nettverksnøkkelen. Denne finn du på baksida av batteridekselet merka «Wireless Password». 6. Første gong du koplar til, vil du få eit val om dette skal vere eit heimenettverk eller eit offentleg nettverk, her vel du heimenettverk. 7. Opne nettlesaren din. For å kunne nytte nettet, må du skrive inn Pin-kode og registrere ein brukar på modemet. Tast inn http://192.168.0.1 i nettlesaren din for å opne administrasjonsprogrammet. Brukarnamn: admin Innloggingspassord: admin 8. Når du har logga på modemet vel du «Wizard» i den øvste menyen. Klikk «next». Når du kjem til «Dail-up Settings» må du lage ein eigen profil. Trykk «Create» og skriv inn «Enivest» i «Profile name» og trykk «Save». Vel den nyoppretta profilen før du trykker deg vidare gjennom dei neste trinna. Dei treng du ikkje gjere nokon endringar på. 9. Tast inn Pinkoden. Denne finn du på «Advanced» i den øvste menyen, og vel så «SIM Lock» i venstre meny. Tast inn Pin koden som følgde med modemet ditt og trykk «unlock». 10.Modemet skal då logge seg på automatisk. På «status» finn du informasjon om modemet er kopla til nettet, og kor mykje data ein brukar. Du finn fullstendig brukarrettleiing i «Quick Installation Guide» som føljer med ruteren. Surf der du er, når du vil! w w w. eni vest . no