Produktinformasjon Enivest Radio
Transcription
Produktinformasjon Enivest Radio
Produktinformasjon Enivest Radio Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Radio Privat: Leveringstid Kundeutstyr Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett Har du tinga Enivest Radio og ynskjer å montere Radio-mottakar sjølv, klargjer vi mottakar-utstyret til deg når vi startar handsaming av di bestilling. Har du ikkje avtalt startdato for ditt abonnement, reknar Enivest 7 yrkedagar frå vi sender mottakar-utstyret med Posten, eller ved utlevering av dette hjå vårt kundemottak, til du vert fakturert for abonnementet. Leveringstid Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta noko lengre tid å handsame di bestilling, og at leveringstida aukar tilsvarande. Dette gjeld òg om det er få ressursar tilgjengeleg hjå våre underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling, høgtider og anna. På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt arbeidet med di bestilling 2 veker etter dato på bestillinga. Berre i dei høva der du har avtalt med oss kan Enivest starte arbeidet før angrefristen er utgått. I kvitteringa finn du informasjon om dette er avtalt, og i vedlagt angrerettsskjema i kvitteringa finn du meir informasjon om dette og angreretten. Om du ynskjer å annullere di bestilling etter at angrefristen er utgått, vert du fakturert gebyr for dette etter våre gjeldande vilkår og prisliste. Kundeutstyr Har du tinga Enivest Radio hos montør for tilkopling av Radio-mottakar, sender vi bestilling på dette arbeidet til vår underleverandør når vi startar handsaming av di bestilling. Normalt har montør kontakta deg for å avtale installasjonsdato, og tilkopla Radio-mottakar på leveringsadressa, innan 1 til 2 veker etter at vi har sendt bestilling til dei. Når Enivest har fått dato av underleverandør for tilkopling, sender vi ut kundeutstyret til deg. Dette vert sendt med Posten til di leveringsadresse om ikkje anna er avtalt. Normalt vert utstyret sendt innan 2 veker etter at vi har starta leveransen. Ved byte av leverandør kan det ta opp mot 3 til 4 veker til du får hentelapp. Kundeutstyret er Enivest sin eigedom, og består av: Ein Radio-mottakar med straumadapter som monterast på yttervegg. Eit breibandsmodem - med straumadapter, nettverkskablar. Brukarrettleiing - med kontakt-, teknisk og fakturainformasjon, og mellom anna rettleiing for innstillingar av internett og epost på Windows, MAC, iPhone og anna nyttig informasjon. Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett Vi vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt dekningsområde der det er mogleg. Vi kan ikkje garantere leveranse eller kapasitet på linja dersom forholda ikkje tillét dette, jf. våre vilkår § 4. Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste hjå Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving eller kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt angrerettsskjema. Skjema som du fekk vedlagt kvittering då du tinga, kan nyttast om du ynskjer å angre på di bestilling (du kan òg melde inn dette via epost, eller telefon til vårt kundemottak). Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen av tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte deg av angreretten, kan vi krevje betaling for den delen av tenesta som er levert.