Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband
Transcription
Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband
Produktinformasjon Enivest Mobilt Breiband Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Mobilt Breiband Privat: Leveringstid Kundeutstyr Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett Installasjon, dekning og oversikt over eige forbruk Har du tinga Enivest Mobilt Breiband som ein del av ein Fiber-pakke, der Fiber er under sal eller utbygging av eit større felt, vert MBB normalt levert etter at Fiber er installert. Dette på grunn av at vi ikkje veit når tid du får levert Fiber før montør har vore hos deg. Av praktiske årsakar vert ikkje kunde varsla om dato for tilkopling lang tid i forkant av leveransen, då det er mange kundar i området som skal koplast opp i løpet av ein tidsavgrensa periode. Enivest får varsel om levering etter installasjon. Leveringstid På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt arbeidet med di bestilling 2 veker etter dato på bestillinga. Berre i dei høva der du har avtalt med oss, kan Enivest starte arbeidet før angrefristen er utgått. I kvitteringa finn du informasjon om dette er avtalt, og i vedlagt angrerettsskjema i kvitteringa finn du meir informasjon om dette og angreretten. Om du ynskjer å annullere di bestilling etter at angrefristen er utgått, vert du fakturert gebyr for dette etter våre gjeldande vilkår og prisliste. Har du tinga Enivest Mobilt Breiband (MBB) kan du velje mellom eit USB-modem, eit trådlaust modem, eller eit SIM-kort. Normalt får du utstyret tilsendt med Posten. Du kan og hente det hjå vårt kundemottak, og då sender Enivest ein SMS når dette er klart til henting. Du kan ta i bruk abonnementet så snart du har det i hende. Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta noko lengre tid å handsame di bestilling, og at leveringstida aukar tilsvarande. Dette gjeld òg om det er få ressursar tilgjengeleg hjå våre underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling, høgtider og anna. Kundeutstyr Kundeutstyret er Enivest sin eigedom, og består av: Eit SIM-Kort: Alle SIM-kort frå Enivest knekkast ut i normal SIM-storleik. Dei kan òg knekkast ut i Mikro-SIM-storleik, tilpassa telefonar og nettbrett som nyttar dette (til dømes nyare iPhone og iPad). Når SIM er knekt ut i Mikro-SIM treng du eit adapter med normal SIM-storleik for å nytte SIM i andre telefonar/nettbrett som berre støttar dette. Eit USB- eller WI-FI-modem dersom du har tinga eit av desse. I tillegg får du brukarrettleiing med kontakt-, og fakturainformasjon, samt teknisk informasjon. Her finn du rettleiing for innstillingar av internett og epost på Windows, MAC, iPhone, og anna nyttig informasjon. Brukarrettleiinga kan du og laste ned frå våre heimesider. Når Enivest handsamar di bestilling, vert utstyr klargjort og du får ein SMS eller epost om dette (med mindre du har tinga dette saman med Fiber i eit område under sal eller utbygging). Normalt vert utstyret sendt med Posten. Samstundes får du ein SMS eller epost med PIN- og PUK-kodar. Desse kodane er privat informasjon og må lagrast trygt og utilgjengeleg for uvedkommande. Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett Vi vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt dekningsområde der det er mogleg. Vi kan ikkje garantere leveranse eller kapasitet på linja dersom forholda ikkje tillét dette, jf. våre vilkår § 4. Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste hjå Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving eller kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt angrerettsskjema. Skjema som du fekk vedlagt kvittering då du tinga, kan nyttast om du ynskjer å angre på di bestilling (du kan òg melde inn dette via epost, eller telefon til vårt kundemottak). Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen av tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte deg av angreretten, kan vi krevje betaling for den delen av tenesta som er levert. Installasjon, dekning og oversikt over eige forbruk Vedlagt kundeutstyret får du rettleiing på korleis du koplar til utstyret du har tinga. Du kan òg laste ned rettleiinga frå våre heimesider, på www.enivest.no/kundesenter/rettleiingar Enivest nyttar ein underleverandør med eit av Noregs best utbygde mobilnett. Våre heimesider har eit dekningskart som gir deg meir informasjon om forventa kapasitet og dekning: www.enivest.no/privat/mobiltbreiband/dekningskart-mobilt-breiband Frå våre heimesider har du oversikt over eige forbruk. Informasjon om korleis du loggar på denne sida, får du per epost når vi har klargjort utstyret til deg. Då får du samstundes PIN og PUKkodar. Desse kodane er privat informasjon og må lagrast trygt og utilgjengeleg for uvedkommande. www.enivest.no/kundesenter/mi-side-mobiltbreiband Når datatrafikk overstig 5 GB vert kapasiteten automatisk sett ned til 128kbit/s. Dette er ein nasjonal standard alle operatørar må halde seg til. Maksimal kostnad for datatrafikk utover fast månadsavgift er kr 599,- per månad.