Årsmelding Landro skule 2016
Transcription
Årsmelding Landro skule 2016
Årsmelding Landro skule 2016 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for resultatmåling og evaluering. «Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap. Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar som til saman skal stimulere til læring: 1) Eleven Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt. 2) Læraren I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev. 3) Skuleleiinga I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar. 4) Læringsarenaen Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte. 5) Heimen Godt samarbeid mellom skule og heim. 1 1.1 Læringsleiing Skulesjefen har frå hausten 2014 samla skulesatsinga under parolen «Framtidsskulen». Dette er ei satsing som har som målsetjing å styrkje det faglege nivået i Fjell-skulen gjennom godt læringsmiljø, gode grunnleggjande ferdigheiter og gjennom ein ny vurderingspraksis som har læring som mål. Strategien er å auke kompetanse og forståing for vurdering som reiskap for læring, samt setje dette i samanheng med allereie eksisterande satsing på klasseleiing, lesing og rekning i alle fag, samt digitale ferdigheiter. 1.2 Puls Fjellskulen nyttar PULS som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. PULS står for "Pedagogisk utviklings- og læringsspegel." og innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB, SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i Vokal. Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule: LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggande ferdigheiter Arbeidet vert koordinert av PULS-koordinator ved skulesjefen. 2 1.3 Trygg i Fjell Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket vert kalla «Trygg i Fjell» og vert organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.) 1.4 Raud tråd Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. I tillegg til samarbeid med Barnehage har skulen i Fjell etablert eit sterkare samarbeid med vidaregåande skule og næringslivet. Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging skal skjer i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskningsinstitusjonar. Difor har vi i Fjell no samarbeid med Universitetet i Bergen, Norsk lærarakademi, Sintef, Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, VilVite-senteret og Nasjonalt senter for læringsmiljø og oppvekst i Stavanger. 3 1.5 Refleksjon og vurdering Skulesatsinga i Fjell kjem tydeleg fram under parolen «Framtidsskulen», og satsingsområda er oversiktlege og tydelege både for leiarar, tilsette, elevar og føresette. PULS fungerer godt som leiingsverkty. Gjennom PULS blir det jobba heilskapleg og i prosess med dei ulike utviklingsområda/satsingsområda, og det blir evaluert steg for steg ved faste oppfølgingsmøter. Gjennom nettverka for læringsleiing får vi med jamne mellomrom fagleg påfyll med fokus på satsingsområda, samt at vi får reflektera og dele erfaringar med dei andre skulane i Fjell. I det førebyggande arbeidet mot mobbing er tiltaket «Trygg i Fjell» i kombinasjon med skulen sitt eige Olweus-arbeid eit godt tiltak. Det at arbeidet med «Trygg i Fjell» famnar om både barnehage, skule, FAU og idrettslaga skapar brei kompetanse og heilskapleg arbeid mot mobbing i kommunen. 2. Personale 2.1 Årsverk lærarar Indikator og nøkkeltall Årsverk for undervisningspersonale 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 323,2 326,4 331,0 305,5 322,5 2.2 Tal på lærarar Antall Antall lærere, menn Landro skule (15-16) 2 Fjell kommune (15-16) 73 Hordaland (15-16) 1 523 Nasjonalt (15-16) 14 163 Antall lærere, kvinner Landro skule (15-16) 20 Fjell kommune (15-16) 286 Hordaland (15-16) 4 650 Nasjonalt (15-16) 42 897 Antall lærere, i alt Landro skule (15-16) 22 Fjell kommune (15-16) 359 4 Hordaland (15-16) 6 173 Nasjonalt (15-16) 57 060 2.3 Refleksjon og vurdering: Vi bør jobba med å rekruttere fleire menn i tida som kjem slik at det blir ei betre fordeling mellom kjønna her på Landro skule. I dag har vi berre to menn i eit personale på totalt 36 tilsette. 3. Læringsmiljø 3.1. Tal på elevar Antall Sum elever ved skolen 202 Landro skule (15-16) Fjell kommune (15-16) 3 246 Hordaland (15-16) 60 308 Nasjonalt (15-16) 539 974 3.2 Arbeidsro Denne indikatoren fortel om korleis elevane oppfattar arbeidsro i timane. 3.2 Arbeidsro 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) 3,65 3,43 2,95 3,75 3,65 3,62 3,49 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,35 3,32 3,15 3,03 3,42 3,79 3,49 Hordaland 1.-7. trinn 3,17 3,23 3,17 3,08 3,24 3,56 3,49 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,25 3,27 3,27 3,28 3,38 3,63 3,59 5 3.2.1 Refleksjon og vurdering Vi ligg på kommunalt- og regionalt nivå når det gjeld arbeidsro. Dette er på raudt nivå, så her må vi ha fokus og jobba for positiv utvikling. Vi har i personalet reflektert rundt temaet arbeidsro og scoren vi fekk. Dette vil vi ha vidare fokus på ved start av nytt skuleår. Mange av elevane seier seg verken ueinig eller einig på spørsmålet om det er god arbeidsro i timane, noko som kan gi oss eit bilete av usikkerheit rundt korleis ein definerer arbeidsro. I nokre arbeidsøkter ønskjer ein heilt ro, medan i andre arbeidsøkter skal ein gjerne diskutera med medelevane. God og strukturert klasseleiing er viktig for å halde ro og orden i klasserommet og kunne variera arbeidsmetodane. 3.3 Trivsel Denne indikatoren syner korleis elevane trivst på skulen. 2.1 Trivsel 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Landro skule (1516) 4,09 3,88 4,0 4,4 4,0 4,14 4,32 4,59 4,49 4,49 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,14 3,87 4,08 4,25 4,17 4,21 4,2 4,31 4,38 4,4 Hordaland 1.-7. trinn 4,13 4,1 4,13 4,21 4,23 4,22 4,24 4,31 4,35 4,36 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,21 4,23 4,25 4,3 4,32 4,34 4,36 4,4 4,41 4,41 6 3.3.1 Refleksjon og vurdering Elevane på Landro skule melder tilbake at dei trivast godt på skulen, noko som er viktig då dette verker inn på både motivasjon og læring. Skulen har over fleire år brukt dei praktisk-estetiske faga bevisst gjennom «glà-dagen» for å auke trivselen. Gjennom jobbinga på tvers lærer dei å hjelpe kvarandre og stole på kvarandre og ikkje minst å bli godt kjende med kvarandre. I friminutta er det såleis ingen som ikkje kjenner elevane frå andre trinn. Skulen arrangerer også fleire gonger for året fellesarrangement som lunsj, konsertar og førestillingar. Dette er viktig for ein «Viskule» der visjonen er tryggleik – læring – glede (TLG-skule). Dette skuleåret har vi starta opp TL-programmet (Trivselsleiar) i friminutta. Dette fungerer godt og er med på å skape varierte aktivitetar for elevane våre. 3.4 Støtte frå lærarane Indikatoren syner korleis elevane opplever støtta frå lærarane. 3.1 Støtte fra lærerne 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) 4,43 4,53 4,73 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,37 4,51 4,53 Hordaland 1.-7. trinn 4,36 4,51 4,5 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,43 4,54 4,53 7 3.4.1 Refleksjon og vurdering Landro skule scorar høgt på støtte frå lærarane og det er kjekt! Lærarane og dei tilsette ved skulen er oppteken av å jobbe med utgangspunkt i tydeleg og støttande klasseleiing. Få dei til å mestre og sjå dei når dei lukkast er viktig i støtta inn mot elevane våre. Elevane melder tilbake at dei opplever at lærarane både bryr seg om dei og behandlar dei med respekt. Skulen har hatt ei jamn og positiv utvikling på dette området, noko vi ønskjer å jobbe for å oppretthalde i tida som kjem. 3.5 Vurdering for læring I Fjell handlar vurdering for læring (VFL) om at: - Skuleleiinga arbeider systematisk med utviklinga av læringsfremmande vurdering. Arbeidet er godt forankra i kommunalt styringsdokument for Læringsleiing. - Lærarane arbeider systematisk med vurdering for læring og har felles omgrep og rutinar knytt til dette. - Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane får tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet og som gir råd om korleis dei kan forbetre seg. Elevane nyttar tilbakemeldingane slik at dei utviklar seg i læringsprosessen. Elevane er involverte i eige læringsarbeid m.a. ved å vurdere eige arbeid og utvikling. 8 4.1 Vurdering for læring 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) 4,25 4,3 4,35 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,04 4,24 4,22 Hordaland 1.-7. trinn 4,04 4,19 4,17 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,09 4,2 4,19 3.5.1 Refleksjon og vurdering Resultata syner ei jamn og positiv utvikling når det gjeld vurdering for læring. Skulen har ved fleire høve jobbe med vurdering i fellestida gjennom skuleåret. Både rektor og ressurspersonar for læringsleiing deltek på nettverk for læringsleiing. Neste skuleår blir målet å kopla VFL meir inn i mot arbeidet med dei grunnleggjande dugleikane. 9 3.6 Mestring Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mestring. 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 3,9 3,93 3,64 3,88 3,99 4,1 4,08 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,88 3,96 3,85 3,81 3,95 4,08 4,01 Hordaland 1.-7. trinn 3,89 3,91 3,87 3,85 3,93 4,02 3,99 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,92 3,93 3,9 3,9 4,02 4,09 4,08 1.3 Mestring Landro skule (15-16) 3.6.1 Refleksjon og vurdering Landro skule ligg på nasjonalt nivå når det gjeld score på mestring, og dei to siste åra har vi halde oss på grønt nivå. Både med tanke på trivsel og læring er det viktig at elevane våre opplever mestring. Vi skal også i det vidare arbeidet vårt fokusera på at elevane våre opplever mestring, både fagleg og sosialt. 10 3.7 Elevdemokrati og medverknad Gjennom medarbeidarskap med andre elevar, læraren og skulen skal eleven utvikle evner og kunnskap om samarbeid og medverknad i demokratiske prosessar. 3.3 Elevdemokrati 06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 og medvirkning 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) - - - - - - - 3,87 3,76 3,86 Fjell kommune 1.7.trinn - - - - - - - 3,55 3,78 3,69 Hordaland 1.7. trinn - - - - - - - 3,68 3,83 3,82 Nasjonalt 1.7. trinn - - - - - - - 3,8 3,92 3,93 11 3.7.1 Refleksjon og vurdering Resultata syner at elevane ved Landro skule i stor grad opplever elevdemokrati og medverknad. Vi har eit elevråd ved skulen som har jobba systematisk og godt gjennom heile skuleåret. Det er jamne elevrådsmøter for elevrepresentantar frå 4.-7. klasse. I klassemøta tek dei opp sakar som dei ønskjer skal takast vidare til elevrådet. Representantar frå elevrådet har også delteke på SMU-møter gjennom året. Det er viktig for oss å lytte og vere i god dialog med elevane våre, noko som skapar godt miljø med god medverknad og medarbeidarskap. 3.8 Læringskultur Læringskultur handlar om elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar. 3.5 Læringskultur 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) 3,65 3,43 2,95 3,75 3,91 4,15 4,04 Fjell kommune 1.-7.trinn 3,35 3,32 3,15 3,03 3,8 4,21 4,08 Hordaland 1.-7. trinn 3,17 3,23 3,17 3,08 3,69 4,08 4,07 Nasjonalt 1.-7. trinn 3,25 3,27 3,27 3,28 3,85 4,17 4,16 12 3.8.1 Refleksjon og vurdering Vi ligg jamt med både kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå på dette området. Læringskultur, altså elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar er viktig å halde fokus på neste skuleår. Vi veit at elevar rapporterer om at arbeidsroen kunne vore betre, så her har vi utviklingspotensiale. Det er viktig å spele på lag med føresette for å bygge gode og felles haldningar i synet på at skulearbeid er viktig for den einskilde. Framtidssamfunnet og arbeidslivet krev kompetanse og utdanning, så det blir viktig å legge eit godt grunnlag for dette allereie på barneskulen. 3.9 Mobbing Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mobbing på skulen. 2.3 Mobbing på 06-07 skolen 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Landro skule (1516) 4,52 4,66 4,35 4,55 4,97 4,79 4,52 4,65 4,62 4,83 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,63 4,53 4,62 4,68 4,57 4,51 4,59 4,69 4,73 4,77 Hordaland 1.-7. trinn 4,6 4,55 4,53 4,59 4,55 4,54 4,57 4,67 4,7 4,72 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,55 4,52 4,53 4,53 4,54 4,57 4,59 4,7 4,73 4,74 13 Er du blitt mobbet på skolen de siste 06-07 månedene? Ikke i det hele tatt 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 Landro skule (1516) 74,19 % 74,0 % Fjell kommune 1.-7.trinn 76,54 72,24 77,91 79,91 72,57 69,55 73,52 83,04 83,31 85,78 % % % % % % % % % % Hordaland 1.-7. trinn 74,37 71,31 72,31 74,82 73,03 72,57 73,31 80,39 81,34 83,36 % % % % % % % % % % Nasjonalt 1.-7. trinn 72,09 70,59 71,04 71,73 72,33 73,86 75,81 81,18 83,04 % % % % % % % % % 69,23 % 75,0 % - 14 78,95 % 72,0 % 82,35 % 80,0 % 86,67 % 83,6 % Ikke i det hele tatt En sjelden gang 2 eller 3 ganger i måneden Omtrent 1 gang i uken Flere ganger i uken Snitt Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene? Landro skule (1516) 65 86,67% 7 9,33% 3 Fjell kommune 1.-7.trinn 796 85,78% 83 8,94% 24 2,59% 13 1,40% 12 1,29% 4,77 78 2,71% 48 1,67% 49 1,70% 4,72 Hordaland 2399 83,36% 304 10,56% 1.-7. trinn 4,00% 0 0,00% 0 0,00% 4,83 Nasjonalt 55130 83,60% 7371 11,18% 1622 2,46% 858 1,30% 965 1,46% 4,74 1.-7. trinn 3.9.1 Refleksjon og vurdering Både elevundersøkinga og Olweus-undersøkinga visar at det førebyggande arbeidet mot mobbing nyttar, og det er godt! Nulltoleranse for mobbing vil alltid vere det vi ønskjer å jobbe for å oppnå. Det er viktig å jobba på systemnivå i arbeidet mot mobbing, og her kvalitetssikrar vi gjennom å følgje Olweus-programmet. Klassane har faste klassemøte med mobbing som tema ca. kvar 14. dag, og gjennom skuleåret har vi pedagogiske samtalegrupper i personalet minst 5 gonger for året. Vi har låg terskel for å oppretta undersøking/sak dersom vi har mistanke om eller får melding om mobbing. I løpet av året har vi hatt to felles foreldremøte for alle føresette, i haust med tema Olweus og i vår med tema «Trygg i Fjell». I elevrådet har vi hatt teiknekonkurranse i utforming og dekor av venebenken som blir teken i bruk i haust. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt med FAU. Vi brukar inspeksjonsplanen vår aktivt og reviderer den minst ein gong i skuleåret. Alle desse tiltaka blir viktig å halde same fokus på når vi no går eit nytt skuleår i møte. 15 3.10 Krenkingar Krenkingar handlar om å bli halda utanfor, bli spredt løgner om, bli truga, oppleve slag, spark eller halda fast, samt negative kommentarar på utsjånaden. 2.4 Krenkelser 13-14 14-15 15-16 Landro skule (15-16) 4,53 4,66 4,82 Fjell kommune 1.-7.trinn 4,55 4,65 4,69 Hordaland 1.-7. trinn 4,52 4,61 4,64 Nasjonalt 1.-7. trinn 4,53 4,63 4,64 3.10.1 Refleksjon og vurdering Vi har gode tal samanlikna både med kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå når det gjeld krenkingar, men her blir det viktig å halde fokuset oppe. Vi veit at det føregår krenkingar i det skjulte, så vi må prøve ut og bruke dei rette verktya for å avdekke det som går føre seg (t.d. Innblikk og Spekter). Den digitale utviklinga har skapt ein ny arena der slik åtferd kan utfalde seg. Vi må også på denne arenaen følgje med og setje inn tiltak dersom nokon blir krenka. På felles foreldremøte i vår hadde vi spesielt fokus på digital mobbing og konsekvensar av dette. 16 4. Analyse av samanhengar Boblekarta nedanfor visar samanhengar mellom relevante indikatorar frå elevundersøkinga. - Arbeidsro og mestring - Trivsel og motivasjon - Tilpassa opplæring og fagleg utfordring 17 4.1 Arbeidsro og mestring Boblekarta nedanfor viser samanheng mellom indikatorane arbeidsro og mestring. 18 19 4.1.1 Refleksjon og vurdering Vi ligg tett opp mot kommunalt og regionalt nivå, men dersom vi samanliknar oss med nasjonalt nivå ser vi at vi har eit utviklingspotensiale når det gjeld samanhengen mellom arbeidsro og mestring. 14,22 % av elevane våre melder om at dei i for liten grad opplever mestring og arbeidsro, mot 9,71 % på nasjonalt nivå. Dette er for høgt, så her må vi prøve å setje inn tiltak for å betre både oppleving av arbeidsro og mestring. Når det er sagt er det også viktig å påpeike at elevar er ulike, nokon treng arbeidsro for å konsentrere seg, medan andre ikkje er like avhengig av dette. Det er viktig å variere undervisninga slik at den famnar om ulike arbeidsmetodar og læringsstilar. Vi må vere bevisst på at nokon av elevane våre treng meir tilrettelagte aktivitetar og arbeidsro for å mestre. 47,56 % av elevane våre opplever stor grad av arbeidsro og mestring, mot 52,57 på nasjonalt nivå. For å kunne snu dette og jobba mot nasjonalt nivå må vi lokalisera og avdekka dei som slit med mestring og setje inn tiltak. Korleis skapa betre arbeidsro må vi ha eit felles fokus på i personalet. 4.2 Trivsel og motivasjon Boblekartet nedanfor viser samanheng mellom trivsel og motivasjon. 20 21 4.2.1 Refleksjon og vurdering. 60,96 % av elevane våre opplever stor grad av både trivsel og motivajon, det er bra! Det som ikkje er like bra er at 18,86 % av elevane våre slit med motivasjon og ein kan sjå det i klar samanheng med trivsel. For desse elevane blir det vanskeleg å få det faglege og sosiale utbyttet dei treng. Denne gruppa må vi lokalisera betre enn det vi gjer i dag og det må vere målet for neste skuleår. 22 4.3 Støtte frå lærarane og fagleg utfordring Boblekartet nedanfor viser samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring. 23 24 4.3.1 Refleksjon og vurdering Dei aller fleste elevane våre opplever god støtte frå lærarane sine. Det som overraskar mest i forhold til samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring er at 41,33 opplever støtte frå lærarane, men føler likevel ikkje at dei får nok faglege utfordringar. Dette er ein høgare prosent enn både på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. Elevane treng å oppleve nok faglege utfordringar for å få utvikla sitt potensiale, noko vi må vere bevisst på i vårt vidare arbeid med å tilfredstilla behovet for faglege utfordringar. 5. Læringsresultat 5.1 Føresetnadar 5.1.1. Foreldra sitt utdanningsnivå Foreldra sine utdanningsnivå kan i følgje Hægeland, Kirkebøen, Raaumog Salvanes (2003) forklare (20%) av variasjonane i elevane sine læringsresultat. Indikatoren nedanfor er basert på ei utrekning frå SSB. Prosenten er rekna ut med utgongspunkt i følgjande: Andel foreldre med høgare utdanning minus andel foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Dersom scoren er 17%, betyr dette at skulen har 17% fleire foreldre med høgare utdanning enn foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. 12-13 13-14 14-15 8 16 23 Fjell kommune (15-16) 12,5 16,8 14,8 Hordaland (15-16) 19,6 20,7 21,2 Nasjonalt (15-16) 17,5 18,5 19,2 Foreldrenes utdanningsnivå Landro skule (15-16) 25 5.1.2 Refleksjon og vurdering Vi får ikkje tala for foreldras utdanningsnivå til å stemme. Hovudgruppa av føresette er jo mykje den same, så at utdanningsnivået dei to siste åra har auka frå langt under til langt over både kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå verker urimeleg. Vi er oppteken av å ivareta eit godt heim-skule samarbeid. Det å vere i god dialog og samarbeide om barnet sitt beste i forhold til læring og utvikling er viktig for oss. Gjennom året har vi jobba med fleire krevjande elevsaker der andre instansar også er kopla inn. I desse sakene er det viktig å vere tett på og samarbeide godt med dei føresette. 5.2 Lesing og norsk I Fjell handlar lesing om at: - Leiinga og lærarane har god kunnskap om lesing som grunnleggande dugleik. Alle lærarar, uansett fag, tek ansvar for leseutviklinga til elevane. - På småtrinnet jobbar skulen med grunnleggande avkoding og forståing av enkle tekstar. Skulen nyttar leselærar på 1. og 2. trinn som tidleg innsats. Leselæraren blir nytta til å rettleie i lesing. Leiinga er oppdatert på leseutviklinga til elevane på desse trinna. - På mellomtrinn og ungdomstrinn jobbar skulen systematisk med elevane si evne til å finne informasjon, tolke og reflektere. Elevane nyttar ulike typar lesestrategiar. - Skulen nyttar SOL* (Systematisk Observasjon av Lesing) som verktøy i undervegsvurderinga. Soling av elevar skjer systematisk og kontinuerleg gjennom skuleåret. 26 * Fjell Ungdomsskule nyttar eit anna system for lesing, "Lesing i alle fag." 5.2.1 Kartleggingsprøvar i lesing Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa. Lesing 1. trinn Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Landro skule (15- Fjell kommune 1.16) 7.trinn Hordaland 1.-7. trinn Nasjonalt 1.-7. trinn Å lese ord 9,4% 13,9% 14,3% 16,0% Å lese er å forstå 9,4% 17,0% 15,9% 17,3% Å lese ord 34,6% 31,2% 20,2% 19,4% Å lese er å forstå del 1+2 11,5% 24,6% 15,7% 18,8% Å lese ord 40,0% 26,1% 21,0% 22,0% Å lese er å forstå del 1+2 15,0% 21,4% 15,0% 16,0% Lesing 2. trinn Lesing 3. trinn 5.2.2 Nasjonale prøvar i lesing Her kan ein sjå resultat frå nasjonale prøvar i lesing. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Landro skule (15-16) Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 34,6% 46,2% 19,2% 47,6 Fjell kommune 1.-7.trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 30,5% 51,7% 17,8% 47,8 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 25,3% 49,6% 25,1% 49,6 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 24,1% 49,8% 26,1% 49,9 27 5.2.3. Refleksjon og vurdering Som satsingsområde jobbar vi med lesing som grunnleggjande dugleik, og dette vil vi halde fram med også dei neste åra. Målet vårt er å jobba aktivt og på systemnivå for å auke og betre ordforråd og omgrepsforståing. Vi ønskjer at jobbinga med lesing skal vere systemavhengig og ikkje personavhengig. Eit av tiltaka er at vi har innført auka bokstavprogresjon i første klasse, noko som forskinga viser er effektivt. Som eit ledd i satsinga jobbar vi også med å utvikla ein ny og aktiv leseplan. I tillegg vert det satsa på leselærar og lesestyrking, spesielt inn mot 2. og 3. klasse. Om vi samanliknar med resultata på nasjonale prøver i lesing frå førre skuleår har vi hatt ei positiv utvikling. Vi ligg opp mot kommunalt nivå, men under både regionalt og nasjonalt nivå. Målet må vere å auka opp mot nasjonalt nivå. Vi ser at vi enda har ein for høg andel elevar på mestringsnivå 1, så her må målet vere å skyve ein større andel over til mestringsnivå 2 og 3. 5.3 Rekning og matematikk Kartleggingsprøvar i rekning Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa. Kartleggingsprøve Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Landro skule (15- Fjell kommune 1.16) 7.trinn Hordaland 1.-7. trinn Nasjonalt 1.-7. trinn Regning, 1. trinn 18,2% 29,9% 20,2% 23,2% Regning, 2. trinn 31,0% 31,8% 19,6% 21,9% Regning, 3. trinn 20% 23,3% 17,6% 19% 5.3.1 Nasjonale prøvar i rekning Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i rekning. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Landro skule (15-16) Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 23,1% 53,8% 23,1% 49,7 Fjell kommune 1.-7.trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 34,9% 48,4% 16,6% 46,8 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 24,1% 52,6% 23,3% 49,6 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 23,3% 51,4% 25,4% 50,1 28 5.3.2 Refleksjon og vurdering Som satsingsområde jobbar vi også med rekning som grunnleggjande dugleik, og vil halde fram med det over dei neste åra. Målet er å utarbeida og implementera ein plan for arbeid med rekning i alle fag. Det blir viktig å arbeide med rekning som grunnleggjande dugleik ut mot alle elevane, samt trygge og auke kompetansen hos lærarane. Målet er også at elevane skal få sjå og delta i ein meir variert og praktisk matematikkundervisning/rekneopplæring. Vi er godt nøgd med årets resultat på nasjonale prøvar i rekning. Det er gledeleg å sjå at vi har lågare andel på mestringsnivå 1, medan andelen er høgare på nivå 2 og 3. Om ein samanliknar mestringsnivå 3 med fjorårets resultat har ein i år 23,1 på dette nivået, mot berre 9,7 i fjor. Landro skule ligg godt over kommunalt nivå, og er på mykje same nivå som regionalt og nasjonalt. Her må vi jobbe for å halde oss! Inneverande skuleår har to av lærarane våre delteke på fagnettverk i matematikk, og neste skuleår skal to av lærarane våre delta på vidareutdanning innanfor matematikk/rekning. 5.4. Engelsk 5.4.1 Nasjonale prøvar i engelsk Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i engelsk. Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå 1 2 3 Utvalg Snitt Poeng Landro skule (15-16) Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 23,1% 61,5% 15,4% 47,5 Fjell kommune 1.-7.trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 36,3% 48,4% 15,2% 46,9 Hordaland 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 26,9% 50,6% 22,5% 49,2 Nasjonalt 1.-7. trinn Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 24,8% 51,3% 23,9% 49,9 29 5.4.2 Refleksjon og vurdering Vi har ikkje hatt noko særskilt fokus på engelsk i fellestida dette skuleåret. Resultata på nasjonale prøvar i engelsk har likevel hatt ei positiv utvikling, og målet må vere å halde på den gode utviklinga. 6. Undervisning og læring 6.1. Reflekter samanfatta omkring undervisning og læring på eigen skule: På Landro skule skjer det mykje god læring i form av god undervisning og fokus på elevane si læring. Vi har ei engasjert lærargruppe som er oppteken av å leggje til rette for god undervisning. I elevundersøkinga melder elevane tilbake at dei får god hjelp av lærarane til å forstå arbeidsoppgåvene, dei er flink til å be om hjelp og dei rapporterer om at lærarane hjelper dei slik at dei forstår det dei skal lære. God klasseleiing er viktig for god undervisning, og vi jobbar med utgangspunkt i TSK. Målet er at lærarane møter godt førebudd til timane og gjennomfører støttande og tydeleg klasseleiing. Elevane våre trivst godt på skulen, dette veit vi også påverkar læring og læringsmiljø på ein positiv måte. 7. Fysisk miljø og læremiddel 7.1. Reflekter omkring fysisk miljø og læremiddel ved eigen skule Landro skule har over lengre tid hatt behov for utbygging, og om alt går etter planen vil rehabilitering og utbygging av skulen ta til 4. kvartal 2016. Vi har eit anlegg som er slitt og treng utbetring. Kapasiteten på romma er sprengd og vi har teke alle rom i bruk for å gje klassane og gruppene det undervisningsarealet dei har krav på. Ein konsekvens av dette er at vi ikkje har eigen kunst og handverksavdeling då den må brukast til klasserom. Mykje av inventaret er også slitt, men her vil det bli bytta ut ein god del ved utbygging. 30 8. Timeressursar og organisering 8.1. Reflekter omkring timeressursar og organisering ved eigen skule: Timeressursane til undervisning er fordelt etter behov på ein god måte. Etter evaluering og behov har vi gjort nokre få justeringar undervegs i skuleåret. Vi har gjennom skuleåret jobba med nokre svært krevjande elevsaker der ein treng tett vaksenstøtte for å få skulekvardagen til å fungere både for enkelteleven og klassen. Det er klart at ved slike tilretteleggingsbehov skulle ein ønskje ein hadde meir timar å ta av, men vi tykkjer likevel vi har fått det til å fungere på ein god måte. Assistentressursen er alltid eit knapt gode som må fordelast best mogleg ut til klassane ut frå behov inn mot einskildelevar. På Landro skule har ein dei siste åra hatt ein todelt inndeling av dagen for 1.-4. trinn og for 5.-7. klasse. For å utnytte ressursane best mogleg, samt auke fleksibiliteten ønskjer vi frå hausten av å ha ein inndeling av skuledagen for alle trinn. Vi skal også gå frå delte til felles friminutt for alle elevane. 9. Skule / heim 9.1. Reflekter over skule / heim - samarbeidet ved eigen skule: Vi opplever at skule/heim-samarbeidet fungerer godt. Vi har ei engasjert og positiv foreldregruppe. På klassenivå har lærarane tett dialog og samarbeid med heimane. Ein samarbeider ved klasseforeldremøte, utviklingssamtaler og etter behov. It`s Learning er læringsplattforma som blir nytta, dette er ein god informasjonskanal i skule/heimsamarbeidet. Vi har eit engasjert FAU som vi samarbeider godt med. Vi har hatt fleire fellesarrangement gjennom skuleåret. 10. SFO 10.1. Vurdering og refleksjon: 31 Rektor har saman med Sfo-leiar delteke på faste møte med personalet i Sfo. I desse møta har vi hatt fokus på utvikling og innhaldet i Sfo. Det har vore mange gode diskusjonar og refleksjonar rundt ulike tema, og nokre av diskusjonane/refleksjonane har ført til ei positiv endring på enkelte område Alle assistentane + Sfo-leiar har vore kursa i Løft-metodikken denne våren. Vi treng å jobba vidare med utgangspunkt i det personalet har fått med seg på dette kurset. I løpet av året har det vore gjennomført møte med representantar frå Fau der vi har hatt fokus på Sfo. Foreldregruppa har kome med konkrete innspel og ønskjer. Desse ønskja og innspela har vi tatt på alvor og jobba for å møte. 11. Konklusjon 11.1. Reflekter omkring: - Sterke sider og utfordringar ved eigen skule - Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda LÆRINGSLEIING 1) Vurdering for læring 2) Læringsmiljø 3) Grunnleggjande ferdigheiter -Sterke sider og utfordringar ved eigen skule: Både elevar og tilsette trivst godt på Landro skule. Dette er ei styrke som fremmer eit godt læringsmiljø ved skulen. Tradisjonen med «glà-dagen» kvar torsdag bidreg til at elevane blir godt kjende og lærar seg å samarbeide på tvers av klassetrinn. Vi ser fram til og gler oss til utbygging! Kapasiteten på romma er sprengt og vi treng meir plass både med tanke på klasserom, møterom, personalrom og arbeidsrom for lærarar. Dette vil løyse seg fint når skulen er ferdig utbygd. - Korleis jobbe med og utvikla dei kommunale satsingsområda/læringsleiing: Hovudsatsinga vår dei neste åra vil vere knytt til å utvikle dei grunnleggjande dugleikane i lesing og rekning. Vi er godt i gang med å lage gode system som sikrar at det blir jobba breidde med denne satsinga, det skal vere systemavhengig og ikkje personavhengig. I tillegg blir det viktig å jobbe jamt og trutt med både VFL og TSK, samt drive førebyggande arbeid mot mobbing. 32