8. Langtidsplan 2015–2018

Transcription

8. Langtidsplan 2015–2018
Valdresmusea
Tiltaksplan 2015
Strategiplan 2015–2018
”Han tala som ein hyrde og fekk folk til å gråte”
Sagt om Andris Eivindson Vang (1795–1877)
1
Innleiing
Valdresmusea forvaltar viktige historiske verdiar. 119 antikvariske hus, 26 000
gjenstandar, 625 papirarkiv, 13 700 arkivopptak med song og musikk og 78 500 foto
utgjer den største konsentrerte samlinga av kulturhistoriske kjeldemateriale i Valdres
og gjev ein unik tilgang til innsikt og refleksjon om Valdres i gamal tid.
Valdresmusea er inga historisk samling, men ei moderne bedrift med 24 tilsette og ei
årleg omsetting på om lag 15 millionar kroner. Dette forpliktar Valdresmusea til
ansvarleg drift og til å legge planar for museumsfagleg utvikling.
Styret og tilsette har krav på gode styringsreiskap. Denne plana er fyrste steget i
arbeidet med få til eit heilskapleg planverkty for Valdresmusea. Målet er at det i
etterkant av dette planarbeidet blir utarbeidd underliggande planar for mellom anna
løn, kommunikasjon, beredskap, samling og forsking.
Fagernes 10. desember 2014
Ole Aastad Bråten
Konstituert direktør
Bilde på framsida
1. Øvst til venstre: Museale Forstyrrelser, Valdres Folkemuseum, 2008–2012
2. Nedst til venstre: Sylvring, reg.nr. VFF 00256, foto: Torgeir Bolstad, 2014
3. Øvst til høgre: Konstruktiv Kontrast, Valdres Folkemuseum, 2014
4. Nedst til høgre: Vassdag på oppgangssaga, Bagn Bygdesamling, 2014
2
Innhaldsliste
1. Bakgrunn
1.1 Museumsreforma – konsolidering og ei ny tid
1.2 Samarbeid før 2006
2. Planprosess
3. Formål og etikk
3.1 Formål
3.2 Etikk
4. Visjon, verdi og satsingsområde
4.1 Visjon
4.2 Verdi
4.3 Satsingsområde
5. Strategi
5.1 Driftsmål
5.2 Forskingsmål
5.3 Formidlingsmål
5.4 Forvaltingsmål
5.5 Fornyingsmål
6. Rammer og styringsverkty
6.1 Lovverk og aksjoneravtale
6.2 Tildelingsbrev frå Kulturdepartementet
6.3 Tildelingsbrev frå Oppland fylkeskommune
6.4 Samarbeidsavtaler
6.5 Stortingsmeldingar
6.6 Andre meldingar
7. Situasjonsbeskrivelse
7.1 Administrasjon
7.2 Forsking
7.3 Formidling
7.4 Forvalting
7.5 Fornying
8. Langtidsplan 2015–2018
9. Tiltaksplan 2015
9.1 Administrasjon
3
9.2 Forsking
9.3 Formidling
9.4 Forvalting
9.5 Fornying
4
1. Bakgrunn
Aksjeselskapet Valdresmusea vart stifta i 2006 og er driftsorganisasjonen for Valdres
Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Drifta er regulert
gjennom eigne vedteker og ei aksjonæravtale. Det er kommunane i Valdres som eig
Valdresmusea og det er ordførarane som er generalforsamling og som peikar ut styret.
I styret sit styreleiar (vald for eitt år av gongen), nestleiar (vald for to år av gongen),
styremedlem (vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Valdres Naturog Kulturpark, vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Bagn Bygdesamling, vald for to år av gongen), styremedlem (representant frå Bautahaugen
Samlinger, vald for to år av gongen) og styremedlem (representant for dei tilsette, vald
for to år av gongen).
Samarbeidsavtaler
I 2008 vart det inngått avtale med Stiftinga Gardbergfeltet og Oppland fylkeskommune
om drift av Gardbergfeltet i Vestre Slidre kommune. Valdresmusea overtok frå 2008
ansvaret for Norsk institutt for bunad og folkedrakt (tidlegare Bunad- og folkedraktrådet). Drifta her er regulert gjennom avtale med Kulturdepartementet. Instituttet har
eit statleg oppnemnt fagråd, Bunad- og folkedraktrådet. Valdresmusea er eineeigar av
selskapet Isfolket AS.
1.1 Museumsreforma – konsolidering og ei ny tid
Med Stortingsmelding nr. 22 (1999–2000) «Kjelder til kunnskap» la Staten opp til ein
prosess for etablering av nasjonale museumsnettverk og konsolidering av regionmusea.
I Valdres førte prosessen til ei samling av drifta for Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger.
Foto: Museumsforbundet
5
I «Kjelder til kunnskap» heiter det at eit fragmentert museumslandskap ikkje vil gje eit
godt nok grunnlag for å løyse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte. Ein forventa på
bakgrunn av dette at det vart sett i gang:





etablering av nye driftsorganisasjonar
styrking av fagmiljø, samling av fagstillingar og etablering av nye fageiningar
samling av praktiske, tekniske og administrative tenester
samling av fyrstelinetenster
utvikling av felles mål og strategi
Konsekvensar for Valdresmusea
Stortingsmelding nr. 35 (2013) «Framtid med fotfeste» konkluderer med at ein langt på
veg har nådd måla for reforma. For Valdresmusea avgrensar konsolideringa seg til
opprettinga av dei formaldokumenta nemnt i innleiingsteksten, innføring av felles ITsystem gjennom avtale med KulturIT, deltaking i tre nasjonale nettverk der
Valdresmusea/NBF leier det eine av dei, felles søknad- og rapporteringsrutinar til
Kulturdepartementet, samt etableringa av eit mellomleiarnivå.
Ser ein på organiseringa av verksemda og fordelinga av stillingsresursar og arbeidsoppgåver ved dei tre museumsavdelingane, kan situasjonen synest om lag den same no
som før 2006. Ved Bautahaugen Samlinger vart det i 2010 tilsett ein vaktmester i 20 %
stilling. Denne vart i 2012 utvida til 40 %. Følgjene av dette samt ei totalvurdering av
situasjonen fører til følgjande konklusjon:




Ein har berre delvis styrkt fagmiljøa ved samling av fagstillingane
Ein har berre delvis samla dei praktiske, tekniske og administrative tenestene
Ein har berre delvis samla fyrstelinetenestene
Ein har ikkje utvikla felles mål og strategiar
Mål med plana – verkty for framtida
Valdresmusea har etter konsolideringa ikkje utarbeidd samla mål- og strategplanar.
Norsk institutt for bunad og folkedrakt har eigne fagplanar. Det same har dei to
fagseksjonane. Valdresmusea manglar planverk som viser samanhengen mellom
styringsdokumenta, lover, forskrifter, inntekter, utgifter og Valdresmusea sine eigne
ambisjonar for forsking, formidling, fornying og forvalting.
Eit viktig mål med denne plana er å a) synleggjera samanhengen mellom det museumsfaglege arbeidet og dei økonomiske rammene, b) skapa trygge rammer for eigar, styre og
tilsette, og c) skapa oversikt over dei langsiktige investeringsbehova.
1.2 Samarbeid før 2006
Etter at støtteordninga for dei halvoffentlege musea vart oppretta i 1975 vart det eit
tettare samarbeid om faglege spørsmål og museumsdrift mellom Bagn Bygdesamling og
6
Valdres Folkemuseum. Det tok til med skipinga av Opplandsarkivet i 1982. I 1985 vart
det oppretta eit samarbeidsorgan for musea på Fagernes og Bagn, etter tilråding frå
Samnemnda for musea i Oppland.
I 1998 vart det inngått ei samarbeidsavtale mellom musea på Fagernes og Bagn, og som
sa at Valdres Folkemuseum skulle vere ansvarsmuseum for Bagn Bygdesamling.
Bakgrunnen var dels signal frå staten om at musea måtte førebu seg på den kommande
konsolideringsreforma. Dels var det ei omlegging av tilskottet frå Oppland fylkeskommune, som sa at berre museum som dekka fleire kommunar skulle få direkte
tilskott. Denne avtala vart fornya i 1999.
7
2. Planprosess
Valdresmusea har sidan 2011 vore i ein prosess med drøftingar om vegval, verdiar og
strategi. Gjennom deltaking i Innovasjon Norge sitt Fram-program og ei rekkje strategiog temamøte har ein opna for ordskifte om spørsmål som ”kva vil vi vere?”, ”kven er vi
til for?” og ”kva er våre verdiar?”
Med bakgrunn i innspel frå desse møta, innspel frå seksjonane om prioriterte tiltak for
2015, vedtak i personalmøte 1. september om prioriterte tiltak for perioden 2015–2018,
drøftingar med styret for Bagn Bygdesamling og mandat frå styret i styremøte 22.
september, utarbeidde Valdresmusea hausten 2014 skisse til plan for verksemda. Plana
vart lagt fram i personalmøte måndag 3. november, i styremøte måndag 10. november,
og vedtatt i styremøte måndag 8. desember.
Fyrstegenerasjonsplan
Planen inneheld eit fireårsperspektiv. Kvart år i perioden vil plana rullere og berre
tiltaksdelen endrast frå år til år. Mot slutten av perioden opnar ein for ei større
revidering. Sidan denne plana er ein fyrstegenerasjonsplan, opnar leiinga for revidering
allereie etter fyrste verkeår.
8
3. Formål og etikk
3.1 Formål
Formålet for Valdresmusea er nedfelt i § 3 i vedtektene. Her heiter det at Valdresmusea:
«skal vere regionmuseum for Valdres, og drive og utvikle samlingane ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdresmusea skal arbeide
med kulturhistorisk bevaring og formidling, og elles drive forsking knytt til den lokale
kulturarven. Det internasjonale museumsforbundet (ICOM) sin formålsparagraf ligg til
grunn. Valdresmusea skal elles drive sal av produkt og tenester, samt utøve annan
aktivitet som er i samsvar med hovudformålet».
Vidare heiter det at Valdresmusea skal drive Norsk institutt for bunad og folkedrakt, i
samsvar med avtale med Kulturdepartementet.
3.2 Etikk
Valdresmusea arbeidar etter ICOM sine museumsetiske retningsliner. Desse er
hjørnesteinane for alt museumsarbeid og fastset minstestandardar for museal praksis
og yrkesfagleg åtferd. Kapittel 8.16 seier til dømes noko om privat samlingsaktivitet:
«Museumsarbeidere skal ikke konkurrere med sin institusjon om anskaffelse av
gjenstander eller gjennom egen samlingsvirksomhet. Det må inngås avtaler mellom
medarbeidere og styret vedrørende privat samlingsaktivitet, som må strengt
overvåkes».
Foto: ICOM
ICOM definerer eit museum som ein permanent institusjon, ikkje basert på profitt, som
skal tene samfunnet og samfunnsutviklinga og som skal vere ope for publikum. Musea
skal samle, bevare, konservere, forske, formidle og stiller ut materielle og immaterielle
9
minne om menneske og omgjevnadane deira – i eit studie-, utdannings- og
underhaldningsperspektiv. Definisjon vedtatt 24. august 2007.
10
4. Visjon, verdi og satsingsområde
4.1 Visjon
Valdres Folkemuseum og Valdresmusea har hatt tre visjonar dei siste 15 åra. Alle seier
noko om institusjonen sin funksjon som møteplass og minneskapar. Dei tre visjonane er:



Gamal møteplass for moderne menneske (2001–)
Eit levande museum (2001–)
Møteplass for minne (2012–)
Kulturhistorisk seksjon utarbeidde i 2013 ein visjon for instrumentverkstaden.
Funksjonen som møteplass er her ein viktig dimensjon. Terskelen for eit besøk hjå
instrumentmakarane skal vera låg og miljøet skal vere ope og inkluderande. Handverket
er skjørt, men høgst levande. Visjonen for instrumentverkstaden er:

Skapande miljø, levande handverk
4.2 Verdi
Valdresmusea er ein viktig premissleverandør når framtida for Valdres skal formast. Då
blir våre fingermerke, dei spora vi set att etter oss, ikkje utan betyding. Kva røynsler tek
vi med oss frå dei som levde før oss? Korleis kan kunnskap om menneske og samfunnsformar som ikkje lenger finst, sikre ei berekraftig utvikling for Valdres i framtida?
Valdresmusea sitt verdigrunnlag er derfor tufta på audmjuke og respekt for røynsler og
eldre livsoppfatningar, og ansvar i arbeidet med vår eiga samtid, vår eiga framtid. Med
bakgrunn i tidlegare plan- og strategiprosessar foreslår leiinga følgjande verdiar:
Ansvarleg
Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie i Valdres og Noreg sikre
kunnskap og forståing om, og vekstvilkår for kulturelle praksisar og ytringsformar som
synest truga av økonomi, modernisering og sentralisering, jfr. Unesco-konvensjonen om
vern av immateriell kulturarv. Forma kan vere forvalting, opplæring og utdanning.
Relevant
Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie i Valdres og Noreg fremje
relevans og aktualitet om fenomen og samfunnsprosessar, for einskildmenneske,
gruppe, institusjonar, organisasjonar. Forma kan vere utstilling, debatt, møte og
meiningsytring.
11
Modig
Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid med kulturhistorie fremje kritisk tenking og
skapande innsikt. Valdresmusea skal utfordre førestillingar om norsk identitet, gje rom
til det som ikkje stemmer, ikkje passer inn, det vi ikkje forstår, det vi ikkje kan forklare.
4.3 Satsingsområde
Følgjande satsingsområde ligg til grunn for det museumsfaglege arbeidet ved
Valdresmusea:
1. Folkemusikk, folkedans og instrument
2. Bunad og folkedrakt
3. Bygningsvern
Dei tre fagområda har djup forankring i det museumsfaglege arbeidet i Valdres. På 1990talet var også reiseliv, matkultur, gards- og stølskultur, stavkyrkje, byggjeskikk, 2. Verdskrigen og jernvinna satsingsområde. Når ein gjennom denne plana vel å redusere det
museumsfaglege arbeidet til tre hovudsatsingar, kviler det på følgjande refleksjon:
1. Behov for sterkare samhandling mellom forsking, forvalting og formidling
2. Behov for sterkare museumsfageleg profil (kamp om merksemda)
3. Behov for spesialisering og profesjonalisering i alle ledd
Folkemusikken og folkedansen har sterke band til museumsrørsla i Valdres og både
Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling har vore viktige møteplassar for
musikarar og dansarar tilbake til 1940-talet. Instrumentverkstad, instrumentutstilling,
arkivdrift, utøvande folkemusikkformidling og eit tett samarbeid med folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet er i denne samanhengen dei viktigaste innsatsane.
Etter at Jørn Hilme-stemnet starta i 1960 vart spel- og dansarlaga viktige samarbeidspartar, og musea på Fagernes og Bagn viktige møteplassar i arbeidet med opplæring og
formidling av folkemusikk og folkedans. Vinteren 1966 tilsette Folkemusikknemnda
Torleiv Bolstad som folkemusikkinstruktør og i 1970 vart Folkemusikkarkivet etablert
ved museet på Fagernes. Sjølv om Folkemusikknemnda var eigar av arkivet i starten,
bidrog Valdres Folkemuseum i mykje av utviklingsarbeidet. I 1981 vart Olav Viken tilsett
som instrumentmakar ved museet på Fagernes. Han var då den einaste felemakaren fast
knytt til eit norsk museum og tenestene hans var etterspurd over heile landet.
Dei siste åra har Valdresmusea tatt eit utvida nasjonalt ansvar gjennom tilsetting av
fleire instrumenthandverkarar og skiping av Nordisk instrumentseminar for forskarar,
spelemenn og instrumentbyggarar. Valdresmusea har òg våga å stille spørsmål der
andre teier. I 2013 vart Valdresmusea nominert til prisen «Årets museum» for arbeidet
med utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme».
12
Valdresmusea har ei brei samansetting av fagkompetanse innan musikk og musikkutøving, instrumentbygging og konservering. To av dei tilsette har mottatt Statens
kunstnarstipend i kategoriane musikk/tradisjonsmusikk, Spelemannsprisen (1985) i
kategorien folkemusikk og Kongepokalen frå Landskappleiken (2014) i klassa eldre
folkemusikkinstrument.
Valdresmusea forvaltar ei stor tekstilsamling. Arbeidet med denne samlinga og drifta av
Norsk institutt for bunad og folkedrakt gjer derfor bunad og folkedrakt til eit anna
viktig satsingsområde. Historia til instituttet – i Valdres – går tilbake til 1986 då
Landsnemnda for Bunadsspørsmål skifta namn til Bunad- og folkedraktrådet og fløtte
frå Oslo til Fagernes. I 2008 vart sekretariatet konsolidert med Valdresmusea og
formålet for sekretariatet og Rådet utvida. I 2010 skifta verksemda namn til Norsk
institutt for bunad og folkedrakt medan det statlege oppnemnde rådet beheldt namnet
Bunad- og folkedraktrådet.
Bevaring av dei antikvariske bygningane har vore ei av dei mest synlege arbeidsoppgåvene ved alle dei tre museumsavdelingane. I perioden 1952–1975 vart det sett
opp 41 hus på Valdres Folkemuseum. I dag forvaltar Valdresmusea 119 antikvariske
bygningar og driv ei nasjonal kursrekke i restaurering og eldre handverksteknikkar.
Behovet for restaurering av eige anlegg er stort, og utviding av staben tilsvarande. Like
fullt er bygningsvern definert som eit viktig satsingsområde for Valdresmusea i åra
framover.
13
5. Strategi
Driftsmål:
Valdresmusea skal drive god personalpolitikk og trygg økonomiforvalting, og sikre
tilgangen til statlege og private økonomiske ressursar.
Strategi:
1. Sikre deltaking og inkludering på arbeidsplassen
2. Sikre statleg, fylkeskommunal og kommunal finansiering
3. Styrke samhandling mellom avdelingane og på tvers i organisasjonen
4. Styrke samarbeidet med privat næringsliv, stiftingar og ideelle organisasjonar
Forskingsmål:
Valdresmusea sitt innsamlings-, dokumentasjons- og formidlingsarbeid skal vere forskingsbasert og kan utførast i samarbeid med andre museum og kunnskapsorganisasjonar.
Strategi:
1. Styrke samarbeidet med andre kunnskapsinstitusjonar
2. Styrke forskingskompetansen ved autorisasjonstildeling
Formidlingsmål:
Valdresmusea sitt formidlingsarbeid skal fremje kritisk refleksjon og skapande innsikt.
Strategi:
1. Invitere til debatt, ordskifte og meiningsytring (møte og meiningsstoff)
2. Utvikle utstillingar som er modige i tematikk og innhald
Forvaltingsmål:
Valdresmusea skal sikre og vidareføre den materielle (arkiv, samlingar) og immaterielle
kulturarven (handlingsboren kunnskap) og gjere denne tilgjengelege gjennom utstilling,
omvising og digital presentasjon.
Strategi:
1. Styrke forvaltingskompetansen gjennom kurs og opplæring
2. Søkje samarbeid med museum og nettverk om vidareutvikling av Fiol
Fornyingsmål:
Valdresmusea skal spele ei aktiv samfunnsrolle og bidra til realiseringa av viktige mål for
kultursektoren. Valdresmusea skal sikre kompetanse innafor satsingsområda, styrke
fageiningane og produsere tenester på lokalt og nasjonalt nivå. Valdresmusea skal vere
pådrivar i arbeidet med den immaterielle kulturarven og bidra til gjennomføringa av
utviklingstiltak for sektoren.
14
Strategi:
1. Styrke samarbeidet med aktørar i Valdresregionen
2. Søkje innflytelse gjennom deltaking i nasjonale nettverk
15
6. Rammer og styringsverkty
6.1 Lovverk og aksjoneravtale
Valdresmusea skal overhalde dei pliktene som følgjer av eit nasjonalt lovverk. Døme på
lover er Aksjelova, Arbeidsmiljølova, Rekneskapslova, Bokføringslova, Kulturlova,
Åndsverklova, Privatarkivlova, Kulturminnelova, Offentlegheitslova, Lov om offentleg
anskaffing og Brann- og eksplosjonsvernlova.
Valdresmusea skal rette seg etter internasjonale konvensjonar og retningsgivande
avtaler for ICOM sitt museumsetiske regelverk. Døme på konvensjonar med relevans for
Valdresmusea sitt arbeide er Konvensjon om tiltak for å forby og forhindre ulovlig import
og eksport av kulturgjenstander og ulovlig overføring av eiendomsrett til
kulturgjenstander (1970, ratifisert i 2007) og UNESCOs konvensjon om vern av
immateriell kulturarv (2003, ratifisert i 2007).
Valdresmusea skal rette seg etter aksjonæravtalen (inngått 14. juni 2006) og eigne
vedtekter (vedtatt 14. juni 2006, revidert 21. mai 2008). Aksjonæravtalen omhandlar
eigarskapen til samlingane, arbeidsgjevaransvaret, råderetten over tilskotta og
ansvarsavklaring ved utviding av anlegga. Vedtektene omhandlar formålet,
aksjekapitalen, styret og generalforsamlinga.
6. 2 Tildelingsbrev frå Kulturdepartementet
Tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet er eit sentralt styringsdokument for
Valdresmusea. Dette skisserer økonomiske rammer og prioriteringar, resultatmål og
rapporteringskrav. Tildelingsbrevet blir sendt kvart år etter behandlinga av
statsbudsjettet i Stortinget.
Resultatmåla som det skal rapporterast for gjeld arbeidet med 1) fornying, 2) forvalting,
3) formidling og 4) forsking. I tillegg gjeld rapportering på 5) økonomiforvalting og
kontroll og 6) andre føringar (for 2014 gjeld dette inkludering og mangfald, lova om
diskriminering og tilgjenge, likestilling, grunnlovsjubileet, immateriell kulturarv og
vedtekter).
6.3 Tildelingsbrev frå Oppland fylkeskommune
Tildelingsbrevet frå Oppland fylkeskommune er òg eit viktig styringsdokument. Her er
måla i sterkare grad knytt opp til konkrete satsingar, slike som grunnlovsjubileet og
bygningsvern-rådgjevarstillinga. Krava til rapportering er dei same for fylkeskommunen
som for staten.
6.4 Samarbeidsavtaler
Valdresmusea har partnarskapsavtale med Kulturdepartementet om drift av Norsk
institutt for bunad og folkedrakt og Valdres Natur- og Kulturpark om kulturhistorisk
arbeid og regionalt utviklingsarbeid i Valdres. Valdresmusea har òg avtale med Oppland
16
fylkeskommune og Stiftelsen Gardbergfeltet om utvikling og drift av Gardbergfeltet i
Vestre Slidre kommune, og Statens vegvesen, reiselivsselskapa i Valdres og Sogn, musea
i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Vang kommune, Oppland fylkeskommune og Sogn
og Fjordane fylkeskommune om utvikling av Kongevegen over Filefjell.
6.5 Stortingsmeldingar
Statlege prioriteringar og forventa resultatmål kjem ikkje av seg sjølv, men er resultatet
av ei fagleg utvikling i feltet og lange politiske prosessar. Med jamne mellomrom har
regjeringa behov for utgreiingar om særskilte emne eller ynskjer å presentere saker for
Stortinget, utan at dei er knytt til forslag til vedtak. Stortingsmeldingane har karakter av
å vere ein rapport til Stortinget om eit arbeid som er gjort eller drøfting av framtidig
politikk.
Musea har sjølve eit ansvar for fagleg utvikling og fornying. Armelengds avstandprinsippet mellom kulturinstitusjonane og dei offentlege styresmakter er eit
udiskutabelt prinsipp og ein innarbeidd køyreregel i norsk kulturpolitikk.
Stortingsmeldingane er like fullt styringsverkty som musea ikkje kan stelle seg
likegyldige til sidan dei uttrykkjer statlege prioriteringar eller særskilte satsingar for
feltet.
Det er særleg to stortingsmeldingar med relevans for Valdresmusea: St.melding nr. 49
(2008–2009) «Framtidas museum» og St.melding nr 35 (2013) «Framtid med fotfeste».
I den fyrste meldinga er det lagt vekt på behovet for auka forskingssamarbeid, både
gjennom museumsnettverka og mellom musea og forskingsmiljøa i kunnskapssektoren.
Formidlinga skal vere kritisk og nyskapande og ho skal fremje innsikt og refleksjon.
Sjølve samfunnsoppdraget er lausleg formulert, men handlar i korte trekk om den måten
musea samhandlar med sine omgjevnadar. Korleis kan musea vere relevante
samarbeidspartar for aktørar utanom sektoren? Kva er relevante bidrag i eit
samfunnsperspektiv?
Den andre meldinga tek for seg dei nasjonale måla for bygningsvernet. Her heiter det at
alle verneverdige bygg skal koma på eit akseptabelt vedlikehaldsnivå innan 2020. I dette
bilete er samspelet mellom private huseigarar, offentleg forvalting og musea viktig. I
meldinga heiter det at:
«På mange områder har museene og kulturminneforvaltningen felles interesser og
forholdene ligger godt til rette for samarbeid. Både museumssektoren og
kulturminneforvaltningen har et stort behov for å øke kompetansen og kapasiteten
knyttet til bygghåndverk. Utviklingen av bygningsvernsentre og samarbeidet om
regionale rådgiverstillinger innen bygningsvern og bygningstjenester ved flere av
museene, er gode eksempler.
17
En viktig utfordring for sektoren er å sikre kvalifisert kompetanse og -kapasitet i hele
landet slik at man kan klare å holde bygningsarven ved like. De positive erfaringene fra
samarbeidet om bygningsvernrådgivertjenester viser at potensialet for videreutvikling
på området er stort. Dette kan bidra til å styrke kapasiteten innenfor bygningsvernet.
Fag-kompetansen museene har på området og deres uavhengige rolle overfor
forvaltningen, er viktig i arbeidet for å nå de nasjonale målene.»
6.6 Andre meldingar
Oppland fylkeskommune vedtok i 2010 museumsmeldinga «Framtidas museum i
Oppland – perspektiver og strategier mot 2015». Denne er på sett og vis eit ekstrakt av
dei nasjonale meldingane, men legg særleg vekt på kva rolla musea kan spele i arbeidet
med dei regionale utviklingsprosessane i åra framover. Verdiskaping og
reiselivsutvikling er særleg nemnt som felt der musea kan spele ei viktig rolle.
18
7. Situasjonsbeskrivelse
Administrasjon
MÅL: Valdresmusea skal drive god personalpolitikk og trygg økonomiforvalting,
og sikre tilgangen til statlege og private økonomiske ressursar.
Dei viktigaste styrings- og rapporteringsverktya for Valdresmusea er rekneskap,
årsmelding, budsjett og arbeidsplanar. Saman med det samla plandokumentet følgjer
budsjettet for 2015, arbeidsplanar for virkefelta 1) forsking, 2) formidling, 3) forvalting
og 4) fornying for 2015, ei prioritert tiltaksliste for perioden 2015–2018, samt ei
prioritert investeringsliste.
Sikre faste økonomiske rammer
Dei økonomiske rammene har sidan skipinga av tilskottordninga for halvoffentlege
museum i 1975, vore føreseielege og utan store svingingar. Det rår tverrpolitisk semje
om at sektoren vil vere avhengig av statleg og fylkeskommunalt tilskott i framtida, men
krava til eigeninntening og forventingar om auka samarbeid med privat sektor har vore
merkbare dei siste åra. Det er eit viktig mål for Valdresmusea å sikre desse tilskotta
gjennom aktuelle og relevante rammesøknadar.
Valdresmusea er positive til dei nye statlege innretninga som stimulerer til auka
samarbeid med næringsliv og privat sektor, men minner om den kulturelle
handlingsregel for norsk kulturliv: Sponsorpengar må aldri bli ein integrert del av
finansieringa av musea, men i staden vera den ekstra stimulansen som gjev musea
handlefridom til arbeid med nye prosjekt. Det er likefullt eit mål for Valdresmusea å
sikre tilskott gjennom andre statlege innretningar, slike som Gåveforsterkingsordninga.
I ein rapport frå Norsk kulturråd, «Organisering av museene» (2013), heiter det at
regionane skal dekke 40 % av det samla offentlege driftstilskottet. Av eit samla budsjett
på 15 millionar kroner dekker det kommunale (500 000 kroner) og fylkeskommunale
(2,2 millionar kroner) tilskottet til Valdresmusea om lag 20 %. Rammeavtalen med
Valdreskommunane vart inngått for perioden 2006–2009 og må fornyast innafor den
kommande fireårsperioden. I avtalen vart tilskottet satt til 30 kroner per innbyggar. Det
er eit mål for Valdresmusea å sikre kommunalt tilskott gjennom ei revidert
partnarskapsavtale.
Eit verkty i denne samanhengen er langsiktige, strategiske planar for drift og
museumsfagleg utvikling. Eit verkemidel i denne samanhengen er god dialog med
politisk leiing (kommune, fylkeskommune og stat) og leiing for andre statlege og/eller
private tilskottsordningar (Norsk kulturråd, Norsk kulturminnefond,
Sparebankstiftelsen, Bergesenstiftelsen, Eckbos Legater, Fritt Ord).
19
Sikre prosjekttilskott
Tilskott utover det ordinære rammetilskottet vil i mange tilfelle gjere det mogleg å
realisere prosjekt med ei kortare tidsavgrensing. Særleg gjeld dette for kurs og seminar,
utstillingar, forskingsarbeid, sikringstiltak og/eller andre utviklingstiltak. Det er eit mål
for Valdresmusea å sikre prosjekttilskott gjennom aktuelle og relevante
prosjektsøknadar.
Rutinar for budsjett- og økonomistyring
Valdresmusea driv økonomiforvalting i samsvar med dei reglane og retningslinene
staten har satt for mottakarar av driftstilskott frå Kulturdepartementet. Valdresmusea
har budsjett som syner plan for disponering av inntekter og utgifter. Arbeidet med
budsjett og økonomikontroll er forankra i leiinga med jamleg rapportering og
gjennomgang og kontroll av prosjekt, resultat og prognosar.
Valdresmusea har tilfredstillande likviditet, sjølv om ressursane til vedlikehald av
bygningsmassen kunne vore større. Valdresmusea legg vinn på å sikre tilgangen til dei
frie inntektene gjennom prosjekttilskott, butikkdrift, billettsal, og inntekter frå
leigetakarar og arrangørar. Per tid utgjer desse inntektene om lag 10 % av dei samla
inntektene.
Organisasjon og personal
Valdresmusea har sidan 2008 organisert drifta gjennom ein administrasjon, to
fagseksjonar og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Organisasjonsmodellen er skjør
og praksisen med arbeid etter planar delvis til stades. Konsekvensen blir
museumsarbeid på tvers av seksjonar og nivå. Det kan verke positivt dersom
fleksibiliteten er stor. Det kan verke negativt dersom organisasjonen flyt fritt.
Dei tilsette svarar til seksjonsleiarane eller administrasjonssjefen, som svarar til
direktør. Eit mellomleiarnivå er organisert gjennom «Leiargruppa». Denne har berre
delvis fungert. Ved avdelingane i Sør-Aurdal har dei tilsette operert på tvers av
fagseksjonar og leiarnivå.
Med utgangspunkt i måla for museumsreforma kan ein derfor hevde at dei
museumsfaglege og administrative tenestene ved Valdresmusea berre delvis er samla og
at det enno ikkje er utarbeidd felles mål og strategi. Det er derfor eit mål at ein med
denne plana og det framtidige strategiarbeidet etablerer felles forståing for
Valdresmusea som tenesteprodusent – for alle fagområde og med konsekvensar for alle
avdelingane. Sjå elles vedlagt organisasjonskart.
Inkluderande arbeidsliv
Valdresmusea har samarbeidsavtale med NAV om inkluderande arbeidsliv. Det
overordna målet med IA-avtalen er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærveret,
førebygge og redusere sjukefråveret og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Ein
20
årleg handlingsplan peiker på tiltak for å nå desse måla. IA-møte, seksjonsmøte,
personalmøte, personalsamtaler og faste møtepunkt mellom leiing, tillitsvald og
verneombod er døme på tiltak nedfelt i plana.
Arbeidsinstruks
Arbeidskontrakt og arbeidsinstruks skal skapa føreseielege og trygge rammer for dei
tilsette. Ikkje alle tilsette ved Valdresmusea har utarbeidd ein slik arbeidsinstruks. Det
er eit mål for administrasjonen at slike instruksar blir utarbeidd innan fyrste verkeår av
denne plana.
Lønspolitikk
Valdresmusea har gjennom avtaleverk plikt til å utforme ein lønspolitikk, formulert som
eige policy-dokument. Bakgrunnen for dette er at lønspolitikk er eit godt verkemidel til å
unngå tilfeldige lønsforskjellar og lønsfastsetting. På same tid er ein slik lønspolitikk eit
godt styringsverkty og eit middel for å nå betre resultat for verksemda.
Ved Valdresmusea har det vore tendens til vilkårleg bruk av stillingskoder og
lønsrammer ved tilsetting av nye medarbeidarar. Det er eit mål for Valdresmusea å
etablere ein lønspolitisk handlingsplan med rutinar for plassering av stillingskoder og
lønsrammer, slik dette er nedfelt i overeinskomsten mellom arbeidstakarorganisasjonane og Virke, i løpet av den kommande fireårsperioden.
Kompetansebehov
Valdresmusea har ein brei samansetting av fagkompetanse og arbeidserfaring,
realkompetanse og formalkompetanse. Det er ein målsetting for Valdresmusea å ta vare
på ein slik breidde og på same tid rekruttere spesialkompetanse som sikrar arbeidet
med satsingsområda. Det er særleg eit behov for å styrke kompetansen knytt til forsking,
bygningsvern og samlingsforvalting. Eit verkemiddel her vil vere tilsetting av
medarbeidarar med spesialkompetanse, kurs og etterutdanning, og fordjuping i
forskingsarbeid med mål om ein konservator NMF-autorisasjon.
Forretningsdrift
I følgje vedtektene skal Valdresmusea drive sal av produkt og tenester.
Næringsverksemda er knytt til museumsanlegga som arena og dei tilsette sin
kulturhistoriske kompetanse. Valdresmusea har inntekter gjennom utleige av hus og
anlegg (kurs, seminar, konsertar, festivalar, arrangement, verkstad, kafé og kontor) og
sal av tenester som kurs og konferanse, restaurering, foredrag og omvising.
Valdresmusea er inga suvenirbutikk. Det er heller ikkje eit mål at Valdresmusea skal
sitja med varelager som bitt opp for mykje kapital. Følgjeleg vil Valdresmusea styre
butikkarbeidet mot sal av varer med relevans for satsingsområda og med vekt på dei
arrangementsmessige høgdepunkta gjennom året. Valdresmusea vil òg vurdere eit
større skilje på opningstidene sommars- og vintertid.
21
Valdresmusea sin kapital sit fyrst og fremst i spesialkunnskapen som kor og ein av dei
tilsette sit inne med. Det er eit mål for Valdresmusea å dele meir av denne gjennom
foredrag, omvising, kurs og konferanse.
Valdresarv vart etablert i 1989 som forlag med eige logo, ISNB-nummerserie og
redaksjonsnemnd. I perioden 1989–1999 produserte forlaget/Valdres Folkemuseum
fire bøker om natur- og kulturhistoriske emne frå Valdres. Det kan ligge eit
inntektspotensiale i slik drift, men bokmarknaden er usikker og potensialet for
inntening avheng av storleiken på dei offentlege tilskotta, usikkerheit om statleg
innkjøp, mengda marknadsføring og profesjonalitet i sal og distribusjonsleddet.
Sal og marknadsføring
Valdresmusea har sidan 1960-talet vore ei betydeleg reiselivsbedrift i Oppland med eit
årleg besøk på i underkant av 40 000. Dei gruppereisande er enno ei viktig
inntektskjelde for Valdresmusea, men markanden er uføreseieleg og tendensen dei siste
åra fortel om ei auke i talet på uanmeldte gruppereisande.
Valdresmusea må i åra framover styrke arbeidet med synlegheit og kommunikasjon.
Mellom anna betyr det sterkare satsing på publikumsbygging gjennom etablering av
kontaktlister, utsending av spesialinvitasjon og kundepleie. Vidare må ein
profesjonalisere verkemidla gjennom større satsing på digital presentasjon og
formidling. Heimesider, digitale nyheitsbrev og interaksjon med brukarane gjennom
sosiale media kan vere nokre av verkemidla, men slike tiltak er kostbare og må sjåast
opp mot med andre tiltrengte tiltak. Det er eit mål for Valdresmusea å etablere ein plan
for marknadsføring og kommunikasjon innan fyrste verkeår av denne plana.
Sikring og drift
Valdresmusea har utarbeidd ein sikringsplan for tilsette, besøkande og samlingane.
Planen peiker på ei rekkje manglar i arbeidet med sikring. Mellom anna er det behov for
utarbeiding av beredskapsplan. Sikringsgruppa møtast ein gong kvar månad for drøfting
av framdrift og iverksetting av tiltak jamfør plana.
Valdresmusea har sidan 2008 hatt fulldriftsavtale med KulturIT om levering av ITtenester til avdelingane på Fagernes og Bagn. Gjennom avtala er Valdresmusea sikra
økonomiske fordelar ved storinnkjøp, domene, e-post, internett og intranettsider,
infrastruktur, brukarmaskinar og brukardata, servere, skrivarar, sikring, back up,
heimekontor, support, programvare, Primus og kurs.
Forsikring
Valdresmusea driv i hovudsak arbeidet sitt med offentleg tilskott. Dermed pliktar
musea, med jamne mellomrom, å setje innkjøp av tenester ut i konkurranse, jamfør Lov
om offentleg anskaffing. Valdresmusea har sidan 2013 nytte Norwegian Broker som
forsikringsmeglar, og som hjelper til med anbod og risikovurdering.
22
Forsking
MÅL: Valdresmusea sitt innsamlings-, dokumentasjons- og formidlingsarbeid skal
vere forskingsbasert og skal kunne utførast i samarbeid med andre museum og
kunnskapsorganisasjonar.
Forsking skal legge grunnlaget for innsamlings- og dokumentasjonsarbeid ved
Valdresmusea, og for produksjonen av utstillingar og musikkinstrument. Målet med
forsking er å utvikle satsingsområda gjennom ervervet av ny kunnskap.
Gjennom forsking legg musea vinn på å formidle nye perspektiv og komplekse
samanhengar. Dette er avgjerande dersom musea skal leve opp til oppgåva som kritisk
og relevant samfunnsaktør. Utan forsking risikerer ein å redusere musea til formidlar av
trivialitetar og stereotypiar. Slik formidling er oftast basert på fordommar og
førestillingar, ikkje vitskapleg kunnskap.
Musea har lang historie som forskingsinstitusjonar. Sjølv om forsking ikkje er nedfelt
ved lov i Noreg, er dette sett som eit av rammevilkåra for museumssektoren gjennom
statsstøtta. Valdresmusea har eit lite forskingsmiljø. Det vitskaplege personalet har
bakgrunn frå fag som etnologi, historie og musikkvitskap. Valdresmusea har to tilsette
med konservatorautorisasjon frå Norges Museumsforbund. Det er eit mål at ytterlegare
to av dei tilsette får slik autorisasjon i løpet av kommande fireårsperiode.
Kva er forsking?
Forsking er kreativ aktivitet utført systematisk for å oppnå auka kunnskap om
prioriterte emne. Forsking er basert på problemformulering, anerkjente vitskaplege
metodar og teoretisk forankring. Forsking skal formidlast i vitskapleg form.
Dokumentasjon og innsamling er del av ein kunnskapsfangst, og legg grunnlaget sjølve
for forskinga.
Forsking ved Valdresmusea
Forsking ved Valdresmusea tek sikte på å utvikle nye tilnærmingar til fenomen og
samlingar med relevans for satsingsfelta. Forsking skal belyse kultur og samfunnsliv frå
nye perspektiv, og den skal synleggjera kompleksiteten i historia vår og slik gjera
kunnskapen om fortida relevant for fleire.
Forskinga skal ta omsyn til eigenart og særpreg ved Valdresmusea som institusjon, og
må følgjeleg springe ut frå innhaldet i samlingane og kompetansen hjå dei tilsette.
Valdresmusea har følgjande satsingsfelt med konsekvensar for forskinga ved musea:



Folkemusikk og folkedans
Bunad og folkedrakt
Instrument
23
Formidling
MÅL: Valdresmusea sitt formidlingsarbeid skal fremje kritisk refleksjon og
skapande innsikt.
Gjennom formidlingsarbeidet skal Valdresmusea nå eit breitt publikum med variert
kunnskap og ulike opplevingar. Valdresmusea sitt formidlingsarbeid er knytt til
følgjande innsatsar:







Utstilling
Omvising
Publikasjon
Den kulturelle skulesekken
Foredrag og debatt
Kurs og seminar
Arrangement (konsertar, festivalar, teater, framsyningar)
Utstillingar
Valdresmusea sine utstillingar skal utfordre oppfatningar om liv og samfunnsforhold i
Valdres og Noreg. Dei skal formidle nye perspektiv og komplekse samanhengar og dei
skal vere modige i tematikk og innhald.
Omvising
Valdresmusea tilbyr omvisingar ved alle avdelingane sommarstid. Ved Valdres
Folkemuseum skal turistane få tilbod om omvising norsk, engelsk, tysk, fransk og
nederlandsk. Ved dei andre avdelingane skal turistane få tilbod om omvising på norsk og
engelsk. Valdresmusea skal også tilby spesialomvising om særskilte emne.
Publikasjonar
Valdresmusea skal presentere forsking og museumsfagleg arbeid gjennom artiklar,
kronikkar, kommentarar og meiningsstoff – i bøker, aviser og tidsskriv. Valdresmusea
skal også formidle materiale frå samlingane gjennom publisering på
www.digitaltmuseum.no eller utgjeving av særskrift, dvd-ar og cd-ar.
Valdresmusea skal i følgje avtale med Nord-Aurdal kommune (2010) bidra til
ferdigstilling av bygdebøkene for Nord-Aurdal. Valdresmusea har òg planar om å ta opp
att aktiviteten i Forlaget Valdresarv. Forlaget er eigd av Valdresmusea og gav i perioden
1989–1999 ut fire bøker. Bokserien har eige ISBN-nummerrekke og redaksjonsnemnd.
Den kulturelle skulesekken
Valdresmusea skal tilby undervisingsopplegg til barnehagane og skulene i Valdres
gjennom Den kulturelle skulesekken. Denne ordninga skal sikre at barn og ungdom blir
24
kjende med si eiga lokalhistorie og får møte profesjonelle kulturarbeidarar i
skulekvardagen.
Foredrag og debatt
Valdresmusea skal formidle forskings- og museumsfagleg arbeid gjennom foredrag og
debatt. Valdresmusea skal med utgangspunkt i kunnskap og innsikt om kulturhistorie i
Valdres, også bidra til forståing, refleksjon og sakkunne om fenomen, samfunn og
samfunnsutvikling elles.
Kurs og seminar
Valdresmusea skal spreie kunnskap og tilby opplæring gjennom kurs, seminar og
konferansar. Gjennom kurs og seminar ynskjer Valdresmusea å ta ansvar for
vidareføringa av særskilte tradisjonar og handverksteknikkar, til dømes
instrumentbyggarhandverket, bunadtilverking og handverksteknikkar knytt til
restaurering av antikvarisk bygningsmasse.
Arrangement
Museumsanlegga er flotte arenaer for gjennomføring av aktivitetar og arrangement.
Åleine og ilag med andre samarbeidspartar skal Valdresmusea bidra til skipinga av
konsertar, festivalar, julemarknad, kappleikar, barne- og ungdomssamlingar, teater,
samlingar for organisasjonar og anna. Slik bidreg Valdresmusea til realiseringa av
viktige samfunnsmål for regionen.
25
Forvalting
MÅL: Valdresmusea skal, med bakgrunn i vedtekne planar, sikre og vidareføre
den materielle (arkiv, samlingar) og immaterielle (handlingsboren kunnskap)
kulturarven, og gjere denne tilgjengeleg gjennom utstilling, omvising og digital
presentasjon.
Valdresmusea forvaltar den største konsentrerte samlinga kulturhistorisk materiale i
Valdres. Handlingsboren kunnskap, arkiv (papir, kart, musikk, foto, film), samlingar
(gjenstandar) og antikvarisk bygningsmasse er unike spor etter menneskeleg aktivitet
og uerstattelege kjelder om menneske og samfunn.
Eit arkiv er ei ufortolka stemme frå fortida og eit vitnemål om kva folk gjorde og korleis
dette sette spor. Arkiv skapar nærleik til historia og opnar for identifikasjon med
menneske og miljø. Når vi arbeidar i arkiv må vi søkje informasjon og vurdere og
samanlikne kjelder. Slik utviklar vi ei kritisk haldning til vår eigen
kunnskapsproduksjon.
Eit hus eller ein gjenstand er òg vitnemål om liv og samfunn i eldre tid, men her er
historikken meir kompleks enn for arkivsektoren. Friluftsmusea og gjenstandssamlingane er som oftast bygde opp med bakgrunn i førestellingar om homogene
fellesskap. Konsekvensen av slik tenking blir overrepresentasjon av enkelte hus og
gjenstandsgrupper og manglar av andre. Slik rommar samlingane ei unyansert
framstilling av kulturrøyndomen.
St.meld. nr. 49 Framtidas museum (2008–2009) viser til at berre 39 % av dei totalt 2,8
mill. kulturhistoriske gjenstandane i musea, er registrerte i elektroniske katalogar. Berre
15 % av desse er registrert med foto. Dette betyr at norske museum ikkje har
tilfredsstillande oversikt over samlingane.
Antikvarisk bygningsvern og fysisk og digital sikring av arkiva og gjenstandssamlingane
er ei viktig oppgåve for Valdresmusea i kommande fireårsperiode. Det er ei prioritert
oppgåve å få på plass ein samlingsplan i løpet av fyrste verkeår av denne plana.
Opplandsarkivet1
Valdresmusea er tilslutta ei regional arkivordning, Opplandsarkivet. Arkiva er organisert
ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Opplandsarkivet består av 78 500 foto. 1231 foto er registrert i Primus medan 504 av desse er
publisert på Digitalt Museum. Arkivsamlinga består av 625 arkiv fordelt på 249
hyllemeter. Ved Valdres Folkemuseum er det 436 arkiv, Bagn Bygdesamling 130 arkiv
og Bautahaugen Samlinger 59 arkiv.
1
Statistikk 4. mars 2013
26
Folkemusikkarkivet har 13 750 førekomstar av lyd og 84 førekomstar av film registrert i
Fiol. Fram til 1992 vart opptaka gjort på spoleband, seinare på DAT. I 2005 starta ein
med lagring og utkopiering på HD. Originalane blir oppbevara i magasin. Det finst òg
spoleband, DAT-kassettar, MC-kassettar og filmkassettar som ikkje er registrert i Fiol.
Sikring og registrering av uregistrert arkivmateriale er ei viktig oppgåve for arkivaren i
2015.
Fotoarkivet og gjenstandssamlingane blir registrerte i Primus. Papirarkivet blir registert
i Asta og boksamlingane i BIBSYS. Lyd- og videoopptak blir registrert i Fiol. Ei utfordring
med Fiol ligg i tilgangen på support og service. Per tid må ein kjøpe tenester frå
Folkmusikens Hus i Rättvik i Sverige. Opplandsarkivet arbeidar med å finne ein modell
som skal erstatte denne praksisen. Valdresmusea er ein viktig støttespelar i dette
arbeidet.
Bygningshistoriske samlingar
Valdres Folkemuseum vart grunnlagt i 1901. Den fyrste lokaliseringa var på
Valdreshaugen ved Skarpsno på Fagernes. I 1917 vart museet fløtt til Storøya. Frå 1917
følgde utbygginga ein plan med inndeling av hus etter kommunegrenser. Slik la ein opp
til ei lite kjeldekritisk vurdering av forholdet mellom hus og landskap med stabbur og
bustadhus om kvarandre.
I 1950-åra vart museet utvida med ein storgard, ein gard, ein husmannsplass, eit
industrimiljø og eit utmarksmiljø. I 1960- og 70-åra vart det satt opp bygningar med
tilknyting til turist- og samferdslenæringa. Før utvidinga av arealet i 1952 var det 14
antikvariske hus på museet. I 1975 var det 55 antikvariske hus og ein
administrasjonsbygning her.
Det er 84 antikvariske bygningar på Valdres Folkemuseum. Dei fleste er frå 1700- og
1800-talet. Eit loft er frå før 1350. Her er eit par hus frå 1600-talet og elles nokre bygg
frå nyare tid. På 1990-talet vart samlingane supplert med jernbanehus, forsamlingshus,
utvandrarhus og ishus. Her er òg anlegg som fiskesløer, båtar, minnesteinar, skilt,
gravrøyser og nyare hus.
Bautahaugen Samlinger vart grunnlagt i 1902. 50 år etter kom det fyrste huset opp. I dag
er det 15 bygningar på området. I tillegg eig Stiftelsen Bautahaugen garden Bergsrud,
Hedalen Bygdemølle og ei badstove på garden Bronbakke. Bautahaugen er etablert ut i
frå det gamle tunet/anlegget Brakadokka og bautasteinane.
Bagn Bygdesamling vart etablert i 1920 på tuftene etter gamletunet på Islandsmoen. Dei
fyrste åra vart det sett opp fleire hus på dei gamle tuftene. Etterkvart kom det inn
bygningar og gjenstandar frå heile kommunen. Nokre av desse var veslestabburet frå
Nedre Bang og Smettbakbua, ei gamal årebu frå Svartsetra. I 1937 vart den fyrste delen
27
av administrasjonsbygget oppsett og i 1939 vart museet gjeve til bygda og fekk namnet
Bagn Bygdesamling. I dag er det 20 hus på området.
Administrasjons- og utstillingsbygg
Ved Valdres Folkemuseum vart det foreslått å reise eit utstillingsbygg i 1943. Ikkje før i
1967 sto bygget ferdig, med magasin for arkiv og gjenstandar. Administrasjonsbygningen har vore utbygd fleire gonger, seinast i 1989. I 2010 opna Velkomstbygget.
Her er kontor, utstillingar, kafé, butikk, festsal, studiesenter og bibliotek, magasin og
teknisk rom.
Ved Bagn Bygdesamling vart det reist eit administrasjonsbygg i 1937, som seinare vart
utvida i 1953, 1982 og 1989. I dag er det utstillingsrom, resepsjon, arkiv, kontor, møterom, verkstad og toalett her. Ved Bautahaugen er det ikkje eige administrasjonsbygg,
men basisutstillingar i dei antikvariske husa. Magasin og arkivrom finst i kjellaren under
eitt av desse husa.
Gjenstandssamlingar
Ved Valdres Folkemuseum har det sidan 1901 vorte arbeidd for å utstyre bygningane
med det som naturleg høyrte til der. Museet har sjeldan hatt ressursar til å kjøpe
gjenstandar, men har tatt i mot det som har kome som gåver. Dette har ført til at enkelte
gjenstandsgrupper er betre representert enn andre, ikkje minst gjeld det innbu og
lausøyre. Av meir spesifikke samlingar finn vi Einangsferja, Valdresbanen, kunst etter
Gunnar Rørhus og Ralph Styker, våpen og skulesamlinga. Dei siste åra har museet
konsentrert innsamlinga av gjenstandar til emne som seier noko om satsingsområda.
Bautahaugen Samlinger har gjenstandar som høyrer til i husa på området, og som gir
innblikk i liv og arbeid der. Her er ei samling av bruksgjenstandar frå Kantom, ei samling
rester frå jern-vinnetida og i Brakadokka er det ei skulesamling og ei samling med
gjenstandar knytt til handelsverksemda her.
Bagn Bygdesamling har i administrasjonsbygget to utstillingsrom. I det eine rommet er
det utstilt instrument, fangst- og fiskereiskap, husgeråd og tekstilar. I det andre rommet
er det ei krigs-utstilling med gjenstandar og bilete frå kampane i Sør-Aurdal i april 1940.
Stabelbygningen har skomakar-, urmakar-, bokbindar- og skreddarverkstad i andre
høgda. I fyrste høgda er det eit større rom som blir brukt til selskap og møte. I tillegg er
det laga ei utstilling som syner korleis det kunne sjå ut i eit landhandleri for 50–60 år
sidan. I Telthuset er det ei utstilling om utviklinga av skogsdrifta fram til motoriseringa
rundt 1950. I andre høgda er det ein snikkarverkstad. Islandsmobygningen har inventar
slik det var vanleg i mange heimar rundt 1900, i tillegg til ei utstilling om Sigurd
Islandsmoen.
28
Valdres Folkemuseum har ei tekstilsamling som inneheld a) folkedraktmateriale for
kvinner og menn frå tidleg 1800-talet og framover b) tilbehør som luver, tørkle, vestar,
bringedukar, belte, sko og sylv, c) nyare klede for kvinner og menn, d) barneklede, e)
sengeklede som skinnfellar, kvitlar, sengeteppe og puter, f) underklede, g) uniformer og
teppe.
Bautahaugen Samlinger har ikkje eige tekstilmagasin. Her er ein del skinn og mykje av
dette har vore oppbevara i dei ulike husa. Bagn Bygdesamling har ikkje eige
tekstilmagasin. Det heng mykje klede i fyrste etasje i skulebygningen. Andre småting ligg
spreidd ikring i skuffer og skåp i administrasjonsbygningen.
Samlingsfakta Valdresmusea
Gjenstandar: 26 605
Gjenstandar registrert i Primus: 1 583
Antikvariske bygningar: 119
Utstillings- og arkivbygg: 3
Verkstadbygning: 1
Arkivfakta Valdresmusea
Arkiv: 625
Hyllemeter: 249
Foto: 78 500
Lyd og film: 13 750/84
Lyd og film registrert i Fiol: 13 015/84
Tilstandsvurdering
Folkemusikkarkivet
Folkemusikkarkivet har 13 750 objekt. I tillegg er det MC, DAT, videofilm og private
spoleband som ligg på vent for digitalisering og registrering. Ein reknar med at
arbeidsmengda for dette arbeidet ligg på eit årsverk (2000 timar). Spolebanda ligg lagra
i kvelv og treng teknisk vedlikehald.
Arkiv- og gjenstandssamlinga
I 2008 vart det gjennomført ein tilstandsvurdering av samlingane ved Valdres
Folkemuseum, og som viste at berre 7,5 % av gjenstandane vart oppbevara
tilfredsstillande i magasin. Sidan den gongen har det ikkje vorte utført ein heilskapleg
samlingsoversikt eller tilstandsvurdering.
Ved Valdres Folkemuseum er 10 % (2006) av gjenstandane oppbevara i antikvariske
hus og i ein låve i Ranheimsbygda. Ingen av dei antikvariske husa har i rapporten vorte
vurdert som tilfredsstillande til bruk som magasin. Spesialmagasinet bør ikkje brukast
til oppbevaring av instrument før klimakontrollen visar tilfredstillande resultat.
Spesialmagasinet har heller ikkje eiga temperaturkontroll eller ventilasjon.
Høyne skule har inga tilfredstillande lagringsplass for boksamlinga. Her ligg òg
gjenstandar med ein del sensitive opplysningar. Forslag til tiltak ved Valdres
Folkemuseum kan vere:

Fløtte gjenstandar inn for vinteren
29

Fløtte instrumentsamlinga til det gamle hovudmagasinet
Ved Bagn Bygdesamling ynskjer ein å gå i gang med følgjande tiltak:




Gjennomføre klimamålingar i skulebygningen
Gjennomføre overvaking av skadedyr ved utsetting av feller og limfeller
Vurdere alternativ for lagring og pakking av tekstilar
Vurdere nedpakking av tekstilar i bunadutstillinga
For alle avdelingane gjeld følgjande tiltak:
 Styrke overvakinga av lagringsavdelingane: Skadedyr, temperatur, inneklima, lys
 I sommarsesongen: Reinhald av gjenstandar i hus og magasin
 Tilstandsvurdering av dei einskilde gjenstandar
 Prioritering og avhending
 Flytting til magasin, redusere talet på gjenstander i dei antikvariske bygningane
 Betre praksis for registrering i Primus
Fotosamlinga
Denne består av totalt 78 500 foto (inkludert 3 300 på Bagn Bygdesamling). Samlinga
ber preg av at registreringsarbeidet har vorte utført av fleire personar, over mange år og
med ulike metodar og verkty. Dette gjer det vanskeleg å skaffe oversikt over kor mange
bilete som faktisk er registrert. Alle foto blir no fortløpande skanna og registrert i
Primus. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta mange år å gjennomføre. Vi har ein
oversikt over kva samlinga inneheld, og korleis samlinga er merka, men vi manglar
oversikt over plassering i magasinet. Vi manglar også oversikt over kor mange foto som
er registrert på fysiske registreringskort.
Det finst eit fotografregister med oversikt over ein del av fotografia med tilknyting til
Valdres. I ein tilstandsrapport frå 1993 går det fram at 930 kopiar må fjernast på grunn
av kjemisk skade. Det er uklart om dette er utført.
Bygningshistoriske samlingar
Bautahaugen Samlinger
Mange av bygningane på Bautahaugen er satt opp utan at gamle skader er reparert. Her
er det seinare gjort tiltak som utset forfallet. Mykje er bra, men det må til eit stort
restaureringsarbeid på fleire av bygningane, særleg gjeld det for Liestuggua og både
bygning og låve på Brakadokka. Gjerde er i stor grad i dårleg forfatning.
Bagn Bygdesamling
Her har det i alle år vore eit jamt og godt vedlikehald, slik at det meste er bra.
Oppgangssaga skal takast meir i bruk, slik at her blir det behov for meir ettersyn. Det er
30
også behov for noko sikring i samband med besøkjande, av bygget og området rundt.
Renne til kvern og sag må også oppgraderast og haldast i stand.
Valdres Folkemuseum
Her er det ei stor bygningsmasse og fåe folk til å utføre vedlikehald. Likevel er mykje i
bra stand, dette i stor grad takka vere førre generasjon handverkarar. Fleire av taka har
lekkasjar, så det blir å legge på presenningar og plater for midlertidig å halda dei tette.
På nokre av husa er det betydelege råteskadar som fylgje av lekkasjane. Nokre av dei
måla husa er flassa og stygge.
Om ein går på området som ein vanleg besøkjande ser det meste bra ut, men når ein
byrjar å sjå nærare på dei er det eit stort restaureringsbehov som møter oss, og det med
stadig større hastigheit. Godt vedlikehald er god økonomi. Gjerde er i stor grad i dårleg
forfatning. Takka vere dyrehaldet om sommaren vert kulturlandskapet halde i hevd,
men det gror att med buskar og kratt, delvis til skade for bygningar, og særleg til skade
for hovudinntrykket av området.
31
Fornying
MÅL: Valdresmusea skal spele ei aktiv samfunnsrolle og bidra til realiseringa av
viktige mål for kultursektoren. Valdresmusea skal sikre kompetanse på
satsingsområda, styrke fageiningane og produsere tenester på lokalt og nasjonalt
nivå. Valdresmusea skal vere pådrivar i arbeidet med den immaterielle
kulturarven og bidra til gjennomføringa av utviklingstiltak for sektoren.
Valdresmusea har lang tradisjon for å spele på lag med det lokale kulturlivet,
organisasjonar, kommunar og einskildmenneske i regionen. Som arena og som
samarbeidspart bidreg musea til realiseringa av viktige kultur- og samfunnsmessige mål
for Valdresregionen. Valdresmusea skal gjennom sitt arbeid fremje relevans og
aktualitet, og stille kompetanse og infrastruktur til rådvelde for arbeidet med
vidareutvikling av lokalsamfunnet.
Relevant og modig er ikkje berre stikkord for Valdresmusea sitt verdigrunnlag. Det er
også høgst relevante omgrep i skildring av fagarbeidet ved musea. Gjennom utstilling,
debatt, møte og meiningsytring skal Valdresmusea fremje kritisk tenking og skapande
innsikt. Musea skal utfordre førestillingar om norsk identitet, gje rom til det som ikkje
stemmer, ikkje passer inn, det vi ikkje forstår, det vi ikkje kan forklare.
Valdresmusea er ein moderne museumsorganisasjon og vil i kommande fireårsperiode
arbeide for å nå måla med museumsreforma. Dette handlar i fyrste rekke om ei styrking
og samling av fagseksjonane, arbeid med langsiktige planar for alle avdelingane, samt
arbeid for styrking og profesjonalisering av dei personal- og lønspolitiske tilhøva i
organisasjonen.
Som deltakar i nasjonale nettverk skal Valdresmusea ta ei aktiv rolle i den faglege
utviklinga av satsingsområda bunad/drakt, instrument og bygningsvern. Vidare skal
Valdresmusea bidra til vidareutvikling av eit nasjonalt registreringsprogram for
musikk/video. Per tid brukar dei norske folkemusikkarkiva programmet Fiol.
Valdresmusea er gjennom Opplandsarkivet med i eit utgreiingsarbeid med mål om å
finne sikre, framtidige løysingar for dette programmet i Noreg.
Valdresmusea skal søkje innflytelse til å påverke dei nemnte prosessane gjennom
framhald i nasjonale nettverk, og representasjon i lokale, regionale og nasjonale utval og
råd. Arbeidet kan òg skje i dialog og med støtte frå privat næringsliv, ideelle
organisasjonar og stiftingar.
32
8. Langtidsplan 2015–2018
MÅL: Med langsiktige planar skal Valdresmusea skapa føreseieleg og trygge
rammer for dei tilsette i arbeidet med museumsfagleg arbeid, drift og
økonomistyring.
Valdresmusea vil prioritere følgjande arbeids- og utviklingsmål for perioden 2015–
2018:
1. Personal- og lønspolitikk
 Utarbeide lønspolitisk handlingsplan
 Utarbeide stillingsinstruksar og kompetansemål for alle tilsette
 Styrke kompetansen gjennom kurs, opplæring og etterutdanning
 Sikre overføring av kompetanse ved avslutting av arbeidsforhold
 Vidareutvikle Valdresmusea som ein open og inkluderande arbeidsplass
2. Samlingsforvalting
 Utarbeide samlingsplan
 Utarbeide beredskapsplan
 Vurdere etableringa av nøkkelkortsystem ved Valdres Folkemuseum
 Vurdere etablering av automatisk klimastyring ved Valdres Folkemuseum
 Vurdere etablering av flaumvern ved Valdres Folkemuseum
 Vurdere avhending lagra antikvarisk bygg ved Valdres Folkemuseum
 Registrere gjenstandar og foto i Primus (ved alle avdelingane)
 Styrke kompetansen i bruk av Primus, Asta og Fiol
 Styrke kompetansen i handteringa av gjenstandssamlinga
 Søkje ekstern finansiering til digitalisering av Bergsrud-samlinga
 Etablere ny registreringsmetode ved Bautahaugen Samlinger
33
9. Tiltaksplan 2015
Administrasjon


















Oppstart arbeid med arbeidsavtaler og -instruksar
Oppstart arbeid med lønsplassering (stillingskode og lønsramme)
Oppstart arbeid med lønspolitisk handlingsplan saman med dei tillitsvalde
Oppstart arbeid med personalhandbok
Oppstart utarbeiding av nye timelister med spesifikasjon av oppdrag
Oppstart arbeid med kommunikasjons- og marknadsplan
Oppstart dialog med Valdreskommunane om reforhandling av avtale
Utarbeide gode og relevante søknadar til KUD, Norsk kulturråd og andre
Vidareutvikle og drifte instrumentverkstaden
Gjennomføre sikringstiltak, jamfør sikringsplan
Kurs i reinhald av antikvariske hus og gjenstandar
Avklare tidspunkt for dyrehald og skriftelg avtale med eigarane
Avklare utvida arbeidsoppgåver for sommartilsette
Avklare opningstider i butikk, utstillingar, uteområde
Avklare varelager
Arbeide vidare med nytt telefonisystem
Oppstart arbeid med langtidsbudsjett
Styre bokprosjektet «Frå europear til døl»
Forsking

Manifest
I 2011–2013 arbeidde Valdresmusea med utstillinga «Folkemusikk og
nasjonalisme», som vart omtala som banebrytande. Aldri før hadde historia om
norsk folkemusikk vorte presentert i eit sopass breitt ideologisk og kulturelt
landskap. Valdresmusea ynskjer å arbeide vidare med denne tematikken i eit
prosjekt med førebels arbeidstittel «Manifest – folkekultur og nasjonalistiske
rørsler i Noreg og Sverige». Arbeidet vil bli leia av Ingar Ranheim og Ole Aastad
Bråten.

Rekonstruksjon av instrument
I 2013 fekk Valdresmusea utvida rammetilskott frå KUD, til vidareutvikling og
drift av instrumentverkstaden. Kunnskapsutvikling er ei viktig oppgåve for
instrumentmakarane. Gjennom dokumentasjon og rekonstruksjon legg ein vinn
på å tileigne seg kunnskap om eldre instrument og bidra til å gjenreise
mangfaldet innan tradisjonen. Instrumenthandverkarane vil i 2015 utvikle ein
stilkopi av ein eldre type langeleik. Arbeidet vil bli leia av Knut Opheimsbakken,
Bård Riise Hoel og Elisabeth Kværne.
34

Byggjeskikk
Valdresmusea skal vurdere oppstart av eit bokprosjekt om byggjeskikken i
Valdres. Viktige ressurspersonar her er Rolf Karlberg, Kolbein Dahle, Ragnhild
Dietrichson og Ingrid Alice Kvissel. Arbeidet vil bli leia av Ole Aastad Bråten og
Odd Arne Rudi.

Forskingsdag
Valdresmusea skal gjennomføre forskingsseminar med eigne og eksterne
foredragshaldarar. Foredrag om forsking, vitskapleg tekstform, publisering og
formidling vil står sentralt under seminaret. Arbeidet blir leia av Camilla Rudrud.
Formidling
Omvising og museumsfaglege aktivitetar sommarstid
 Vidareutvikle opplæringsseminar for omvisarar og tilsette
 Kvalitetssikre og følgje opp folkemusikkframsyninga
 Kvalitetssikre og følgje opp handverkarane
 Formidle instrumenthandverket i Rudi-bygningen
 Gjennomføre Stølsdagar, Kviisveka og Skarka
 Gjennomføre Landbruksdagen, Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken
 Gjennomføre Museumsstemne, Kveldssete og kulturhistorisk vandring
 Gjennomføre folkemusikkformidling på Bautahaugen 2–4 gonger i løpet av
sommaren
 Etablere bussrute mellom Valdres Folkemuseum og Fagernes sentrum
 Gjennomføre ljåslått på engene (slå, tørke/kå/hesja og køyre inn)
Den kulturelle skulesekken
 Prioritere arbeidet med «Smi deg ein dings»
 Prioritere arbeidet med «Mat i fortid og framtid»
 Prioritere arbeidet med «Gamle jakt- og fangsreiskap»
 Prioritere arbeidet med «Ein skuledag for 60 år sidan»
 Prioritere arbeidet med «2. Verdskrigen»
 Revidere tilbodsheftet
Utstilling
 Formidle Langeleiken – heile Noregs instrument, Valdres Folkemuseum
 Produsere utstilling om Aslaug Fossen Helle, Valdres Folkemuseum (LB)
 Produsere utstilling om Torleiv Bolstad, Valdres Folkemuseum (LB)
 Produsere utstilling om Ralph Styker, Valdres Folkemuseum (LB)
 Produsere utstilling i samband med Nordisk draktseminar, Valdres Folkemuseum
 Produsere utstilling i samband med bunadbok, Valdres Folkemuseum
 Ferdigstille «Dei store forteljingane», Valdres Folkemuseum
 Oppgradere utstillingane i dei antikvariske husa, Valdres Folkemuseum (LB)
35




Produsere seks veggfaste monterskåp, Valdres Folkemuseum (2016)
Avklare utstillingshall i administrasjonsbygget, Valdres Folkemuseum
Produsere utstilling om julehandkle, Bagn Bygdesamling (hovudprioritet)
Produsere sommarutstilling, Bautahaugen Samlinger
Publikasjonar
 Publisere «Frå europear til døl»
 Publisere to vitskaplege artiklar i fagtidsskrift og bøker
 Publisere fire kronikkar i lokale og riksdekkande aviser
 Vurdere publisering av bok om byggjeskikken i Valdres
Foredrag og debatt
 Langeleiken – heile Noregs instrument
 Torleiv Bolstad – mannen og musikken
 Fagernes – vegen vidare for byen og dei kulturhistoriske verdiane
 Terje Emberland – laftetømmerets germanske raseri
 Fire foredrag i samarbeid med Vennelaget for Valdres Folkemuseum
 Fire foredrag i samarbeid med styret for Bagn Bygdesamling
Kurs og seminar
 Gjennomføre kurs i restaurering og eldre handverksteknikkar
 Gjennomføre årsmøte i Norsk Folkemusikklag
 Gjennomføre årsmøte i Norsk Langeleikforum
 Gjennomføre kurs i instrumentbygging for ungdom (langeleik og munnharpe)
 Gjennomføre Ung husflid
Aktivitetar og arrangement elles
 Gjennomføre Skarke (VFM)
 Gjennomføre Husflidskveld (VFM)
 Gjennomføre Landbruksdag (VFM)
 Gjennomføre Kviisveka (VFM)
 Gjennomføre Stølsdagar (VFM)
 Gjennomføre Vassdag på saga (BB)
 Gjennomføre Kulturhistorisk vandring (BB)
 Gjennomføre konsertar, temakveldar og aktivitetar (alle avdelingane)
Forvalting




Gjenstandssamlinga
Utarbeide samlingsplan
Utarbeide beredskapsplan
Gjennomføre klimamålingar i magasin og uteanlegg kvar veke
Ferdigstille kulvert for mottak av gjenstandar
36






Fløtte tekstilsamlinga til permanent lagring i spesialmagasinet
Avklare lokalitetar for permanent lagring av instrumentsamlinga
Fløtte større gjenstandsgrupper til permanent lagring i Galleriet
Registrere 1000 gjenstandar i Primus (inkl. BB og BS)
Publisere 1000 registreringar på www.digitaltmuseum.no
Registrere instrumentsamling ved Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling








Fotosamlinga
Merke reolar, hyller, kasser og esker i magasinet
Skanne 4000 foto (med hjelp av frivillige)
Registrere 1000 foto i Primus
Publisere 1000 foto på www.digitaltmuseum.no
Publisere fem utstillingsmapper på www.digitaltmuseum.no
Utarbeide prisliste til bruk på www.digitaltmuseum.no
Opprette frivillig fotogruppe
Utføre fotoarbeid for Nord-Aurdal bygdebok



Arkivsamlinga
Registrere 100 arkiv i Asta
Publisere ferdigstilte arkivlister på heimesida
Gjennomføre arkivkveldar på Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger



Biblioteket
Avklare tilknytingsform til Bibliofil (eige lisens eller tilknyting til folkebibliotek)
Avklare lokalitetar for framtidig boksamling/bibliotek
Utarbeide plan for bokkjøp




Lyd- og filmsamlinga – Folkemusikkarkivet
Registrere 500 lydobjekt i Fiol
Registrere og digitalisere gamle spoleband
Gjennomføre arkivkveldar på Folkemusikkhuset
Samarbeide med Opplandsarkivet om utviklinga av nytt digitalt verkty







Driftsbygningar og bygningshistorisk samling, Valdres Folkemuseum
Skjøtte hus og uteanlegg
Ferdigstille Folkemusikkhuset og Rudi-huset
Ferdigstille «Isfolket»-lageret i Velkomstbygget
Fløtte maskiner til snikkarverkstaden
Etablere skiltsystem på uteområdet
Følgje opp sikringsplana
Betre rutinar for dyrehald (med til dømes sjøvlukkande grinder)
 Langtidsplan: Planlegge brannsikring av dei antikvariske husa
 Langtidsplan: Avklare etablering av nytt lagerhus
37
 Langtidsplan: Avklare fløtting av Kjøklåven
 Langtidsplan: Anlegga ny kornåker
 Langtidsplan: Utvide samarbeidet med Vennelaget
Bygningshistorisk samling, Bagn Bygdesamling
 Skjøtte hus og uteanlegg
 Setje i stand bekkekverna
 Sikre oppgangssag, hus og området ikring
 Langtidsplan: Vedlikehalde vassrenna




Bygningshistorisk samling, Bautahaugen Samlinger
Skjøtte hus og uteanlegg
Drenere under Brakadokka-låven
Sikre tak på Liestuggua
Sikre golv og tilhøve elles i Brakadokka
 Langtidsplan: Etablere antikvarisk verkstad i Brakadokka-låven
 Langtidsplan: Sluttføre tiltak på Liestuggua
 Langtidsplan: Legge nytt tak på Brakadokka (kurs)
 Langtidsplan: Avklare forhold kring dam (for mogleg fjerning)
Fornying









Bidra til system- og programvareutvikling for Fiol
Styrke samarbeidet med kunstfeltet
Styrke samarbeidet med festivalnettverket
Styrke samarbeidet med Valdredebattane og Nord-Aurdal folkebibliotek
Styrke samarbeidet med Valdres Destinasjon
Vidareføre samarbeidet med Nord-Aurdal kommune om bygdeboka
Vidareutvikle Skarke, Sommaropning og Museumsstemne
Sikre større tilgang til nettverk og ressursar innafor hytte- og reiselivsmarknaden
Sikre samarbeidsavtale med Dextra Musica om kurs, formidling og talentutvikling
38