Vangen 2
Transcription
Vangen 2
6 tysdag aktuelt HORDALAND 29. OKTOBER 2013 KULTURHUSET: På plenen utanfor kulturhuset er det både ynskjebrunn og fiskedam. Frå venstre: Synniva Ullestad Relling, Elin Mæland, Tanya Kaldestad, Eila Fjose og Kristin Nesheim Barbo. Draumevangen Tenk deg Vangen, med store skulpturar, ynskjebrunn, hoppeslott og Drive-in kino. Når 14-åringar lyftar blikket mot fratida ser dei også langt forbi Voss Cup. På Voss ungdomsskule, i eit heilt vanleg klasserom, sit 19 jenter og klekkjer ut heilt uvanlege idear. Her har dei teke føre seg ting dei meiner manglar på Vangen. – Utfordringa har vore å tenkja på kva me treng og ikkje nødvendigvis kva me har lyst på, seier Eila Fjose. Gruppa hennar har teke føre seg området mellom kulturhuset og motellet til Fleischer. Her er det ynskjebrunn, leiker for born og ein fiskedam mellom tinga dei meiner manglar. Og at dei dermed tenkjer seg ny bruk av områder som i dag er i bruk til Voss Cup tek dei på strak arm. – Voss Cup er ei helg i året. Me er her heile året, seier jentene. DRAUMEVANGEN. – Me har tenkt litt på ulike område der borna kan leika, og ein stad der vaksne og eldre kan sitja litt i ro, seier Fjose. Ved sida av kulturhuset står det eit stort tårn som er laga av glas. Her er tanken at folk kan gå inn i tårnet og sjå Voss gjennom glaset. Oppe på taket på kulturhuset er HOVE PÅ CUP-ARENA: Kva med eit smalahove utanfor kulturhuset? Her vil elevane heller ha skullptur heile året, enn fotball ei helg i året. det bar og stolar, der ein kan sitja og nyta utsikta. – Så har me tenkt at det kan vera ein kafé her, kanskje inni kulturhuset. Det er jo brukt av mange studentar som treng ein plass dei kan kjøpa mat. Utanfor er det klatrevegg og fiskedam. På plenen utanfor er det òg ein stor skulptur av eit smalahove. Her er ideen at ein kan gå inn i hovudet og klatra på det. SKULPTURAR. På Torget dominerer store skulpturar, hundepark og grasplen. Hundeparken er betjent og her kan ein plassera hunden dersom ein vil handla eller ta seg ein kopp kaffi i fred. – Me har tenkt på turistane som kjem, derfor vil me gjerne ha skulpturar av til dømes nokre som padlar i elv og går på ski, slik at folk som vitjar Voss kan sjå kva det er å finna på her, seier Lund. Eit senter for Voss, som eit slags opplevingssenter er også sett opp på Torget. På Torget er det òg ein stor grasplen, der ein kan sola seg eller ha ein picnic. – Elevane tenkjer veldig estestisk kunstnariske utrykk, seier lærar Renate Lunde. Dei har fått i oppgåve i valfaget «Produksjon av varer og tenester» å finna ut kva som kan gjera sentrum meir attraktivt. Ideane har dei forma i plastelina. – Dei har verkeleg interessante perspektiv og i dette faget skal elevane trenast opp til å tenkja FOR TURISTAR: Elevane meiner at det å syna fram skulpturar av aktivitetar på Voss er ein god idé. på alt, frå ide til ferdig produkt, seier Lunde. Faget er heilt nytt, og 19 jenter i niande klasse har valt dette for fyrste gong. RÅD Å REALISERA. – Mykje av det som elevane har kome fram til, kunne faktisk vore realisert, seier Lunde. Ein gjeng har teke føre seg Prestegardslandet, der kreativiteten blomstrar. Her er det basseng i Vangsvatnet, ei stor statue av Kari Traa og buer der dei sel popcorn og smågodt. – Me har laga ein Drive-in kino, og eit stort parisarhjul, seier Bendicte Bakketun Kyte. Rundt omkring framføre utescena,er det plassert ben- ker, der folk kan slå seg ned og nyta utsikta over Gråsida. – På vatnet ligg det båtar og nokre av dei dreg gummihjul som ein kan liggja i, seier Benedicte Bakketun Kyte. Kvart område er brukt til noko nyttig, og her har elevane også tenkt næringsutvikling, med handel i dei ulike buene. – Det har vore ein kjekk prosess å tenkja på kva som manglar her på Voss, seier Fjose. brynhild steine | tekst vidar herre | foto bs@avisa-hordaland.no Sjå biletserie: avisa-hordaland.no